Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg

torsdag 17. februar 2011

One Day

Det er ikkje bra å ha so høge forventingar. Fram mot hausten skal eg undertrykka dei, tenkja over kor gale dette kan gå, innsjå at romantiske komediar (etter ca 1960) sjeldan er gode. Men so kjem slike ting som denne fine plakaten, og forventingane flyg i veret att. Flotte Jim Sturgess, pene Anne Hathaway, og filmatiseringa av One Day av David Nicholls, som eg fall for i sommar. Dersom filmen er like romantisk, søt, lattervekkande, tåredryppande og sentimental som plakaten (og boki), so går me ein fin filmhaust i møte. Eg gler meg, eg - og kvir meg litt til alt fell til jordi.

tysdag 8. februar 2011

Tysdagsplanar

- eller: eit nytt og betre liv (trur eg).

Måndag er aldri ein god dag når det gjeld å starta på nytt. Få gjort noko. Tenkja positivt. Komma over helgi. Tysdag er betre i so måte. Og i dag hadde eg nokre målsetjingar. Stå opp tidleg. Trena. Skriva eit eller anna - kva som helst. Lata vera å eta Skittles på lesesalen. Ikkje klaga. Gjera noko moro. Dei fyrste tre måla gjekk ca åt skogen (men i morgon, då!), men dei siste: over all forventing. Eg har ikkje ete Skittles på lesesalen. Eg har vore irriterande positiv heile dagen. Og eg klarte å lokka med meg tre andre masterstudentar på film, midt på ettermiddagen. To på rømmen er klassisk Disney feel-good, kunne kanskje vore betre om det var teikna (gamaldags som eg er likar eg ikkje heilt dataanimasjon i alt), det mangla ein skikkeleg hit, og var nok litt hektisk. Men hesten Maximus var fantastisk, so då er alt i orden. Dessutan enda den godt, og kan ein be om meir?
Skurk, prinsesse, hest og kameleon. Han siste vil eg vera.
Vel attende på lesesalen, etter å ha lova på tru og ære at me skal få gjort noko, ete middag og lagt slagplan for kvelden, sjekkar eg mobilen. Sambuar utelest frå Huset. Dermed vart det ikkje skrive all verdens i kveld heller, og eg overlot lesesalsnaboane til sine ting - og so seier me ikkje noko om kva nett det var...

onsdag 5. januar 2011

This place just gets weirder and weirder

Eller kanskje ikkje? Det var den fyrste Narnia-boka som var skikkeleg magisk (ok, dei fyrste, både Løven, heksa og klesskapet, som kom fyrst, og Legenden om Narnia, som skal lesast fyrst). Og det var dei fyrste seriane som var magiske (eg hugsar Sølvstolen aldri kom opp mot dei tre fyrste), me hadde då aldri sett flygande dyr før? Her skein magien mot ein. Lyktestolpen i skogen. Faunen. Dei snakkande dyra. Den kvite heksa. Verda bak skåpdøri, nedi dammen, bak biletet. Etter det vart det liksom ikkje like magisk. Det kom lite nytt - joda, nye eventyr, men ingenting er like sjokkerande som ein tedrikkande faun, eller ei snakkande løve. Kanskje det er derfor tredje film i serien har fått so dårlege kritikkar òg? Narnia er berre, vel, Narnia.

Men veit du, eg synes det er godt nok eg. C.S. Lewis er ingen Tolkien, Edmund er ingen Harry Potter. Men det skal dei ikkje vera heller. Narnia er landet der ein veit, akkurat som Lucy, at det går bra til slutt. Det er det vakre og det varierte, det er det magiske og mystiske, det er der Aslan kan ordna alt, berre menneska er modige nok og trur.

Filmen er rett og slett vakker, fin å sjå på. Som Avatar var det, eller som den førre Narnia-filmen for den del (men den var dårleg på so mange andre måtar). Mine fordommar mot 3d er nok velkjente, men når dei no har pådrege seg styggedomen i Sogndal òg, so kan ein vel ikkje unngå det lenger. Og ærleg tala: Eg er omvend. Skal ein fyrst sjå so fine bilete som det er i Narnia, so kan ein like godt sjå det i 3d, det funkar perfekt. Ikkje vart eg sjøsjuk heller, pluss berre det.

Eit anna pluss - skodespelarane er blitt flinke! Der Daniel Radcliffe berre vert dårlegare og dårlegare (go figure) vert Georgie Henley faktisk berre flinkare. Og Ben Barnes òg, og det er godt, for fyren er mmm, vel, hm, ja... du veit. Prins Caspian var faktisk ein av mine (mange?) fyrste forelskelsar, og når eg ser han her so skjønnar eg kvifor.

Oppsummering: Narnia er enkelt. Narnia er sopass komplisert at ikkje alt passar på film. Narnia er ein lang serie. Innrømmelse: eg hugsar ikkje store delar av boka, so ein blodfan saknar nok meir, og vert nok rasande over endringane. Men Reisen til det ytterste hav er eigentleg ganske so bra som eventyrfilm for store born (og det er jo nett det eg er, er det ikkje?)

måndag 6. desember 2010

Oppskrift på ei god helg

Aperitif
Ein sosial lesesalsdag
- 1 trekking av pakkekalender
- 1resultat frå gladsongkonkurransen 
-1 trekking i vinlotteriet.

Forrett
Barnevakt i Strangebakken
Thea
- 3 syskenbarn
- taco og marshmallows
- Robin Hood på teiknefilm
- gyngestol
- detektime
- morgonbarnetv og julekalenderar
- ball
Johanne og Vetle

Pauseinnslag
Bylaurdag
Trygg is på Lillelungeren
- 1 god veninne
- 1 stille morgon på Eat My Muffin på Xhibition. Et muffins
- 1 roleg oppvarming til julehandelen 
- 2 draumar om ny symaskin

Hovudrett
Ringenes Herre-maraton
Marte kokkelerar
Eg kokkelerar
(Foto: Marte? Ingrid Elisabeth? Kan den skuldige venligst melda seg?)
- 1 døgn
- 1 leilegheit
- 6-8 studentar
- 11,5 timar Ringenes Herre
- 3 sofaar
- ein haug med dyner
- 6 pizza, 12 muffins, 2 kg sjokolade
Ingvild og Ole Gunnar

Dessert
Julekonsert
Kor e tonen
Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz)
- 1 kor
- 11 songar
- 1 gjestekor
- 3 timar øving
- 50 minuttar julekonsert
- ørten gode vener i publikum
1. sopranar og 1. altar
(Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz)

Nightcap
Søndagskveld
- 1 sofa i eige hus
- 1 time Atter en konge
- 2 sambuarar i same båt
- 2 tente adventslys

onsdag 24. november 2010

Deluminator?

Korleis ein som har vore skodespelar halve livet berre vert dårlegare og dårlegare, fattar eg ikkje. Men resten vert heldigvis betre. Kanskje var det mine låge forventingar som gjorde det, men eg vart positivt overraska over "nyaste Harry Potter," som den jo kjem til å gå under fram til neste sommar. Åja, det er mykje å ta tak i når det gjeld skuffande detaljar, feil i høve boka, og kanskje nokre narratologiske bommertar. Og gubbevares, hadde det ikkje vore for at Daniel Radcliffe faktisk er Harry Potter, so burde guten fått sparken. Men eg syntes filmen illustrerte godt den venteetappen denne delen av siste boka faktisk er - tenksomheiten, det mørke, og det at ein lurer på om det eigentleg kan finnast ei løysing.

Ventinga vart kanskje forsterka for oss, sidan nokon hadde brukt ein deluminator på framvisarlampa og heile publikumet måtte flyttast til ein ny sal etter ein halvtime i mørkret. Ein sein kveld vart det dermed på oss, og inntrykket vart nok noko endra i høve andre sine kinoopplevingar. Men alt i alt er eg nøgd - der den fyrste var ein barnefilm, dei i mellom ubestemmelege og den førre ein noko pubertal ungdomsfilm, er Harry no vorten vaksen - saman med publikumet sitt, som likar å kjenna seg som ungar att i kinomørket. Og ungekjensla, og den såre kjensla etter ei stille gravferd på stranda, tek ein med seg etter at lyskulene er kome attende i spotane og over utgangane, og dermed er den siste Harry Potter ikkje so verst den.

torsdag 19. august 2010

Ein dag

You're gorgeous, you old hag, and if I could give you just one gift ever for te rest of your life it would be this. Confidence. It would be the gift of confidence. Either that or a scented candle.

