Viser innlegg med etiketten Palestina. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Palestina. Vis alle innlegg

fredag 18. mars 2011

Bak muren

Betlehem, februar 2008. Foto: Ingvild Søndenå



Natt til 12. mars vart ein busetjarfamilie nord på Vestbreidden drepne. Gjerningsmannen er enno ukjent, men både Israel og busetjarane i området er sikre på det er ein palestinar. Dette merkast godt i Palestina, og Live Håberg frå Førde skriv om det her. Ho er i Tulkarm på Vestbreidden for tida, der ho er ledsagar for EAPPI. Bloggen hennar er verdt å fylgja for dei som vil få eit innblikk i korleis livet er på innsida av muren. Sjølv har eg site med klump i bringa fleire gonger den siste veka, medan eg har fulgt hennar oppdateringar, både når det gjeld situasjonen kring drapa i Itamar og forteljingane hennar frå checkpointet Taybe.

Les òg gjerne dette blogg-innlegget frå TV2-reporter Fredrik Græsvik, som òg skriv om det som har skjedd i Midtausten den siste veka, det som er blitt gløymt oppi alle andre verdskatastrofer.

tysdag 2. november 2010

Om Jeriko, att

Ghaida, GoCY-ar i Noreg i fjor, skriv på KM-sidene om Jeriko sine 10 000 år, og kva dette betyr for byen og Palestina

måndag 18. oktober 2010

På verdsnyhenda

At verdas eldste by feirar 10 000 år har heldigvis fleire fått med seg - som CNN og deira like. At det sneik seg med ein lærdøl er kanskje ikkje like sjølvsagt, men han gjorde ein god figur. Betre enn guvernøren, som er han bak han i t-skjorta...

Oppdatering onsdag: Og i går var gjengen atter på Vestlandsrevyen, denne gong var det gitarist Marius og synthdramaet som sto i fokus. Ryggen min er og med!

søndag 17. oktober 2010

I Belong There


I belong there. I have many memories. I was born as everyone is born.
I have a mother, a house with many windows, brothers, friends, and a prison cell
with a chilly window! I have a wave snatched by seagulls, a panorama of my own.
I have a saturated meadow. In the deep horizon of my word, I have a moon,
a bird's sustenance, and an immortal olive tree.
I have lived on the land long before swords turned man into prey.
I belong there. When heaven mourns for her mother, I return heaven to
her mother.
And I cry so that a returning cloud might carry my tears.
To break the rules, I have learned all the words needed for a trial by blood.
I have learned and dismantled all the words in order to draw from them a
single word: Home.

Mahmoud Darwish

laurdag 16. oktober 2010

Jerusalem

Her kjem siste (?) Palestina-innlegg i denne omgang, skrive litt på overtid:

Etter å ha venta på bussen, funne ut at bussen var bestilt ein dag seinare, bestilt bussen, og lasta i bussen, for me mot Jerusalem - i fyrste omgang. Seinare venta Lærdal, via Tel Aviv, Wien og Gardermoen. Det verka langt fram i tid - vel, det var langt fram i tid...

Gravkyrkja
Guiding i Jerusalem, det er ikkje gjort i ei handvending - særleg ikkje når det er 45 stk på slep etter to guidar som ikkje er heilt einige om kva som skal visast. Men me vandra no på Via Dolorosa, fekk sett Klagemuren og enda opp i Gravkyrkja, alt stappfullt, som det skal vera i Jerusalem. Heile tid klødde det i shoppefingrane hjå nokon og ein kvar, men det rakk me ikkje. Kvar einaste gong oppdagar ein det same - ein får for lite tid i Jerusalem. For også denne gong vart shopping nedprioritert, og folk kom heim med meir shekel enn dei hadde rekna med. Og også denne gong står Tempelhøgda med Klippemoskeen og Al Aqsa-moskeen uvitja. Ein gong skal eg dit og! Og også denne gong var Oljeberget og Getsemanehagen berre ein draum på andre sida av ein mur - me kom etter stengetid... Jaja, so har me noko å finna på neste gong me kjem og.
Jerusalem: Turistar, souvenirar, munkar og bakverk
The New Gate i kveldsskrud
Me sette oss til rettes på Jerusalem Panorama Hotel, eigd av familien til den eine (lett irriterande) guiden. Mat og kvile, det gjorde godt. Utsikt mot Gamlebyen i mørkret hadde me og. Og ved midnatt la me byen bak oss, og sette kursen mot Tel Aviv og Ben Gurion. 2,5 timar med køståing etter, var eg gjennom alle kontrollane, og berre vegen og tida låg mellom meg og Lærdal. Ei rar kjensle å forlata Palestina like lett som me kom inn, for for min del vart det lite ekstra sjekkar og spørsmål i høve det eg har vore borti før. Det er sant som dei seier, ingenting vert rutine i dette landet - ikkje ein gong når alt går enkelt og rutinemessig for seg.

