Viser innlegg med etiketten Meta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Meta. Vis alle innlegg

torsdag 2. juni 2011

Flytta blogg

Bloggen min får ny tilhaldstad. Etter tre-fire år på blogspot kjente eg at det var på tide med endringar, og wordpress er dermed ny heim for Kort møte. Eg kjem til å behalda denne bloggen òg, i tilfelle det skjer seg på hin, men enn so lenge er de hjarteleg velkomne til kortmote.wordpress.com!

måndag 28. mars 2011

Eeeeh...

Dei som kan noko om blogging, seier ein skal utnytta det når ein opplever ein topp i besøkstalet. Joda, eg ser den, men mitt mål er ikkje å tena pengar. Mitt mål er ikkje å få merksemd. Mitt mål er ikkje å endra heile den store verda. Mitt mål er å underhalda - meg og andre. Mitt mål er å nå venene mine - og kanskje ein og anna annan forvirra sjel. Mitt mål er å endra ein pitteliten del av verda, min pittelille del. Derfor fortset eg i dag med eit av prosjekta mine, ein av måtane eg kjem på ting som gleder meg, og kanskje inspirerer nokon av dykk til å komma på kva som gleder dykk.
e for Emma
Eg er jo litt galen etter Jane Austen. Eg kan det meste om bøkene hennar. Hugsar godt sitat frå filmane. Er (meir enn) bittelitt forelska i alle heltane hennar - og eit par av kjeltringane. Favoritten skiftar mellom kvar gong eg les eller ser noko. Men 2009-versjonen av Emma, det er nok absolutt ein av favorittane. Når Emma og Knightley svingar seg på ballet, ser ein dei fyrste gnistane. Og når Mr. Knightley kjeftar på Emma med den opprevne og triste stemma, då skjønnar ein at noko spesielt har skjedd. Badly done, Emma, badly done indeed! Tenk at noko so fælt kan vera so romantisk. Sukk.

e for eufemisme
 Nei, eg likar ikkje eufemismar. Som folk flest vil eg at folk skal "sei det dei meinar," kva no det betyr. Ein skal ikkje pakka krig inn i væpna konflikt, oppseiing inn i frigjera arbeidskraft. Men eufemisme er eit av framandorda eg fyrst kunne slå om meg med etter at eg byrja på språkstudiane, og eufemismar er òg eit av døma på kor mektig språk er, og kor viktig det er å vera medviten denne makta.

e for Edward Saksehånd
Eg var ikkje svært gamal fyrste gong eg såg Edvard Saksehånd. Det var ei opprørande hending, eg tenkte mykje på Edvard i tida etterpå. Den var ikkje heilt ekte, den var som ein draum - eller eit mareritt. Og det stemmer jo det, har eg sett i ettertid. Eg likar å tru at dette er ein av dei filmane som har forma meg, ein av dei som har fortalt meg noko om korleis det er å vera menneske. Eg er ikkje Edvard, men kanskje kan eg vera ein av venene hans, ein av landsbybuarane som ikkje snur seg vekk frå han? Eg håpar eg kan klara det, viss eg må ta valet.

e for Ella Fitzgerald

Den dama. Den stemma. Den stemninga. Haustkveldar og sommarnetter. Lyse dagar og mørke timar. Glade turar og melankolske stunder i sofakroken.

Dette var nokre av mine e-ar, eg kjem til å komma på fleire i dagane framover, kjenner eg meg sjølv rett. Men viktigare: har du nokre fine e-ar?

What? Why? How?

For English, see below

For engelsk er naudsynt i dag...
I dag skjedde det noko mystisk. Eg har vanlegvis frå 10-50 (på ekstremt gode dagar) daglege treff på bloggen min. Dei fleste besøkande er frå Noreg, utanom nokre få vener i eksil, og nokre som dinglar innom på diverse vis, av ukjente grunnar. Eg føl sjølvsagt nøye med, statistikk er moro. Ok, ikkje mystisk, heilt vanleg. Men i dag, i dag er ein mystisk dag! I dag har eg hatt 464 treff, heile 94 frå Noreg og 356 (TREHUNDREOGFEMTISEKS) frå USA. Kva skjer?! Kor kom alle desse frå? Korleis kom dei hit? Det er ingen spor i statistikken elles som seier kor dei kom frå, ingen ukjente lenkjer eller rare søkeord. Teoriane er mange. Eg likar t.d. den som seier at eg er populær, men korleis vart eg det? (Dessutan vill ikkje ein amerikanar skjønt eit ord her...) Min fyrste tanke var lik Frida sin: eg er overvaka, eg har skrive for mykje om Jeriko. Eg har nok sett for mykje på Presidenten i det siste, sanninga er antakeleg kjedelegare, og den er det nok berre Google som kan gi. Selskapet Google, ikkje søkemotoren. Hadde det endå vore so enkelt. Men hovudspørsmålet mitt står att: Kven er desse folka?!
English: (because English is necessary today)
Something mysterious happened today. I usually have from 10 to 50 (on really good days) daily hits on my blog. Most of the visitors are from Norway, except a few friends in exile and a few who drops by for unknown reasons. Of course I keep an eye on this, statistics is fun! But today, today is a mysterious day! Today I have had 464 hits, as many as 94 from Norway and 356 (THREE HUNDRED AND FIFTY SIX) from the US of A. What is happening?! Where did all these people come from? How did they get here? There are no clues in the statistics that can reveal this, no strange links or funny searches. The theories are plenty. I like the one where I am popular, but how did that happen? (And by the way, Americans would not understand a word in here...) My first theory was similiar to my flatmate's: Someone is investigating me, I have written too much about Jericho. But I have probably watched too much West Wing lately, the truth is likely to be quite boring, and it is probably only Google who can give it. The company, not the search engine - if it were only that simple... But my main question remains: Who are these people?!

onsdag 2. mars 2011

Statistikk-takk

Eg likar statistikk! Eg likar at ein kan sjekka SSB og sjå kva som var dei mest populære namna i 2010, og le litt av dei som kalte ungane sine nett det (sjølv om eg bør vera litt forsiktig med nett det, som vart kalt Mari midt på 80-talet). Men særleg likar eg slik statistikk som har med meg å gjera, det er den beste typen. Mellom anna likar eg statistikken som seier at Lærdal sitt folketal auka med 25 stk i løpet av 2010 - og at Porten får dette til å verta 45. Interessant teljing der altså.

Og ikkje minst likar eg statistikk-knappen på bloggen. (Dersom du har blogger-blogg og ikkje veit om denne enno - finn den! Gå til "utforming" og so "statistikk.") Her finst det oversikt over kor mange som er innom bloggen, kven dei er og korleis dei kjem seg dit. Moro!

Eit utdrag frå statistikken den siste månaden (1. februar-2.mars):
Bloggen har hatt 731 besøkande. Av desse var 628 frå Noreg. Elles på topplista over land ligg USA, Spania, Kenya, Belgia, Storbritannia, Nederland, Japan, Israel og Tyskland. Israel (hei Live), Kenya (hei Nina), Spania (hei Lene) - desse kan eg skjønna. Men Nederland? USA? Kven kjenner eg der? Elles kan eg lesa meg fram til at 27% av dei besøkande har skjønt at det er Firefox som er noko, men 27% sit òg fast i Microsoft-bobla og nyttar Explorer. Det er òg godt over halvparten som nyttar Windows, medan berre 33% er Mac-brukarar (men det er jo ikkje so gale berre det, lesarane mine er ikkje nokon kven som helst).

Det mest leste innlegget var Ikkje les på lesesalen. Det skulle ikkje forundra meg om det er ein del lesesalsfolk som står for den biten... Dei fleste lesarane mine kjem innom bloggen via Bloglovin, som er programmet som gjer at lenkjer til innlegga vert lagt direkte ut på fjesboki. Ikkje noko mystisk der altså. Det er òg ein del som kjem frå vener sine bloggar - det er kosleg! Og so er det dei som finn bloggen via Google, og det er jo alltid spanande. Dei vanlegaste søkeorda har, naturleg nok, den siste månaden vore variasjonar over "casa murilo show some restraint", men òg søkeord som "alexander von mehren", "februardikt", "kort møte", "lærdal" og, forundarleg nok, "kva heiter statsministeren i storbritannia" har ført folk til meg. Eg må innrømma at dei fyrste kan eg sei litt om, medan det siste har eg vel aldri nemnt med ei staving (men eg kan fortelja at han heiter David Cameron, om nokon lurte - og nokon lurer jo).

Ser de? Statistikk er moro! (særleg so lenge den handlar om meg og mitt)

måndag 17. januar 2011

Ynskjebrønn

Natt til søndag skreiv eg skjønnlitteratur. Det har eg ikkje gjort på ei stund, og so vanskeleg det var so fann eg vel fort ut at det vert lenge til neste gong òg. Sidan resultatet vart ei novelle på ca ei halv side, trur eg eg erklærer det eit dødfødt forsøk, og skal skåna dykk alle, og meg, frå ei skremmande leseerfaring. Men problemet her er ikkje at min innebygde forfattar er daud, men derimot at eg likar å skriva. Og eg likar særleg godt å skriva ting som ikkje er mi eiga masteroppgåve - og ikkje skjønnlitterært heller, viser det seg. Og som den alt for korte novella (finst det noko kortare? Scene?) med alt for mykje regn òg illustrerer, so byrjar fantasien min å gå litt tom. Derfor har eg tenkt å overlata nett det til deg, kjære lesar.

Ideen om ein ynskjebrønn har eg teke frå Magnhild, som gjorde nett dette for nokre år sidan. Den går altså ut på at oppfinnsame og/eller nysgjerrige blogglesarar kan ynskja seg kva eg skal skriva om (gjerne i kommentarfeltet), stilla spørsmål, komma med påstandar eller tema, og so skal eg prøva so godt eg kan. Resultatet er heller usikkert, det er klårt - men det er de som må komma med starten. Kun fantasien, og min eigen sømelegheit, set grenser. Tør du?
http://www.tdcomics.com
 P.S. Til bekymra foreldre, studiekameratar osb: Dette skal på ingen måte gå ut over masteroppgåveskrivinga. Den går so haltande på eiga hand...

tysdag 21. april 2009

Lite action, mykje panikk

Det er kanskje nokon som lurer på kvifor det er sopass lite action på bloggen for tida - til vanleg er det berre daudt når eg er heima og ikkje må lata som eg gjer noko fornuftig. Grunnen er den at eg helst vil skriva om noko positivt, og sjølv om det er mykje moro i byen, er det ein ting som overskuggar det: eksamenspanikken.

Eg har altså fått ein vill eksamenpanikk, for fyrste gong i mitt liv sit eg heile dagane på UB og sukkar, og eg veit ikkje heilt korleis dette skal gå. Eg veit jo at det går, det gjer det alltid, men ikkje korleis. Og ja, det er alt for tidleg med eksamenspanikk, det er nesten ein månad til (eg er ferdig...)!

måndag 1. desember 2008

Adventskalendar

I dag er det fyrste desember, for dei som ikkje har fått med seg det. Og dermed er me i gang med noko av det moroaste i førjulstida: adventskalendar! Eg fekk ikkje med meg fyrste episode av Jul i Blåfjell i kveld, men må innrømma at eg trur eg minnest kva som skjer...

Men andre adventskalendarar har eg og. Me har fått ein av snille Magnhild, som prydar kjøleskåpet og som kjem til å bli svært spanande å opna. Eg gler meg! Og so har eg rota fram att den me hadde i Vognstølen det fyrste året i Bergen, og den skal etterkvart flytta seg ut av korga og opp på døri. I den står det songtekstar og bibelvers, og den har eg tenkt å dela med dykk.

