Viser innlegg med etiketten Estland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Estland. Vis alle innlegg

søndag 1. juni 2008

Dag 5-6

Me skriv 1. juni og det byrjar å gå opp for meg at det er sommar, og sommarferie! Men ferieturen er over for i år, no er Monica og eg attende i huset i Bergen, medan Anja og Frida susar mot Sogn i den kjære Opelen.
Siste dag i Tallinn vart nytta mykje som tidlegare - sightseeing, handling, eting. Om føremiddagen delte me oss, og gjekk nett dit me ville. Forundarleg nok (eller kanskje ikkje) viste det seg etter tre timar at me hadde vore på so godt som dei same plassane, utanom at Monica og Anja fekk med seg ein park, og eg og Frida eit kyrkjetårn. Har eg nemnt at eg ikkje likar å stå på ein stol å skifta lyspærer? Tenk dykk då 267 (eller 269, me kom litt ut av teljinga) trappetrinn.

Ettermiddagen vart brukt på handel, medan middagen vart innteken på Olde Hansa - der desverre berre eg var overvettes nøgd med alt, både mat og drikke. Og når det måltidet var over hadde me ikkje råd til meir, so då var det heim for å sova. Dette til tross for at ein kjekk amerikanar eg støytta på halvnaken på badet på hostellet meinte me burde vera med å drikka drinkar. Eg er for hostell altså!

Dagen i dag har blitt brukt til reise, og utanom at Monica og eg nesten mista flyet frå Gardermoen til Bergen gjekk den utan dei store overraskingar. Eg trur eg er blitt litt vel avslappa i høve til oppmøtetider og innsjekking... Og so er det rart å vera i Bergen att, der dei fleste eg møter ikkje er nordmenn (i motsetjing til Tallinn), og dei få som er det skal på Kizz-konsert. Men eg skal heldigvis ikkje på konsert, no må me kvila ut etter ferien...
(bilete: Utsikt frå Olavskyrkja over Gamlebyen i Tallinn, Monica med honningøl på Olde Hansa)

fredag 30. mai 2008

Opplevingar i det vesle utland, dag 3-4

Jepp, me har nye opplevingar...

Frida har brukt over ein time heim fra sentrum i Tartu til hotellet, kjopt berre lilla kle og klart a pakka ned nesten alle tinga sine.

Anja har blitt ven med gitarspelande estlendarar i parken, spelt krig pa busstasjonen i to estiske byar og provd eit utal bukser.

Monica har nynna Mellom bakkar og berg bade i parken i Tartu og i gamlebyen i Tallinn, vore sjuk stakkar og brukt tofler pa restaurant.

Eg har kjopt solbriller, blitt flau over selskapet, nesten blitt lei av murstein og sett storkereir - med stork!

Me har alle vore pa battur pa elvi i Tartu, teke bilete av dei kysande studentane i same by, huska i hagegynge, fatt myggstikk, ete god mat, teke buss til Tallinn i 40 grader eller so - og er glade me ikkje har laert a banna pa estisk-, gatt i gamlebyen utan a vera innom ei einaste souvenirsjappe - det kjem vel i morgon -, hoyrt pa estiske gutar som song pa gata, og brukt litt meir peng enn det kontoen talar.

Og i morgon ventar ein ny dag i Tallinn! Me gler oss til det

Oppdatering 1. juni: Har komme bilete her og gitt... Frida utanfor universitetet sitt i Tartu, Anja og Monica som spelar Krig på busstasjonen og dei kyssande studentane i fontena på rådhusplassen

onsdag 28. mai 2008

Estland dag 1-2

Jepp, då var flokken i Estland! Her skin soli, og Frida lever enno. Begge er gode ting.
Me kom seint i går kveld, gjekk ned saman med soli over Tallinn og fann hotellet vårt. då me gjekk ut av drosjen greip panikken oss, men heldigvis var brakka me såg nabohuset. Rommet vårt låg derimot over ein strippebar, men det gjorde ikkje noko.

I dag tidleg sto me opp, åt kebab til frukost og hoppa på ein trikk til busstasjonen. Bussen tok oss frå Tallinn til Tartu, der me skulle treffa Frida. Eg fekk det for meg at me måtte skunda oss av bussen, noko som gav oss ein ekstra gåtur med sekk og trillekoffert, for me var ikkje i nærleiken av busstoppet ein gong. Og ja, dette kjem eg til å få høyra ei stund.
Men Frida fann oss, og etter å ha sjekka inn på Hotel Aleksandri har me handla mat og ete i ein park, og er no på rommet til Frida, har helst på kinesaren hennar og inspisert badet. Planane for kvelden og morgondagen er enno ikkje heilt klare - rykta går om fest på studentheimen, båttur i morgon ettermiddag, spabesøk, shopping osv. Fredag fer me attende til Tallinn.
Det beste her er eigentleg ikkje at det er sol eller at maten er billeg eller noko slikt, men at me er samla att, og får sjansen til å nyta fine vår/sommardagar saman i eit land me ikkje kjenner. Eg gledar meg!

(bilete kjem, men kanskje ikkje før eg kjem heim att...)
Oppdatering 1.juni: Bileta er komne - Anja og Monica på det ekstremt nakne hotellrommet i Tallinn, Anja og Monica som tek pause medan eg prøver å finna vegen i Tartu...