32 timar etter at me forlot Hotel Intercontinental i Jeriko, plukka pappa oss opp på Ljøsne skule i Lærdal. Heime venta lasagne og brownie, og lyttande øyre som ikkje hadde alt for mykje i mot å høyra om eventyra våre. Og det var godt, for me har mange eventyr enno som ventar på å verta delte.

fredag 15. oktober 2010

torsdag 14. oktober 2010

Avskjed

I det eg fylte 25 år svinga me vekk frå Getsemanehagen og muren kring Gamlebyen. Å, kor feil det kjentest, å køyra vekk frå Palestina i det eg byrja ein ny del av livet. Jerusalem er ikkje "mitt" Palestina, det er enno eksotisk og framand (og meir om det kjem seinare) - og store delar av byen er jo absolutt ikkje Palestina. Men det er likevel eit sterkt symbol, og å snu ryggen til dette landet i det det vart midnatt og eg entra andre halvdel av tjueåra, var rett og slett feil. Tårene rann på veg mot Tel Aviv. Ingenting er sikkert her, særleg ikkje framtida, men eg kjem attende. Inshallah.

Etterord: Halvvegs mot Tel Aviv la mamma handa på armen min. "Om 25 minuttar er det 25 år sidan eg vakna og kjente at eg hadde rier. Me var spente då." Takk, mamma, for at du enno deler spanande opplevingar med meg, og vart med/tok meg med på denne turen.

Etterord 2: "Arrivals" sto det på alle skilt inn mot flyplassen. Eg tenkte berre "Avskjedsvals"

onsdag 13. oktober 2010

Kyrkjebesøk og hagegangmiddag

I går var den store turistdagen - men med Issa som guide vil det sei ei god blanding av alt. Me byrja med å reisa til Ramallah, for å besøka Arafat si grav. Det er eit fint monument, men det vert mykje retorikk på ein slik stad. For meg er det viktigast at eg no kan sei at eg har vore i Ramallah og (sovidt).

Frå Abu Dis til Jerusalem
Me for vidare til Abu Dis, for å sjå på muren. Dette var eit sterkt møte for mange trur eg, å sjå korleis muren deler Abu Dis i to, og skil Vestbreidden frå Jerusalem. Det hjalp og på forståinga då me sto i kø etter kø med bussen, medan me såg bilar susa forbi på bypass-veger kring oss. Og opp med passet måtte me og, på heimreisa. Eg håpar berre me fekk fram forskjellen mellom Israel og okkupert Palestina, for det er flytande overgangar her.
I Betlehem fekk eg endeleg falafel frå karen på hjørnet av Manger Square att! Det trur eg er det beste eg veit, eg er over snittet begeistra for akkurat den falafelen. Mamma var og einig i at den var god, so det er ikkje berre noko eg innbiller meg... So kom me oss, etter mykje om og men, inn i Fødselskyrkja, men det var inga stor oppleving - då stemmer eg heller for falafel. Sendt rundt som forvirra kveg, i kø for å oppleva det heilage, det betyr lite då. Men so har me no sett staden Jesus vart fødd, då, etter det dei seier... Me var forresten på Hyrdemarkene og, denne gong. Det har eg jo ikkje vore før, ikkje slik skikkeleg. Fyrste gong i Betlehem var me jo mykje på Sheperd's Field YMCA, og me åt på The Tent i Beit Sahour, men me var ikkje på markene. Det var me kanskje ikkje denne gong heller, og det vart knapt med tid - den avgåtte rådmannen er ein hard reiseleiar - men eg fekk tent eit lys i grotta og håpar på fred på Jesus sin fødestad.

