måndag 21. januar 2008

Årets verste dag?

Då eg møtte Arild i klassen på busstoppet i dag, var me begge trøytte og upplagde - det er tross alt måndag. Då fortalte han om ein artikkel han hadde lese, at nettopp dagen i dag er den verste dagen i året. Dette er vistnok vitskapeleg rekna ut, gjennom å sjå på ting som ver, tid på året (so lenge sidan nyår at ein har brote dei fleste nyårsforsett, og so tidleg på året at det er lenge til neste jul), inntekt og utgifter, og motivasjonsnivå. Og sjølvsagt må det vera på ein måndag.
Akkurat dette med måndagen er eg med på, særleg etter ei flott helg. Men er det ikkje godt at ein kan gle seg til jul? Og inntekt og utgifter? Joda, julegåvene tek litt, men det er jo stort stipend i januar! Nyårsforsetta er brotne for so lenge sidan at dei er gløymte (Om eg hadde nokon? Nei, det hugsar eg ikkje...), og motivasjonen for eit nytt semester har ikkje blitt drukna i alt arbeidet det er (enno).
Eg kjenner at det var godt å kunne motsei denne artikkelen og denne forskaren - fekk ruska opp i ei måndagsslapp jente. Eg hadde kanskje ikkje vore so positiv elles...
Forresten, fyrste faktor, veret? I dag var det sol i Bergen :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar