Viser innlegg med etiketten Språk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Språk. Vis alle innlegg

onsdag 16. mars 2011

Sexy?

Minn me pao at neste gång e vil oppnao nåkke, so mao e bærre prata so breitt e e go før. Gjedna motpartn bli so lei at'n jir opp, slek so denna kar'n her? Å so bør de stemma, heile hurven, pao sågnadialekti so den mest "sexy," so dei seie borti Oslobygdn. Men ikkje håyr pao opptake fysst, de e verken sexy elle frao Sogn.

(Å elles va de Janne so jore me oppmerksåm pao lenka, so de kan gjedna lesa kå ho skrive om saken å - å ho ha meir trening enn me i å skriva dialekt, so der faor de gjedna eit bærre inntrykk tao kåleis de ska håyrast/sjao ut...)

fredag 11. mars 2011

Fordeler med nynorsk


Nynorskmafia eller NU? Trur det er ein viss samanheng...
Men i alle tilfelle er eg no eigentleg fornøgd med å vera eksotisk og å gjera ingenting eg, eller kva - gutar?

søndag 5. desember 2010

Ei beine



Moro!
Det er ei stund sidan HT08, men dikta går ikkje av moten av den skuld. So får ein berre tru at nynorskkunnskapane ikkje er so haltande som denne teiknaren har frykta.

søndag 14. november 2010

måndag 7. desember 2009

Me tømmer tusen julebrus

Det vart diskusjon kring tittelen for nokre veker sidan: "Nå tømmes tusen julebrus?" "Moro!" "Men det høyrest ikkje so bra ut på nynorsk..." "Å?" "Er det lov med slik der -s?" "Men det er jo lov med -st!" "Men berre viss ein har eit modalt hjelpeverb i tillegg." "Og uansett er det ikkje heilt stovereint." "Hmmm..."

Men det vart tittel - Me tømmer tusen julebrus - og på torsdag vert det konsert! Spanande, julekonsertar er ikkje noko eg har mykje erfaring med. Og kanskje særleg spanande sidan dirigenten var sjuk på siste øvingsdag... Men me klarte oss greitt utan, og når me klarar oss utan vert det strålande med! So eg reknar med at torsdag klokka sju, då vert det vellyd og fine tonar frå Kor e' tonen - og eg håpar det vert vellyd og fine ord frå vener i salen etterpå *hint* Eg gler meg eg, eg har sunge julesongar sidan september, og er so klar for å få dei ut i/av verda!

onsdag 19. august 2009

Gjest

Det gamalengelske ordet for "framand" giest, latin "fiende" hostis og gamalslavisk "gjest" gosti har same indo-europeiske utgangspunkt. Grunnen til at det har utvikla seg slik, er at aspirerte stemte stoppelydar har blitt endra, i hytt og pine meinar eg, men altså i system i følgje læreboki mi i Old English.
Eg likar best den oldengelske versjonen trur eg - at ein framand kan verta gjest etter litt tid (samanlikn med moderne guest eller norsk gjest, tok berre nokre hundre år før den utviklinga var på plass). Kanskje ein fiende kan bli venn og, om berre nokon vekker latinen til live?

søndag 7. juni 2009

Resultatet

Under skreiv eg jo at jobben på villakssenteret i Lærdal mellom anna fører med seg oppdrag som fotomodell. Resultatet av ti minuttars arbeid kan sjåast her. Eg er bittelitt skuffa over at laksane har fått so stor plass i høve meg, men Oddbjørn har jo berre fått med ein arm stakkar...

Ei flott skildring av villakssenteret er det likevel, til tross for manglande frontalbilete av meg (men so er jo ikkje eg fast inventar der, i motsetjing til laksane). Etter å ha jobba der, og sett nøyare på utstillingane enn på mange år, er eg faktisk positivt overraska, og har lettare for å ymta frampå om / tvinga fram eit besøk der frå turistane. Det einaste eg har å utsetja på artikkelen er vel kanskje at den godaste journalisten kunne ha prøvd seg på eit kurs i korleis bygga fullstendige setningar. Det er ikkje ofte eg etterlyser lengre setningar, men eit subjekt i kvar periode er eit minstemål, synes eg.

tysdag 5. mai 2009

Førsuppa

Til æra for mamma er ordet for veka denne gong frå Aurland (men finst òg andre stader i Sogn). I tillegg er det ord som passar litt til situasjonen eg finn meg sjølv i, nemleg med ein/to eksamen(ar) som nærmar seg med stormskritt, og eg som gong på gong finn pensum eg ikkje har vore borti før i år.

