Viser innlegg med etiketten Vener. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vener. Vis alle innlegg

onsdag 18. mai 2011

Snurr

create avatar

Du skjønne, milde

 
Monica og mori laga 17. mai-frukost til huset, nesten før fuglane hadde byrja å synga (eller var det stille fordi salutten skremte dei til tausheit?)
 
Me for rett frå frukostbordet til byen, der ungdomslaget kjempa om plass i toget med natteramnar og turlag. Det er ikkje alltid lett å organisera to faner og massevis av folk, men me kom oss avgarde, og spelte og dansa oss ut på Bryggen og attende. At vår amerikanske faneberar hekta snorene fast i eit trafikklys får me ta som eit hendeleg uhell. So byrja det å regna, akkurat etter planen, og det passte fint å gå på kafe i Gimle, til rømmegraut og is og marsipankake og oppattrydding etter festlegheitane.
 
 Og i det eg byrja å tenkja på mat og kvile, so passte det å gå til Marte og Inger-Hanne i Skostredet, og få kaffi og pølser, selskap og lattarkrampe i bakgarden.
 
Ungdomslaget dansa og Kor e tonen song på Festplassen, eg tok bilete og dreiv generell oppmuntring. Særleg når regnet kom.
    
So kom haglet, og me måtte søka tilflukt i Musikkpaviljongen. Ein regnboge kviskra om lysare tider, men tulipanane fekk seg nok ein knekk.
 
Me fekk varmen i oss att på Henrik, før fyrverkeriet bergensarane er so gilde i avslutta ein lang og fin nasjonaldag.
Dagen derpå ligg eg på sofaen med føter som enno klagar etter hard behandling i bunadssko i går, og eit hovud som ikkje heilt har skjønt at det ikkje er naudsynt å skunda seg på lesesalen, sjølv på ein onsdag. Men eg klarar no å nyta fridomen likevel.

P.S. Dei tre siste bileta frå hovudprosesjonen (som toget vert kalla i denne byen) er tekne av Torbjørn B. Lauen

laurdag 23. april 2011

Vindhella

Når gradestokken syner 20 grader i skuggen ein laurdag i april, då er det at til og med ho med oppgåvepanikk og verdas dårlegaste form tenkjer som so, at det er på tide å få noko meir ut av våren i Lærdal enn det ein ser gjennom kjøkenglaset. Som tenkt so gjort. Hunden vart stappa i bagasjerommet, naboen lempa inn i passasjersetet, og so for me på tur, heile den lange vegen til Borgund (!).
Kvar vår tenkjer eg det samme, at eg skal bli flinkare til å bruka desse vegane. Men skjer det? Nei. Orda kom frå Gro, men det kunne lika gjerne vore eg som sa det. For kvar gong ein går langs desse murane, ser denne utsikta, les denne historien, so lovar ein seg sjølv det. Dette skal eg gjera oftare. Nei, dette skal eg gjera ofte! Og sjeldan vert det slik. Men viss me seier det ofte nok...?
For det er noko heilt spesielt med å gå langs vegar bygd med handmakt høgt over dalen, på murar over 150 år gamle, i fotspora etter dei som kom før oss. Og i Lærdal finst det mange av desse vegane. Og når soli steikar slik at ein i tillegg kan få ein dose D-vitaminer innunder helleren på toppen - ja, då "kan han ingen stad venare sjå," og ein ynskjer to ting: at påskeferien skal vara hakket lenger, og at ein skal klara å gjennomføra forsettet om turar til sommaren, for fyrste gong...

søndag 17. april 2011

Palmelaurdag

Ingvild inviterte på Bezzerwizzer, taco og innviing av blenderen. Sjølvsagt stilte me, me stakkarar som ikkje får heim på påskeferie (enno). Me tok "det rosa spillet" - underhaldningsutgåva av Bezzerwizzer. Full konsentrasjon det meste av kvelden, sterke konkurranseinnstinkt og dårlege vinnarar og gode taparar - slik det skal vera (eller var det omvendt?).
Utpå kvelden kom drinkane og Alias på bordet. Godt det ikkje er so lytt hjå Ingvild, for konkurranseinnstinktet vart ikkje mindre. Eg rakk ikkje å ta fleire bilete - men me stakk av med seieren!

