Viser innlegg med etiketten Musikal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Musikal. Vis alle innlegg

torsdag 3. februar 2011

Frå Broadway til West End

Det er ikkje ofte ein ser perkusjonistane i Filharmonien hoppa opp og ned medan dei klappar over hovudet. Eit adstadig filharmoni-publikum let seg likevel ikkje vippa av pinnen - dei klappar når dirigenten kjem inn, helser på fyrstefiolinisten, og når han går ut att. Og so klappar dei for solistane, sjølv om solistane syng musikalstykke i litt små, eller litt store, kjolar. Klappa takten til Abba-låter? Heller forsiktig.
www.harmonien.no
Musikalmusikk altså. Det er noko spesielt med det. Det er kosleg å høyra på plate. Det er fantastisk å sjå det på ei scene med full oppsetjing. Men det er neimen ikkje so aller verst å høyra det på konsert heller. Særleg når det er ein full filharmoni med ekstra slagverk, perkusjonistar, el-bass og klokkespel i tillegg til alt det andre. Joda, det er ikkje so komplisert. Det er store kjensler, store rørsler, stort patos på få tonar. Og den vetle blonde sopranen var eigentleg mest irriterande. 
Men når Filharmonien let sei fyrste tonane frå "Bring in the Clowns" klinga ut i Grieghallen, når Operafantomet plutseleg står der, når Jean Valjean med sønderrivande røyst bryt ut "om eg døyr, lat meg døy" - då er ikkje musikal verken enkelt eller overdrive. Då er det so fint at ein må klypa seg litt i armen og senda ein venleg tanke til ho attmed, som tenkte at Filharmonien og musikal måtte vera ei passande gebursdagsgåve. Ho hadde rett i det.

fredag 5. november 2010

Mamma Mia

"...and for our more nervously disposed patrons, we warn that this show includes both white latex and platform shoes. Enjoy!"
Mamma Mia! (bilete: Stageway)

Og me naut, sjølvsagt. Vel er plottet tunt. Vel var lyden litt vekslande til tider - kva forventar ein vel av ein idrettshall? Vel irriterte klappinga - i uttakt - på rada bak meg. Men kva betyr vel det, når ein har ekte London-musikal i Bergen? Og når det er hit etter hit utan (lange) pausar? Når fire tusen menneske står og svaiar under "Mamma Mia!"? Suksess!

Men Les Mis på DNS sler det ikkje...

P.S. På veg heim tok me bilete av ein buss med "Ikkje i rute" på. Me vart ferska av sjåføren, so eg har berre bilete av han...

torsdag 18. mars 2010

Rocky Horror

Eg såg The Rocky Horror Picture Show når eg var ti eller noko. Det var iallefall rett etter at eg hadde sett Fame fyrste gong. Eg burde nok ikkje har sett det då - og eg må innrømma at eg ikkje hugsar noko som helst anna enn at det var sjokkerande. Og no, 13-14-15 år etter, er det enno sjokkerande. Og utruleg artig!

Det var fleire gonger eg tok meg i å gløyma at det var kjensfolk på scena og i produksjonen. Både fordi det var høg kvalitet, høgt energinivå og til tider litt pinleg - det er ikkje nett lite naken hud, svarte nettingstrøper, raude hoftehaldarar og sex her... Eg vart nesten overraska når Guro kom på scena til siste nummer og applaus - nei, det var ikkje proffe, nei. Heller ikkje regissør Ingrid - men ho kan bli det... Produksjonen var kanskje det mest imponerande, språket var naturleg (likar den naturlege dialektbruken!), lyssettinga bra, lyden grei nok og musikken flott.

Desverre er alle førestillingar utselt, og eg takkar fjesboki og gode lærdalsjenter for at eg fekk billett og ein moro torsdagskveld. Men rykta går om ekstraførestillingar - kanskje i mai? Me kryssar fingrane for det, for eg har ingenting i mot ein runde til. Hurra for flinke folk!

torsdag 25. februar 2010

Join hands and hearts and voices

Gjester og tilsette på Kellerman's syng årets siste song. Kven som skal dansa siste dans er usikkert, hovuddansaren har fått sparken. So høyrest bildur, ei sidedør går opp, og der står han - Johnny Castle, svartkledd, med duffelbagen slengt over skuldra. Og eg må ta eit val: dette er for dumt eller gi meg ende over? Eg gjer det siste, og jublar i det Johnny hoppar opp på scena, rekker handa ut mot jenta på stolen og seier til ingen og alle: "Nobody put's Baby in a corner!" Tenåringane attmed meg jublar og, og eg ler litt ekstra av dei avsluttande vitsane og det etterlengta svevet høgt over dreiescena.

