Viser innlegg med etiketten Mannfolk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mannfolk. Vis alle innlegg

tysdag 8. desember 2009

Vampyrar

Eg les aldri Den vesle vampyren når eg var liten. Likevel kjennest det som vampyrar har fulgt meg heile (ok, minst halve) livet - utan at det er på ein skummel måte altså... Og no er det atter "in" med vampyrar, heldigvis, og eg kan få utløp for mine litt sære interesser.

Kva er det eigentleg med vampyrar som gjer dei so tiltrekkande? Eg meinar: dei er daude - eller udaude, alt ettersom, dei er (bokstaveleg tala) livsfarlege, og dessutan heller blodfattige. Men likevel er det altså noko med dei. For forutan å vera daude, blodfattige og farlege, so er dei mystiske, tiltrekkande, vakkre, plaga, eksotiske, erotiske og - vel - farlege. Og kven likar vel ikkje slike mannfolk? (I teorien/fantasien iallefall...) For det er no ein gong slik at kvinnelege vampyrar aldri har slege skikkeleg an - og at det er me kvinnfolka som samlast kring NRK3 kvar torsdag, eller kjøper svarte bøker med raude detaljar i dyre dommar...

Dei seier vampyrinteressa går over. Det kan so vera, og eg er sikkert heilt einig når den gjer det. Men fram til dess er eg godt nøgd med å vera med på bølgja, sjå True Blood saman med huset kvar torsdag - til tross for latterkuler, sukk og redlsegisp, og vakling mellom "Eg skal aldri sjå dette att" og "Eg MÅ sjå neste episode" - og å lesa Twilight-serien ut i dei mørke nattetimar. Eg har til og med sett begge filmane som har komme til no, på under eit døgn. Forresten, eg har eit tips: om du kan lata vera, unngå Twilight. Verre gotisk heltinne enn Bella Swan finst knapt i gotikken sjølv, og Edward Cullen er nesten litt for plaga. Men eg klarte altså ikkje å lata vera... For det er noko med desse vampyrane altså!

(Bilete: Bill Compton (Stephen Moyer) i True Blood.
Edward Cullen (Robert Pattinson) og Bella Swan (Kristen Stewart) i Twilight) 

tysdag 19. mai 2009

Wolverine

"It tickled." Det var det han svarte, Wolverine, på spørsmålet om korleis det gjekk då han vart henrette. Kul kar.

Eg har vore på kino med Ingebjørg, og sett ein godt laga film med lite innhald (X-Men Origins: Wolverine) - utanom (minst) ein grueleg kjekk mann (om dette stridest forresten dei lærde, altså Ingebjørg og eg, men eg har rett...) Ikkje ein klassikar (ikkje i X-men-forstand ein gong), men spanande og underhaldande nok. Om den gav svar på gåta Wolverine er vel heller tvilsamt - men kanskje nett det er like greitt. Ikkje same spaninga om ein veit alt.

fredag 15. mai 2009

Augnagodt

"Uff, det er eit forferdeleg uttrykk, eye candy. Augnagodt liksom..." Og dermed hadde Mari eit nytt ord i sitt vokabular, eitt ho gjerne vil dela:

Augnagodt er eit substantiv, nytta som namn på kjekke mannfolk (denne bloggen er tross alt skriven frå kvinneperspektiv). Det er ikkje så svært ofte ein (les: eg) får nytta det, men Høyden i strålande sol er ein god start i so måte. Eller 17.mai, ein (les:eg) gler seg til mannfolk i bunad.

(Kjelde: B.K. Ese)

torsdag 23. april 2009

Confessions

- eg klarar berre å halda meg unna Facebook i ca 30 minuttar i gongen når eg skriv oppgåve
- det skjer ikkje ting på Facebook kvart 30. minutt...
- førelesaren min prøvde å oppmuntra meg til å skriva med dette utsagnet: "Du må bare skrive. Så begynner du å gråte, men du skriver videre mens du gråter. Alltid skrive. Det er ikke lett å skape tekst, god tekst." Ja, panikken ligg litt utanpå meg - og nei, dette funka eigentleg ikkje som oppmuntring.
- eg er grueleg lett påverkeleg (utanom når det gjeld "oppmuntrande" utsagn), og har lyst på shopping (ikkje slå!).
- eg er blakk, derfor er ideen over ikkje god. Eg satsar på at det går over (enten lysta eller dei økonomiske nedgangstidene...)
- eg er bittelitt sur på våren, for då kjem alle kjærastepara ut (kan dei ikkje berre halda seg heime so eg slepp å sjå dei?!)
- eg har lyst på ein slik ein:(ok, eg har lyst på akkurat dette eksemplaret her)
- ja, eg har sett Confessions of a Shopaholic...

laurdag 10. januar 2009

Crikey!