(elles må eg berre beklaga kvaliteten på bileta fyrst som sist, eg gløymer alltid kor dårleg kompaktkameraet mitt er. Nytt og betre står på ynskjelista)

laurdag 26. mars 2011

Shopping...

I fare å verka som ein rosabloggar, kjem det her eit innlegg om kjolar. På førehand, unnskyld.

Men det handlar ikkje berre om kjolar, det handlar om vener òg. Gode vener, som skal gifta seg. Magnhild og Einar skal etter planen sei ja i juni, og i det høve må jo eg ha ny kjole. Hurra! Eller søren, alt etter som. Det er oftast søren, men Magnhild var snill og vart med på handel. Me prøvde kjole etter kjole begge to. Ho fann flest fine, men ingen ho ville ha (her er det kanskje viktig å skyta inn at kjole til den store dagen har ho sjølvsagt frå før). Eg vart bitt av basillen og ville ha både ein og hin. Dei fleste var me einige om at me ikkje kunne bli sett i - det vart ein del latter i prøveromma. Det er kanskje det moroaste med handletur - alle bommane, når ein har nokon å le av dei med.

Men eg fann kjolen min eg, og eg kan gjerne få skryt for den, sopass må den vera verdt. Eg tør ikkje fortelja mamma kva eg ga for den, for å sei det slik. Men det beste er kanskje at eg treng nye sko til den i tillegg. Og veske. Og jakke. Hurra! Eller søren.

måndag 7. mars 2011

Fastelavnssøndag

Frivillig opp klokka ti ein søndag føremiddag, etter litt for få timar søvn - men det er då ikkje kvar dag det er VM (og det to på ein gong). Dermed har dagen gått i gull, sølv og bronse, taktikkanalysar og matlaging. Ekte søndag, med bittelitt lesing for å letta samvitet, og elles fjernsyn, mat og vener,  handarbeid, Alias og bollar.
Dameklubb? Iallefall spøt og bollar med to typar krem
For meg har fastelavn alltid vore starten på våren, og det var det i år òg, trass i at eg gløymte å plukka ris - og me droppa å pynta stovepalma, slik me gjorde i fjor. Og som start på våren, so var det ein god start - sjølv om den gjekk i vintersport og varme i omnen.

tysdag 14. desember 2010

Valencia

Juletreet er ikkje det dei kan skryta mest av i Spania sin tredje største by. Men dei har litt av kvart anna. Me jentene var mellom anna godt nøgd med han som serverte oss baguettar til frukost. Og handlemoglegheitene. Det skal seiast eg nok manglar shoppinggenet - eller det er i det minste slumrande. Eg kom heim med to postkort og ca hundre bilete - dei andre byrjar nok å verta leie klikkinga frå fotoapparatet no...

Valencia er ein fin by, ei flott blanding av gamalt og nytt. Utspjåka katedralar (og bankar) blanda med moderne bygg og gater, og sitrustre, sitrustre alle stader. Dei dekka oss når me var på skojakt, og gav tak medan me naut tortilla de patatas con aioli (og kor eg naut!) So fulgte dei oss mot busstasjonen, og sanneleg fanst dei ikkje i Albir og. Sitrustrea var tause vitne når fire stuptrøytte jenter tufla ned gata mot leilegheiten - og når eit par av dei prøvde sanninga i fotgjengarskiltet - er det mogleg å trø over to kvite striper?

søndag 12. desember 2010

Palmesus og englesong

Underligt -
Det er noko som ikkje stemmer:

Det er fullt av brune blad, men dei er turre og knasar når ein trør på dei. Altså er eg ikkje i Bergen. Det er 12. desember, men det er ikkje snø. Ikkje er det kaldt heller, sjølv om slikt er relativt. Altså er eg ikkje i Noreg. Det er palmer utanfor vindauga, men eg har julestemning. Det er oliventre, sitrusfrukt, sandstein og solbrent jord, parfymelukt i lufta og eit ukjent språk. Men ikkje Palestina.

