tysdag 14. juli 2009

Master

Jess, eg har komme inn på master i engelsk! Då var det å byrja å friska opp att dei kunnskapane...

10 grunnar...

...til å vera heima i sommar.

Jepp, denne har eg stole frå Maria, som har gode grunnar, men verkar litt lite oppriktig på nokre punkt. Det er forsåvidt svært forståeleg, i og med at ho har ein bror som fartar rundt på Vestbredden, eit område me nok er fleire som kunne tenkt oss å vera (hm, i lys av nyhende verkar dette som ein rar setning, men i visse krinsar av unge lovande KM-folk, er dette heilt normalt...) Men eg prøver so godt eg kan å vera oppriktig, sjølv om nokre punkt kan vera litt vaklande:

1. Tena peng. Dei treng ein nemleg til resten av året, elles må ein jobba i skuleåret - og seriøst, det har ikkje fritidsplanen min rom for
2. Henga med familien. Ok, so vert ein lei av og til, men det kan vera ein god ting. Då er det godt å reisa attende til studiestaden, men ein veit òg at alt er som det skal vera heima
3. Sleppa reisefeber. Eg blir so stressa når eg skal reisa. So ver heime! Då treng ein ikkje tenkja på alt ein har gløymt
4. Spara peng. Sjå pkt 1
5. Vera eit reisemål. Enten staden ein er eller i seg sjølv kan ein vera eit mål for reisande. Og det er jo alltid koseleg
6. Fest. Festane heime er minst like gode som andre stader. + at ein kjenner folka der, og det er alltid ein ekspedisjon i seg sjølv å komma seg heim (i Lærdal iallefall) (før ein byrja å køyra bil...)
7. Festival. Ein kan reisa heilt kort, og få resten av verda til å reisa dit òg. Tada, masse nye folk og spanande musikk, nokre få timar unna.
8. Bøker, film og musikk. På reisefot kan det bli so som so med å komma seg gjennom biblioteket for sommaren, det problemet har ein ikkje heima. Dessutan kan ein kosa seg med film med familie og vener, eller ein kan ta ein tur på kino (som i Lærdal strengt teke ofte er ei reise)
9. Ein kan reisa på andre tider av året. For kva er poenget med å reisa sørover når det er strålande i Noreg? Eller til ein storby der ein likevel skal vera inni butikkar og gamle slott? Det kan ein gjera om vinteren
10. Ein kan utforska eigen heimstad. Finna nye badeplassar, nye stiar eller nye fiskevatn. Gamle Noreg ligg og ventar!

Oppdatering: Eg kom på ei fin nr. 11: Ein får postkort! Det er stor stas

søndag 12. juli 2009

Ord eller papir?

Erik Fosnes Hansen kasta papir på Frp-nestleiaren. På radio. Eg må innrømma eg skjønnar forfattaren, men er einig i at det ikkje er verdas beste debatteknikk - kanskje særleg ikkje på radio. Og eg må innrømma at eg tenkte som Frp-nestleiaren (for fyrste og siste gong, håpar eg indarleg!), at særleg ein forfattar bør jo nytta ord heller enn vald. No skal det seiast at Frp-nestleiaren meinte Fosnes Hansen burde nytta ord heller enn papir som forfattar, noko som seier litt om kor mykje Frp-nestleiaren har lese i si tid...

Uansett, ein flott sak å bli møtt av ein stille søndag på jobb, med ein stolt veslebror av journalisten som formidlar.

tysdag 7. juli 2009

Øyr

Ei øyr er ein sandtange eller sandbanke som ofte kjem i elveosar, der den går ut i fjorden. Kvifor eg må vita dette? Fordi eg sit på turistinfoen midt på Lærdalsøyri, og her lurer folk på slikt. Om eg har visst dette lenge? Åja, omlag sidan eg byrja i denne bransjen, minst. Men i dag måtte eg dobbelsjekka, etter å ha lagt ut om elvedelta og sandhaugar - og brukte mi kjære ordbok.no. Og der, svart på kvitt, står dømet: Lærdalsøyri. Ha!

