Facebook altså... I dag tok eg ein test som seier noko om kva Beatles-song som skildrar livet mitt nett no. Hurra, tenkte eg, Beatles, we like!
Og so fekk eg Let it be! Ja, eg likar Let it be, den er fin den. Men kva med With a little help from my friends, If I fell, I'll follow the sun, I've just seen a face, Penny Lane eller til og med (i nokre situasjonar) Help? Tenk på alle dei songane som finst for desperate jenter (ok, kjærleikssjuke unggutar, men litt omskriving er vel lov?), om vennskap, om rare menneske og surrealistiske dagdraumar. Og so får eg Let it be? Deira siste store hit, frå deira siste plate, skrive i oppbrotstida. Det er jo berre trist...
Statsministrene støtter universitetsinititativ
for 5 dager siden
teit test... e fekk ein sang og så sto det at eg va den fødte leder. då tenkte eg "LOL" (som e like teit som den testen) og så sletta e den beatles-greia, aplikasjon eller ka d heite.
SvarSlett