Viser innlegg med etiketten Kvinnfolk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvinnfolk. Vis alle innlegg

onsdag 9. februar 2011

Ikkje det ho sa

- då vart det fele!
Det var ikkje det ho sa, men måten ho sa det på. Me sat på pinnestolar i Songarhuset. Rundt oss dansa hundrevis av folk pols. Ute var det iskaldt, inne var det tett. Ho hadde vondt i knea, eg var berre utsliten. Ho spelte den finaste polskaen eg kunne tenkja meg. Eg tenkte på alt eg skulle ha gjort før det vart for seint.

Det var ikkje det ho sa, men måten ho sa det på. "Eg spelte handball til eg øydela skuldra. Eg ville fortsetja med lagspel - so då vart det fele!" Det var ikkje det ho sa, men måten ho sa det på. Måten ho sa det på som gjorde at eg visste at om ein berre vil det, so klarar ein det. Viss ein berre jobbar for det, får ein det til. At som jenter har me all makt me vil ha. At som menneske kan me veksa so høgt me berre vil, komma so langt me berre vil. Måten ho sa det på, der me sat på pinnestolar i Songarhuset, den vil eg alltid ha med meg.

onsdag 21. oktober 2009

"Intizar, it means victory"

Intizar er ei av dei flottaste damene eg nokon gong har møtt. Ho var arbeidande mor til fem - fire døtre og ein son. Ho har to døtre og fem borneborn delvis i USA, delvis i Jeriko, eit par ungar i nabohusa og yngstejenta heime. Ho var naturfaglærar og rektor, kommunestyremedlem i ei tid då kvinner enno ikkje hadde allmenn stemmerett, og snakkar engelsk med gjestene sine utan eigentleg å kunna det. Ho reiser åleine til framande land (Noreg), men saknar og vert sakna av mannen sin når dei er frå kvarandre. Ho viser stolt fram utemøblane ho nett har kjøpt, men ler når ordføraren vår knekk den eine benken. Ho deler av humør, visdom og vemod - og for meg er ho sjølve Palestina.

Ei slik dame vil eg bli!