Viser innlegg med etiketten Lærdal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lærdal. Vis alle innlegg

laurdag 23. april 2011

Vindhella

Når gradestokken syner 20 grader i skuggen ein laurdag i april, då er det at til og med ho med oppgåvepanikk og verdas dårlegaste form tenkjer som so, at det er på tide å få noko meir ut av våren i Lærdal enn det ein ser gjennom kjøkenglaset. Som tenkt so gjort. Hunden vart stappa i bagasjerommet, naboen lempa inn i passasjersetet, og so for me på tur, heile den lange vegen til Borgund (!).
Kvar vår tenkjer eg det samme, at eg skal bli flinkare til å bruka desse vegane. Men skjer det? Nei. Orda kom frå Gro, men det kunne lika gjerne vore eg som sa det. For kvar gong ein går langs desse murane, ser denne utsikta, les denne historien, so lovar ein seg sjølv det. Dette skal eg gjera oftare. Nei, dette skal eg gjera ofte! Og sjeldan vert det slik. Men viss me seier det ofte nok...?
For det er noko heilt spesielt med å gå langs vegar bygd med handmakt høgt over dalen, på murar over 150 år gamle, i fotspora etter dei som kom før oss. Og i Lærdal finst det mange av desse vegane. Og når soli steikar slik at ein i tillegg kan få ein dose D-vitaminer innunder helleren på toppen - ja, då "kan han ingen stad venare sjå," og ein ynskjer to ting: at påskeferien skal vara hakket lenger, og at ein skal klara å gjennomføra forsettet om turar til sommaren, for fyrste gong...

torsdag 21. april 2011

Coming Home

I går kom endeleg påskeferien til meg òg, i form av heimreise. Det skal seiast at fyrste halvdel av dagen gjekk med til litt oppgåveskriving i byheimen, men med fuglekvitter og sol i hagen, kaffi i koppen og god musikk på anlegget var det ikkje so hardt som det har vore i det siste. 
 Og so, midt på dagen, kom Monica heim, for som ein virvelvind rundt i huset og samla saman naudsynte artiklar, og snart sat me i bilen på veg nordover. Heimover. Heimheimover.
Me måtte sjølvsagt ha pause undervegs. Nærare ein time brukte me gjennom Voss, mykje på grunn av ekstrem påskeutfart og ein snarveg som viste seg å verta ein omveg. Men me tok oss likevel tid til kaffi og is, og å nyta soli på panseret til Sylvin.
 På Voss var det enno vinter, sjølv om soli varma.
 Og om ein vil feriera i vinteren er Oppheim Hotel & Resort eit alternativ. Eller...?
 "Sjå dei vakre fjella! No er me..." "nesten heime!"
Slik snakkar to patriotiske sognejenter når sognefjella endeleg viser seg, mellom to tunellopningar. Mellom Stalheimtunellen og Sivletunellen bør ein kasta eit kjapt blikk mot høgre, slik at ein får sjå Nærøydalen og Nåli i all deira prakt. Fine fjell. Og nesten heima no!
 "Hurrah! hurrah!" hurrah!" song Casa Murilo i det me køyrte inn i Lærdalstunellen. Blåfjellet lyste kaldt, og hjalp oss å telja ned - 18 km att, 12, 6.
 Vel framme kunne eg sjå bjørki spretta. Det grøne vart grønare i løpet av eit par varme kveldstimar. Og 9 minuttar etter at Monica hadde rast vidare mot ferja, sat eg allereie på potetsetjaren.
Etter potetsetjinga tok eg med mamma til Skjerdal, på "instant påskeferie." Soli gjekk ned over fjelli i vest, og himmelen spegla seg i fjorden.
Nyetraktoren til onkelen lengta mot fridomen etter nokre år innestengt på ein låve. Lenger enn til å nyta utsikti kom den ikkje. Men det er no ikkje so verst ein ferietur det heller, ut på snuplassen og attende.

