tysdag 28. april 2009

Thai

Eg kom ut av bussen og rasa nedover bakken for å komma fort heimatt for å skriva. Få minuttar seinare fann eg meg sjølv sitjande i ein framand leilegheit, etande thaimai og skravlande på norsk og engelsk om einannan. Det er slikt som skjer når ein gir nokon ei hjelpande hand, og denne nokon viser seg å vera ei svært kosleg thailandsk dame med verdas søtaste dotter, og som insisterar på å ha middagsgjester. Dermed vart eit par timar av ettermiddagen nytta til å eta thaimat, prata om religion, politikk, familie og jobb, og sjå teiknefilm med ein toåring. Fantastisk!

3 kommentarer: