tysdag 6. mai 2008

Kjærleiksdikt

I kveld les huset dikt ("hysj, eg har eit rykte å bevara!"), og fleire og fleire vert lesne høgt av eit par av oss. Og me er imponerte over kva folk kan skriva, og uttrykka med so få ord.

Jag etter kjærligheten, sa'n. Ja, sa vi.
O cykkelstyre. O kjærlighet.
Dæ va ei gång, å ænno bløme nabne hass i hænna.
Og so vakna um morgonen tvo gylne kveitekakor!

Ja, det er kjærleiksdikt. Men dei kan få sagt det - Rolf Jacobsen, Nordhal Grieg, Kari Bakke og Olav H. Hauge! Det er ein viss sjanse for at desse dikta dukkar opp att seinare på bloggen - mellom dei mange andre me har nytt. Men i kveld er det likevel Kort møte av Ernst Orvil som er den nye oppdaginga, og min kjære Olav må vika frå dikthjørna til fordel for dette. Men han kjem nok att, kjenner eg meg sjølv rett...

3 kommentarer:

  1. Eg sitter og smiler! Det var fint i dikthjørnet i dag ;)
    Eg skriver faktisk om dikt i skolen på heimeeksamen denne uken. Mandag var eg i den anledning på kafé med min søster og diskuterte forskjellige dikt. Var veldig kjekt. Fant ut at eg må gjøre mer av det.Vil du vere med? Men først skal eg gjøre ferdig eksamen, og det innebærer at eg i dag skal gi en tolkende analyse av to dikt. Har du lest "Kamelen" av Einar Økland?

    SvarSlett
  2. Eg veit.. Eg likar kjærleiksdikt... Surprise...
    Nei, no skal eg slutta med prikkane..
    Eg har ikkje lese "kamelen", men du kan få lov til å læra meg alt om det om du har tid. Og eg er med på å sankka om dikt, det er eg god på :-)

    SvarSlett
  3. Du har sikkert lagt merke til det allerde (Kanskje...) men no ligg "Kamelen" i "dikthjørnet" mitt. Enn så lenge

    SvarSlett