“There is a magic in that little world, home; it is a mystic circle that surrounds comforts and virtues never known beyond its hallowed limits”
Robert Southey

torsdag 30. desember 2010

Frost og fine dagar


Eg skulle ut og ta bilete av frosten, eg. Centimeterlange piggar på bjørkene ved elva, gnistrande gjerde og knirkande snø. Men ein vert lat av å ha ferie, so "mildveret" kom nokre timar for tidleg. Dermed vart det berre bilete av litt mindre knirkande snø, bjørker utan kvitt dekke og ein strålande blå himmel og sol på fjelltoppane. Men det er no fint det òg, særleg når det innimellom dei store linjene i fjell, elv, tre og foss dukkar opp små detaljar, fine mønster i steinane og symetri i ein vinterpjusk blome.
Dette var 4. dag. 5. dag var Thea eitt år! Ho vart feira i Skjerdal med foreldre, sysken, tanter, onklar og syskenbarn. Ho var nøgd med gåvene, men likte best dei som kunne ristast litt. Syskenbarna var meir opptekne av mobilen ho fekk, men gebursdagsbarnet sjølv skjønte fort at dette berre var tull, og smiska seg til ein med knappar som kan ringa til folk av eit syskenbarn som ikkje kan motstå sjarmen til yngstejenta.

måndag 11. oktober 2010

Smil i Laerdal Garden

Mamma ville flyta i Dødehavet i dag. Eg har litt problem med Dødehavet, eller helst med opplegget kring det. Berre nokre få meter bortanfor hotellet sluttar plutseleg Palestina, i praksis iallefall, og det er Israel som styrer brtanfor - plantasjar, vegar og dødehav. Men flyta er jo moro, so det vart besøk i Israel - me håpar jo alle at ting skal endra seg ein gong i tida, at det er Palestina som styrer, men ein tør ikkje venta på det. Me er glad me var der tidleg, for klokka tolv var det heitt...

Etter dusj - og det trengs jo - var det tur til Kids Club og danseøving att. Dabkhaen "sat godt".
Lærdalslaksen var på plass att, litt skadd, men pynta for høvet. Autentisk det, altså.

Og so var det Laerdal Garden som venta. Me for avgarde med vaffler og popkorn, og var litt spente på oppmøtet. Men parken var stappfull! So masse ungar, og alle lika skravlete. Og det vart spel, latter, dans, bilete, og meir bilete. Bunaden vart varm, men vellukka, og alle var godt nøgde med kvelden. Det er godt å vera med gamle og nye vener, godt å verta passa på av store dansarar, og moro å oppleva festen når eit heilt nabolag vert samla. Men gubbevares kor godt det var å komma på hotellet, få lemonade, og skravla berre norsk, ikkje norsk-engelsk-arabisk-smil.
Photo - picture - one - one - wahed!
Mamma og Saed i sine nasjonaldrakter
Issa gjekk lei lyden - og tok saken i eigne hender
Forresten, smil er ikkje so gale berre det. "There is something here that makes us wanting to smile," sa mamma til museumsmannen frå i går, som var der i dag og var like begeistra for mamma som i går. Smil må ein ha - og smil er lett her. Særleg når det er festane som står i fokus, og vennskapa. Og det er jo fokus for oss her - men nokre gonger kjem tårene. For det er alvor bak smila, òg i Laerdal Garden på 10 000årsjubileum. 
Utsikt mot Jeriko nattestid

måndag 6. september 2010

Solsikkesol



Heima i Lærdal er dei siste soltrålane for hausten ekstra viktige. Der veit eg at dei siste minuttane før klokka halv tre denne septemberdagen, er dei siste minuttane med sol eg får oppleva i Sande i 2010. Neste gong eg kjem heim er det midt i oktober, og soli kryp ikkje fjelltoppane lenger. Derfor nyt eg dei siste strålane av sommarsol med dei siste restane av nyplukka sommarbær, medan resten av familien køyrer traktor og rakar løk rett bortom huset. I åkeren får soli konkurranse, av glinsande ny løk som losnar frå jorda og, til traktoren når bort, ei firehovuda solsikke som snur seg mot lyset for verkeleg å gjera det beste ut av dei siste strålane denne sommaren. Middagen må venta til soli er gått.

søndag 8. august 2010

Laurdagskveld

Eg i hengekøye, foreldra i le og hunden midt i mellom.

