Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg

torsdag 21. april 2011

Coming Home

I går kom endeleg påskeferien til meg òg, i form av heimreise. Det skal seiast at fyrste halvdel av dagen gjekk med til litt oppgåveskriving i byheimen, men med fuglekvitter og sol i hagen, kaffi i koppen og god musikk på anlegget var det ikkje so hardt som det har vore i det siste. 
 Og so, midt på dagen, kom Monica heim, for som ein virvelvind rundt i huset og samla saman naudsynte artiklar, og snart sat me i bilen på veg nordover. Heimover. Heimheimover.
Me måtte sjølvsagt ha pause undervegs. Nærare ein time brukte me gjennom Voss, mykje på grunn av ekstrem påskeutfart og ein snarveg som viste seg å verta ein omveg. Men me tok oss likevel tid til kaffi og is, og å nyta soli på panseret til Sylvin.
 På Voss var det enno vinter, sjølv om soli varma.
 Og om ein vil feriera i vinteren er Oppheim Hotel & Resort eit alternativ. Eller...?
 "Sjå dei vakre fjella! No er me..." "nesten heime!"
Slik snakkar to patriotiske sognejenter når sognefjella endeleg viser seg, mellom to tunellopningar. Mellom Stalheimtunellen og Sivletunellen bør ein kasta eit kjapt blikk mot høgre, slik at ein får sjå Nærøydalen og Nåli i all deira prakt. Fine fjell. Og nesten heima no!
 "Hurrah! hurrah!" hurrah!" song Casa Murilo i det me køyrte inn i Lærdalstunellen. Blåfjellet lyste kaldt, og hjalp oss å telja ned - 18 km att, 12, 6.
 Vel framme kunne eg sjå bjørki spretta. Det grøne vart grønare i løpet av eit par varme kveldstimar. Og 9 minuttar etter at Monica hadde rast vidare mot ferja, sat eg allereie på potetsetjaren.
Etter potetsetjinga tok eg med mamma til Skjerdal, på "instant påskeferie." Soli gjekk ned over fjelli i vest, og himmelen spegla seg i fjorden.
Nyetraktoren til onkelen lengta mot fridomen etter nokre år innestengt på ein låve. Lenger enn til å nyta utsikti kom den ikkje. Men det er no ikkje so verst ein ferietur det heller, ut på snuplassen og attende.

“There is a magic in that little world, home; it is a mystic circle that surrounds comforts and virtues never known beyond its hallowed limits”
Robert Southey

måndag 31. januar 2011

Berlin

Kva gjorde de i Berlin? Hadde de det fint? Ja... Me såg store delar av undergrunnen. So vart me litt våte på beina. Eg hadde ikkje noko særleg med pust. Me handla mykje i eit tidsperspektiv, lite i ting heim i kofferten. Og so såg me oss no litt omkring.
Eg i holocaust-minnesmerket. Ganske dramatisk med eit slikt massivt minnesmerke midt i byen, mellom Riksdagen og Potsdamer Platz.
På Grüne Woche hadde dei det meste, til og med ei kyr ein kunne prøva å mjølka. Frida gjorde det ikkje so aller verst - eg turde ikkje, sidan det kunne gå ut over min stoltheit som mjølkar (av geiter, men likevel)
Grüne Woche handla òg mykje om øl. Ein stad hadde dei samla alle tyske ølmerke. Det vart ein heil del...
Ein eigen hall med krydder og te. At eg ikkje kom ut att med meir var eit under. Og det eg kom ut att med forsvann jo undervegs...

Ein kan ikkje vera i Berlin utan å sjå muren. Sjølv om det sludda, gjekk me langs heile East Side Gallery, og fekk med oss murkunsten der.
Me var nok i alle bydelane innanfor sone A på eit eller anna tidspunkt. Me åt god mat opp til fleire stader. Det beste var nok fyrste kvelden, då me rota oss opp i Prenzlauer Berg på bakgrunn av Frida sine notatar med ei adresse og eit U Bahn-stopp. Etter ein del tolking og trasking endte me på Prater Garten, der me fekk både store kjøtstykkje og heilsteikt fisk. Suksess, altså.

tysdag 11. januar 2011

fredag 17. desember 2010

Grading rubric

Det er fredag ettermiddag før jul. Freden har senka seg over HF-bygget, den siste julegrauten er eten, den siste kaffikoppen er tømt i palma, den siste rettleiaren har teke hatten sin og gått. Lesesalen er tom. Eller...?