Eg drog med mamma og Guro til souvenirhandlar John etter at me hadde kjempa oss ut or kyrkja att. Han tek nok stive prisar av oss, i høve mange andre, men det er ei fin oppleving å handla hjå han. Kor mange souvenirhandlarar kjenner du som klemmer deg når du kjem inn døri? Og her er det lite mas, berre service, latter og litt lite pruting. Me stakk innom ein an på veg mot bussen, og kjente forskjellen, då er det verdt dei ekstra shekelane å ikkje verta nedrent.

Frå Betlehem mot Jeriko
Etter hurtigsoving på hotellet, etter å ha forsert Palestina i solnedgang, venta hagegangen til Juma. Nedover den stod hagebord, kjøkenbord og utebord på rekke og rad, med og utan duk, med og utan bein, ordna med limband og kosteskaft. Sitjeplass og dekke til ca femti gjester var ordna. Heile familien, naboar og vener var i sving med servering av kaffi, te og middag, meir kaffi, frukt og søtsaker. Bak den vesle butikken han har i enden av hagen brekte det sårt frå ti sauer, den siste var nyslakta og låg i yoghurt inne i huset, før den vart aust på fat og servert. Mansaf er ein rett gitt til storfolk og prominente gjester - ein stor kompliment frå ein mann med eit stort hjarta. Smaken var skarp og ukjent, eg må innrømma at komplimenten kanskje ikkje smakte heilt som eg (trudde eg) hugste frå Abu Sultan i fjor, men med lefser til forrett og ikkje minst store mengder sitrusfrukter både frå Juma sin eigen hage og marknaden, var me gode og mette når det var på tide å reisa. Juma er sjølve inkarnasjonen av gjestfridom, og ein me kunne ha lært noko av, nokon og ein kvar. Alltid førekommande, alltid venleg, alltid omtenksom, aldri ventar han noko attende. Å gi er den beste gåva, verkar det som han lever etter - sjølv om det for oss er vanskeleg å alltid berre ta i mot.

No sit eg i resepsjonen på Hotel Intercontinental. Det var for få minuttar sidan stappfullt av russarar med øyrepluggar og store koffertar, guvernøren og ordføraren. No er dei på eit rom for ein offisiell mottaking, og dansejentene våre spelar for dei. Dansegutane står utanfor å trippa - kanskje/kanskje ikkje er det plass til å dansa dabkha for dei prominente gjestene. Om berre 40 minuttar går bussen frå Jeriko til Jerusalem, om 12 timar vidare derifrå til Tel Aviv. Ein gong seint på natta/tidleg i morgon tuflar me oss inn på flyet til Wien, og skal vistnok enda i Lærdal i morgon kveld - kjenner at dette er ei reise eg ikkje vil leggja ut på... Både fordi ho er lang, men mest fordi eg kunne tenkt meg å vera her mykje lenger. Her kjenner ein vennskap på kroppen, ein kjenner urettferd. Her ler ein og sit med klump i halsen om kvarandre. Veret er ikkje å forakta (særleg ikkje det me har hatt denne veka, det regna jo til og med!), maten kunne lett gjort meg trillande rund, og eg er eigentleg heilt i mot å smørja på brødskiva mi - frå no av skal alt duppast i pålegget! Men slik er vel ikkje kvardagen i Bergen...

Oppdatering: Bussen er bestilt til feil dag, so no sit me no her - enno lenger. Eg vil jo ikkje reisa frå Jeriko, men på den andre sida er det seigt å berre venta. Då er det moro at gode vener er saman med oss - og Issa organiserar servering. Det er ikkje kvar dag ein er på russisk restefest, i Palestina."Nei, det mangt slag"

måndag 11. oktober 2010

Smil i Laerdal Garden

Mamma ville flyta i Dødehavet i dag. Eg har litt problem med Dødehavet, eller helst med opplegget kring det. Berre nokre få meter bortanfor hotellet sluttar plutseleg Palestina, i praksis iallefall, og det er Israel som styrer brtanfor - plantasjar, vegar og dødehav. Men flyta er jo moro, so det vart besøk i Israel - me håpar jo alle at ting skal endra seg ein gong i tida, at det er Palestina som styrer, men ein tør ikkje venta på det. Me er glad me var der tidleg, for klokka tolv var det heitt...