laurdag 31. juli 2010

Ferieveke

Dette er ei av dei vekene som rommar alt, heile sommaren på sju korte dagar. Lat meg oppsummera:
- måndag: jobb og so avslapping heime, med film og bok og mamma
- tydag: jobb, og om kvelden høying og kajakkpadling i Skjerdal
- onsdag: ugrastaking, og om so tur til St. Tomas-kyrkja på Filefjell der Gjermund Larsen Trio heldt konsert
- torsdag: ferietur med familien til Jostedalen, med kajakkpadling, brevandring og sidan middag i varme Solvorn. Film om kvelden med gutane - men me sovna før siste kampscena alle tre
- fredag: potettakst og konsert i Kvammegården
- laurdag: jobb og sidan dans på Fjordstuen
- søndag: ?
Variert og vakkert!

søndag 20. juni 2010

Morgonstund

"Tidleg" morgon (det er trass alt dagen etter marknadsdansen, alt før middag er tidleg). Gata er folketom, bodene tomme, husa ventar på folk. Berre blomane er klare for ein ny marknadsdag - og so eg, på turistkontoret, då.

søndag 28. mars 2010

Titter opp av jorden


Pappa fantaserar om å ta ut horva. Potetsetjing 1. april er planen, og sidan snøen er vekk er det nesten sannsynleg. Då er det vår i Lærdal! Det var vår i Bergen denne veka og, snøen som har dekka alt og alle dei siste tre månadane (91 dagar!) smeltar, snøklokker, krokus og andre byblomar tittar fram, og husa på universitetet varmar dei forfrosne steinveggane sine. Tysdag var Høyden vakker - men flott vår som Lærdal har, klarar dei ikkje der sør.

torsdag 15. oktober 2009

Vermelding

I dag byrja det å regna att i Bergen, etter ei veke med strålande ver og hasutfargar. Nesten litt bra, eg byrja lura på om eg var i rett by. Og nesten litt bra, so gløymer eg ikkje korleis regn ser ut. For i morgon legg eg ut på ei reise til ein stad der vermedlingane er ca slik neste veke:
Til dette symbolet høyrer orda: max 38, min 25. Staden er Jeriko, Palestina, og eg kjem til å daua av hete... Men det gjer ikkje noko, for eg gler meg som ein unge til å komma attende til Palestina. Eg skal reisa med Venskap Jeriko-Lærdal, og me skal snakka om kultur - eg om dans sjølvsagt. Moro! Eg håpar det vert oppdateringar her, men om eg har tilgang til nett er jo ikkje sikkert. Og so håpar eg eg kjem so langt, for fyrst skal det pakkast. Og er det ein ting som er klart om meg og pakking, so er det at me går dårleg saman...

søndag 19. juli 2009

Årnær sæ!

Det ordnar seg i Lærdal. Det har vore omkvedet denne helgi, og det er faktisk sant. Det ordnar seg alltids med skyss heim frå fest, med bil til byen, med middag for tøffingar som deltek på snøggsjekking, med strålande stemning trass straumbrot på hotellet, med nye kjennskap for besøkande, og elles alt anna som høyrer Kom heimatt-helgi til.
Det ordnar seg i Lærdal - og det er derfor ingen grunn til å stressa. Eg må overføra dette til byen trur eg.

laurdag 18. juli 2009

Harry Potter

For eit par veker sidan les eg ut Harry Potter-serien (for andre eller tredje gong, litt usikker). Eg sat på jobb, og når eg nærma meg slutten spruta tårene slik at eg måtte gøyma meg på do. I det eg la den frå meg, fekk eg e-post om at eg kunne få kjøpa bilettar til premiera på sjette filmen. Eg overtalte Olve (fort gjort), og heiv meg rundt. Dermed fann me oss sjølv i Bergen, i KP1 eitt minutt på tolv torsdag kveld, klare for film.

Eg hadde gledd meg i eit par veker allereie, men forventningane var kanskje ikkje so høge. Eg såg fram til opplevinga, men dei tidlegare filmane er jo ikkje nett klassikarar i seg sjøle (sjølv om dei er det som H.P-filmar, automatisk). Og denne filmen her vert nok aldri nokon klassikar på eiga hand heller - men eg vart positivt overraska. Ja, ein måtte kjennar historien, for fokuset låg heller meir på karakterane og deira forhold (både romantiske og andre) enn forteljinga, og nokre endringar var det i høve boka, men eg lo og eg gispa og eg skvatt og hadde det i det store og heile flott. Ikkje var eg på veg til å sovna når klokka nærma seg halv tre heller, og det er jo eit prov i seg sjølv.