Men eg er ikkje åleine - Janne sit på plassen attmed og langar sjokoladejuletrekuler og diksuterar rettekriterie. To poeng for rett - men minus for feil - eller...? 

tysdag 14. desember 2010

Rullestein og brustein

Medan me i går gjorde Valencia, måtte dei flinke sjømannskyrkje-eittåringane på jobb i dag, og Wiebke og eg var turistar på eiga hand. Det klarte me heilt fint, me fann fram både i Albir og til nabobyen (ikkje det at grensene er so klare) Altea. Godt nøgd med det, let eg bileta tala (dei er det forresten Wiebke og eg som har stått for i fellesskap):
Havet!
Wiebke, godt fornøgd, og fint oppstilt
Eg, derimot, kan ikkje det der med å stå i ro. Kanskje særleg ikkje når bølgjene er ute etter meg...


La platja - vel, promenaden ved strondi
Utekafe og livsteikn heim. Kanskje kjem dei fram før jul?
Utsikt frå Altea mot Albir (strondområdet), Alfaz del Pi (byen bak) og Benidorm (skyskraperane i horisonten)
Altea
Smale gater, kvite hus, brustein, kaktus
Velfylt glaskarm
Nissane her nedi låndi hadde godt av å læra seg litt folkeskikk, banka på døri som skikkelege folk. Men neidå, dei må klatra på husveggene og svinga seg over balkongrekkverk for å tømma sekken. Suspekt, spør du meg.
Oh hello!
La Mare de Déu del Consol, kyrkja i Altea
Stor dør, heilt stengt. Eg var ikkje på langt nær so irritert som eg ser ut, den var nemleg svært fin frå utsida og
Berre sjå!
Nordmenn utgjer ca halvparten av alle utlendingar, og dermed ein fjerdedel av alle innbyggjarar, i Albir. Dei har sett spor etter seg i Altea og.
Eg tok ikkje bilete av regnet som kom i dag, det ville ha brote med idyllen eg prøver å skapa her (men lat meg sei, til mitt forsvar, at det ikkje var store greiene). Istadenfor tok eg bilete at regnbogen eg, og med den utsikta frå balkongen til Lene.
Siste kvelden har blitt brukt i leilegheita, med fingermat og handballkamp. Eg skal heim i morgon, men VIL IKKJE! Der ventar kulden og lesesalen, og meir handlepress (julegåver altså, eg elskar å gje dei, taklar ikkje å måtta handla inn). Godt er det at det nok enno er nokre få stakkars sjeler på lesesalen, at minst ein sambuar ventar i Huset og at om ca ei veke er det faktisk juleferie. Greitt det, når ein må lata palmene og reisekameraten vera att i Syden-landet.

Valencia

Juletreet er ikkje det dei kan skryta mest av i Spania sin tredje største by. Men dei har litt av kvart anna. Me jentene var mellom anna godt nøgd med han som serverte oss baguettar til frukost. Og handlemoglegheitene. Det skal seiast eg nok manglar shoppinggenet - eller det er i det minste slumrande. Eg kom heim med to postkort og ca hundre bilete - dei andre byrjar nok å verta leie klikkinga frå fotoapparatet no...

Valencia er ein fin by, ei flott blanding av gamalt og nytt. Utspjåka katedralar (og bankar) blanda med moderne bygg og gater, og sitrustre, sitrustre alle stader. Dei dekka oss når me var på skojakt, og gav tak medan me naut tortilla de patatas con aioli (og kor eg naut!) So fulgte dei oss mot busstasjonen, og sanneleg fanst dei ikkje i Albir og. Sitrustrea var tause vitne når fire stuptrøytte jenter tufla ned gata mot leilegheiten - og når eit par av dei prøvde sanninga i fotgjengarskiltet - er det mogleg å trø over to kvite striper?

søndag 12. desember 2010

Palmesus og englesong

Underligt -
Det er noko som ikkje stemmer:

Det er fullt av brune blad, men dei er turre og knasar når ein trør på dei. Altså er eg ikkje i Bergen. Det er 12. desember, men det er ikkje snø. Ikkje er det kaldt heller, sjølv om slikt er relativt. Altså er eg ikkje i Noreg. Det er palmer utanfor vindauga, men eg har julestemning. Det er oliventre, sitrusfrukt, sandstein og solbrent jord, parfymelukt i lufta og eit ukjent språk. Men ikkje Palestina.

- men ikkje å forakta!
Jeg er visst kommet paa en feil klode!
Her er saa underligt…

Eller so er det Albir, Costa Blanca, Spania. Undarleg nok i seg sjølv. Milde hausttemperaturar, spansk skrift, norsk tale, juleførebuingar.

Lene jobbar i sjømannskyrkja i Albir, og Wiebke og eg er so heldige at me fekk komma på besøk. Antakeleg har ferien teke oss, for me går rundt og gjespar, men det gjer ingenting. I Albir går livet sakte. Det er stille i byen, i blokka, i hagane. Ein del av dei fastbuande (evt vinterflyktningane) har reist heim til jul, men det forklarar ikkje alt. Ein tek det rett og slett med ro her - mañana mañana? Kanskje har veret (vel, temperaturen) noko av skulda og - sjølv om me turistane insisterer på at me er i Syden, og må sitja ute, har dei fastbuande (vel, meir eller mindre) fatta poenget og trekt innandørs.
To turistar og to fastbuande - og so julenissen då - på hollandsk restaurant, i Spania
Faithful friends who are dear to us...
 Eg påsto livet her er roleg. Det er vel ei sanning med modifikasjonar. Jobbar ein i sjømannskyrkja slik rett før jul er ikkje alt like roleg - då har ein ansvar for å få den norske kolonien i julestemning. Og det funka det, trass i palmesvaiing og solnedgang utanfor Minnekirken i Villajoyosa. Men då me "knytta kjærleikens heilage band" saman med gamlefar med okysgenapparat og gutungen med mamma i koret, so var den på plass, stemninga. Lene sin "Have yourself a merry little Christmas" var heller ikkje å forakta i så måte.

Med julestemninga på plass, for fyrste gong i år (og det i eit Syden-land!) ser eg fram til å nyta meir av ferien - og i morgon ventar feriemål nr. 2 (3? 4?): Valencia.
Kven treng vel sjølvutløysar når ein har ei kyrkje med reflekterande vindaugsflater og ekstra ferietid til disposisjon?

onsdag 13. oktober 2010

Kyrkjebesøk og hagegangmiddag

I går var den store turistdagen - men med Issa som guide vil det sei ei god blanding av alt. Me byrja med å reisa til Ramallah, for å besøka Arafat si grav. Det er eit fint monument, men det vert mykje retorikk på ein slik stad. For meg er det viktigast at eg no kan sei at eg har vore i Ramallah og (sovidt).

Frå Abu Dis til Jerusalem
Me for vidare til Abu Dis, for å sjå på muren. Dette var eit sterkt møte for mange trur eg, å sjå korleis muren deler Abu Dis i to, og skil Vestbreidden frå Jerusalem. Det hjalp og på forståinga då me sto i kø etter kø med bussen, medan me såg bilar susa forbi på bypass-veger kring oss. Og opp med passet måtte me og, på heimreisa. Eg håpar berre me fekk fram forskjellen mellom Israel og okkupert Palestina, for det er flytande overgangar her.
I Betlehem fekk eg endeleg falafel frå karen på hjørnet av Manger Square att! Det trur eg er det beste eg veit, eg er over snittet begeistra for akkurat den falafelen. Mamma var og einig i at den var god, so det er ikkje berre noko eg innbiller meg... So kom me oss, etter mykje om og men, inn i Fødselskyrkja, men det var inga stor oppleving - då stemmer eg heller for falafel. Sendt rundt som forvirra kveg, i kø for å oppleva det heilage, det betyr lite då. Men so har me no sett staden Jesus vart fødd, då, etter det dei seier... Me var forresten på Hyrdemarkene og, denne gong. Det har eg jo ikkje vore før, ikkje slik skikkeleg. Fyrste gong i Betlehem var me jo mykje på Sheperd's Field YMCA, og me åt på The Tent i Beit Sahour, men me var ikkje på markene. Det var me kanskje ikkje denne gong heller, og det vart knapt med tid - den avgåtte rådmannen er ein hard reiseleiar - men eg fekk tent eit lys i grotta og håpar på fred på Jesus sin fødestad.

