Me sat under druerankane med ei vifte i tverrbjelkane og te med sukker og mynte i glas framom oss. Samtaleemne var framtida til Palestina - og mat. Poenget var at himmel og helvete ikkje er slutten, men ei meining, eit konsept, eit her og no. Og himmelen her er enkel, og uendeleg vanskeleg: fred.
Ja, no er eg endeleg attende i Palestina. Reisa var lang (fire-fem timar på flyplassen i Wien med eit noko strengt budsjett er ikkje å anbefala), men me slapp fram utan dei store forseinkingane. Me var absolutt sist ut av Ben Gurion i Tel Aviv, men slikt må ein rekna med når ein er so suspekte som oss: Vestbreidden som reisemål, brev frå den norske ambassaden, fleire som hadde vore her før, ein kar med dreads osb. Men so kom me fram til Hotel Intercontinental, og då forsvann på ein måte den verkelege, vanskelege verda att...
Elishas kjelde (ain al-Sultan) tilfører vatn til store deler av Jeriko by. Men vassnivået i kjelda søkk, fordi dei israleske busetjingane lenger opp i fjella leier vatnet vekk før det når hit. Marwan var alvorleg då han snakka om vatn til oss som klagar over regn i kalde Noreg - innan 2013 kan Jeriko vera tom for vatn, etter å ha vore by i 10 000 år, som den grøne oasen midt i ørkenen den eigentleg er. Jordanelva er knapt ein bekk for tida, staden der Jesus vart døypt eit gjørmehol. Ein av bøndene mellom oss sukka: "Eg skal ikkje klaga over vatning meir..."
Vatn ja. Vatn skapar liv, og held liv i. Jeriko veks som aldri før, det er ein roleg del av Vestbreidden. Men det trengs vatn til alle desse menneska, til jordbruket Jeriko ein gong var kjent for, til turistane dei håpar skal gje nytt liv til byen, og til tolv stakkars nordmenn som drikk enorme mengder. For her er varmt! Eller forresten, dei forsikrar oss om at dette ikkje er so gale, "you should have been here in August" og "but it's only about 33-34 degrees." But but, it's not only only, for å sitera ein annan nordmann...
(bilete: Utsikta frå rommet mitt - rett ut i audemarka.
Karen med dreads - Jostein - i sentrum.
Hishams palass.
Elishas kjelde.
Hotellfrosk.)
Hei Mari!
SvarSlettKjekt å høre at du er komt vel fram til Jeriko. Kjekt å lese om inntrykkene dine. gleder meg til å lese neste innlegg som allerede ligger på bloggen.
Klem
Mari!
SvarSlettTakk for turen!
Eg vakna med usigeleg sår hals frykteleg tidleg, var vaken nok til ein mjuk start med varm te og toast av grovbrød;- sidan koffertoppakkerska mi på Ben Gurion hadde lyst til å finne ut om eg hadde sprengstoff på glasa mine og opna dei - så er det ikkje noko å spare på lenger...
Difor er det ein vakker morgon, eg drikk te søta med honning frå YWCA og toast av grovbrød med bitter orange marmalade frå YWCA
og eg tenkjer varme tankar om koffertoppakkerska også nett no, - hadde det ikkje vore for ho - så hadde eg spart dette øyeblikket altfor lenge...
endå ein grunn til å ikkje vente for lenge med å vitje dei trivelege kvinnene rundt bordet på YWCA i Jeriko...