Viser innlegg med etiketten Slott. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Slott. Vis alle innlegg

måndag 2. mai 2011

For eit år sidan

The woods were all of oak and beech, the oak grey and bare, the beech faintly dusted with green by the breaking buds; they made a simple, carefully designed pattern with the green glades and the wide green spaces - Did the fallow deer graze here still? - and, lest the eye wander aimlessly, a Doric temple stood by the water's edge, and an ivy-drawn arch spanned the lowest of the connecting weirs. All this had been planned and planted a century and half ago so that, about this date, it might be seen in its maturity. From where I stood the house was hidden by a green spur, but I knew well how and where it lay, couched among the lime trees like a hind in the bracken.
 Brideshead Revisited: The Sacred and Profane Memories of Captain Charles Ryder av Evelyn Waugh. 

Biletet er frå Castle Howard, der eg gjekk meg vill i rododendron-skogen for akkurat eit år sidan.

måndag 31. mai 2010

Irsk attraksjon

Dagbladet skriv om alle som kyssar steinen i Blarney Castle. Dei snakkar om opp til 12 500 besøkande om dagen og mange tusen som legg seg på rygg og kyssar steinen. I november 2004 var det knapt ti stykk der, ni av dei TSNarar. Me gjekk over heile slottet og beundra ruinene og utsikta. Og ja, eg la meg på rygg for å kyssa steinen - og kom opp att med kul i panna og ingen talegåver. Lika greitt, sa dei andre, den var sikkert uhygienisk, men Dagbladet kan melda om at den blir desinfisert med jamne mellomrom. Eg veit ikkje om det hadde vore ein betre historie om eg hadde truffe med leppane og fått dei lova talegåvene, i stadenfor å pådra meg kul med treskallen min...

Bilete: Mesteparten av Team Frank, TSN 04/05, utanfor bjørnehola ved Blarney Castle. Foto: Magnus

søndag 2. mai 2010

Ruinnerd og evig romantikar

Sjå for deg ein lang bakke ned mot havni. Langt der nede blinkar strondi kvit, og på andre sida av viki stupar klippar i ein grå sjø. Men rett fram tronar festningsmurane, og innanfor dei står slottet, i ruinar no, men med spor av tidlegare stordom strøymande frå dei tjukke veggane.

Vandrande langs Ouse kom me over ei ruin - eller den kom over oss. På ein topp med utsikt over heile York står Clifford's Tower og skuar stygt på fiendtlege besøkande  - og ynskjer ruinnerdar som meg varmt velkomen. Dei kunne verkeleg bygga på 1200-talet!

Og i dag suste me bortover A64. Etter ein krapp sving til venstre, snirkla vegen seg mellom hekkar og marker. Plutseleg dukka det opp ei stor søyle, som deretter forsvann bak oss i skogen. Ingenting rundt oss, før me rasar ned ein bakke mot ei strekke mur  med ein port. Gjennom porten, og opp ein bakke. Ny mur, denne er lenger, og porten er eit heilt hus. Gjennom - men me er ikkje framme. Ikkje før fleire hundre meter seinare ventar parkeringsplassen og inngangen gjennom stallane. Men der, bak rosehagane og plenane, ligg Castle Howard, trehundreårig heim for jarlane av Carlisle og Howard-familien. Imponerande hagar, skogar, italienske tempel og fresker i salongane - endeleg fekk eg sjå innsida av "a stately home", ein draum for ein storetar av romantiske historiar og engelske kostymedrama.

Eg har jo ei greie for ruinar. Og for hagar. Og engelske gods. Ein kan vel sei det ganske enkelt: eg har kost meg godt her i York, med alt dette. I tillegg har selskapet vore strålande, so det er ingen grunn til å angra på denne utsetjinga av eksamenslesing...

bilete: Scarborough Castle
Innsida av Clifford's Tower
Castle Howard
Janne i ei av mange tropper (her inne i Clifford's Tower)

fredag 30. april 2010

Scarborough

Are you going to Scarborough Fair?
Parsley, Sage, Rosemary and Thyme
Remember me to one who lives there
She once was a true love of mine.

"Hm, dette var større enn eg hadde trudd!" "Skal tru kor havni er?" "Gløym sjøen - me snakkar ruiner på ein topp!" "Lat oss gå!"

Scarborough er ein by ein har høyrt namnet på, men aldri tenkt noko meir på. Ikkje visste eg det var badeby med casino langs promenaden, ein søt småby med bratte gater og marknad, og ikkje minst slottsmurar og festningverk av den typen som alltid gjer meg litt galen...

Ved havni låg det fiskebåtar på rekke og rad, dei såg ut som leikebåtar alle saman, men skal ein gå etter lukti var dei nok i bruk, både dei og den med sjørøvarflagget.

Og so var det slottet - på ein klippe over havet låg det og beskytta byen mot angrep frå havet i maaange hundre år. Under fyrste verdskrig sto det ikkje lenger imot, då vart det skada av luftangrep. Men det er enno imponerandre murar å gå tur rundt og langs, opningar med usikt mot havet og eit slott som strekker knekte fingrar mot himmelen.

søndag 28. februar 2010

The Orangery

 
Orangeriet ved Kensington Palace vart bygt til dronning Anne i 1704. Eit orangeri er eit veksthus, særleg brukt til overvintring for sitrustre og andre ømfintlege vekster, eller til og med til å dyrka fram frukt. Men orangeriet til Anne var ikkje lyst nok, trass i det høge taket og dei store glasa, so det vart nok ikkje mykje heimedyrka appelsiner på dronninga. Eg trur likevel ikkje ho leid noko naud av den grunn...  