Eg drog med mamma og Guro til souvenirhandlar John etter at me hadde kjempa oss ut or kyrkja att. Han tek nok stive prisar av oss, i høve mange andre, men det er ei fin oppleving å handla hjå han. Kor mange souvenirhandlarar kjenner du som klemmer deg når du kjem inn døri? Og her er det lite mas, berre service, latter og litt lite pruting. Me stakk innom ein an på veg mot bussen, og kjente forskjellen, då er det verdt dei ekstra shekelane å ikkje verta nedrent.

Frå Betlehem mot Jeriko
Etter hurtigsoving på hotellet, etter å ha forsert Palestina i solnedgang, venta hagegangen til Juma. Nedover den stod hagebord, kjøkenbord og utebord på rekke og rad, med og utan duk, med og utan bein, ordna med limband og kosteskaft. Sitjeplass og dekke til ca femti gjester var ordna. Heile familien, naboar og vener var i sving med servering av kaffi, te og middag, meir kaffi, frukt og søtsaker. Bak den vesle butikken han har i enden av hagen brekte det sårt frå ti sauer, den siste var nyslakta og låg i yoghurt inne i huset, før den vart aust på fat og servert. Mansaf er ein rett gitt til storfolk og prominente gjester - ein stor kompliment frå ein mann med eit stort hjarta. Smaken var skarp og ukjent, eg må innrømma at komplimenten kanskje ikkje smakte heilt som eg (trudde eg) hugste frå Abu Sultan i fjor, men med lefser til forrett og ikkje minst store mengder sitrusfrukter både frå Juma sin eigen hage og marknaden, var me gode og mette når det var på tide å reisa. Juma er sjølve inkarnasjonen av gjestfridom, og ein me kunne ha lært noko av, nokon og ein kvar. Alltid førekommande, alltid venleg, alltid omtenksom, aldri ventar han noko attende. Å gi er den beste gåva, verkar det som han lever etter - sjølv om det for oss er vanskeleg å alltid berre ta i mot.

No sit eg i resepsjonen på Hotel Intercontinental. Det var for få minuttar sidan stappfullt av russarar med øyrepluggar og store koffertar, guvernøren og ordføraren. No er dei på eit rom for ein offisiell mottaking, og dansejentene våre spelar for dei. Dansegutane står utanfor å trippa - kanskje/kanskje ikkje er det plass til å dansa dabkha for dei prominente gjestene. Om berre 40 minuttar går bussen frå Jeriko til Jerusalem, om 12 timar vidare derifrå til Tel Aviv. Ein gong seint på natta/tidleg i morgon tuflar me oss inn på flyet til Wien, og skal vistnok enda i Lærdal i morgon kveld - kjenner at dette er ei reise eg ikkje vil leggja ut på... Både fordi ho er lang, men mest fordi eg kunne tenkt meg å vera her mykje lenger. Her kjenner ein vennskap på kroppen, ein kjenner urettferd. Her ler ein og sit med klump i halsen om kvarandre. Veret er ikkje å forakta (særleg ikkje det me har hatt denne veka, det regna jo til og med!), maten kunne lett gjort meg trillande rund, og eg er eigentleg heilt i mot å smørja på brødskiva mi - frå no av skal alt duppast i pålegget! Men slik er vel ikkje kvardagen i Bergen...

Oppdatering: Bussen er bestilt til feil dag, so no sit me no her - enno lenger. Eg vil jo ikkje reisa frå Jeriko, men på den andre sida er det seigt å berre venta. Då er det moro at gode vener er saman med oss - og Issa organiserar servering. Det er ikkje kvar dag ein er på russisk restefest, i Palestina."Nei, det mangt slag"

laurdag 9. oktober 2010

One-two-three-four


Me telte til fire, til seks, til tolv. Om att og om att. Innimellom stoppa det opp i latter - professoren på seksti var gjerne den som fyrst fekk i gang dette. Dei palestinske jentene vinka oss bort til der frisklufta strøyma inn, det trongs. Og litt te gjorde godt innimellom stega. Då dei lærte Per Spelmann kjente me oss ikkje so dumme - men so var det i gang med dabkhaen att. One -two -stomp -stomp -back- kickkick - step - kick- again!