Norgesglasset i Betlehem

Eg har jo som kjent øyra på stilk for nyhende frå dei palestinske områda, kanskje særleg no som folk frå ICY er på besøk der. I dag var det innslag frå checkpointen mellom Betlehem og Jerusalem på Norgesglasset, med intervju med ledsagar frå EAPPI (World Council of Churches). Eg har jo sett det, kveginnhegningane og metalldetektorane, dei unge soldatane, og noko av desperasjonen til palestinarane som skal gjennom, for å komma til arbeid, sjukehus, familie og alt anna på israelsk side. Men det er likevel tøft å høyra. Gå inn på NRK Nettradio, søk på Norgesglasset, finn 07.07 (14.05-14.59), og gå ca ti minutt ut i sendinga (etter "Gøy på landet").

Festivalsommar

Eg tenkte at i sommar skulle det ikkje bli so mange festivalar som i fjor. Ok, so var det vel ikkje all verdens i fjor heller, det var berre det at dei avslutta sommaren, og dermed er noko av det som sit att. Men den gang ei, for eg er godt i gang. Byrja jo med Landskappleiken (ok, NM i folkemusikk), og fortsette før helgi med ei natt på Førdefestivalen. Det vart berre den eine natti, for med mamma og pappa på vift i Europa (morellestudietur), måtte eg heim og passa jordbær og mata brødre. Men torsdagskvelden saman med Frida var fin å få med seg den, med opningskonserten og dans i Førdehuset. Eg fekk til og med dansa litt (og det var jo heile fire-fem dagar sidan sist!) med ein flink spelemann, so det var stor stas. Skulle sjølvsagt ynskja eg kunne ha vore lenger, men eg kjem sterkare attende neste år.
Men sommaren er ikkje over! Eg reknar med Vinjerock, kanskje MålRock, og kanskje noko anna kos dukkar opp?

Badenymfer

Eg har vore på Borgund att. Medan det førre gong (ok, har vore oppom i mellomtida og, men ikkje so mykje) var fest og pubbesøk som var høva, var det no nedkjøling som stod i hovudet på to ljøsningar.
Ljøsningar er ikkje kjent med vatn. Me har elv (opp til , men den er for det meste litt for kald, og litt for stri, å bada i. Det er langt til fjorden, og fjellvatn finn me berre på fjellturar. Etter at ungane er blitt meir mobile, opnar det seg jo ei ny verd, mellom anna var eg jo i fjorden i fjor, for fyrste gong på hundre år eller so, og Eirik sver til fjorden rett som det er, når gradestokken kryp over 25 eller der om kring. Men Gro og eg, me sver til ein annan fjord, Borgundsfjorden.

Borgundsfjorden er ingen fjord, det skal eg vera den fyrste til å innrømma, men den gjer nytten. eit roleg parti i Lærdalselvi, der det er sand- og grusbotn, vatnet får tid til å varma seg opp - og det ikkje er massevis av kjensfolk. Me var oppe og sjekka høvi fredag kveld, og laurdag midt på dagen var me attende, med badebukse, jordbær, sprudlevatn (ok, Mozell) og hjarta i halsen (nei, oppvarma vatn i Lærdalselvi er ikkje nødvendigvis svært varmt...) Og etter at tyskaren i speedo endeleg hadde sett seg i bubilen og reist vidare, storkoste me oss! Borgund altså, kan brukast til so mangt.

Dessutan vart sommardagen avslutta med grilling (etter at me hadde levert 71 kasser jordbær!) og film, og sjølv om gradestokken sank under 20 kring midnatt - og eg derfor bestemte meg for å sova inne - var det ei flott sommarhelg.

(bilete: Gro prøver vatnet.
I mangel på stetteglas vart det Pocahontas-glas til jordbæra og sprudlevatnet)