- men ikkje å forakta!
Jeg er visst kommet paa en feil klode!
Her er saa underligt…

Eller so er det Albir, Costa Blanca, Spania. Undarleg nok i seg sjølv. Milde hausttemperaturar, spansk skrift, norsk tale, juleførebuingar.

Lene jobbar i sjømannskyrkja i Albir, og Wiebke og eg er so heldige at me fekk komma på besøk. Antakeleg har ferien teke oss, for me går rundt og gjespar, men det gjer ingenting. I Albir går livet sakte. Det er stille i byen, i blokka, i hagane. Ein del av dei fastbuande (evt vinterflyktningane) har reist heim til jul, men det forklarar ikkje alt. Ein tek det rett og slett med ro her - mañana mañana? Kanskje har veret (vel, temperaturen) noko av skulda og - sjølv om me turistane insisterer på at me er i Syden, og må sitja ute, har dei fastbuande (vel, meir eller mindre) fatta poenget og trekt innandørs.
To turistar og to fastbuande - og so julenissen då - på hollandsk restaurant, i Spania
Faithful friends who are dear to us...
 Eg påsto livet her er roleg. Det er vel ei sanning med modifikasjonar. Jobbar ein i sjømannskyrkja slik rett før jul er ikkje alt like roleg - då har ein ansvar for å få den norske kolonien i julestemning. Og det funka det, trass i palmesvaiing og solnedgang utanfor Minnekirken i Villajoyosa. Men då me "knytta kjærleikens heilage band" saman med gamlefar med okysgenapparat og gutungen med mamma i koret, so var den på plass, stemninga. Lene sin "Have yourself a merry little Christmas" var heller ikkje å forakta i så måte.

Med julestemninga på plass, for fyrste gong i år (og det i eit Syden-land!) ser eg fram til å nyta meir av ferien - og i morgon ventar feriemål nr. 2 (3? 4?): Valencia.
Kven treng vel sjølvutløysar når ein har ei kyrkje med reflekterande vindaugsflater og ekstra ferietid til disposisjon?

fredag 10. desember 2010

Ligrettokongen

Eg trur me kan sei resulata er eintydige - etter eit år med ligrettovaffeldate ca ein gong i veka, er det enno Halvor som er regjerande ligrettokonge. Janne og eg mimrar enno attende til oktoberdagen i fjor, då det var ei ligrettodronning i kantina på Sydenshaugen skole, men slike majestetar har me ikkje sett snurten av i haust. Derfor er det med tungt hjarte, men stort pågangsmot og alle mogelgheiter for forbetring, eg legg ut statistikken frå haustens turnering:
Reell poengsum pr. dato
Gjennomsnittleg poengsum pr. runde pr. dato
Det må leggast til at det er eg som har lågaste score nokon sinne på ein runde (-18) og høgaste (35!) Janne var den som slo Halvor i fjor - og når me har hanka inn andre, som Sigrid og Ingebjørg, har han fått utfordringar. Plan: slå han minst ein gong før me er masterar i engelsk...

måndag 6. desember 2010

Oppskrift på ei god helg

Aperitif
Ein sosial lesesalsdag
- 1 trekking av pakkekalender
- 1resultat frå gladsongkonkurransen 
-1 trekking i vinlotteriet.

Forrett
Barnevakt i Strangebakken
Thea
- 3 syskenbarn
- taco og marshmallows
- Robin Hood på teiknefilm
- gyngestol
- detektime
- morgonbarnetv og julekalenderar
- ball
Johanne og Vetle

Pauseinnslag
Bylaurdag
Trygg is på Lillelungeren
- 1 god veninne
- 1 stille morgon på Eat My Muffin på Xhibition. Et muffins
- 1 roleg oppvarming til julehandelen 
- 2 draumar om ny symaskin

Hovudrett
Ringenes Herre-maraton
Marte kokkelerar
Eg kokkelerar
(Foto: Marte? Ingrid Elisabeth? Kan den skuldige venligst melda seg?)
- 1 døgn
- 1 leilegheit
- 6-8 studentar
- 11,5 timar Ringenes Herre
- 3 sofaar
- ein haug med dyner
- 6 pizza, 12 muffins, 2 kg sjokolade
Ingvild og Ole Gunnar