1. desember:
Joli kjem når blomar gror
opp frå krigens brende jord
Joli kjem som mogen frukt
når me jagar hat på flukt
("Joli kjem", Sondre Bratland, Rosa frå Betlehem)

fredag 3. oktober 2008

Endringar!

Eg skulle jo skriva oppgåve i dag. Og ja, eg har vore flink student minst halve dagen, so det har eg gjort. Og so sendte nabo Gro melding: "Gå Vindhella?" "Gi meg ein halvtime," sa eg, ferda oppgåve fort og gale, og so gjekk me Seltåsen (ein har vel lov å ombestemma seg?)

Etter middag skulle eg liksom lesa, men med ein gong eg sette meg i sengi (eg veit, fyrste tabbe...) kom andre ting i fokus. Ein rask tur innom bloggen vart mange timar med omskriving av HTML-kodinga og leik med biletredigeringsprogrammet GIMP, og so endte me her me er no. Eg er faktisk godt nøgd. Dersom nokon lurer på kor ideen kom frå kan eg tipsa om Tips for New Bloggers. Svært god side, med mellom anna informasjon om korleis skaffa seg tre kolonner og mykje anna snacks. Men eg trur eg skal gi meg her. Det er eit år (ganske akkurat) sidan eg oppretta bloggen, og no får det bli (minst) eit år til neste store endring, tenkjer eg. Men nokre små overraskingar kan vel komma innimellom...

(bilete: Stora Sokni sett frå Seltagalden)

onsdag 24. september 2008

Jokeren

Endeleg har eg sett den. Den siste filmen Heath Ledger fekk fullført, rekna som ein av hans beste rollar. Og endeleg fekk eg sett oppfølgjaren til den forrige Batman-filmen, ein film eg har venta på ei stund. Og det til tross for at eg aldri har vore ein stor fan av Lynvingen - det er likevel noko med han, noko mørkt og dystert dei andre manglar, noko mystisk og farleg.

Men denne filmen altså, The Dark Knight, den vart i meste laget. Eg må innrømma at eg ikkje såg so svært store delar av slutten, det var nok å høyra. Og då ei i salen hylskreik midt i filmen, var eg glad for at det var Einar som sat attmed meg, og ikkje ein eller annan som hoppa like høgt som meg (sjølv om eg trur han kvapp og...) Det er mørkt, dystert, det kn ikkje enda godt. Kvifor kan det ikkje gå godt i livet til Batman av og til og? Stakkars mann...

Attende til Jokeren (helten/-ane sjølv og resten av rollelista er flotte dei og, men dei kjem bak den fyren her). Eg såg spor av Jack Nicholson si gamle tolking, eg såg glimt av ulike Johnny Depp-rollar, men mest av alt var det ein sjukare, galnare Joker enn nokon sinne. Ei spelande tunge, galne augo, eit grin i ansiktet som får ein til å skjønna at folk er redde klovnar, og ei stemme som får det til å gå kaldt nedover ryggen på den som tillet seg å leva seg inn.

Eg kjem ikkje til å få sova i natt. I alle fall ikkje om eg skal tenkja meir på Jokeren og han hin, Two-Face. Derfor vert det her eit bilete av Heath Ledger frå ein (heilt) annan film me likar: 10 things I hate about you. Lettare å sovna, og drøyma godt, med det biletet i hovudet...

Oppdatering: Dette var innlegg 150 på bloggen! Gratulerar med å ha heldt ut so lenge, til meg sjølv og alle lesarar!

onsdag 9. juli 2008

Sumar i Sogn

Det er lenge sidan sist innlegg, men eg har god unnskyldning! Det er ikkje det at det har skjedd lite å skriva om (det klarar eg alltids å omgå på eit eller anna vis), men det har rett og slett skjedd for mykje. Eg har ikkje hatt tid til å skriva noko som helst. Men det skal det bli ei råd med no! Eg satsar på bilete som (nesten) kan tala for seg sjølv.
Frida og Anja på sykkeltur. Dette var den ettermiddagen me hang på Øyri heile dagen, spelte indiaca, åt is og avslutta med middag på Laksen. Ein flott onsdags ettermiddag!
12åringane ved Ljøsne skule var små, søte og hadde god plass i heimkunnskapen våren 1997. Sommaren 2008 er 12åringane blitt 23åringar, og til tross for at me er lika søte har me ikkje lika god plass å boltra oss på i førebuingane til 10årstreff etter barneskulen.


