Viser innlegg med etiketten Nasjonaldag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nasjonaldag. Vis alle innlegg

onsdag 18. mai 2011

Snurr

create avatar

Du skjønne, milde

 
Monica og mori laga 17. mai-frukost til huset, nesten før fuglane hadde byrja å synga (eller var det stille fordi salutten skremte dei til tausheit?)
 
Me for rett frå frukostbordet til byen, der ungdomslaget kjempa om plass i toget med natteramnar og turlag. Det er ikkje alltid lett å organisera to faner og massevis av folk, men me kom oss avgarde, og spelte og dansa oss ut på Bryggen og attende. At vår amerikanske faneberar hekta snorene fast i eit trafikklys får me ta som eit hendeleg uhell. So byrja det å regna, akkurat etter planen, og det passte fint å gå på kafe i Gimle, til rømmegraut og is og marsipankake og oppattrydding etter festlegheitane.
 
 Og i det eg byrja å tenkja på mat og kvile, so passte det å gå til Marte og Inger-Hanne i Skostredet, og få kaffi og pølser, selskap og lattarkrampe i bakgarden.
 
Ungdomslaget dansa og Kor e tonen song på Festplassen, eg tok bilete og dreiv generell oppmuntring. Særleg når regnet kom.
    
So kom haglet, og me måtte søka tilflukt i Musikkpaviljongen. Ein regnboge kviskra om lysare tider, men tulipanane fekk seg nok ein knekk.
 
Me fekk varmen i oss att på Henrik, før fyrverkeriet bergensarane er so gilde i avslutta ein lang og fin nasjonaldag.
Dagen derpå ligg eg på sofaen med føter som enno klagar etter hard behandling i bunadssko i går, og eit hovud som ikkje heilt har skjønt at det ikkje er naudsynt å skunda seg på lesesalen, sjølv på ein onsdag. Men eg klarar no å nyta fridomen likevel.

P.S. Dei tre siste bileta frå hovudprosesjonen (som toget vert kalla i denne byen) er tekne av Torbjørn B. Lauen

måndag 17. mai 2010

17. mai er vi så glad i...

... moro vi har fra morgen til kveld!

Klokka er åtte. Det regnar lett i Bergen by, og langs Lillelungeren er det stille. Vassdammane er inga hindring for tidleg flaggvifting! Tre jenter har måla i sikte - frukost for nokon, gudsteneste i Domkirken for ho som skal fylgja fana til ungdomslaget.

Klokka er halv elleve. Torgallmenningen er eit kaos, fanene tippar ustødig til ein kant eller hin, og medlemmar av diverse organisasjonar leitar desperat etter sine fargar. Snart brakar det laus med trekkspelkorps i kamp mot fire hardingfeler, og dans på brustein. Kven har sagt 17. mai er ein fest? Ok, kanskje var eg ein av dei - det kjennest iallefall godt å treffa på vener i toget, og ikkje minst å nå mål på Festplassen to timar seinare.

Klokka er eitt. På eit grupperom på universitet går 17. mai-nemndi til og frå med vatn til pølser, vatn til te, vatn til kaffi. Tårer må turkast etter årets tale - lattertårer. Tårer av skuffelse vart det for Rogaland og Vestlandet nord for fylkesgrensa seinare, når Valdres og Tyskland slo til i potetløpet.

Dagen vart avslutta med song på Festplassen, pubtur med gode dansarar og fyrverkeri. At ein måtte attende til universitetet - og denne gong utan talar, potetløp, styltrer og kubbespel - morgonen etter, klarte ein å ignorera i det lengste.

Til lukka med dagen!

søndag 17. mai 2009

Alt ein har å feira

Me bur i eit godt land. Det er rikt, trygt og fint. Det er fritt, og no har me til og med ein Grand Prix-vinnar (til). Stor stas.

Eg bur i òg i ein god by. Ein by som er beint ut vakker i fint ver, med flotte folk, god stemning og mange hendingar. Typisk nok samlar mange av desse hendingane i dagane før eksamen, men då må ein berre prioritera (vekk eksamen).

Nokre glimt:
Fredagsnatta overnatta Anja og eg i hagen. Anja påsto at ho visste korleis Lars Monsen må kjenna det, sjølv om me hadde platning, madrass og dunpute er open himmel open himmel. Og å vakna til solskin og fuglekvitter er ikkje å forakta det heller.
Laurdag kom Karoline på besøk! Dagen vart brukt mykje som biletet over viser, før det var Grand Prix-fest om kvelden
Sjølvsagt stor stas når Noreg vann, særleg sidan folkedansarane og -musikarane kjenner eit bittelite eigartilhøve til både musikken og folka.

So kom søndagen, 17.mai, med frukost klokka 8.00. Det er i tidlegaste laget etter slike festlegheitar, men i so godt lag er det ikkje noko problem at vertskapet er litt trøytt og ikkje alt var heilt klart når folk kom snublande grueleg tidleg. Og når Anja tvinga oss til å stilla oss opp for fotografering ved det blømande epletreet, var me vel eigentleg godt nøgde med utbytet for dagen, allereie i ti-tida.

Men 17. mai er ein lang og innhaldsrik dag, me til dømes dans og spel i hovudprosesjonen. Video av oss som dansar i toget kan sjåast her (spol til ca 13 min).

Og so gjekk me tur, Anja, Frida og eg, ut på Nordnes for å snurra rundt og ta bilete.
Tradisjonen tru vart dagen (for min del) avslutta med folkemusikktimen på Festplassen, med spelemannslag, kor og dansarar, og meg som sprang rundt som ei forvirra høne for å vera på rett stad til rett tid.
Men kvelden var ikkje over. Anja og eg tok bilen og køyrde opp mot Skansen, og såg fyrverket derifrå. Ei flott, om ikkje særleg lur, opplading til eksamen...

laurdag 17. mai 2008

17. mai

Tidleg opp. Skiftande ver. Skognag.
God frukost. Latter i toget. Dans.

17. mai var kosleg i år og. Berre ein is er i minste laget merkar eg (lurer på å henta meg ein på kjøkenet før klokka passerar tolv), men dagen har blitt brukt i "gode venners lag", med frukost klokka åtte, tog med BUL Ervingen klokka halv elleve, roleg ettermiddag i Gimle, på Ynglingen og Peppes, folkedans på Festplassen, og Cafe Opera som avslutning.

Nei vent, senga er avslutninga - og til tross for flott dag i byen: eg gledar meg til å krypa under dyna og sova til eg vaknar. 16 timar i bunad tek på.

(bilete: dansarar og spelemann i hovudprosesjonen - me er spreke folk!
Eivind, Monica og Wiebke, so pene atte
Dansing på festplassen - eg er med der ein stad eg og altså)