onsdag 18. mai 2011

Du skjønne, milde

 
Monica og mori laga 17. mai-frukost til huset, nesten før fuglane hadde byrja å synga (eller var det stille fordi salutten skremte dei til tausheit?)
 
Me for rett frå frukostbordet til byen, der ungdomslaget kjempa om plass i toget med natteramnar og turlag. Det er ikkje alltid lett å organisera to faner og massevis av folk, men me kom oss avgarde, og spelte og dansa oss ut på Bryggen og attende. At vår amerikanske faneberar hekta snorene fast i eit trafikklys får me ta som eit hendeleg uhell. So byrja det å regna, akkurat etter planen, og det passte fint å gå på kafe i Gimle, til rømmegraut og is og marsipankake og oppattrydding etter festlegheitane.
 
 Og i det eg byrja å tenkja på mat og kvile, so passte det å gå til Marte og Inger-Hanne i Skostredet, og få kaffi og pølser, selskap og lattarkrampe i bakgarden.
 
Ungdomslaget dansa og Kor e tonen song på Festplassen, eg tok bilete og dreiv generell oppmuntring. Særleg når regnet kom.
    
So kom haglet, og me måtte søka tilflukt i Musikkpaviljongen. Ein regnboge kviskra om lysare tider, men tulipanane fekk seg nok ein knekk.
 
Me fekk varmen i oss att på Henrik, før fyrverkeriet bergensarane er so gilde i avslutta ein lang og fin nasjonaldag.
Dagen derpå ligg eg på sofaen med føter som enno klagar etter hard behandling i bunadssko i går, og eit hovud som ikkje heilt har skjønt at det ikkje er naudsynt å skunda seg på lesesalen, sjølv på ein onsdag. Men eg klarar no å nyta fridomen likevel.

P.S. Dei tre siste bileta frå hovudprosesjonen (som toget vert kalla i denne byen) er tekne av Torbjørn B. Lauen

2 kommentarer:

  1. what? ny sofa?
    Såg ut som ein kjekk 17. mai :)

    SvarSlett
  2. Jepp, Johannes og Ingeborg kom køyrande med. Etter ein del timar på den i dag kan eg gå god for at den er god :)
    Ja, kjekk 17. mai. Det såg det ut som du hadde òg. Eg var på veg til å nytta overskrifta "17. mai i Bergen," men den vart so fort overskygga av di...

    SvarSlett