Dei fyrste dagane i Bergen har gått med til kafe. Og ja, lite anna. Men for å toppa ein fin dag (på kafe) vart det kino for fire jenter og ein kar. Australia. Og ja, eg skjønnar kritikken mot den, at den er langdryg og jentete, forutseieleg og med lite historie. Men who cares?! Handling er oppskrytt. Nesten tre timar med Hugh Jackman, regissert av Baz Luhrmann - ja takk!

Oppdatering 12. januar: Nicole Kidman er visst ikkje like nøgd med filmopplevinga som me var. Eg synest ikkje ho skal klaga, ho fekk kosa seg med Jackman i lengre tid enn me...

torsdag 30. oktober 2008

Kvalitetar i ein mann

Eg åtvara om at det kom til å komma fleire lister her, og det gjer det sjølvsagt. Denne har sitt utspring i samtalar med bebuarane i huset, som alle har sine meir eller mindre utfyllande lister over kva dei er på utkikk etter. Dette er mi liste over kvalitetar i ein framtidig mann:

- må kunne dansa, eventuelt vera villig til å læra (fort)
- vera god på høgtlesing
- syng i selskap med andre (men ikkje nødvendigvis ekstremt godt)
- må gjerne ha bunad
- musikalitet inga hindring...
- vera klar over at forslag om å slå seg ned på Dale (eller tilsvarande stader) er grunn til å avbryta eit forhold
- godta min fascinasjon for dårlege romantiske komediar, musikalar og dansefilmar
- klara seg utan meg når eg driv med mitt
- men stilla opp når eg vil ha han der (ok, eg er inkonsekvent i høve likestillinga i dette forholdet, men det er mi liste!)
- laga mat (og gjerne andre ting enn det eg kan)
- takla mine tidlege kveldar og seine morgonar
- ikkje vera pratsom om morgonen (i alle fall ikkje forventa svar)
- må kunne stilla opp som leiar for ungar og ungdom og visa seg som ein kul fyr
- lika å spela spel, særleg dei eg likar å spela
- og då gjerne tapa, men ikkje med stor margin (kanskje ikkje ein gong heile tid). Konkurranse er alltid bra.
- intelligent, men ikkje påståeleg eller besserwisser. Det vil eg ha monopol på
- takla å møta foreldra, brødrene, tantene, onklane og syskenbarna - samla
- ha arbeidshender
- og sterke skuldre
- og fint smil
- og alt det der
- stilla som bøttebærar på Øystølen
- vera nøgd med å vera inne ein laurdagskveld
- eller vera med ut på pub eller for å dansa (sjå pkt 1)
- kunne ordna det eg ikkje kan ordna, som oppvaksmaskin, bil og slikt
- kunne pussa opp sitt eige hus (aller helst bygga det, men ein stad går kanskje grensa?)
- sjå sjarmen i studenttilveret
- komma med saft og gulrot til meg når eg er sjuk
- utdanna, enten yrke eller akademia
- lika hundar
- høgare enn meg
- mørk
- eller lys (dette skiftar med dagsformen)
- kristen(-ish) - nok til at eventuelle ungar vert døypte med ei meining bak
- let seg opprøra over urettferd
- let seg fascinera av folk og fe
- men kan ha ein humoristisk distanse til same folk og fe
- skjøna kvifor ordelingsfeil er nettopp feil
- og forstå at denne lista på ingen måte er utfyllande...

onsdag 15. oktober 2008

Baksida av Sundt-bokstavane

"Jeg er en av de få som har sett baksiden av bokstavene på Sundt, da," mumla Trond Espen Seim medan ein fullsett MB4 humra forsiktig. Gunnar Staalesen nikka, og innrømte at han ikkje har skrive mykje anna enn tittelen til den nyaste Varg Veum-filmen (og til og med den er endra). På rekke 9 sat eg og Monica og prøvde å ikkje sukka høgt i andakt.

Me var på "premiera" på Begravde hunder i dag (litt usikker på kor mykje premiere det var, men "nesten verdspremiere" sa kinosjefen). Midt på dagen sat me i ein mørk kinosal og innbilte oss at det var seint på kvelden og dermed heilt ok å gå på kino. Men det er BIFF, og då er det litt unntakstilstand, som ei på universitetet sa det. So då sat me der, to unge jenter på rekke 9, med ein sal full av vaksne folk (nokre andre unge var det der) og med produsent, regissør, forfattar og skodespelar på dei femste rekkene. Ei stor oppleving - og ja, han er (nesten) like kjekk i verklegheita...