Det offisielle treffet vart avslutta med kaker - noko Ingrid verka glad for. Eg var godt nøgd med å få kosa meg med Johannes.

Karoline og Kristine, mine tidlegare sambuarar, har vore på besøk! På måndagen for me til nordsida av fjorden, med ferja til Sogndal og sidan tur til Nigardsbreen.

I går, tysdag, bar det sørover. Over fjellet til Aurland med stopp både på toppen og på utsiktspunktet på Stegastein. Enno ein gong fekk Kristine sjå grønt vatn, noko ho undarleg nok er svært begeistra for.
I dag vart det jordbærplukking og eting, før dei to jentene for til Bergen og Hønefoss for vidare ferie og/eller jobb. For min del er det slutt på ferien enn so lenge, og eg sit no på turistinformasjonen att, enno ein gong åleine, enno ein gong med strålande ver utanfor, enno ein gong med oppdatert blogg.

onsdag 26. mars 2008

Kor er "Fjortislista"?

Eg fann ut at mi liste over kjekke mannfolk for lenge sidan har utspelt sin rolle. Den vart rett og slett for lang - eg er visst ikkje so kritisk som eg trudde...
Derfor er den lista erstatta med ei bokliste, "Bøker i 2008". Eg brukte å tenkja på meg sjølv som eit lesande menneske, men det har dabba svært av dei siste åra. Derfor reknar eg med at denne lista kanskje ikkje vert so fælande lang med det fyrste, sjølv om eg gjer so godt eg kan. På den forrige bloggen eg hadde hadde eg ei liste over bøker eg skulle lesa ein gong i framtida. Den minska aldri, so eg har funne ut at for ikkje å bli deprimert er det lurare å skriva dei eg faktisk har lese. Desse bøkene er jo for det meste gode samtaletips i møte med meg og, dersom det nokon gong skulle trengast... (Eg tek sjølvsagt ikkje med verken dameromanar eller pensumbøker på lista, då vert eg både flau og oppgitt...)

Forresten, eg er attende i Bergen, derfor kjem det sikkert fleire blogginnlegg utan innhald i tida framover.

søndag 2. mars 2008

Ja, eg ser det sjølv...

Ja, eg ser sjølv at det er ein viss forskjel i seriøsiteten mellom mine mange innlegg... Lesarar av bloggen får heller ta det som det det er - både interesse og sære innfall.

tysdag 20. november 2007

Fjortislista

Som eg trua med i går, ser det ut som at fjortislista frå spacet mitt har gjennoppstått, utan dei drastiske endringane. So, nederst til venstre kan de alle nyta synet av namnet til mine kjekke mannfolk (I wish...)
Som eg og trua med i går, er Gregory Peck det nyaste tilskotet på lista - sjå han og nyt han! (gjerne i Roman Holiday :-) )
EDIT: dette gjer eg berre for å utsetja oppgåveskriving lengst mogleg...

torsdag 4. oktober 2007

Velkomen!

Eg bestemte meg brått i dag for at levetida for msn-spacet mitt er over for lengst, og at ein ny blogg trengs. Ikkje det at ein blogg verkleg "trengs", men ettersom eit av faga eg tek denne hausten omhandlar blogging, kan det henda eg i det minste blir minna om å oppdatera av og til...
So, eg vil med dette sei takk og farvel til mitt trufaste space, og ynskja velkomen til eit nytt og anleis innblikk i mi "vedundarlege verd". Kos dykk!