laurdag 3. mai 2008

Valkyrien Allstars

På dansen på onsdag fekk eg ein brosjyre i hendene. "Ja," sa eg før eg fekk tenkt meg om. "Bra!" utbraut ho med brosjyren, og so var det bestemt - me skulle på konsert på Garage med Valkyrien Allstars.
Og det vart ein bra kveld, angrar ikkje på den. Etter ein litt treig start der me folkedansarane sto og trampa takten til eit par gangarar medan resten av kjellaren på Garage prata i munnen på musikken, tok det seg svært opp. Det er moro når ein opplever hardingfeler med slikt driv, uansett om det er til dans eller på rockekonsert. Og det er moro å stå utanfor og høyra bergensarar belja på tekst av Arne Garborg medan dei trampar takten dei enno høyrer etter felene. Veit at nokre synes dette er vel radikalt - men dersom det er underhaldande, i tillegg til at det presenterar folkemusikk på ein ny måte, so er eg for. Særleg når det er pakka inn i ein kveld i godt selskap.

2 kommentarer:

  1. det var det eg syns eg såg deg i går!!! var på same konserten, men gjekk litt før den var slutt for å sleppe vente så lenge på nattbussen...

    SvarSlett
  2. Oi! Eg såg ikkje deg... Og eg vart til det var slutt, noko som gjorde at eg akkurat mista min siste buss... Men det var ei bra avslutning og, sjølv om du ikkje gjekk glipp av svært mykje nytt :-)

    SvarSlett