laurdag 17. mai 2008

17. mai

Tidleg opp. Skiftande ver. Skognag.
God frukost. Latter i toget. Dans.

17. mai var kosleg i år og. Berre ein is er i minste laget merkar eg (lurer på å henta meg ein på kjøkenet før klokka passerar tolv), men dagen har blitt brukt i "gode venners lag", med frukost klokka åtte, tog med BUL Ervingen klokka halv elleve, roleg ettermiddag i Gimle, på Ynglingen og Peppes, folkedans på Festplassen, og Cafe Opera som avslutning.

Nei vent, senga er avslutninga - og til tross for flott dag i byen: eg gledar meg til å krypa under dyna og sova til eg vaknar. 16 timar i bunad tek på.

(bilete: dansarar og spelemann i hovudprosesjonen - me er spreke folk!
Eivind, Monica og Wiebke, so pene atte
Dansing på festplassen - eg er med der ein stad eg og altså)

3 kommentarer:

  1. Ser ut som du har hatt en veldig fin dag. Det har eg også hatt. Var kjekt å se deg i toget! Sov godt!

    SvarSlett
  2. ojojoj...eg trudde eg skulle sjå so mykje høgare ut enn det eg gjorde med so høge hælar det tross alt var, men veldig fint bilde(R)!!

    SvarSlett
  3. Du ser no litt høg ut. Du må hugsa at Eivind står litt nærare kamera :-) Men Wiebke står jo litt lenger bak, so vinninga går kanskje opp i spinninga (eller noko slikt)

    SvarSlett