Elles i Bergen var Olve og eg på Ikea, me utførde oppdrag for mamma, Olve var medgjerleg og vart med på eit par korte kleskjøp, og han møtte fleire av mine vener og kjente, både avtalt og tilfeldig. Det var godt med eit døgn i Bergen, men ok å komma heim og - særleg sidan Inger Marie kom flygande frå Stavanger og vart med heim, Silje syskenbarn venta på oss i Lærdal, og det er Kom heimatt-helg so dalen er full av folk og festar. Stor stas!

tysdag 14. juli 2009

10 grunnar...

...til å vera heima i sommar.

Jepp, denne har eg stole frå Maria, som har gode grunnar, men verkar litt lite oppriktig på nokre punkt. Det er forsåvidt svært forståeleg, i og med at ho har ein bror som fartar rundt på Vestbredden, eit område me nok er fleire som kunne tenkt oss å vera (hm, i lys av nyhende verkar dette som ein rar setning, men i visse krinsar av unge lovande KM-folk, er dette heilt normalt...) Men eg prøver so godt eg kan å vera oppriktig, sjølv om nokre punkt kan vera litt vaklande:

1. Tena peng. Dei treng ein nemleg til resten av året, elles må ein jobba i skuleåret - og seriøst, det har ikkje fritidsplanen min rom for
2. Henga med familien. Ok, so vert ein lei av og til, men det kan vera ein god ting. Då er det godt å reisa attende til studiestaden, men ein veit òg at alt er som det skal vera heima
3. Sleppa reisefeber. Eg blir so stressa når eg skal reisa. So ver heime! Då treng ein ikkje tenkja på alt ein har gløymt
4. Spara peng. Sjå pkt 1
5. Vera eit reisemål. Enten staden ein er eller i seg sjølv kan ein vera eit mål for reisande. Og det er jo alltid koseleg
6. Fest. Festane heime er minst like gode som andre stader. + at ein kjenner folka der, og det er alltid ein ekspedisjon i seg sjølv å komma seg heim (i Lærdal iallefall) (før ein byrja å køyra bil...)
7. Festival. Ein kan reisa heilt kort, og få resten av verda til å reisa dit òg. Tada, masse nye folk og spanande musikk, nokre få timar unna.
8. Bøker, film og musikk. På reisefot kan det bli so som so med å komma seg gjennom biblioteket for sommaren, det problemet har ein ikkje heima. Dessutan kan ein kosa seg med film med familie og vener, eller ein kan ta ein tur på kino (som i Lærdal strengt teke ofte er ei reise)
9. Ein kan reisa på andre tider av året. For kva er poenget med å reisa sørover når det er strålande i Noreg? Eller til ein storby der ein likevel skal vera inni butikkar og gamle slott? Det kan ein gjera om vinteren
10. Ein kan utforska eigen heimstad. Finna nye badeplassar, nye stiar eller nye fiskevatn. Gamle Noreg ligg og ventar!

Oppdatering: Eg kom på ei fin nr. 11: Ein får postkort! Det er stor stas

tysdag 7. juli 2009

Øyr

Ei øyr er ein sandtange eller sandbanke som ofte kjem i elveosar, der den går ut i fjorden. Kvifor eg må vita dette? Fordi eg sit på turistinfoen midt på Lærdalsøyri, og her lurer folk på slikt. Om eg har visst dette lenge? Åja, omlag sidan eg byrja i denne bransjen, minst. Men i dag måtte eg dobbelsjekka, etter å ha lagt ut om elvedelta og sandhaugar - og brukte mi kjære ordbok.no. Og der, svart på kvitt, står dømet: Lærdalsøyri. Ha!