Med slank lommebok

Det er meir enn nok å ta seg til i London sjølv om ein har eit trongt budsjett - evt om budsjettet har vist seg trongare enn planlagt etter dei fyrste tre dagane der... Det var ikkje slik eg planla det, men det vart slik når eg på mine to siste dagar i storbyen gjorde nett det eg ville:

To dagars ekspedisjon i, og utforsking av, Kensington Gardens og Hyde Park. Ein har sjølvsagt med seg kamera med god plass, litt retningssans, gode sko og niste til å nyta på ein benk ved The Serpentine eller Round Pond, medan ein ser på fuglane. Ein spasertur langs Rotten Row er og eit must, so kjenner ein seg som ein del av adelen - særleg når det kjem eit regiment ridande. Om det er februar er det inga hindring, ein får då sjå parkane på ein annan måte enn på postkorta.

Shopping i Camden. Jepp, shopping funkar fint med slank lommebok, særleg i Camden. Her er det fullt av ting du ikkje treng, ting som er spanande å sjå på, og ting du ikkje har lyst på. Innimellom finst skattane ein kan ta seg råd til - og det er so mykje å sjå at ein kan bruka mange timar utan å bruka tilsvarande mengd pengar.

Etter jobb-drink på sliten pub i Soho. Billeg øl ein aldri har høyrt om, og billeg brus ein aldri har høyrt om for oss som vil ha slikt. Takk til Silje syskenbarn for introduksjon til engelsk etter arbeidstid-liv.
 
Sightseeing frå utsida. Ein treng jo ikkje betala i dyre dommar for å gå inn i ting/hus/slott osb. Det er ofte like moro å sjå det frå utsida, og drøyma om det som finst inni.
 
British Museum. Gratis inngang og meir enn nok ting til å bruka ei veke. Eg hadde ein draum om mumiar, som vart oppfylt, men er no begeistra over alt det andre og.
 
Undergrunnen. Ein har sjølvsagt spandert på seg vekeskort. Og då kan ein køyra nett dit ein vil, når ein vil - og det vil ein. Berre å sjå ulike undergrunnsstasjonar er spanande nok, her er det mykje moro! Dessutan er det alltid like spanande å dukka opp over jorda på ein ny og ukjent stad.

Finna fram utan kart. Ha eit mål - eller berre tida føre deg. Og so nyttar ein det vesle ein har a retningssans, hukommelse og eventyrlyst. Plutseleg dukkar det opp noko nytt, noko ukjent, eller noko ein hadde gløymt låg nett der.

bilete: 
- The Rose Garden, Hyde Park.
- Camden Lock Market i Camden - staden for store augo og impulskjøp ein er nøgd med etterpå.
- Eg ser på ting frå utsida, og er godt nøgd med det.
- Kistene til ei prestinne frå Amun - ein av mine etterlengta mumiar i British Museum.
- Trafalgar Square med Lord Nelson på søyle, ein av stadane som kjem overraskande på ein når ein har rota vekk kartet og berre er på leit etter ein undergrunnsstasjon.

tysdag 26. mai 2009

Storbyferie

Fordi mi unge, vakre, flinke og gode mor er grå vorten (altså 50), for heile familien til London på langhelg og feiring saman i helgi. Eg har jo hatt lyst til dette lenge, og gleda var stor når gebursdagsbarnet og han hin med pengane, pluss to brør, samtykka, og me kunne komma oss avgarde. På grunn av gebursdagen rann det sjølvsagt inn med meldingar. Mamma var like nøgd kvar gong, og stoppa for å lesa både her og der...

Me budde på eit hotell på South Bank /Waterloo. Med berre ein kort spasertur over ei (valfri) bru var me midt i storbyen (det var me forsåvidt på hotellet og, men South Bank er ikkje so spanande).
Hvor er Willy...? (evt. familien Skjerdal/Lysne)


Det vart dermed mykje trasking i byen, og me gjorde "turisttinga" - tur langs Themsen, St. Paul´s, Piccadilly Circus, Trafalgar Square, shopping i Oxford Street, Tower of London, Tower Bridge, Westminster og Buckingham Palace. Heldigvis finst det litt parkar innimellom, med isboder, og ein familie som ikkje har noko i mot pausar.
Dette såg me frå hotellet. Men nei, me er for blaserte turistar til å gidda å stå i kø til noko slikt (les: fleirtalet av oss lir av høgdeskrekk, og inngrodd latskap)


St. Paul´s er som alltid imponerande, og mamma og gutane fekk flott utsikt frå kuppelen. Pappa og eg var nøgde med å sjå på kuppelen frå bakken, både inni og utanpå.

I tillegg gjorde me noko anna som jo er obligatorisk i London: musikal. Me såg We Will Rock You på Dominion Theatre, musikal bygd på Queen-låtar, med minimal historie, men ekstremt fengande musikk og stor interaksjon med publikum. Lenge sidan eg såg noko med so mange illusjonsbrot, men som ein likevel lever seg so inn i. Stor stas.Scaramoutche ("Scary Bush") med løysinga - "living rock!"

"Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur." Er det ikkje slik forteljingar om turar skal avsluttast? Her trur eg og det var sant - Eirik var lei av at eg tok bilete, mamma er eldre enn når me reiste (noko som jo var planen), alle har litt vel slunkne lommebøker, Olve kvidde seg til mattetentamen i dag, eg kom på alt eg hadde lyst å kjøpa litt for seint - men nøgde er me.
4/5 av familien på sørmuren til Tower of London, med ei Tower Bridge som leikar gøymsel ein stad i bakgrunnen.