– You're almost welcome, repeterar tolken vår. Me tek det i beste meining, og takkar. – Shukran. Den frasa har me lært, ikkje berre for å vera høflege, men fordi me har so mykje å vera genuint takksame for. DEt viktigaste er gjestfridomen me vert møtt med.
Me opplever mykje her i Jeriko, og ei i reisefølgjet kom med eit hjartesukk: - Det hjelper ikkje kva ein seier, me har jo ikkje ord som kan forklara dette likevel! Då tenkjer me på både det vonde me ser og høyrer, og alt det flotte me opplever. Eg vil likevel prøva å fortelja om ein ”vanleg” dag på tur i Jeriko.
Når eg kjem ned i lobbyen på hotellet står det ein bussjåfør og ein student og ventar på oss. Sjåføren tek stordelen av gruppa med til sentrum, dei skal besøka ein barnehage, medan nokre føl Nada til heimen hennar. Familien bur i ein av to flyktningeleirar i Jeriko, Aqabet Jaber.
Rett frå flyktningeleiren går turen til guvernøren for Jordan-dalen. Nokre offisielle besøk må ein innom, og ordføraren gjer heldigvis ikkje skam på oss. Det har han berre gjort ein gong på turen, då han sat sund dei nye utemøblane til verten vår – men me skuldar på dei fire dessertane han fekk den kvelden. Her viser dei nemleg gjestfridom gjennom mat, og då blir det mykje av den slags.
Kvelden vert nytta utandørs, med mykje god mat og god prat. Her er det den litt haltande tolkinga kjem inn, men med godvilje og mykje latter flyt samtalen likevel godt. Og når ein annan av gjestene i selskapet insisterar på at kvelden skal avsluttast med ein tekopp i hans hage, er me ikkje vanskelege å be. Trass i at eit hardt program ventar dagen etter, i dette høvet dagstur til Jerusalem og Betlehem, er det ikkje så freistande å avslutta. For medan dagane i Jeriko kan vera drepande varme, er kveldane nydeleg milde, med ei lukt av sjasmin og sitrusfrukt som er både spanande eksotisk og etterkvart svært velkjend og heimleg. For me kjenner oss svært velkomne her, og ikkje berre nesten. Og me kjenner oss takksame, både som får leva i eit land utan problema dei møter her, og som får lov å besøka denne verda med desse problema, og på same tid denne gjestfridomen.
(bilete: i Aqabet Jaber - far Damra, Anna, bror Damra, Nada Damra og Lasse.
Ørken.
På garden til Abu Sultan.
Eg og nokre av hans hundrevis av døttre...)
Det var ikkje laurdagsavisa, men måndag. Eg har ikkje sett det, men får tru det vart ok.
SvarSlett