tysdag 20. mai 2008

Flystreik

Flystreiken gjer det tungvint å røra på seg i Noreg, og ut over grensene. Ei veninne måtte reisa frå Bergen nesten eit døgn før tida i helgi, ei an kom med nattbuss om Oslo heim frå bryllaupet sitt. Konfirmasjon i Alta er blitt eit bal, og planane framover er usikre. Toga er fulle, busselskapa har gode tider, og folk klagar.
Eg klagar og. Eg likar ikkje at eg ikkje får lagt planar. Men ein samtale i dag minte meg på eit anna aspekt ved streiken - at det er godt at den finst. Det er godt at me bur i eit land der ein har ytringsfridom og lov til å streika. At me bur i eit land der det er so kort veg til makta at det er vits for bakkemannskap eller sjukepleiarar å streika, der det er vits for ein ungdomsorganisasjon å driva underskriftskampanje, der det er vits å prøva å endra på det ein meinar er urettvist, innanlands eller utanlands. At me bur i eit land som er so bra at, sjølv om ikkje alt er perfekt, me kan bry oss om andre, i tillegg til oss sjølv. At det er bra at ein ikkje får sparken eller vert fengsla om ein hevar stemma mot maktpersonane. Det er ikkje alle land der makta er so nær folket, og midt i klaging, frustrasjonar og stranda planar, kan det vera lurt å hugsa det.

1 kommentar: