torsdag 22. mai 2008

Avslutningsfest

I går kveld var det avslutningsfest for 2005-kullet på Språk og informasjon. Dei åtte i gruppa møtte, i tillegg til fire koordinatorar og medlemmer i programstyret - og tapas på Lille Escalon vart ein suksess. Den fyrste av dei eldste trekte seg attende i ellevetida, medan dei siste seks ramla ut av dørene på ein stengt bar nærare halv tre.

Det kan vel seiast stemninga var høg allereie tidleg på kvelden. Forsøket på å drikka førelesaren under bordet slik at han røpa eksamensresultata var ikkje vellukka, men skumle professorarar og fyrsteamanuensisar vart plutseleg meir tilnærmelege. Det vart mykje latter frå studentgruppa og, sjølv om eg trur omlag alle hadde eit eller anna utbrot av det meir sentimentale slaget i løpet av kvelden. For det er jo ein epoke som er slutt, nemleg den perioden då eg ikkje anar kva eg skal svara når folk spør kva eg studerar.

(bilete: Anda viser fram gifteringen)

2 kommentarer:

  1. Ååå... Nå fikk jeg nesten klump i halsen. Der skulle jeg også ha vært! Damn. Her i Oslo gjøres det ingenting for å skape kullfølelse, og man har heller flaks hvis man treffer kjentfolk igjen på flere fag. Har savnet dere på Språk og informasjon. Jeg har fortsatt alle tre eksamener igjen og nok et semester før jeg får graden min. Så nå er jeg litt misunnelig på dere som er ferdige, ja! hehe Kos deg på sommerferie, din heldiggris! :)

    SvarSlett
  2. Takk!
    Og eg veit, du skulle vore der. Det er ikkje svært vanleg å ha avslutningsmiddag trur eg, det er noko spesielt med desse programma som Srpåk og informasjon. I tillegg har me jo dette semesteret vore so få at me har funne lett saman. Det har vore godt å føla seg meir samansveisa, og ha nokon an som er i same situasjon i dei tunge taka - og feira avslutninga med :-)

    SvarSlett