Førsuppa (med trykk på andre staving) tyder noko slikt som forundra, eg ville nytta det med tilleggstydinga "sett ut" (som jo er eit fantastisk godt uttrykk... Aiaiai)
Døme: "Han vart visst litt førsuppa" "E blir reint førsuppa, e"

Kjelde: Per Arvid Ølmheim (1983) "...sa sogningen til fjordingen". Sogn mållag, Firda mållag.

søndag 26. april 2009

Løge

Løge er eit kjekt ord. Det vert brukt om noko som er rart, undarleg, komisk, og passar fint i mange samanhengar. Ein stad det ikkje passar, har eg òg funne, BA frå onsdag 22. april 2009, s. 8, ein politifyrstebetjent uttalar seg om bilulukker i Fjøsangervegen: "Det er jo veldig løgent at dette har skjedd, men det er vanskelig å få svar på hvorfor det skjer akkurat der."

Det som er løge(nt), er at journalisten, ein greitt habil bokmålsbrukar (ja, berre greitt habil, det manglar ein del her før språket er på topp) fann ut at akkurat dette adjektivet passa i ein artikkel i ei grei (men absolutt på ingen måte noko meir!) avis frå Bergen. Eit adjektiv som ikkje finst i verken bokmål eller nynorsk? Eit adjektiv me i tillegg bøyer litt på sida av eventuelle normalar? (dette kjem sjølvsagt litt an på bruken av kjønn i tilknyting til bøyinga av dette adjektivet, men det er ein annan (dialekts-)diskusjon) Ja, det passar fint her! Særleg saman med det fantastiske stilbrotet det er å nytta substantivet "indikasjoner" i neste setning.

Kjære journalisti BA: Eg veit at løge er eit fint ord. Eg veit at den stakkars politifyrstebetjenten sikkert nytta det, rett før han snakka om "indikasjoner", "Fjøsangerveien generelt", "antallet personskader" og "ulykkesfrekvens". Og til vanleg er eg til og med for eit munnleg språk og ei nøyaktig attgjeving av det som vert sagt og gjort, gjerne med personlege innslag vist gjennom skildring og ordval. Men alt med måte - òg bruken av mine ord for veka.

onsdag 22. april 2009

Eg <3 nynorsk

I kveld droppa eg dansen (for fyrste gong dette semesteret, æra til meg!) for å vera litt ekstra nerd og gå på møte i Studentersamfunnet. Saman med fem andre nordistar troppa eg opp for å høyra Linda Eide og Ragnar Hovland sine tankar om livet som nynorskbrukarar og stoda for nynorsken i framtida.

Eide peikte på det som kjenneteiknar det å vera nynorskjournalist (utanom det som kjenneteiknar alle journalistar - stress, høgt alkoholforbruk, tidleg død): fråver av Gud (helvete er avskaffa, derfor er det ikkje eit helvete å vera nynorskjournalist, men helvete er fråver av Gud osb.), overvaking (ein nynorskjournalist eller -forfattar får alltid kommentarar kring språkbruk (her kjente meg meg bittelitt skuldig...) og glede. Det siste var godt å høyra - det er viktig å avlsutta eit innlegg med ei litt positiv vinkling.

Hovland tykte synd på bokmålet, han. Det er ingen som hatar bokmål, men eigentleg ingen som likar det spesielt godt heller. Det er rett og slett lite snakk om bokmål. Konklusjonen her var vel at han skulle ynskja mindre snakk om nynorsken og - men "kampen er målet" sa Eide, og nynorskforkjemparane var vel einige med dei begge. Om me nokon gong kjem dit at nynorsk eller bokmål ikkje er eit tema, so er me på mange måtar nøgde - men me gir oss vel ikkje der, gjer me vel?

No skal det og seiast at å ha lese språkhistorie rett før ein går på eit slikt møte nok gir eit litt meir nøkternt syn enn det nokre her fremmar, men det er lov å vera litt stor i ord. Særleg for nynorskbrukarar.

søndag 12. april 2009

Påske

Nerdane slår til igjen...

