laurdag 11. april 2009

Når liene grønkar som hagar

I dag vart det målt 18 grader på Ljøsne. Eg har fått fregner i panna (som om det var noko nytt?), og i løpet av ein dag utandørs har me sett grønfargen komma krypande fram frå jorda, mellom brune greiner og dalande som eit slør ned over skogen i fjellsidene. Eg trur dette er min yndlingsdag i Lærdal gjennom eit heilt år, den dagen ein ser at det vert grønt, at dalen frå time til time skiftar farge frå brun og grå til lyst grøn og gyllen, og ein veit at våren ugjenkalleleg er komen.

Påsken har gått mykje til å setja poteter og elles driva på ute på garden. Men dei som kjenner meg veit godt at eg ikkje har noko i mot å sleppa snø og fjell og ikkje minst ski - og særleg når det er so fint i dalen er det ingen grunn til å forlata den. Og når vinden tek overhand eller sola gøymer seg, har det mykje omtalte lysthuset dessutan komme opp, og er innvigd med mange kaffipausar påsken gjennom.

(bilete: Olve set poteter, i vind. Pappa og mamma i solsteiken i glashuset)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar