søndag 25. mai 2008

Alta

I Alta er det ikkje mørkt om natta. Men det er overskya, so me fekk ikkje sjå midnattssol denne gongen heller. Og so er det kaldt der. Ikkje kjempekaldt, men som heime ein gong i mars. Gåsungane på selja er alt frå forsiktige dun til strålande gule fjon, og nokre få hestehovar sto i grøftekantane. Men det ligg snø i skuggesidene, fjorden blinkar kald, og det er brunt i alle hagar.

I Alta bur óg Ask med familien, og han vart konfirmert laurdag. Det var ei kosleg helg, særleg trur eg ungdommane koste seg mykje, det er ikkje ofte dei treff kvarandre - og det vart seint stille i gamma i hagen der dei seks eldste av dei yngste låg.

Rart å stiga av flyet etter vel halvanna time, og reisa frå midt i mars til slutten av mai, og plutseleg kjenna ein har sommarferie, at ein ikkje berre har forvilla seg attende i tid til ein framand stad der dei snakkar rart og der det aldri vert mørkt. På veg heim frå Gardermoen fekk mamma og eg vår opplevingsferie óg, me var to og ein halv time på Hadeland Glassverk, og mamma kom ut att utan å ha kjøpt ein einaste nisse eller engel. Derimot vart det ein del grøne og blå skåler...

(Biletet er frå feltet med helleristingar i Alta. Det såg me sist me var der, august 2002. Heller ikkje då var det midnattssol...)

3 kommentarer:

  1. Ser ut som du er litt skuffa over manglande midnattsol. Det kan eg forstå. Eg har aldri sett fenomenet. Godt du har hatt det kjekt likevel.

    SvarSlett
  2. Neida, men når me fyrst var der i madnattssolsperioden hadde det no vore moro å fått det på kjøpet. Har sett midnattssol før eg, skein inn glaset og øydela døgnrytmen min...

    SvarSlett
  3. Det var jo godt. Eg fikk så lyst å reise nordover då eg leste bloggen din. Eg har aldri sett midnattssol. Det er på tide egentlig. Har jo sett mykje anna...

    SvarSlett