Det har jo ikkje vore noko nytt Ord for veka her i det siste, og denne veka (som var) vert det heller ikkje det. Derimot skal me sjå på litt grammatiske viderverdigheitar og språklege utviklingar, i samband med påske. Altså "påske", ordet.

Definisjonane av "påske" kan de finna her, det interessante er at sjølv om det er opphaveleg frå hebraisk, fanst ordet og på norrønt. Det betyr at det har gått gjennom nokre morosame endringar. Vokalen er blitt ein heva /o/ (altså utalt som ein skriven å, ikkje ein o, berre for å gjera dette greiare...) frå den norrøne skrivemåten á, eller ein har fått diftongering. Altså: på Austlandet seier dei /po:ske/, i Lærdal seier me /pauske/, (u er uttalt som ein skriven o) med kort diftong - noko som er konsekvent på Nord-vestlandet (Sogn til Sunnmøre), men kan veksla andre stader der dei òg har diftongering. I vårt område er det altså uaktuelt å sei /po:ske/ òg for dei som manglar difotng her, dei har i tilfelle ein kort vokal /o/ (utan kolon bak), på grunn av konsonantgruppa som kjem etter, og manglande analogi til uttalar med kort vokal.

Konsonantgruppa har òg litt ulik uttale ulike stader. I Indre Sogn vert den uttalt som dei fleste andre stadar i landet, men nærmar ein seg midtre og ytre vert det moroare. Der vert k´en palatalisert, og ein får ein uttale som liknar denne: /pausje/, der s og j vert uttalt saman i same lyd.

(Ja, eg sit og les om språkutvikling. Ja, eg ynskjer meg enno IPA-skrift på dataen. Og ja, so nerdete som dette burde det kanskje ikkje vera lov å vera...)

måndag 30. mars 2009

Rignir

På norrønt trengte ein ikkje subjekt i alle setningar. Altså: rignir. Det er det det gjer i dag (og der var eit godt prov på at det trengs subjekt i moderne norsk...) Eg vurderte ein augneblink å lata dette vera ordet for veka (i kategorien "ting du ikkje ynskte å vita om grammatikk" eller noko slikt), men eg er noko meir positiv enn det...

I går var det nemleg ikkje regn - då sat me i hagen og drakk kakao og naut soli. Resten av huset spelte til og med indiaca (men då var ikkje eg oppe enno). Eg gler meg slik til vår - og har bestemt at den skal komma for fullt no. So får me berre tru vårgudane er på mi side, og det ikkje vert fleire dagar med rignir - eller haglir, snjoir og kva det no måtte heita.

(bilete: Anja og Monica i soli, med kakao og planar om å nyta våren)

tysdag 24. mars 2009

Hjelp! Help! Hilfe! ˛√œfiπ!

Dersom nokon anar, og kan forklara, korleis ein lastar ned, installerar og brukar (på mac) ein font som i minimum innheld ein eth, ein thorn og ein o med kvist, er eg evig takknemleg!

Ja, frustrasjonar!

måndag 23. mars 2009

Hankaslaust

Hankaslaust må ikkje forvekslast med agaslaust. For medan agaslaust er positivt, eller i det minste ikkje negativt forsterkande, er hankaslaust eit negativt adjektiv (og/eller adverb). Det kan forklarast med noko slikt som heng ikkje på greip, altså noko som er gale, tankelaust eller svært overdrive på ein negativ måte.

"Jor´n de?! Nåkke so hankaslaust!"

måndag 16. mars 2009

Fåi

Ordet denne veka er eit ord eg vaks opp med og brukte heile tid. I løpet av vgs forsvann det litt for meg. Eg har teke det attende i det siste, men merkar at det ikkje vert brukt konsekvent og at det skapar ein del forvirring. Det er lærdalsordet for bak, rompe, røv osb, nemleg fåi. Eg lurer på om det og kan finnast ein dativvariant, fån.

Dette er eit ord eg ikkje har funne andre stader i Indre Sogn - ver velkomne til å retta når som helst - men eg har funne det i andre og fjernare dialektar: Hellbillies syng nemleg "og kyss me midt i fun" (dativ?) i Ikkje grav meg ned frå Sylvspente Boots-plata (ja, eg kan min Hellbillies...), og eg kjenner til ein kar frå Aust-Agder som snakkar om fua. Påverking frå Hallingdal kan lett forklarast, men so fjernt som Aust-Agder er det verre med. Antakleg er det eit ord frå norrønt som har levd vidare i desse dialektane, men kva dette ordet var har eg ikkje klart å ressonera meg fram til (og ordboka har ikkje vore til hjelp, snakk om 600 vekkasta kroner...)

