Dette står på ein nøkkel mellom hotellet vårt og byen - rett ved flyktningeleiren. For det er det dei ynskjer, å komma attende til landet dei måtte forlata i 1948 eller -67. Og når me no sit i lobbyen på hotellet, høyrer på arabisk musikk og ventar på å skulle forlata venskapsbyen vår, so er det det eg tenkjer og - eg skal attende! Det som er både tristt og godt med denne samanlikninga, er at det kjem nok til å skje før for meg enn for dei - eg kjem nok før attende til "mitt land" Palestina, enn dei til sine heimstader.
I dag var siste dagen vår i Jeriko. Me har rukke å gjera mykje i dag og, som besøk på Kids Club, i rådhuset, i kloster, Daudehavet og Lærdal Garden (jepp, ligg forresten i Lærdal Street). Og so hadde me avslutningsmiddag, ei tilstelling utan nokon plan - og som kunne å ha gått betre - men som likevel vart ein suksess. Det var på grunn av alle venene våre som kom - menneske som har vore i Lærdal, eller som me har møtt her, born og ektemakar. Stor stas! Eg trur ingen av oss gret, men for nokre var det nære på. For sjølv om venskapet er tett og kontaktflata stor, kan mykje skje på kort tid i denne delen av verda, og planar om "neste år" eller "2011" kan fort endrast. Likevel: I will return! Inshallah.
Statsministrene støtter universitetsinititativ
for 5 dager siden
Da ha vore veldig kjekt å følja med pao bloggoppdateringadn dine frao denna turen; da virka so da ha våre ei kjekke veka med mange inntrykk - både pao godt og vondt! Men eg mao sei eg ser fram te å fao deg tebake pao lesesalen - da ha våre litt stussle å hatt ein tom plass attme seg i ei veka no:) Velkommen heim - me snakkast mandag!
SvarSlettHei! Takk for at du skriver! Og du skriver så fint.. =)
SvarSlett