Viser innlegg med etiketten Gatekunst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gatekunst. Vis alle innlegg

torsdag 24. mars 2011

Gøymespel

Kvar gong eg ser han her undrar eg på om eg skal verta glad eller lei meg. For det er so mange ting eg har lyst å spørja han om, og so få svar å få frå han.
Har han tenkt å hoppa fram og ropa bø, når den han ventar på kjem gåande?
Tenkjer han glade eller triste tankar bak stolen?
Gøymer han seg for nokon? I tilfelle kven, og kva vil dei han?
Har han selskap av hybelkaniner? 
Har nokon hugst å fortelja han at det er hans tur å stå?

laurdag 19. mars 2011

Korleis nyta våren

- på ein og ein halv time:
 Ta på deg kjole og solbriller og gå tur til byen,
 til dømes gjennom Graven, der trei strekker seg mot soli og snøen gøymer seg bak hekken. Rett over dalen glitrar Vidden, lokkande, men berre ein fjern tanke. Ta bilete gjennom solbrillene, fordi lyset vert so moro då.
Stopp på bakeriet i Solheimsgaten og kjøp den bollen som har mest gult i seg.
Møt kjensfolk på Gamle Nygårdsbro, og bli so glad over gjensynet at du gløymer å ta bilete av båtane som enno har vinterteppet over seg.
 Gå til Festplassen og et bollen, akkompagnert av duer, trafikk og trekkspelmannen på repeat, medan du lener hovudet bakover og let solstrålande trenga gjennom kleda til du skjønnar kvifor soli vann over nordavinden.

Gå på vindaugsshopping i Marken, Øvregaten og Skostredet. Nyt soli i smuga, og alle dei undarlege bruktbutikkane og romantiske interiørbutikkane. Ikkje gå innandørs, det kan ta både verdifull sol-tid, og gå hardt utover pengepungen.

 Hels på den gamle mannen kjellartroppa til Fensal. Han likar å slå av ein prat.
Og so må finveret ignorerast ein ettermiddag, til fordel for franske madrigalar og amerikanske voggeviser. Hjarteballongar er kjøpt inn til kjærleikskonserten i morgon. 
Det er so godt som garantert at når Kor e' tonen har øvingshelg, so er det strålande ver i byen. Dersom du lurer på når du kan ha utefest i regnhovudstaden - sjekk øvingsplanen vår.

Då er det godt at ein kan klara å nyta våren på ein og ein halv time.

torsdag 25. november 2010

Sko

Iris Murdoch
Er det her dei endar opp, dei utgåtte, forbigåtte, gløymte, einsame? Dei som har levd livet i tosomheit, heng dei der no åleine? Nei, 
dei deler veggen med artsfeller, med maken, med forbipasserande. Fotgjengarar. Utslitne, men aldri uelska. Inspirasjon for dansande på veg heim ein laurdag kveld. Oppmuntring for vandrande gjennom byen ein søndag morgon.