Viser innlegg med etiketten Spel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Spel. Vis alle innlegg

søndag 17. april 2011

Palmelaurdag

Ingvild inviterte på Bezzerwizzer, taco og innviing av blenderen. Sjølvsagt stilte me, me stakkarar som ikkje får heim på påskeferie (enno). Me tok "det rosa spillet" - underhaldningsutgåva av Bezzerwizzer. Full konsentrasjon det meste av kvelden, sterke konkurranseinnstinkt og dårlege vinnarar og gode taparar - slik det skal vera (eller var det omvendt?).
Utpå kvelden kom drinkane og Alias på bordet. Godt det ikkje er so lytt hjå Ingvild, for konkurranseinnstinktet vart ikkje mindre. Eg rakk ikkje å ta fleire bilete - men me stakk av med seieren!

(elles må eg berre beklaga kvaliteten på bileta fyrst som sist, eg gløymer alltid kor dårleg kompaktkameraet mitt er. Nytt og betre står på ynskjelista)

fredag 10. desember 2010

Ligrettokongen

Eg trur me kan sei resulata er eintydige - etter eit år med ligrettovaffeldate ca ein gong i veka, er det enno Halvor som er regjerande ligrettokonge. Janne og eg mimrar enno attende til oktoberdagen i fjor, då det var ei ligrettodronning i kantina på Sydenshaugen skole, men slike majestetar har me ikkje sett snurten av i haust. Derfor er det med tungt hjarte, men stort pågangsmot og alle mogelgheiter for forbetring, eg legg ut statistikken frå haustens turnering:
Reell poengsum pr. dato
Gjennomsnittleg poengsum pr. runde pr. dato
Det må leggast til at det er eg som har lågaste score nokon sinne på ein runde (-18) og høgaste (35!) Janne var den som slo Halvor i fjor - og når me har hanka inn andre, som Sigrid og Ingebjørg, har han fått utfordringar. Plan: slå han minst ein gong før me er masterar i engelsk...

søndag 14. november 2010

Tradisjon

Noko ein gjer om att og om att (Repetisjon?) Nei, det er noko kosleg, noko ein gjer år etter år (?) Som det ein gjer på julafta, det er ein--- (Tradisjon!) Ja!

Haustfest brukte å vera tradisjon i ungdomslag rundt om. I år var det ikkje nok tradisjonsberarar i Bergen, og haustfesten vart forenkla - til tradisjonell dansefest. Det er no ikkje gale berre det, og når ein har eit teater som stiller opp med deler av eit stykke og flinke dugnadsfolk som bakar kaker til den store gullmedalje. So kunne gamle og unge stilla opp på skinande (glatt) golv, under glitrande lysekroner, og dansa reinlender til natta kom snikande.

Dagen derpå vart det kaffi i Huset, og Alias med "tradisjon" som eit av dei mystiske orda.

torsdag 9. september 2010

Studiesol

Enno kjempar ein svak sommar om dominansen med ein snikande haust. Sommaren har vist seg uthaldande, kanskje fordi den har spart på kreftene til no. Men no viser den altså krefter, og ligrettovaffeldaten denne veka måtte dermed flyttast utandørs. Me jentene gjorde det litt for å nyta veret, og litt for å vippa regjerande ligrettokonge av pinnen. Desverre må det hardare skyts til enn sol i Bergen for å klara det - men etter eit par timar i strålande sol på studentsenteret var ikkje tapet so tungt å bera som det nok kjem tl å vera neste veke, når regnet atter dominerar.

måndag 23. august 2010

Alias

"Jo, det er sånn der... Dersom du... Du vet, en sånn..." Men vann gjorde dei, med god margin.

Ni unge frå ungdomslaget reiste til palasset vårt i Fana for å starta hausten i Bergen i godt lag, med god mat og mykje latter. Og slik gjekk det. Me åt i timesvis, spelte Alias enno lenger, spelte litt fele innimellom, og lo oss skakke av feilkoplingar og fantastiske forklaringar. Og no skal me verta flinkare på å bruka hytta meir!

laurdag 5. desember 2009

Pynta pynt og spela spel


Eg er av dei som meinar at ein ikkje skal pynta til jul før det er jul. Ein kan ha stjerne i glaset og lilla dukar og lys her og der, men julepynten skal ein venta med. Men i år har det gått litt gale - dersom ein skal få nyta eit julepynta hus i Bergen må ein gjera det tidleg, og derfor er stova full av englar, og desse søte små står i glaskarmen min saman med den kenyanske elefanten. Og det er meir som har blitt pynta:

Utanfor lesesalen har masterstudentane ein stor del av gangen heilt for seg sjølve. Der har me eit par bord, kjøleskåp og sofa - alt ein treng for eit lukkeleg studentliv. Men gangen elles er trist, særleg sidan den einaste pynten me har ser ut som det er laga av lite estetisk medvitne orkar. Derfor har det vore eit tema gjennom heile november kva som kan gjerast med denne pynten - og i går, akkurat i det eg leverte den siste eksamenen min, kom Gunn Inger med blå julekuler. Dermed vart det pynting av pynten, før eg tok juleferie frå lesesalen.


Fyrste kveld i juleferien vart nytta saman med ICY på juleavslutning. Gløgg, pakkeleik og Store norske spillet, i tillegg til fleire latterkrampar og høglytte diskusjonar kring forfattarar og algar, og alt innimellom. Det er godt å ha ferie, pynta pynt, spela spel og vera med vener.

(Bilete: Julenissevener og elefanten.
Lesesalvener pyntar orkepynten.
ICY-vener trillar terning og spelar spel)

torsdag 3. desember 2009

Ligrettovaffeldate

Då eg slutta på nordisk i vår, so var det ikkje med lett hjarta. Det var sjølvsagt mykje på grunn av emnet og - ikkje minst - førelesarane, men og medstudentane. For me var ein fin gjeng, som kollokvierte, sukka over førelesarane (både på godt og vondt) og beint ut treivst saman. Den siste kvelden saman gjorde me ein avtale: felles vaffeleting minst ein gong i veka! Eg må innrømma eg tenkte som so at "det vert vel ikkje so godt fulgt opp, dette", men der tok eg feil - og godt er det! For allereie tidleg i haust bestemte me tid - torsdag klokka tolv - og stad - kantina på Sydneshaugen.

Og der har me vore, Janne, Halvor og eg, nesten kvar veke. Vaffeldateane var ein måte å halda saman til trass for ulike institutt, og det var ein god plass å få lufta frustrasjonar og nyerverva kunnskap. Halvor har undervist oss i norske fornamn, medan me jentene har fått klaga over uforståeleg gamalengelsk syntaks. Vaffeldateane utvikla seg snart til å bli ligrettovaffeldatear, og dermed var det i dag, på min siste dag i semesteret, duka for ligrettovaffeldatejuleavslutning! Me hadde både julebrus, mandariner, julenissesjokolade og - ikkje minst - vaffler og Ligretto.

Ligrettospelinga vår har vore hard og langvarig, og ved semesterslutt kan poenga framstillast omlag slik:

Dette er då dei reelle poenga me har fått i løpet av året, men sidan ein date inneheld alt frå 10 til 22 omgangar, må ein viss utjamning til, og grafen under viser poeng i snitt per omgang på kvar ligrettovaffeldate:

Eg trur me kan oppsummera hausten omlag slik: Janne har den største utviklinga, Halvor er klår vinnar - og eg, eg held det på det jamne, eg...

søndag 11. oktober 2009

Kake og spel

Eg inviterte gode vener på kake og spel, som slutt-på- haustferien- markering og førehands- feiring av gebursdagen min. Moro. Gode vener kom, åt, spelte, vann (over meg) og slik enda studieveka på ein fin måte. Takk for ein fin kveld!

søndag 27. september 2009

Visur og vener

Eg tok helg på fredag. Eg tok so helg at eg gløymte å levera ei oppgåve, noko eg fekk klår beskjed om ikkje var typisk meg. So sant so sant - men so er ikkje helger utan planar typisk meg heller.

Men helgi har blitt full! Fredag kveld kom Inger Marie, Kim, Anders og Wiebke på middag hjå meg og Monica, og me åt og skravla lenge. So for Wiebke og Monica til byen, medan me attverande jentene slo gutane i Alias, og fortsette skravlinga.

Laurdagen byrja seint, men etter ein lang frukost følgde noke timar på Vil Vite. Fantastisk moro! Eg har aldri vore der før, men vil tilrå det på det sterkaste - stor stas! Ein snøggtur heimom, og so var eg klar for ein kveld med viser på Hotell Augustin. Aasmund Nordstoga med band song om "damur, jentur, kvende, kvinnfolk og ein og annan kar", medan publikum smilte, skrattlo, song med eller lot augo drøymande att. Neste del av kvelden var folkemusikkjam med proffe og amatørar, ei fin stund det og.

Me fyllte godt opp på Hector's, me som gjekk dit etterpå, og når lyset vart tent og folk jaga, skulle Wiebke, Monica og eg heimover. So langt kom me ikkje, for sovesofaen til Wiebke kunne romma tre trøytte jenter...

Men no er me attende i huset. Ute regnar det, inne brenn det i peisen, og me sit kring kaffikoppane med spøt, bøker, telys og musikk på anlegget. Aasmund Nordstoga, Trispann (takk gud for Spotify!) og Gjermund Larsen (ein må jo varma opp til neste konsert...) Helg altå, me like!

(bilete: Eg og Inger Marie på Vil Vite.
Kim, Anders og Inger Marie testar anatomikunnskapane sine - det var her eg vart skeptisk til den norske legestanden...

Framsidebiletet på cden Ein visefugg - som sjølvsagt vart kjøpt og selt i store kvanta)

Oppdatering: Søndagskvelden var ikkje over med musikk på anlegg og beina i sofaen. Gjøri, mitt kjære syskenbarn, kom rett frå handballkamp på middag, og ga meg speletime i retur for den. Eg synes eg gjer den beste handelen her! Ho hadde til og med med fele til meg, so no kjem det til å komma fæle lydar (nei, ingen stave- og orddelingsfeil her) frå huset i ei tid framover. Men det er moro! Eg "kan" Lisa gjekk til skulen...

(bilete: Gjøri med "mi" fele)

søndag 6. september 2009

Oi, september!

Hm, tida flyg, og bloggen stagnerar. Ei veke sidan førre innlegg, det er ei stund til meg å vera. Det viser kanskje helst at eg ikkje har svært mykje tid å lata som eg driv med andre ting - veka har forsvunne mykje i tur til Førde for å planleggja LiV-kurs, hysterisk lesing for å ta att det eg ikkje har gjort før i veka, og ei kosleg helg med gode vener i Bergen.

Fredag kveld var det middag og film i femte i Gimle. Der bur fleire av danse- jentene, med diverse vener, og dermed vert det lett jentekveld med musikal og skravling. Og sidan dei har to digre leilegheiter til saman, vart det råd med overnatting for ei som snakkar seg forbi siste buss. Laurdag morgon byrja dermed med busstur heim - der eg forresten møtte statsministaren på busstoppet på Bryggen. Hm, valkamp altså...

Men so ignorerte eg glatt valkampen resten av dagen (eg har trass alt førehandsstemt allereie, so då treng eg ikkje stressa meir med det), og sat på ein benk i Byparken med Lene og såg på folk. Dvs, etter ei litt (u)heldig setning om ynskje om nye sko, vart det handling på oss (meg). Stor stas det og. Då Lene forlot meg til fordel for landskamp (som rykta seier ikkje gjekk so godt), åt eg middag i Musehagen, før det var kakefest og spelekveld i tårnet til Magnhild. Mange folk, gode kaker og god stemning - og ein seier i Alias. Det (og ikkje berre seieren altså) kan godt bli ein tradisjon!

No er det søndag ettermiddag, men Monica og eg er knapt ferdige med frukosten. Den vart lang og roleg. Det er og planane for resten av dagen - ta det lugnt. Det trengs, før ei ny studieveke med innlagt tur til LiV-kurs i Førde føl.

(bilete: Jentene i Gimle. Musehagen i solskin)

torsdag 7. mai 2009

Forretningsidé?

På kollokvium som uttartar litt kan mange idear komma opp. So òg på samlinga for fire nordisk-studentar i eit hjørne av kantina på HF: spel. Dermed vart pausen på dagens kollokvium planlagt før resten av innhaldet. Alias skulle takast med, og so sat me der og underheldt resten av kantina, med stor innleving, ein jamn kamp og verdige vinnarar (mitt lag...)

Men dette førte oss inn på tanken om spel i undervisinga. Greitt, alle lærarstudentar, dette er vel ikkje ein ny og banebrytande pedagogikk for dykk, men for oss universitetsstudentar er ikkje dette kvardagskost.

- alle eksamenar, testar, prøver osb skal frå no av refererast til som "quiz" (evt "kviss" for puristiske nordistar). Dette vil gi ei meir positiv innstilling, i tillegg til at det gir inntrykk av at ein føl med i tida
- quiz er eigentleg ei god løysing på det meste, altså er det ein ide å utvikla store quiz-sett for fagområda
- evt større spel av typen TP eller Store norske. Særleg Store norske, me er jo eit bokelskande folk (nordistar altså)
- Alias for all terminologi
- Fantasi og/eller Pictionary for verk
- 20 spørsmål for forfattarar
- Beat for beat for salmar (ja, det er òg på nordisk-pensumet). Dette kan utvidast til dikt generelt, puggeskulen er ikkje nødvendigvis heilt ut
- adjektivhistoriar, gjerne utvida til alle ordklassane for grammatikklæring

Her stoppar fantasien til denne nordisk-studenten opp, men eg (og sikkert resten av kollokviegruppa i andre etasje) tek i mot forslag til andre spelidear med takk!

søndag 19. april 2009

Det gode liv

"Det var liksom so plutseleg over," sa ei når me kom attende til byen. Dei fire andre nikka einig. Bergen er fin i fint ver, det er mykje bra folk her, og livet er generelt sett godt (når ein ser vekk frå eksamenspanikk) - men livet er enno betre i Skjerdal, når det er strålande sol, ingen tanke på skulearbeid og plikter, og ein har bra folk rundt seg.