Badenymfer

Eg har vore på Borgund att. Medan det førre gong (ok, har vore oppom i mellomtida og, men ikkje so mykje) var fest og pubbesøk som var høva, var det no nedkjøling som stod i hovudet på to ljøsningar.
Ljøsningar er ikkje kjent med vatn. Me har elv (opp til , men den er for det meste litt for kald, og litt for stri, å bada i. Det er langt til fjorden, og fjellvatn finn me berre på fjellturar. Etter at ungane er blitt meir mobile, opnar det seg jo ei ny verd, mellom anna var eg jo i fjorden i fjor, for fyrste gong på hundre år eller so, og Eirik sver til fjorden rett som det er, når gradestokken kryp over 25 eller der om kring. Men Gro og eg, me sver til ein annan fjord, Borgundsfjorden.

Borgundsfjorden er ingen fjord, det skal eg vera den fyrste til å innrømma, men den gjer nytten. eit roleg parti i Lærdalselvi, der det er sand- og grusbotn, vatnet får tid til å varma seg opp - og det ikkje er massevis av kjensfolk. Me var oppe og sjekka høvi fredag kveld, og laurdag midt på dagen var me attende, med badebukse, jordbær, sprudlevatn (ok, Mozell) og hjarta i halsen (nei, oppvarma vatn i Lærdalselvi er ikkje nødvendigvis svært varmt...) Og etter at tyskaren i speedo endeleg hadde sett seg i bubilen og reist vidare, storkoste me oss! Borgund altså, kan brukast til so mangt.

Dessutan vart sommardagen avslutta med grilling (etter at me hadde levert 71 kasser jordbær!) og film, og sjølv om gradestokken sank under 20 kring midnatt - og eg derfor bestemte meg for å sova inne - var det ei flott sommarhelg.

(bilete: Gro prøver vatnet.
I mangel på stetteglas vart det Pocahontas-glas til jordbæra og sprudlevatnet)

måndag 29. juni 2009

Kino i Lærdal

Eg likar å gå på kino i Lærdal. Det skjer ikkje ofte, men det skjer gjerne saman med Gro, og berre det gjer det jo flott. I tillegg får eg skikkeleg kinokjensle i Lærdal. Det er ikkje den same kinokjensla som i Bergen, men det er likevel ei spaning i det, og ikkje minst minne knytt til det.

Når eg tenkjer på kino i Bergen, tenkjer eg på lukta av popcorn (som eg so godt som aldri giddar å stå i kø for å kjøpa), raude sete og dempa lys. Reklamen på byrjinga er alt for lang, men salane er koslege og lummert mørke og mystiske.

Ikkje so i Lærdal. I Lærdal kjøper ein litt snop på Esso, og so går ein inn i ein lys sal med blå sete. Der sit det kjensfolk, alltid. På bakerste rad sit ungdomsskuleelevane (med nokre litt eldre tillegg). Dei vil ein ikkje sitja rett framom, for dei er nett slik ungdom på bakerste rad på kino skal vera. Elles i salen sit det eldre folk (og kanskje yngre), spreidd litt rundt omkring, pratande til kvarande tvers over stolrader. Lukta av kinosalen i Lærdal er litt støv, litt vaskemiddel, og litt ungdomstida mi. Salen er ikkje gammal, berre kring 13 år so vidt eg hugsar, men dei fleste tidlege kinominne er herifrå. Det luktar ikkje popcorn og gammal plysj. Og so er det reklamen - eller nei, det er nett det det ikkje er! Presis åtte byrjar filmen, dei søndagane det er film. Men i motsetjing til Bergen er det ikkje sikkert at alt går heilt strøkent elles, filmen vert sendt landet rundt, og har gjerne sine små feil når den kjem til Lærdal. Derfor kan kinomaskinisten måtta slå på lyset og opplysa om at det vert ein pause på eit par minutt medan han fiksar. Men det er jo kjensfolk i salen, so dei minuttane går fort.

