Viser innlegg med etiketten Ynskjebrønn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ynskjebrønn. Vis alle innlegg

måndag 31. januar 2011

Sovesal

Storbyferie. Ein er ung og eventyrlysten - iallefall i planleggingsfasen. Sentralt, billeg, ungt og frisk. Gjerne med bar i kjellaren, eller i toppetasjen. Då kan ein ta ei øl, eller eit glas ananasjus, med folk på sin eigen alder, til dømes dei ein bur på rom med. God ide.

Og det er jo ein god ide. Det er ein god ide heilt til klokka er nesten midnatt, ein nesten har sovna - Argentina har slutta å snorka - og sjettemann kjem inn. Sjettemann legg på sengetøy. Sjettemann sparkar ein stol tvers over golvet. Sjettemann er ein mann i femtiåra. Sjettemann har ingen skruplar mot å bråka sjølv om dei fem andre ligg tyste i sengene sine.

Kvelden etter er det ein god ide att. Sjettemann er vekk, attende er norsk 1 og 2, argentinsk 1 og 2 og kinesisk (1). Skravling og latter i baren i toppetasjen, og ein tidleg kveld. Dei andre skal reisa dagen etter, Argentina sluttar å snorka. Norsk 1 (eg) mumlar i søvne, men det merkar jo ikkje eg.

Argentina 1 og 2 og Kina er vekk siste kveld. I deira stad er Australia 1 og 2 komne - og det er Australia Day. "Babe, you're so drunk. Babe, you're snoring!" Babe, tig stilt... Norsk 1 og 2 diskuterer: Kva skal me sei for å få slutt på sagbruket? Ho er australsk, kva trur me ho heiter? Kathy, seier norsk 2, eller Lisa. "Babe, stop snoring! Kath (!), I've never heard sounds like that from a girl!" Sjølv sovnar han med på golvet med hovudet på telefonen, og halve kroppen oppi kofferten til Kath babe.

"Hadde dei ikkje vore so unge, hadde eg nok vore irritert," seier norsk 2 overberande dagen etter. Plutseleg kjenner ein seg mykje eldre i gjennomføringa enn ein var då ein i planleggingsfasen fann ut at sovesal på hostel var ein god ide.

torsdag 20. januar 2011

Lysare

"Jaja, no vert det berre lysare og lysare for kvar dag," sa Kim, og såg tankefullt ut av vindauga. Han høyrdest ut som sin eigen bestefar, antakeleg, og det var nok difor me lo. For då me kasta forsiktige blikk ut på den grå morgonen måtte me gje gamlefar rett. Skuggane er ikkje lenger so lange, det grå er lysare grått.

måndag 17. januar 2011

Ynskjebrønn

Natt til søndag skreiv eg skjønnlitteratur. Det har eg ikkje gjort på ei stund, og so vanskeleg det var so fann eg vel fort ut at det vert lenge til neste gong òg. Sidan resultatet vart ei novelle på ca ei halv side, trur eg eg erklærer det eit dødfødt forsøk, og skal skåna dykk alle, og meg, frå ei skremmande leseerfaring. Men problemet her er ikkje at min innebygde forfattar er daud, men derimot at eg likar å skriva. Og eg likar særleg godt å skriva ting som ikkje er mi eiga masteroppgåve - og ikkje skjønnlitterært heller, viser det seg. Og som den alt for korte novella (finst det noko kortare? Scene?) med alt for mykje regn òg illustrerer, so byrjar fantasien min å gå litt tom. Derfor har eg tenkt å overlata nett det til deg, kjære lesar.

Ideen om ein ynskjebrønn har eg teke frå Magnhild, som gjorde nett dette for nokre år sidan. Den går altså ut på at oppfinnsame og/eller nysgjerrige blogglesarar kan ynskja seg kva eg skal skriva om (gjerne i kommentarfeltet), stilla spørsmål, komma med påstandar eller tema, og so skal eg prøva so godt eg kan. Resultatet er heller usikkert, det er klårt - men det er de som må komma med starten. Kun fantasien, og min eigen sømelegheit, set grenser. Tør du?
http://www.tdcomics.com
 P.S. Til bekymra foreldre, studiekameratar osb: Dette skal på ingen måte gå ut over masteroppgåveskrivinga. Den går so haltande på eiga hand...