For ein må gi seg over av og til. Ein må gi seg over til latteren, til frustrasjonane, til gleda, til trøyttheiten, til shoppelysta, til kaffilysta. For det vert litt av kvart når ein er 22 stykk på tur i London...

Eg har att eit godt døgn her, og skal gje etter for mine innfall, kosa meg i ein spanande by med snikande vårstemning og nyta at dei 21 andre (antakleg) kjem seg vel heim utan andre manglar enn svært slunkne lommebøker. Og det må jo reknast som ein suksess.

Bilete: Vårstemning på South Bank.
 Ekspedisjonsgruppa mi ved Central YMCA, "the World's first"  

laurdag 17. oktober 2009

Fame

Fyrste etappe av reisa mot Jeriko tok meg til Oslo. Her har eg vore ei natt hjå Eiren, og lokka henne og hennar Lukas ut på ville vegar - premiere på Fame i Colosseum.

Når ein ser ein toar eller ein oppfølgjar, so er ein medviten om at det ikkjer er same film som den føregåande. Når ein ser ein film av same namn som ein tidlegare, reknar ein med noko av det same (om det då ikkje er basert på ein roman eller noko slikt, men sjølv då er det gjerne ein viss forskjell). Ikkje so i dette høve Fame anno 2009 er basert på Fame anno 1980, ned til stil (særleg i opninga), karakterar og sjølv scener og replikkar. Og når det då ikkje er gjort like godt, med like stor innleving, "edge" og truverd som originalen, då er det noko som manglar. Når ein av hovudpersonane (den svarte jenta) sit ved pianoet i eit tomt auditorium og syng "out here on my own", so føler ein at ein har sett det før - men utan Bruno(og det er jo han som gjer den scena!).

Men dersom eg ikkje hadde sett Fame (1980) og kunna den utanåt, hadde eg nok vore meir positiv. For det er flinke folk, spanande laga (sidan det er over same lest som den førre) og med god musikk. Og sjølv om ein aldri rekk å bli kjent med folka, eller ein ikkje går ut og får lyst til å bli dansar (for det gjer ein ikkje), so har ein kanskje lyst å bli songar eller skodespelar. Eller filmskapar, slik at ein kan gjera Fame ein gong til, og kanskje betre neste gong...

tysdag 26. mai 2009

Storbyferie

Fordi mi unge, vakre, flinke og gode mor er grå vorten (altså 50), for heile familien til London på langhelg og feiring saman i helgi. Eg har jo hatt lyst til dette lenge, og gleda var stor når gebursdagsbarnet og han hin med pengane, pluss to brør, samtykka, og me kunne komma oss avgarde. På grunn av gebursdagen rann det sjølvsagt inn med meldingar. Mamma var like nøgd kvar gong, og stoppa for å lesa både her og der...

Me budde på eit hotell på South Bank /Waterloo. Med berre ein kort spasertur over ei (valfri) bru var me midt i storbyen (det var me forsåvidt på hotellet og, men South Bank er ikkje so spanande).
Hvor er Willy...? (evt. familien Skjerdal/Lysne)


Det vart dermed mykje trasking i byen, og me gjorde "turisttinga" - tur langs Themsen, St. Paul´s, Piccadilly Circus, Trafalgar Square, shopping i Oxford Street, Tower of London, Tower Bridge, Westminster og Buckingham Palace. Heldigvis finst det litt parkar innimellom, med isboder, og ein familie som ikkje har noko i mot pausar.
Dette såg me frå hotellet. Men nei, me er for blaserte turistar til å gidda å stå i kø til noko slikt (les: fleirtalet av oss lir av høgdeskrekk, og inngrodd latskap)


St. Paul´s er som alltid imponerande, og mamma og gutane fekk flott utsikt frå kuppelen. Pappa og eg var nøgde med å sjå på kuppelen frå bakken, både inni og utanpå.