Oppdatering: Mamma har komme med info. Fån er, som eg trudde, dativ. Det er mest brukt oppe hjå oss, lenger nede i dalen nyttar dei mindre dativ. I Årdal brukar dei og ordet fåi, men utan dativ (dei mista det før oss). Når andre i Indre Sogn kjenner til ordet, er det alltid i tilknyting til lærdøler og (alltid?) nedverdigande.

måndag 9. mars 2009

Ord for veka

Eg har tenkt å byrja ein ny serie her på bloggen. Inspirasjonen kom plutseleg til meg på førelesing i dag, det er slikt som kan skje når ein nærmar seg pensumet om dialektar. Den nye serien kjem til å handla om språk (overraskande nok...), og i fyrste omgang om ord (derfor tittelen "Ord for veka"). Men etterkvart kan det nok og dukka opp grammatiske særeigenheitar og andre spanande ting, kven veit?

Ja, kva ord kjem med i "ord for veka"? I fyrste omgang ord frå Lærdal (eller andre dialektar som interesserar meg for augneblinken), ord eg brukar, vil bruka, eller berre vil dela med folk. Av og til kan det nok og snika seg inn særeigne nynorskord (og no er eg inspirert av huset sine "ord for veka" frå i fjor), eller til og med ein kombinasjon av fleire ord i same innlegget (less is more er ikkje eit ordspårk eg klarar å leva etter).

Fyrste ord ut er (tada!): agaslaust
Dette er eit adverb eller adjektiv, som betyr noko slikt som "voldsom", "svært mykje". Kan brukast t.d slik: Han e no ein agaslaust kjekk kar, Det regna nåkke so agaslaust, Det e ein agaslaus austavind i dag

Eg kjem etterkvart med kjelder til påstandane mine om dei ulike orda og dialekttrekka, men nett no får det berre tru på meg (sjølv om nokon meinar eg diktar fritt når eg snakkar...)

(bilete: illustrasjonsbilete)

torsdag 5. mars 2009

Eit alternativ mindre?

Då veit me enno ein ting eg ikkje skal bli: norsklektor. Eller enno verre, lærar med norsk og engelsk som spesialisering. Berre synd det er det alle blir når dei går språk på HF, og ein av dei openberre moglegheitane mine. Men kanskje eg slepp om eg droppar oppgåva i litteraturhistorie...?

Where do I go, follow the river
Where do I go, follow the gulls
Where is the something
Where is the someone
That tells me why I live and die
Hair

Ja, det vart vist litt litt filosofisk her... Men no er eg heima, og skal ikkje skriva oppgåve på fire dagar! Eg skal berre lesa ein dansk roman, og ein norsk, og litt fonologi, norrøn grammatikk, og so nokre eventyr då.

tysdag 3. mars 2009

Syntaks?

Oppgåve:
1. Finn fram dagens Sogn Avis
2. Slå opp på fyrste sida, debattinnlegga, om "Lærdal, den raskaste kommunen i landet"
3. Fyrste utfordring: les teksten.
4. Andre utfordring: svar på spørsmålet "Kven gjer kva korleis?"

Ok, eg veit, ikkje alle som har so grei tilgang til Sogn Avis. Her kjem derfor eit utdrag av det som kan skapa hovudbry: "... og dersom det ikkje er umogleg gjennomfartstrafikken som står for desse lovbrota kan eg ikkje forstå korleis dei får det til når dei veit at det er kontroll langs vegen annakvar dag. Som eit plaster på såret for dei fartsglade lærdølene..."

Godt å sjå at det ikkje berre er ungdommen som slit med slike detaljar som syntaks, samsvarsbøying, antesedentar og teiknsetjing! (og ein smule realkunnskap)

måndag 8. september 2008

Studiekvardag

Å vera attende i byen etter ei helg på Stolmen er nedtur. Eg likar jo Bergen (særleg i fint ver, det har eg jo sagt før, og jammen har me faktisk fint ver enno!), men dagane verkar ikkje so produktive her som der ute (sjølv om me vel eigentleg aldri hadde ein plan) og det tek lang tid med å komma i gang med det meste. Derfor sit eg no på biblioteket på HF og utset å komma i gang med lesinga... Men kva kan eg finna på for å gjera overgangen frå ferie i havgapet til studielivet i byen litt mindre smertefullt?