Filmen? Ikkje den beste av Varg Veum-filmane. Men grei nok. Og dersom nokon er interesserte i å få med seg denne, eller resten av filmane (og drop dead gorgeous Seim) , so vil eg anbefala Torgallmenningen i kveld klokka 19, eller Varg Veum-maraton i helgi. Ja takk, begge deler, skulle eg til å sei, men trur eg står over. For eg har sett han, Vargen (uttalast med skarre-r og diverse æ-ar), live. På kino.

tysdag 2. september 2008

Endeleg

Endeleg har eg vore på kino åleine. Eg har jo prøvd før, men det gjekk (heldigvis) i vasken. I dag gjekk det betre. Eg skulle på film, eg skulle det i dag, inga bøn. So då tufla eg avgarde, med skulesekk på ryggen, klissvåte sko og ei innstilling om at eg skulle storkosa meg. Åleine.

For eg har faktisk gledd meg til dette. Gledd meg til å vera so sjølvstendig at eg kan gå i billettluka og sei "Ein billett! (Ja, det var éin eg sa...)" Gledd meg til å sitja åleina i kinosalen utan å tenkja på om dei rundt meg likar filmen. Gledd meg til å gå ut åleine og kunne tenkja på filmen i fred og ro. Og det var nett so godt. Det var godt å stilla seg opp i billettluka og smilande sei "Ein til kvart over åtte!" (Og sjølvsagt måtte repertera seg sjølv, "Ja, èin..." Ikkje fullt so godt.) Det var godt å sitja i kinosalen før filmen og jobba med mine eigne forventningar. Og det var godt å springa til bussen (enno i klissvåte sko), med eit tåpeleg smil om munnen og ei litt vemodig kjensle i bringa.

Men når dette er sagt - "gleden blir større når den deles". So og med kino. Ja takk, begge deler, hermar eg Ole Brumm, og tenkjer at neste gong kan det godt henda eg går saman med nokon.

Ja, kva eg såg?
Endeleg har eg og fått sett Narnia: Prince Caspian! Mange har vore negative til denne filmen, og meint det er endå ei dårleg gjengjeving av ei flott bok. Men eg er nøgd eg. Humring, sukk, gisp og ei lita tåre mot slutten (ja, eg er lettrørt!) er for meg bevis på suksess når det gjeld underhaldning. Og når det gjeld den godaste Ben Barnes, prins Caspian sjølv, so vert ikkje han avvist om han kjem gangande/ridande min veg iallefall! (og der klarte me å vri enno eit blogginnlegg inn på mannfolk. Jaja...)

tysdag 26. august 2008

Grey's

Og so var me i gang att. Frustrasjonane er omlag like store som for eit par månadar sidan. Kva er det med å erklæra seg forelska i ein gift mann? Kva er det med å krangla om avkappa armar og hovud? Kva er det med å ikkje snakka saman? Kva er det med ville familietilhøve? OG KVA ER DET MED Å DUMPA MCDREAMY - ENNO EIN GONG?! Viss ikkje du vil ha han, min kjære Dr. Grey, so står det hundrevis av jenter i kø for å ta over. Og eg står fremst.

torsdag 8. mai 2008

Ikkje akkurat beskjeden

Eg har blitt sjekka opp. Av ein 6. klassing. Det har ikkje skjedd sidan eg sjølv gjekk i 4. Og ein kan vel sei at han ikkje nett var beskjeden - eventuelt at han har sett for mykje på Friends el.l. Ei interessant oppleving (hadde han endå vore 12 år eldre...)

søndag 2. mars 2008

Søndagssysler

"It is a truth universally acknowledged that a girl in posession of her right mind must be in want of a decent man."

Jepp, eg er i gang med ei ny bok. Morgonen vart tilbrakt i senga, saman med Mr. Rochester og Jane Eyre, som fekk kvarandre til slutt. Få sistekapittel i litterturhistoria byrjar betre en kapittel 38 her altså: Reader, I married him. Men no er eg altså i gang med ny bok, Me and Mr. Darcy heiter ho, kan umogleg vera særleg kvalitet - men eg gledar meg likavel eg. Og den har svært positiv start:

To you I shall say, as I have often said before, Do not be in a hurry, the right man will come at last. -Jane Austen

Men "the right man?" Eg trur eg må sei som eg-personen i mi nye bok: To be honest, I blame Mr.Darcy. Evt. Mr. Knightley/ Henry Tilney/ Edmund Berttram/ Edward Ferrars/ Cpt. Wentworth (stryk det som ikkje passar, det er ein grunn til at eg er med i Facebook-gruppa "I am going to marry one of the men in Jane Austens novels), eller sjølvsagt Mr. Rochester. Eller Aragorn... I kveld har Magnhild og eg sett "The Fellowship of the Ring" og sjølv om me er einige om å mislika haka hans, er me og einige om at det er få som er so mandige som Aragorn når han slenger med kappa og spring i slow motion ut for å slåss mot orkar..
Drøymemenn denne søndagen...