Byfolka i ICY (vel, nokre av oss) fekk vårtur til Skjerdal, og dommen var einstemmig: Idyll! Paradis! Vakkert! og til og med eit par Her kunne eg budd... Og det er ikkje rart, for helgi har vore flott:
Magnhild på brygga nede ved fjorden. Grilling, skravling og bittelitt planlegging. Og diverse raude nasar, skallar og nakkar...Magnhild, Agnete og Einar i frukthagen, litt på leit etter lam, litt på tur.Skjerdal har mykje å by på for glade amatørfotografar frå "byd´n", mellom anna ein spanande fauna. Her var det Chili med Agnete ved sida og syskenbarn Gjøri oppå som skulle forevigast.Og so var det fjøsen, der Magnhild mellom anna vart kjent med killingane.Ein treng eigentleg ikkje gå lenger enn ut i hagen for å finna moro og utfordringar. Her er mine tre steg på slakk line foreviga. Saliba, Agnete og Einar på heimestølen Leim.

Ja, me var faktisk omlag like mykje ute som det ser ut på bileta. I tillegg hadde me sjølvsagt lange og rolege måltid, sightseeing på Vangen, og mengder av spel me gjerne ville gjennom (med varierande hell for dei fleste, heldigvis). Altså ein klassisk ICY-tur, utanom ein litt uplanlagt omveg om Vik pga stengt veg i Nærøydalen, og at me desverre ikkje var fleire. Men det var likevel ei strålande helg. Agnete, Einar, Magnhild og Saliba: takk for turen!

Ein kan lesa meir om turen, og sjå flotte bilete, på bloggen til Magnhild!

søndag 1. mars 2009

Søndagskaffi og kortspel

Frida 885 poeng
Ingebjørg 625 poeng
Mari 437 poeng
Det er stoda etter mange timar kortspel i huset ein søndagskveld. Me er einige om at eg får hell i kjærleik, Frida har selt sjela si. Ok, eg er einig med meg sjølv om dette.

Kortspelet er ein del av søndagskaffien i heimen. Etter jul tenkte eg og Frida at det skulle vera søndagskaffi hjå oss fast, men det går ikkje heilt - rett og slett fordi me sjeldan er heima. Men Ingebjørg møter opp når me ein sjeldan gong er heima, og dermed vert det bollar, te og kortspel ut i dei små timar. Eit kortspel eg alltid tapar. Men neste søndagskaffi, då! Då...

tysdag 6. januar 2009

Juleferie, og godt år!

Det er ein trend å sei godt nytt år på bloggen ser det ut til, so då gjer eg det og: Godt år, alle saman! Men eg skriv ikkje noko om nokre nyttårsforsett, for slikt driv eg ikkje med. Dessutan har eg sikkert allereie brote dei...

Men det eg har tenkt å sei noko om, denne siste dagen/natta (kva skjedde med døgnrytmen min?) eg er heime i Lærdal, er juleferien. Dvs, eg let bileta tala (nesten) for seg (eg er jo eit menneske av mange ord...):
Julafta i Sande, ei tradisjonell sodann. Me åt for mykje, og storkoste oss saman. Karane kapra dei beste liggeplassane etter middag, men vart snart tvinga opp att for å gå rundt juletreet, der me kraksa fram nokre få songar før mamma måtte gje opp og gåveopninga kom i gang.Gro Agnethe med Johannes, Monica, Frida, Hilde Oddny og Eiren (altså ca to tredelar av Gjengen) var på besøk i Lærdal fjerdedag. Middag og skravling sto på programmet, og sjølvsagt stal Johannes mykje av showet. Når dei fleste forlot oss utpå kvelden, såg Eiren og eg Mamma Mia, før me for på Borgundspuben.
Nyårshelgi var me, som alltid, i Skjerdal med so godt som heile familien (mangla Eirik og Sigrid syskenbarn av dei vanlege, so me var "berre" 20 til middag). Der kraksa me ikkje lenger, men song so det ljoma både til middag (eitt vers av Fager er jordi var ikkje nok) og rundt juletreet. Men etter "Tomtegubbe, ta i ring" var me utsletne...Og juli har sjølvsagt bode på mange høve til å spela spel. Her er eit par av hittane, Backgammon (eller samisk: bak gammen) og Alias. Desse vart spelt både julafta, fyrstedag og nyårshelgi. I tillegg var det Scrabble, Fantasi og Skip Bo i Skjerdal, og Uno og Store norske på den årlege spelekvelden på Bø. Her er det Olve og Stina som var engasjert i eit heftig slag, dei hadde ikkje ein gong tid til kaffi...

Som de skjønnar, eg har hatt ein fin og (særs) avslappa ferie. Men i morgon er det attende til Bergen og kvardagen, sjølv om eg reknar med at eg har eit flott semester og fint år å sjå fram mot. Det håpar eg de og får!

søndag 10. august 2008

MålRock

Grisen står og hyler, i den stille kveld....
...hun er på størrelse med en liten traktor og heter Gunn...
Hello, Oslo, last time we met we didn't get along...
Kjære, jeg har tenkt litt...

Helgi har eg brukt i Årdal, av alle stader, med gode vener og flott musikk. For andre gong på vel ei veke har eg vore på festival, denne gong var det målROCK i Meieriparken på Årdalstangen. Stemninga var god, både på festivalområdet og heime i dokkehuset, der tida mellom slaga vart brukt til andre type slag, som kampen for nok søvn og Uno-speling.

Av konsertar var Di Derre på fredagskvelden eit høgdepunkt. Ingenting toppa desse karane, dei har jo hit etter hit med stor allsongfaktor og ein god historie i kvar einaste tekst. På ein god andreplass kjem eit band som ikkje passar inn i profilen til målRocken, nemleg The Disciplines som syng på engelsk. Men dei skapte liv, sjølv om det var verken dialekt eller norsk. Og det vart nesten litt vel intimt med vokalisten til tider... Elles er jo Odd Nordstoga alltid sjarmerande, og me fekk svinga oss sveitte til svensken Nisse Hellberg. Moro det og.

Til tross for gode band og stemning, var det likevel selskapet som gjorde helgi. Anja, Frida, Kim, Anders og Eiren: takk for ei fin helg - sjølv om me var i Årdal...

(bilete: dårleg staving på MålRocken vart heldigvis retta av Målungdommen. Kim og The Disciplines-vokalisten. Anja og eg på CC Cowboys-konsert.)

måndag 12. mai 2008

Siste dag før eksamen

har gått med til desse aktivitetane:

- stå opp litt for seint (litt grunna nattmanøver i indiacaklubben - kviskrespeling i hagen til me ikkje såg den sjølvlysande dingsen meir. Litt grunna min generelle døgnrytme)

- oppretta Facebookgruppe for Mindevegen Indiacaklubb (til ære for den viktigaste rekreasjonsdingesen me har for tida)

- sitja med beina i senga og stirra i veggen (noko som faktisk er sentralt for mi lesing, ettersom det er der notatane mine heng)

- reisa til Storetveitmarken og spela indiaca

- eta rullekebab utanfor Top Haiz (eller Hair som det eigentleg heiter)

- stirra litt til på veggen (svært lite til)

- bli klypt av Anja (noko ho har hatt lyst til å gjera det siste halvåret) (og kan du undrast på kvifor eg har utsett det når du ser biletet?)

- stirra på veggen i lag med Monica, som er litt oppgitt over både mi skrift og dei rare orda

- sjå film

søndag 14. oktober 2007

Hausttur til Stolmen


Hehe, mange av innlegga mine heiter noko med "haust" for tida, men det er det vel ein grunn til...

I helgi var Bergen ICY på hausttur til hytta til Endre på Stolmen i Austevoll. Der fekk me leika oss i bølgjene i båt, fiska mykje, ete mykje og spelt mykje. Seks ICY-arar kom til øya fredag kveld, dei to siste kom laurdag. Fredag kveld vart brukt til å reisa ut på sjøen og leika i bølgjene, og spela Bang. Mykje av laurdagen gjekk med til det same - ein sein morgon fulgt av fisking, Uno-speling og avslapping, litt ICY-aktivitetar og meir Uno-speling (eg leda fire rundar!) Søndag var litt tidlegare frukost, ICY-planlegging og enno meir fisking. I dag var det varmare, og me brukte litt tid nede hjå sjøen - fantastisk moro, til tross for sjøsjuke.

Det er godt å ha ei slik helg med mykje leik og sosialt liv, det er godt å bli kjent med gruppa på denne måten. Me er ikkje mange, men me er gode :-) Takk for ei fin helg folkens!