One day av David Nicholls er skriven som ein romantisk komedie. Kvar einaste 15. juli i tjue år er skildra, og hovudpersonane ler, gret, kranglar, møtest, forlet kvarandre. Heile tid ser eg for meg filmen, ein romantisk komedie av den litt såre sorten. Ikkje den amerikanske typen, med vakre hovudpersonar og småtabbar, men av den typen Working Title Prductions kunne laga tidleg på 90-talet, med mindre perfekte personar i situasjonar som ikkje gir deg lyst til å gøyma hovudet under armen, men heller vekker medkjensle og forståing. Når tårene då renn på slutten, so må det seiast at dette er perfekt sommarlektyre - og eg håpar at det etterkvart vert ein perfekt haustfilm av det og (om ikkje før i 2011). Rykta seier Jim Sturgess skal spela, då kan det knapt gå gale... Sentimentalitet til å passa hausten er det iallefall nok av.

"Live each day as if it's your last", that was the conventional advice, but really, who had energy for that? What if it rained or you felt a bit glandy? It just wasn't practical. Better by far to simply try and be good and courageous and bold and to make a difference. Not change the world exactly, but the bit around you. Go out there with your passion and your electric typewriter and work hard at... something. Change lives through art maybe. Cherish your friends, stay true to your principles, live passionately and fully and well. Experience and be loved, if you ever get the chance.

torsdag 18. mars 2010

Rocky Horror

Eg såg The Rocky Horror Picture Show når eg var ti eller noko. Det var iallefall rett etter at eg hadde sett Fame fyrste gong. Eg burde nok ikkje har sett det då - og eg må innrømma at eg ikkje hugsar noko som helst anna enn at det var sjokkerande. Og no, 13-14-15 år etter, er det enno sjokkerande. Og utruleg artig!

Det var fleire gonger eg tok meg i å gløyma at det var kjensfolk på scena og i produksjonen. Både fordi det var høg kvalitet, høgt energinivå og til tider litt pinleg - det er ikkje nett lite naken hud, svarte nettingstrøper, raude hoftehaldarar og sex her... Eg vart nesten overraska når Guro kom på scena til siste nummer og applaus - nei, det var ikkje proffe, nei. Heller ikkje regissør Ingrid - men ho kan bli det... Produksjonen var kanskje det mest imponerande, språket var naturleg (likar den naturlege dialektbruken!), lyssettinga bra, lyden grei nok og musikken flott.

Desverre er alle førestillingar utselt, og eg takkar fjesboki og gode lærdalsjenter for at eg fekk billett og ein moro torsdagskveld. Men rykta går om ekstraførestillingar - kanskje i mai? Me kryssar fingrane for det, for eg har ingenting i mot ein runde til. Hurra for flinke folk!

torsdag 4. mars 2010

Nowhere Boy

Nowhere Man, please listen,
You don't know what you're missing,
Nowhere Man, the world is at your command!


8-10 år etter skreiv John og Paul refrenget over. Men på slutten av femtitalet hadde dei knapt møtt kvarandre, The Quarrymen var sovidt i oppstartsfasen, John budde med Mimi medan han drøymte om å verta kjent med Julia, og ingen hadde enno tenkt på The Beatles. Men publikum tenkjer på The Beatles. Dei tenkjer på John og Paul og George og etterkvart Ringo, dei veit historia berre sovidt har starta når bandet fer til Hamburg og filmen er slutt. Det kan gjera det vanskeleg å laga film av slike kjente soger, vanlege liv som vert eventyr, draumar og mareritt om kvarandre. Men i Nowhere Boy har dei klart det. John er enno ikkje John Lennon, Paul er enno ikkje Paul McCartney - men potensialet ligg der, ein ser det lysa av dei unge skodespelarane at dette er berre byrjinga. Historia om John, Mimi og Julia var berre byrjinga på soga om John Lennon - men vart ein fin og heilskapeleg film frå eit spanande Liverpool på femtitalet. Verdt å sjå for oss som kan vår Beatleshistorie, for dei som ikkje kan den (men ikkje still tåplege spørsmål undervegs slik som jentegjengen attmed meg!) eller dei som berre vil sjå ein god og litt anleis film.

tysdag 8. desember 2009

Vampyrar

Eg les aldri Den vesle vampyren når eg var liten. Likevel kjennest det som vampyrar har fulgt meg heile (ok, minst halve) livet - utan at det er på ein skummel måte altså... Og no er det atter "in" med vampyrar, heldigvis, og eg kan få utløp for mine litt sære interesser.

Kva er det eigentleg med vampyrar som gjer dei so tiltrekkande? Eg meinar: dei er daude - eller udaude, alt ettersom, dei er (bokstaveleg tala) livsfarlege, og dessutan heller blodfattige. Men likevel er det altså noko med dei. For forutan å vera daude, blodfattige og farlege, so er dei mystiske, tiltrekkande, vakkre, plaga, eksotiske, erotiske og - vel - farlege. Og kven likar vel ikkje slike mannfolk? (I teorien/fantasien iallefall...) For det er no ein gong slik at kvinnelege vampyrar aldri har slege skikkeleg an - og at det er me kvinnfolka som samlast kring NRK3 kvar torsdag, eller kjøper svarte bøker med raude detaljar i dyre dommar...

Dei seier vampyrinteressa går over. Det kan so vera, og eg er sikkert heilt einig når den gjer det. Men fram til dess er eg godt nøgd med å vera med på bølgja, sjå True Blood saman med huset kvar torsdag - til tross for latterkuler, sukk og redlsegisp, og vakling mellom "Eg skal aldri sjå dette att" og "Eg MÅ sjå neste episode" - og å lesa Twilight-serien ut i dei mørke nattetimar. Eg har til og med sett begge filmane som har komme til no, på under eit døgn. Forresten, eg har eit tips: om du kan lata vera, unngå Twilight. Verre gotisk heltinne enn Bella Swan finst knapt i gotikken sjølv, og Edward Cullen er nesten litt for plaga. Men eg klarte altså ikkje å lata vera... For det er noko med desse vampyrane altså!

(Bilete: Bill Compton (Stephen Moyer) i True Blood.
Edward Cullen (Robert Pattinson) og Bella Swan (Kristen Stewart) i Twilight) 

tysdag 10. november 2009

Ei juleforteljing

- men ikkje ei som gir deg ei varm og god julekjensle...

Eg trur ikkje 3D er noko for meg - det er skummelt. Dessutan er ikkje Jim Carrey noko for meg - eg likar ikkje mannen. Disney er ikkje det det ein gong var for meg - eg er skeptisk. Og Charles Dickens - god, men dyster. Likevel var denne filmatiseringa, ein Disney-produksjon med Carrey av Dickens i 3d, god.

Eg var livredd store deler av filmen, desse tre åndene er ikkje nett kvardagskost. Dessutan vart ikkje mannen berre god, men beint ut galen på slutten. Men filmen er verdt pengane, kanskje særleg i 3d (sjølv om det tek på augo). Den gode, varme, "fuzzy" julekjensla derimot - den må ein venta til Tre nøtter med...

laurdag 17. oktober 2009

Fame

Fyrste etappe av reisa mot Jeriko tok meg til Oslo. Her har eg vore ei natt hjå Eiren, og lokka henne og hennar Lukas ut på ville vegar - premiere på Fame i Colosseum.

Når ein ser ein toar eller ein oppfølgjar, so er ein medviten om at det ikkjer er same film som den føregåande. Når ein ser ein film av same namn som ein tidlegare, reknar ein med noko av det same (om det då ikkje er basert på ein roman eller noko slikt, men sjølv då er det gjerne ein viss forskjell). Ikkje so i dette høve Fame anno 2009 er basert på Fame anno 1980, ned til stil (særleg i opninga), karakterar og sjølv scener og replikkar. Og når det då ikkje er gjort like godt, med like stor innleving, "edge" og truverd som originalen, då er det noko som manglar. Når ein av hovudpersonane (den svarte jenta) sit ved pianoet i eit tomt auditorium og syng "out here on my own", so føler ein at ein har sett det før - men utan Bruno(og det er jo han som gjer den scena!).

Men dersom eg ikkje hadde sett Fame (1980) og kunna den utanåt, hadde eg nok vore meir positiv. For det er flinke folk, spanande laga (sidan det er over same lest som den førre) og med god musikk. Og sjølv om ein aldri rekk å bli kjent med folka, eller ein ikkje går ut og får lyst til å bli dansar (for det gjer ein ikkje), so har ein kanskje lyst å bli songar eller skodespelar. Eller filmskapar, slik at ein kan gjera Fame ein gong til, og kanskje betre neste gong...

søndag 16. august 2009

The Proposal

Frieriet eller forslaget? Meir kommandoen. Men me lo, Monica og eg, med Ryan Reynolds litt vel nær (fyrste rad på Magnus Barfot er nææær), og litt våte bein etter eit brutalt møte med bergensveret.