Dessert
Julekonsert
Kor e tonen
Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz)
- 1 kor
- 11 songar
- 1 gjestekor
- 3 timar øving
- 50 minuttar julekonsert
- ørten gode vener i publikum
1. sopranar og 1. altar
(Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz)

Nightcap
Søndagskveld
- 1 sofa i eige hus
- 1 time Atter en konge
- 2 sambuarar i same båt
- 2 tente adventslys

fredag 3. desember 2010

Dameklubb

"E nekte mann? Har vi for vane å nekte menn, liksom?" sa Kristin, som bomma på filmtittelen til "En ekte mann". Nei, me har vel ikkje det, men denne kvelden var mannfolka nekta. Me hadde dameklubb, eller konekveld, som Anbjørg kalte det, trass i konemangel. Jentekveld, for dansejenter og gode sambuarar. Mannfolka sneik seg nok inn i praten, dei er vanskelege på den måten. Men det var berre me jentene som skravla, spøtte, åt ost, kjeks, frukt og mokkabønner, drakk te. Snakka om livet, om kjærleiken, om musikk, studiar, dans. Lilla lys på bordet, varm eplejus med kanel i store koppar. Og latterkrampe av den vedvarande sorten.

onsdag 13. oktober 2010

Kyrkjebesøk og hagegangmiddag

I går var den store turistdagen - men med Issa som guide vil det sei ei god blanding av alt. Me byrja med å reisa til Ramallah, for å besøka Arafat si grav. Det er eit fint monument, men det vert mykje retorikk på ein slik stad. For meg er det viktigast at eg no kan sei at eg har vore i Ramallah og (sovidt).

Frå Abu Dis til Jerusalem
Me for vidare til Abu Dis, for å sjå på muren. Dette var eit sterkt møte for mange trur eg, å sjå korleis muren deler Abu Dis i to, og skil Vestbreidden frå Jerusalem. Det hjalp og på forståinga då me sto i kø etter kø med bussen, medan me såg bilar susa forbi på bypass-veger kring oss. Og opp med passet måtte me og, på heimreisa. Eg håpar berre me fekk fram forskjellen mellom Israel og okkupert Palestina, for det er flytande overgangar her.
I Betlehem fekk eg endeleg falafel frå karen på hjørnet av Manger Square att! Det trur eg er det beste eg veit, eg er over snittet begeistra for akkurat den falafelen. Mamma var og einig i at den var god, so det er ikkje berre noko eg innbiller meg... So kom me oss, etter mykje om og men, inn i Fødselskyrkja, men det var inga stor oppleving - då stemmer eg heller for falafel. Sendt rundt som forvirra kveg, i kø for å oppleva det heilage, det betyr lite då. Men so har me no sett staden Jesus vart fødd, då, etter det dei seier... Me var forresten på Hyrdemarkene og, denne gong. Det har eg jo ikkje vore før, ikkje slik skikkeleg. Fyrste gong i Betlehem var me jo mykje på Sheperd's Field YMCA, og me åt på The Tent i Beit Sahour, men me var ikkje på markene. Det var me kanskje ikkje denne gong heller, og det vart knapt med tid - den avgåtte rådmannen er ein hard reiseleiar - men eg fekk tent eit lys i grotta og håpar på fred på Jesus sin fødestad.

Eg drog med mamma og Guro til souvenirhandlar John etter at me hadde kjempa oss ut or kyrkja att. Han tek nok stive prisar av oss, i høve mange andre, men det er ei fin oppleving å handla hjå han. Kor mange souvenirhandlarar kjenner du som klemmer deg når du kjem inn døri? Og her er det lite mas, berre service, latter og litt lite pruting. Me stakk innom ein an på veg mot bussen, og kjente forskjellen, då er det verdt dei ekstra shekelane å ikkje verta nedrent.