torsdag 14. februar 2008

Valentinsdagen

I tillegg til at eg sidan tysdag har trudd det har vore fredag og gong på gong vorte skuffa, har eg og skjønt at det er valentinsdagen i dag. Eg vurderte lenge å ikkje nemna det her på bloggen, men det snik seg altså inn. Kva er det med denne dagen som gjer tre unge jenter med suicidale potteplanter og eit stort forbruk av snop (les: eg og mine sambuarar) så negativt innstilt til raude roser og hjarteforma sjokolade?
P.S. I morgon, eller kva dag som helst elles for den del, er eg svært positiv til slike ting altså...
P.P.S Takk til Kenneth frå Florø som ga to jenter han møtte tilfeldig på gata evigvarande roser :-)

måndag 28. januar 2008

Singin' in the rain - eller ikkje...

Conradi anar ikkje kva han går glipp av. Det var konklusjonen til Kristine, min kjære eks-sambuar, og meg etter ei noko lang og, frå mi side, irritert utgreiing om at alle framsyningar av musikalen Singin' in the rain - som eg har hatt driiitlyst å sjå lenge - er utselt ut april - og etter det spelar ikkje Kåre Conradi Don, og kva er då poenget. Altså går han glipp av meg sukkande i salen - og det er eit stort tap! (for han)
Mm, litt bitter her...

(og litt usikker på kor mange tankestrekar ein eigentleg kan bruka i ei setning) (og om det er tankestrekar når det på ein måte er i stadenfor komma og markerar innskoten setning)

laurdag 15. desember 2007

Om kor bra Clooney er...

Då eg no sit heima i Lærdal og nyt at me har nett i stova (og utnyttar det faktum at det ikkje lenger er berre eg som har laptop), vert det litt surfing innom sider eg ein gong i tida har høyrt om, men aldri har fulgt med på. Ei av desse er den fantastiske nyhendesida The Onion. Dei har til dømes ein nyhendeartikkel om at George Clooney ser bra ut - og det kan ein vel nesten ikkje motsei...? Og ja, det er meir på denne portalen som er verdt å få med seg - ikkje nødvendigvis fordio det er sant, men fordi det er ein fantastisk kommentar til kva nettaviser, magasin og folk flest er opptekne av og tenkjer om ulike tema. Sist eg var innom, les eg til dømes ein artikkel om den fantastiske oppdaginga av Midtvesten (i Junaiten altså), og det seier vel litt om korleis folk (og då særleg amerikanarar) tenkjer om USA. omlag slik me tenkjer om Trøndelag kanskje? Utanom at me veit at dei der oppe har bart om heimbrent...

tysdag 20. november 2007

Fjortislista

Som eg trua med i går, ser det ut som at fjortislista frå spacet mitt har gjennoppstått, utan dei drastiske endringane. So, nederst til venstre kan de alle nyta synet av namnet til mine kjekke mannfolk (I wish...)
Som eg og trua med i går, er Gregory Peck det nyaste tilskotet på lista - sjå han og nyt han! (gjerne i Roman Holiday :-) )
EDIT: dette gjer eg berre for å utsetja oppgåveskriving lengst mogleg...

torsdag 18. oktober 2007

Meg og Olav

Nokon som reagerar på kvifor det er so steike mange dikt av Olav H. Hauge her? Då kan eg røpa at han er mannen i mitt liv for tida! Eg veit, litt trist at mannen i ditt liv ville vore 99 hadde han levd, men er død, og var i tillegg lukkeleg gift all to the end...
Men eg er altså i praksis i haust, tre dagar i fire-fem veker i Hauge-Tveitt 08, ei jubileum som skal vera neste år for min kjære Olav H., og komponisten Geirr Tveitt (som kanskje blir min kjære han og, eg har berre ikkje fått sett meg so inn i han enno). So for tida vekslar mi tid mellom skulen (fæle datafaget), kontoret på Sydnesplassen (og sjølvsagt dans og ICY og KM-arrangement av alle typar...) I tillegg går dikta til Olav H. om att og om att i hovudet mitt, og kvar einaste dag oppdagar eg minst eitt eg trur kjem til å følgja meg i lang tid.
Men det er ikkje lett, det å vera i praksis utan å eigentleg vita kva ein skal gjera... Eg fører no dikta inn på dataen, skriv småting og prøver å snappa opp mest mogleg av det som går føre seg. Men aller helst vil eg vera åleina med Olav H., og nyta han i fred og ro...