Sidan det var ein suksess i sommar, prøver eg om dette fungerar i byen like godt som i Lærdal: ein dag i livet til studenten Mari:
- 7.32: klokka ringer. Ca ti minuttar seinare oppdagar eg at slumre-knappen har hengt seg opp. Det kunne blitt krise.
- 8.35: det kunne verkeleg blitt krise! Dersom ikkje ein snill bilist hadde stoppa og sluppe meg over vegen ville eg mista bussen, og eg hadde komme for seint på jobb i HT08, som eg skal innom i dag.
-9.10: det ville ikkje blitt krise likevel... Det er ingen på kontoret, og eg byrjar å bli usikker på om eg har truffe rett dag.
-9.35: Monica har sendt melding og forsikra meg om at eg har truffe rett dag. Då er det nokon an som har bomma. Eg legg att ein lapp ("Mari was here!") og går til universitetet.
-9.53: då har eg faktisk lånt meg eit par pensumbøker, sidan eg hadde lagt att alle mine heime. Eg hadde jo ikkje tenkt at eg skulle lesa i dag, iallefall ikkje på universitetet.
-10.09: eg kjem på at eg kan laga eit "kva-gjer-Mari-i-dag"-innlegg for å utsetja starten på lesinga. Men no MÅ eg komma i gang! (nokon som har høyrt den før..?)
- 10.44: eg ser på Hauge-Tveitt-sidene at dei spør etter bilete av kjøleskåpspoesi. Det var ein av mine idear og. Kanskje eg skal senda inn eitt av våre dikt?
- 11.19: eg er ferdig med innføringsboka i lyrikk som eg skulle ha lese for to veker sidan! Hurra for meg.
- 11.46: no må eg finna meg noko mat før førelesing. Syntaks er planen. Skrekk og gru.
- 12.48: "Pokker!" er setningsekvivalens for "No blei eg jammen sint altså."
- 13.46: "Det er eit vitenskapeleg prinsipp at ein klarar seg med dei enklast moglege forklaringane," seier førelesaren. Kan nokon fortelja det til resten av universitetet?
- 13.46: kan Kristiansand på fremste rad vera so venleg å skjønna at god notatteknikk ikkje går ut på å skriva ned det førelesaren seier ord for ord, og i same slengen slutta å stilla dumme spørsmål?
- 14.28: eg har kjøpt billettar til Real Ones-konsert i Logen på laurdag. Hurra!
- 15.25: eg er heima og i gang med å sortera notatar frå dei fyrste vekene med undervising. Eg er skremt over kor mykje papir eg har.
- 15.44: Home and Away-pause!
- 17.37: Monica har laga middag, me har ete, og Frida har fått bilete frå i sommar. Då var det attende til slaveriet, og kjent som litteraturhistorie
- 18.38: akkurat ein time, og eg er klar for å ta tak i syntaksen att. Det er visst det det går i i dag, lyrikk, litteraturhistorie (om lyrikarar) og syntaks. Jaja...
- 19.19: Why don't we do it in the road? (The Beatles)
- 19.40: For tomorrow be rain, so I'll follow the sun (The Beatles). Lat oss håpa dei tek feil
- 20.18: Å, Les Miserables! Den hadde eg gløymt. Eg må finna nokon som vil gå på teater med meg. Frivillige?
- 21.06: eg gir meg for kvelden. No vil eg finna på noko moro/kos.
- 21.24: Step Up på nederlandsk. God plan
- 23.11: då har helten fått heltinne, og omvendt, og eg har pussa tanna og gjort klar senga. So då var faktisk denne dagen over. Eg sit absolutt ikkje lenger på biblioteket på HF, men eg har vore lika treig med å komma i gang med ting i heile dag. Det eg ikkje er fullt so treig med er å komma i seng (får me tru), for i morgon er det dikttolking klokka åtte.

God natt!

tysdag 19. august 2008

Kopulative samansetjingar

Kvifor betyr norsk-pakistansk pakistanar medan norsk-amerikansk betyr nordmann?

Og over til eit anna emne: er ikkje frigjera eit fantastisk mykje finare ord enn befri? Det er so aktivt. Frigjer! Eg skal gjera fri!

Hurra for førelesing i NOSP 102: Nordisk - Moderne språk...