Frå Betlehem mot Jeriko
Etter hurtigsoving på hotellet, etter å ha forsert Palestina i solnedgang, venta hagegangen til Juma. Nedover den stod hagebord, kjøkenbord og utebord på rekke og rad, med og utan duk, med og utan bein, ordna med limband og kosteskaft. Sitjeplass og dekke til ca femti gjester var ordna. Heile familien, naboar og vener var i sving med servering av kaffi, te og middag, meir kaffi, frukt og søtsaker. Bak den vesle butikken han har i enden av hagen brekte det sårt frå ti sauer, den siste var nyslakta og låg i yoghurt inne i huset, før den vart aust på fat og servert. Mansaf er ein rett gitt til storfolk og prominente gjester - ein stor kompliment frå ein mann med eit stort hjarta. Smaken var skarp og ukjent, eg må innrømma at komplimenten kanskje ikkje smakte heilt som eg (trudde eg) hugste frå Abu Sultan i fjor, men med lefser til forrett og ikkje minst store mengder sitrusfrukter både frå Juma sin eigen hage og marknaden, var me gode og mette når det var på tide å reisa. Juma er sjølve inkarnasjonen av gjestfridom, og ein me kunne ha lært noko av, nokon og ein kvar. Alltid førekommande, alltid venleg, alltid omtenksom, aldri ventar han noko attende. Å gi er den beste gåva, verkar det som han lever etter - sjølv om det for oss er vanskeleg å alltid berre ta i mot.

No sit eg i resepsjonen på Hotel Intercontinental. Det var for få minuttar sidan stappfullt av russarar med øyrepluggar og store koffertar, guvernøren og ordføraren. No er dei på eit rom for ein offisiell mottaking, og dansejentene våre spelar for dei. Dansegutane står utanfor å trippa - kanskje/kanskje ikkje er det plass til å dansa dabkha for dei prominente gjestene. Om berre 40 minuttar går bussen frå Jeriko til Jerusalem, om 12 timar vidare derifrå til Tel Aviv. Ein gong seint på natta/tidleg i morgon tuflar me oss inn på flyet til Wien, og skal vistnok enda i Lærdal i morgon kveld - kjenner at dette er ei reise eg ikkje vil leggja ut på... Både fordi ho er lang, men mest fordi eg kunne tenkt meg å vera her mykje lenger. Her kjenner ein vennskap på kroppen, ein kjenner urettferd. Her ler ein og sit med klump i halsen om kvarandre. Veret er ikkje å forakta (særleg ikkje det me har hatt denne veka, det regna jo til og med!), maten kunne lett gjort meg trillande rund, og eg er eigentleg heilt i mot å smørja på brødskiva mi - frå no av skal alt duppast i pålegget! Men slik er vel ikkje kvardagen i Bergen...

Oppdatering: Bussen er bestilt til feil dag, so no sit me no her - enno lenger. Eg vil jo ikkje reisa frå Jeriko, men på den andre sida er det seigt å berre venta. Då er det moro at gode vener er saman med oss - og Issa organiserar servering. Det er ikkje kvar dag ein er på russisk restefest, i Palestina."Nei, det mangt slag"

måndag 4. oktober 2010

Hyttetur

Frida sin 25årsdag vart feira med 13 gjester på Flattland på Massnes. Tre byjenter og ein bygdelærar var mellom gjestene, godt nøgde med endeleg å få besøka den mykje omtalte hytta, og å nyta ei roleg helg mellom marker, skog og fjord på sørsida av Sognefjorden.
Ut mot havet! Eller inn Sognefjorden. For ein landkrabbe frå Lærdal er det mykje det same.
Wiebke i norsk jakke, med norske sauer i norsk landskap. Godt nøgd tyskar der altså.
Det verkar som dei var ganske einige om kor dei skulle. Desverre var svaret Iran, ikkje Afganistan. Det er no berre detaljar når ein er i Gulen. Eller i Høyanger.
Hurra for Frida!
"Dei såg ut på det bårute havet, det var ruskut å leggja utpå". Men dei kunne likevel drøyma seg vekk i bølgjene, skrika mot vinden og komma attende til hytta klare for ein ny omgang mat.