Då var det godt med kaffi på ein gatekafe - eller i eit gatekryss. Arabisk kaffi med ekstra sukker, servert av ein smilande Juma som hadde leita oss opp, tråla byen til han fann nokon å spandera på. Og so var det lunsj/middag på Essawi, utsikt over Town Square og alt livet, luktene frå rista peaneter og nysteikt brød nådde oss, saman med Jerikolukta. Godt me ikkje skal vera lenger enn ei veke, eg kunne blitt god og rund(are) - vel, viss me hadde droppa "making dabkha"...

Ettermiddagen vart brukt ved bassengkanten, og sovidt i dødehavspoolen. Ein får litt av kvart på denne turen - Sydenferien er vel årets tillegg.

Oppsummert: Alt vel!

laurdag 31. juli 2010

Ferieveke

Dette er ei av dei vekene som rommar alt, heile sommaren på sju korte dagar. Lat meg oppsummera:
- måndag: jobb og so avslapping heime, med film og bok og mamma
- tydag: jobb, og om kvelden høying og kajakkpadling i Skjerdal
- onsdag: ugrastaking, og om so tur til St. Tomas-kyrkja på Filefjell der Gjermund Larsen Trio heldt konsert
- torsdag: ferietur med familien til Jostedalen, med kajakkpadling, brevandring og sidan middag i varme Solvorn. Film om kvelden med gutane - men me sovna før siste kampscena alle tre
- fredag: potettakst og konsert i Kvammegården
- laurdag: jobb og sidan dans på Fjordstuen
- søndag: ?
Variert og vakkert!

torsdag 29. juli 2010

Med kajakk og isøks

Mamma og pappa kom seg aldri i gang med å ynskja seg noko til femtiårsdagen. Dermed fekk dei noko eg har ynskt meg lenge, og som det var lett å overtala gutane til å vera med på: kajakkpadling og bretur med Icetroll i Jostedalen. Fleire av oss har tvilt om att og om att i sommar - det er alt for mykje som skal stemma: fri for mamma, pappa og Eirik, inga innhausting, inga vatning, Olve heima, eg fri og helst ikkje alt for gale ver. Umogleg? Nesten. Men plutseleg klaffa det, og me tumla ut av sengene klokka seks. Og resten av dagen tok me massevis av bilete:
Litt over ti fann me oss sjølv flytande i Styggevatnet, side om side med to belgiarar, to nederlendarar, ein amerikansk guide og eit par isfjell. Ikkje det verste selskapet, det.
Vel framme ved brekanten til Austdalsbreen drog me kajakkane på land og tok fram nistepakken.
 Og so skulle me ut på nye eventyr, denne gong med tog og stegjern.
Og isøks!
Me traska rundt på breen i ein time, akkurat i utkanten av spekk-området der breen tippar ned mot vatnet. Me fekk sjå ned i ei stor sprekke, men eg må innrømma det var moroast berre å gå, og høyra litt på knakingane i isen.
Og so var det nye moglegheiter for bilete, vakkert oppstilt. Ser dette kjent ut, forresten? Det kan vera fordi dette
var julekort frå familien Skjerdal/Lysne for omlag ti år sidan...
Etter breturen var det på tide å komma seg i kajakkane og padla heimover. No byrja me å merka padlinga i hender og eksler, men det var god driv likevel. Alyssa, den amerikanske guiden, skravla enno på amerikansk vis (den jenta snakkar nok meir i løpet av ein arbeidsdag enn eg gjer, og min jobb går ut på å snakka...) Halvanna time etter at me la ut frå strondi hjå Austdalsbreen, kravla me i land ved demningen i andre enden av vatnet, godt nøgde med dagen.
Dagen var forresten ikkje heilt over enno, inkludert i gebursdagsgåva var nemleg middag "på dertil eigna stad." Me fann ut at staden var Linahagen Kafe. Der kom me verkeleg i siste liten, middagsserveringa var eigentleg avslutta - men sidan det er skjerdøler (ikkje vår familie, men likevel) som driv kafeen og bui, so vart det både middag og kaffi på oss i vakre Solvorn.
Og slik slutta ein fin, og lang, feriedag for familien, med mange opplevingar, litt kajakkdiskusjonar og mykje latter. Ein slik tur hugsar ein lenge, og det er verdt den tidlege morgonen og planlegginga for å få ting til å gå i hop. Anbefalast!
Sjå kor nøgde me var på toppen av breen!