Eg er attende i Bergen, og heiv meg rundt på noko av det eg saknar når eg er heime: kino. Og lo altså (til trass for ei litt tvilsam utvikling for det feministiske livssynet). Lo heile vegen heim òg for den del - særleg då Monica sparka av seg skoa og sprang opp gjennom kyrkjegarden i ausande regn, og etterkvart hagl. Velkomen til byen! Og i morgon vert det og velkomen til kvardagen, då skal eg planlegga dei neste to åra - skummelt. Men fram til dess skal eg sjå på veret, pakka opp hausten og le litt meir av Ryan Reynolds. So det so.

laurdag 18. juli 2009

Harry Potter

For eit par veker sidan les eg ut Harry Potter-serien (for andre eller tredje gong, litt usikker). Eg sat på jobb, og når eg nærma meg slutten spruta tårene slik at eg måtte gøyma meg på do. I det eg la den frå meg, fekk eg e-post om at eg kunne få kjøpa bilettar til premiera på sjette filmen. Eg overtalte Olve (fort gjort), og heiv meg rundt. Dermed fann me oss sjølv i Bergen, i KP1 eitt minutt på tolv torsdag kveld, klare for film.

Eg hadde gledd meg i eit par veker allereie, men forventningane var kanskje ikkje so høge. Eg såg fram til opplevinga, men dei tidlegare filmane er jo ikkje nett klassikarar i seg sjøle (sjølv om dei er det som H.P-filmar, automatisk). Og denne filmen her vert nok aldri nokon klassikar på eiga hand heller - men eg vart positivt overraska. Ja, ein måtte kjennar historien, for fokuset låg heller meir på karakterane og deira forhold (både romantiske og andre) enn forteljinga, og nokre endringar var det i høve boka, men eg lo og eg gispa og eg skvatt og hadde det i det store og heile flott. Ikkje var eg på veg til å sovna når klokka nærma seg halv tre heller, og det er jo eit prov i seg sjølv.

Elles i Bergen var Olve og eg på Ikea, me utførde oppdrag for mamma, Olve var medgjerleg og vart med på eit par korte kleskjøp, og han møtte fleire av mine vener og kjente, både avtalt og tilfeldig. Det var godt med eit døgn i Bergen, men ok å komma heim og - særleg sidan Inger Marie kom flygande frå Stavanger og vart med heim, Silje syskenbarn venta på oss i Lærdal, og det er Kom heimatt-helg so dalen er full av folk og festar. Stor stas!

måndag 29. juni 2009

Kino i Lærdal

Eg likar å gå på kino i Lærdal. Det skjer ikkje ofte, men det skjer gjerne saman med Gro, og berre det gjer det jo flott. I tillegg får eg skikkeleg kinokjensle i Lærdal. Det er ikkje den same kinokjensla som i Bergen, men det er likevel ei spaning i det, og ikkje minst minne knytt til det.

Når eg tenkjer på kino i Bergen, tenkjer eg på lukta av popcorn (som eg so godt som aldri giddar å stå i kø for å kjøpa), raude sete og dempa lys. Reklamen på byrjinga er alt for lang, men salane er koslege og lummert mørke og mystiske.

Ikkje so i Lærdal. I Lærdal kjøper ein litt snop på Esso, og so går ein inn i ein lys sal med blå sete. Der sit det kjensfolk, alltid. På bakerste rad sit ungdomsskuleelevane (med nokre litt eldre tillegg). Dei vil ein ikkje sitja rett framom, for dei er nett slik ungdom på bakerste rad på kino skal vera. Elles i salen sit det eldre folk (og kanskje yngre), spreidd litt rundt omkring, pratande til kvarande tvers over stolrader. Lukta av kinosalen i Lærdal er litt støv, litt vaskemiddel, og litt ungdomstida mi. Salen er ikkje gammal, berre kring 13 år so vidt eg hugsar, men dei fleste tidlege kinominne er herifrå. Det luktar ikkje popcorn og gammal plysj. Og so er det reklamen - eller nei, det er nett det det ikkje er! Presis åtte byrjar filmen, dei søndagane det er film. Men i motsetjing til Bergen er det ikkje sikkert at alt går heilt strøkent elles, filmen vert sendt landet rundt, og har gjerne sine små feil når den kjem til Lærdal. Derfor kan kinomaskinisten måtta slå på lyset og opplysa om at det vert ein pause på eit par minutt medan han fiksar. Men det er jo kjensfolk i salen, so dei minuttane går fort.

Eg var altså på kino i går, og såg Engler og demoner. Ja, den var betre enn Da Vinci-koden, men det skal då neimen ikkje mykje til. Eg må innrømma at sjølv om Ewan McGregor som katolsk prest ikkje er meg i mot, mangla det mykje - mellom anna diskusjonen mellom vitskap og religion, den meir framtidsretta framstillinga av kyrkja boka har, og ikkje minst framdrifta. Ja, dei køyrte fort i bil - men so stoppa det opp. Kanskje to timar med tempoet til boka hadde vore i meste laget - men ein mellomting kanskje? Dessutan byrjar Tom Hanks å bli gammal, stakkar, har vel litt tyngre for å lea seg fort no. Filmen er underhaldane nok, men absolutt ikkje på lista mi over filmar som må sjåast ein gong til.

tysdag 19. mai 2009

Wolverine

"It tickled." Det var det han svarte, Wolverine, på spørsmålet om korleis det gjekk då han vart henrette. Kul kar.

Eg har vore på kino med Ingebjørg, og sett ein godt laga film med lite innhald (X-Men Origins: Wolverine) - utanom (minst) ein grueleg kjekk mann (om dette stridest forresten dei lærde, altså Ingebjørg og eg, men eg har rett...) Ikkje ein klassikar (ikkje i X-men-forstand ein gong), men spanande og underhaldande nok. Om den gav svar på gåta Wolverine er vel heller tvilsamt - men kanskje nett det er like greitt. Ikkje same spaninga om ein veit alt.

søndag 3. mai 2009

Søndag x 3?

For det fyrste, viss du fekk valet mellom detteog dette
so ville vel valet vore ganske lett.

Ja, det var det for meg og, so eg kjenner det som om eg er i gang med den tredje søndagen på rad denne helgi. Søndag nr 1 (altså fredag), gjekk med til å leika tursistar. Kristine og eg vandra i byen, åt is ved teateret, tok bilete rundtom og heia på Magnhild og Pedagogstudentene i 1. mai-toget. Om kvelden vart det middag på Stragiotti, og The Boat that Rocked på kino (ein film som forresten vert anbefalt til alle som likar britisk humor og musikk frå 60-talet (=alle?)).

Søndag nr 2, som jo var laurdag, var eigentleg typisk laurdag på mange måtar. Me var i byen frå butikkane opna til dei stengte (nesten), og iallefall ei av oss brukte uhorveleg mykje peng... So var det klart for søndagskjensla att, med middag og speling av Sequence heima i huset.

I dag tidleg for Kristine heim til studiar og jobb, og eg sit att i Bergen med det samme (minus jobben då). Men i dag er det verkeleg søndag, so eg prøver å halda fast på kjensla so godt eg kan, medan eg les litteraturhistorie, sjangerteori og anna snacks. Planen om å gjera det uti soli forsvann på grunn av at nemnte sol leikar gøymsel med Bergen, men slik er våren. Og det er vereleg vår, det er mai! Tredje søndag i mai...

torsdag 23. april 2009

Confessions

- eg klarar berre å halda meg unna Facebook i ca 30 minuttar i gongen når eg skriv oppgåve
- det skjer ikkje ting på Facebook kvart 30. minutt...
- førelesaren min prøvde å oppmuntra meg til å skriva med dette utsagnet: "Du må bare skrive. Så begynner du å gråte, men du skriver videre mens du gråter. Alltid skrive. Det er ikke lett å skape tekst, god tekst." Ja, panikken ligg litt utanpå meg - og nei, dette funka eigentleg ikkje som oppmuntring.
- eg er grueleg lett påverkeleg (utanom når det gjeld "oppmuntrande" utsagn), og har lyst på shopping (ikkje slå!).
- eg er blakk, derfor er ideen over ikkje god. Eg satsar på at det går over (enten lysta eller dei økonomiske nedgangstidene...)
- eg er bittelitt sur på våren, for då kjem alle kjærastepara ut (kan dei ikkje berre halda seg heime so eg slepp å sjå dei?!)
- eg har lyst på ein slik ein:(ok, eg har lyst på akkurat dette eksemplaret her)
- ja, eg har sett Confessions of a Shopaholic...