I tillegg gjorde me noko anna som jo er obligatorisk i London: musikal. Me såg We Will Rock You på Dominion Theatre, musikal bygd på Queen-låtar, med minimal historie, men ekstremt fengande musikk og stor interaksjon med publikum. Lenge sidan eg såg noko med so mange illusjonsbrot, men som ein likevel lever seg so inn i. Stor stas.Scaramoutche ("Scary Bush") med løysinga - "living rock!"

"Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur." Er det ikkje slik forteljingar om turar skal avsluttast? Her trur eg og det var sant - Eirik var lei av at eg tok bilete, mamma er eldre enn når me reiste (noko som jo var planen), alle har litt vel slunkne lommebøker, Olve kvidde seg til mattetentamen i dag, eg kom på alt eg hadde lyst å kjøpa litt for seint - men nøgde er me.
4/5 av familien på sørmuren til Tower of London, med ei Tower Bridge som leikar gøymsel ein stad i bakgrunnen.

laurdag 22. november 2008

Ein gong til!

Berre stig på,
her er det fest.
Mange har kro,
men mi kro er best...

På tysdag var eg innom teateret for å kjøpa nokre billettar. Dei eg skulle ha kom eg ut att utan, men med meg hadde eg fått to restplassar til laurdag - på Les Miserables! So i kveld tvang eg med meg Monica, og me har grete, ledd og grete meir i nesten tre timar. Den var bra fyrste gong, men ikkje noko dårlegare no. Dessutan var eg sjølvsagt svært klar til å bli fortrylla, forført og forelska på nytt - og (er det tvil?) det vart eg!

onsdag 22. oktober 2008

Les Miserables

Sjå ned, sjå ned, du er for alltid trell
Sjå ned sjå ned, du slavar til du fell

I kveld gjorde eg noko eg har gledd meg til i over eit år. For over eit år sidan les eg ei notis i BT, nede i eit hjørne med eit intervju av teatersjefen på Den Nationale Scene - dei skulle setja opp Les Miserables. Eg bestemde meg der og då - dette skulle eg få med meg!
Konge på eit kro
grisekokken her
glad når nokon ikkje veit kva pengar er
Sper opp all slags vin
fiksar vekt og mål
Loppar dei som duppar etter fjerde skål

Og i kveld var altså kvelden. Eg stilte opp på Cafe Opera for å treffa følgjet mitt for kvelden, nemleg tre gutar. Kosleg det, særleg at Erling var ein av dei. Og so gjekk me vidare til DNS, for å oppleva den beste musikalen som finst (og ikkje prøv å sei meg i mot!)
Kan du høyra folkets song?
Det er ein song av arge menn!
Det er musikk frå alle dei som aldri vil ha slavekår igjen
Når eit hjarte bankar sterkt,
saman med skarpe trommeslag

Er det eit tekn på vi byrjar vår nye dag

Me hadde dei dårlegaste plassane på heile DNS - ingen overdriving. Dei fire fremste seta på høgre side av øverste balkong, så nær stjernene - i taket - ein kan komma. Men eg gløymde det fort i forventinga, og sidan i innlevinga.

Ein hug full av elsk
Ein hug full av song

Det går visst gale fyrste gong
Å gud, så leit
eg fekk 'kje spurt om kva du heit
Å mademoiselle, sei det no

DNS har fått tak i flotte skodespelarar, som alle kan synga, og som alle gjer ein fantastisk innsats gjennom tre timar. Eg visste at eg kom til å bli forelska i Marius, det vert eg alltid (til tross for at han er ei pingle, gjekk det opp for meg i kveld), men her er det potensiale for fleire...

Berre eg, eg let som om han vinn meg
Berre eg, eg kjenner armar kring meg

Åleine, eg går med han til dagning

og om eg går meg vill eg let att augo
og han finn meg

Kor mange gonger eg gret? Mange, tru meg... På Raudt og svart (ABC Cafe/Red and black), på Ein dag til (One day more) - og dermed vidare inn i pausen, frå Berre eg (On my Own) og fire songar framover, og heile Epilogen...

Fader Gud, høyr mi bøn
Høyr meg no, du har vore so god
Han er ung, gjev han ro
Han er redd, gjev han mot
Ta han heim

Eg har lyst attende! Vurderte ein augneblink å gøyma meg under stolane og bli der til i morgon, men fann ut at det vart litt vel ekstremt (men berre litt...) Sjølvsagt, det er ikkje like godt som (det eg hugsar frå) London. Sjølvsagt, det er ikkje absolutt alle som er musikalartistar. Og sjølvsagt, mine forventningar var skyhøge. Men eg er nøgd. Svært nøgd. Rett og slett imponert. Ei so stor oppsetjing, det skal DNS og Bergen vera stolte av! Og so må eg berre beklaga at eg ikkje kan avslutta dette innlegget med "dette må alle sjå", for det er ikkje mogleg å få tak i billettar...

Me vil leva som i paradis
i fred med alle her
Dei vil pløya eigne marker

dei vil kasta kvart gevær
Ei lenkje er broten og alle får dela vår verd

Blir du med i folkets kor?
Blir du med dei som syng og slåss?
Bakom dei høge fjella ligg det lova land for alle oss
Kan du høyra folket syng,
høyrer du tore frå eit slag?
Det er eit teikn på at me får ein morgondag!

torsdag 21. august 2008

Mamma Mia!

Mamma mia, here I go again
My my, how can I resist you?
Mamma mia, does it show again?
My my, just how much I’ve missed you

I kveld fekk eg endeleg på kino att! Lærdal er bra altså, men kino er dei dårlege på. Mamma Mia var fyrste film som kan strykast av lista, og det var ein god start. Snakk om feelgood! Det er ikkje i mange musikalar at songarane kan sveia med musikken og det er greitt, eller der Pierce Brosnan og Colin Firth syng (til tross for kulemage og mange år er dei kjekke altså!) Ein særs vellukka film - om enn ikkje ein so stor klassikar som rollelista og ikkje minst musikken skulle tilsei er dette ein film der ein ler, sukkar og går nynnande ut att:

Thank you for the music, the songs I’m singing
Thanks for all the joy they’re bringing

onsdag 5. mars 2008

Sweeney Todd

I kveld har eg sett ein bra film! Full av blod og gørr og mord og gru, men musikal og med Johnny Depp. To av mine favorittting! At Tim Burton har regien er ikkje å forakta heller... Anbefalast, til alle som ikkje skal gå åleina heim i mørkret.

måndag 28. januar 2008

Singin' in the rain - eller ikkje...

Conradi anar ikkje kva han går glipp av. Det var konklusjonen til Kristine, min kjære eks-sambuar, og meg etter ei noko lang og, frå mi side, irritert utgreiing om at alle framsyningar av musikalen Singin' in the rain - som eg har hatt driiitlyst å sjå lenge - er utselt ut april - og etter det spelar ikkje Kåre Conradi Don, og kva er då poenget. Altså går han glipp av meg sukkande i salen - og det er eit stort tap! (for han)
Mm, litt bitter her...

(og litt usikker på kor mange tankestrekar ein eigentleg kan bruka i ei setning) (og om det er tankestrekar når det på ein måte er i stadenfor komma og markerar innskoten setning)

laurdag 19. januar 2008

Across the Universe

"Is there anybody going to listen to my story, all about a girl who came to stay. She's the kind of girl you want so much it makes you sorry, still you don't regret a single day"
Slik byrjar filmen eg såg i går. Across the Universe handlar om ungdommar på 60-talet, krig, opprør, familieforhold og ikkje minst kjærleik - alt pakka inn i Beatles sin musikk. To og ein halv time med film der ein ikkje kjenner handlinga, men får lyst å synga med på alle songane, det er ikkje ofte ein opplever - og det var ei flott oppleving!
So kan det diskuterast om filmen var god film- og historiemessig, eller berre estetisk. Var det ein god slutt, eller kunne den vore betre med ei alternativ avslutting. Men det bryr eg meg ikkje om, eg veit berre at Jim Sturgess no kjem på kjekkaslista mi (på grunn av dialekta i denne filmen) og at eg ikkje kjem til å slutta å lytta til Beatles med det fyrste.