Eg var altså på kino i går, og såg Engler og demoner. Ja, den var betre enn Da Vinci-koden, men det skal då neimen ikkje mykje til. Eg må innrømma at sjølv om Ewan McGregor som katolsk prest ikkje er meg i mot, mangla det mykje - mellom anna diskusjonen mellom vitskap og religion, den meir framtidsretta framstillinga av kyrkja boka har, og ikkje minst framdrifta. Ja, dei køyrte fort i bil - men so stoppa det opp. Kanskje to timar med tempoet til boka hadde vore i meste laget - men ein mellomting kanskje? Dessutan byrjar Tom Hanks å bli gammal, stakkar, har vel litt tyngre for å lea seg fort no. Filmen er underhaldane nok, men absolutt ikkje på lista mi over filmar som må sjåast ein gong til.

tysdag 23. juni 2009

Stavarekkja

Eg står på veg ut døri for å vera ei veke på Geilo, der eg skal sjå på, lytta til og dansa med heile folkemusikkmiljøet i Noreg. Eg gler meg, særleg sidan det kjennest som det er grueleg lenge sidan eg dansa sist, sidan eg såg folki i Bergen sist, og hadde fri sist...

Men Lærdal er meir enn berre jobb - mellom anna er det marknad og med den marknadsdans på Stavarekkja. Årets var kanskje den siste nokon sinne - det er ikkje nett lovleg det som går føre seg der, av drikking på offentleg plass, og kanskje ikkje heilt etisk med alle ungdommane som ikkje nett er edru. Men det er likevel ein viktig del av sommaren i Lærdal - eit kulturminne rett og slett, og då er det gale at det skal vera slutt etter kulturminneåret 2009.

På Stavarekkja er det samla ungdom i alle aldrar. Musikken er sær, og dansa er det knapt andre enn country-klubben som gjer. Det illustrerar kanskje litt at omlag alle i tjueåra sat samla i bakken heile kvelden, medan dei hundrevis andre som var der var konfirmantar og oppover, og so nokre i foreldregenerasjonen. Men sjølv om det ikkje er dei største banda eller den beste musikken, so er det eit samlingspunkt, eit samlingspunkt som er spesielt for Lærdal.

Forresten, marknaden er og Måltippen til Mållaget. Og det er frå den ordet for veka er henta: hampast. Det tyder noko slikt som å småkrangla eller småslåst ("enten med kjeften eller nevane"). Det var ein vanleg aktivitet på marknaden før i tida...

Bilete: Eiren på veg til Stavarekkja

søndag 7. juni 2009

Resultatet

Under skreiv eg jo at jobben på villakssenteret i Lærdal mellom anna fører med seg oppdrag som fotomodell. Resultatet av ti minuttars arbeid kan sjåast her. Eg er bittelitt skuffa over at laksane har fått so stor plass i høve meg, men Oddbjørn har jo berre fått med ein arm stakkar...

Ei flott skildring av villakssenteret er det likevel, til tross for manglande frontalbilete av meg (men so er jo ikkje eg fast inventar der, i motsetjing til laksane). Etter å ha jobba der, og sett nøyare på utstillingane enn på mange år, er eg faktisk positivt overraska, og har lettare for å ymta frampå om / tvinga fram eit besøk der frå turistane. Det einaste eg har å utsetja på artikkelen er vel kanskje at den godaste journalisten kunne ha prøvd seg på eit kurs i korleis bygga fullstendige setningar. Det er ikkje ofte eg etterlyser lengre setningar, men eit subjekt i kvar periode er eit minstemål, synes eg.

onsdag 3. juni 2009

Idyll

Nett no er veret i Lærdal litt schizofrent, utanom vinden då, som er meir manisk. Men det er ikkje lenge sidan det var retteleg harmonisk:
Lærdal om sommaren = idyll!
(Særleg når broderen har kjøpt hengekøye til mamma, og ein klarar å krangla seg til ein plass)

fredag 29. mai 2009

Norsk Villakssenter

Jepp, her sit eg, på Norsk Villakssenter i Lærdal, og svarar på dumme spørsmål (istadenfor å svara på dei same dumme spørsmåla på turistinfoen). Men det skal og seiast at arbeidsoppgåvene her på senteret er vidare enn på turistinfoen. I Gamlegata går stillinga ut på å svara på nemnde dumme spørsmål, og rydda litt (iallefall so tidleg i sesongen, det er ikkje alt som er heilt på styr). På villakssenteret skal ein vera seljar, resepsjonist, kinomaskinist, kokk, servitør, guide og fotomodell. Om dagen dermed er fyllt opp? Eigentleg ikkje. Det er nemleg ikkje grueleg mange folk å guida, selja ting til, setja på film til, gi røykelaks til eller hoppa framfor kameraet til...