onsdag 8. april 2009

Dinner and a movie

Telefon: "Vera med til Sogndal i dag? Treffa Einar?"
"Ja, det vil eg no..."
"Ok. Er der om fem minuttar"
"Hei, du må gi meg litt tid då!"
"Ok, ti minuttar då kanskje."

Trur desse karane at me sit ferdig kledde og sminka og ventar på at dei skal ringa? Heldigvis for nokon (kanskje for meg?) er eg (kan eg vera) ganske rask i snuen , og var klar til utflukt innan fem (ti då kanskje) minuttar. Og so for me til Sogndal, karane frå Borgund og eg, for å gå på restaurant, henga på senteret og sjå kino med gutegjengen frå tae kwon doen i Sogndal og eit par av deira kjærastar. Eg fekk vera med på kjøt og blod, sidan eg no aldri har vore kjent i tae kwon do-miljøet (surprise), og storkoste meg. The International var filmen - eigentleg ikkje so spanande, ikkje so bra slutt, ikkje so god historie, men med ein kjekk mann, so eg var nøgd eg.

fredag 13. mars 2009

Watchmen

Who´s watching the Watchmen? var spørsmålet.
Svaret: eg og Eiren.

Eg er i Trondheim for helgi, hjå Eiren (og på Dragvoll for å ha eksamen, men det er ei anna soge). Eiren bur ca eit halvt minutt frå Prinsen Kino, so det er derfor berre naturleg at me tok oss ein tur. Og det me tok oss ein tur for, var å sjå ein grueleg valdeleg film som testa alle grenser for kva ein superhelt er eller kan vera.

Watchmen kom ut som teikneserie på åttitalet, og det er 1985 som er året for dramaet i filmen og. Og for eit drama - det skal seiast at hovudhistorien kanskje er noko tynn, skulle den fyllt alle tre timane, men den er støtta opp av ei stor mengd tilbakeblikk, livshistoriar og "real"historiske minner. Men viktigast er diskusjonen om kva som er rett og kva som er galt, kva er det å leva i gråsonene, og kan målet helliga middelet? Ein skjønnar fort - ut frå persongalleriet - at dette vert mørkt, og det er lysare berre eit knapt sekund.

Persongalleriet, ja. Mykje moro der! Ein har då ein gjeng heltar, der berre ein har verkeleg superkrefter (ala Fantastic 4 har han fått dei i ei vitskapeleg ulukke). Dei andre er som Lynvingen "vanlege" folk, berre grueleg godt trente... Men desse heltane har fått sparken, og er alle desillusjonerte og slit med all slags problem. Den som kanskje minner mest om ein klassisk superhelt er Nite Owl II, som ser ut som Clark Kent i dagleglivet, Lynvingen i drakta og har moralen til dei begge. Det er på ein måte opp mot han dei andre vert stilt - men utan at det nødvendigvis er han som har løysinga.

Nei, rett og slett ein anleis superheltfim, og som ikkje er noko for sarte sjelar. Blodsprut, nakne mannfolk (ein blå sådan), meir blodsprut og enno meir blodsprut. Og spørsmål om noko er verkeleg rett og galt, når vert helten skurk - og finst det eigentleg nokon happy ending lenger?

laurdag 28. februar 2009

Billu

Magnhild lurte meg og Frida med på Bollywood-film i kveld, Billu. Det er eg godt nøgd med, for det var ein flott film, om ein fattig barberar og ein stor skodespelar som nesten ikkje møttest. Det skal seiast at det ikkje alltid er like lett å få med seg alt - det var fleire gonger resten av publikum (som i stor grad var indisk) lo utan at me stakkars nordmennene heilt hadde fatta vitsen.

Billu vart vist berre ein gong her i Bergen, men eg håpar at det kjem fleire filmar frå Mumbai. Og då håpar eg fleire nyttar sjansen til å sjå pene damer og staute karar svinga seg til litt for høg musikk, i litt for glinsande klede, tett fulgt av rørande møte og god moral.