Etter dusj - og det trengs jo - var det tur til Kids Club og danseøving att. Dabkhaen "sat godt".
Lærdalslaksen var på plass att, litt skadd, men pynta for høvet. Autentisk det, altså.

Og so var det Laerdal Garden som venta. Me for avgarde med vaffler og popkorn, og var litt spente på oppmøtet. Men parken var stappfull! So masse ungar, og alle lika skravlete. Og det vart spel, latter, dans, bilete, og meir bilete. Bunaden vart varm, men vellukka, og alle var godt nøgde med kvelden. Det er godt å vera med gamle og nye vener, godt å verta passa på av store dansarar, og moro å oppleva festen når eit heilt nabolag vert samla. Men gubbevares kor godt det var å komma på hotellet, få lemonade, og skravla berre norsk, ikkje norsk-engelsk-arabisk-smil.
Photo - picture - one - one - wahed!
Mamma og Saed i sine nasjonaldrakter
Issa gjekk lei lyden - og tok saken i eigne hender
Forresten, smil er ikkje so gale berre det. "There is something here that makes us wanting to smile," sa mamma til museumsmannen frå i går, som var der i dag og var like begeistra for mamma som i går. Smil må ein ha - og smil er lett her. Særleg når det er festane som står i fokus, og vennskapa. Og det er jo fokus for oss her - men nokre gonger kjem tårene. For det er alvor bak smila, òg i Laerdal Garden på 10 000årsjubileum. 
Utsikt mot Jeriko nattestid

søndag 10. oktober 2010

Jubileumsbyen

Eg sit i lobbyen på hotellet, attmed NRK-journalisten vår. Me har nok litt av kvart å rapportera om heim begge to - men begge er i stuss om kor me skal byrja. Han diskuterar klypping med Guro - det var ikkje alt som var like vellukka. Og han leitar etter spaninga - eg tek det kronologisk:

I går tok Issa oss med på vasspiperøyking! Me er no ein del ikkje-røykarar, men det tek me ikkje so høgtidleg her nedi låndi. Mamma likte best lukta, eg er forsåvidt einig, men ein må jo prøva smaken litt og. No er det planar om Borhund HubbleBubble Bar - trur de det sler an?

I dag var me turistar på føremiddagen - litt i hurten og sturten, for Guro skulle på lydprøve før den store festen. Men me fekk no sett Hishams palass, høyrt historia og snakka litt om fred og filosofi og litteratur og slikt med han som sat i museet og limte saman potter frå 700-talet. Han var svært begeistra for mor mi, ho er ei sterk dame - og det har han jo rett i. Hishams palass er like imponerande som før, kanskje enno meir, sidan dei hadde kosta golvet slik at me fekk sett mosaikken i badet.

Det bar til byen for mamma og meg etterpå, me stakk innom svensken vår, sylvsmeden i sentrum. Fares veit kva norske damer likar, og hadde rydda fram både dei enkle smykka, Jeriko-smykka og dei med orientalsk bakgrunn. Og dei norske damene handla, både sølv og opalar. Medan smeden ordna nye lengder, stakk me på kafe og drakk "fresh lemon and mint" - mmmm...

Og so kom kvelden, og 10 000årsjubileet. Etter ettermiddagens lydprøve, var krisesteminga ikkje berre i emning lenger - synthen, som kosta 4000 år frakta - funka ikkje. Ny var på veg frå Ramallah, men me visste ikkje kor den var. Far til pianisten sprang rundt på Kids Club og leitte etter ledningar. Musikarane sto i gata og reiv seg i håret. På scena sto eit palestinsk rockeband, som steppa inn på kort varsel. So løfta felespelaren armane, og opp gata kjem Issa - med Ramallah-synthen. Kvelden redda. Og so song og spelte dei, berre halvanna time etter programmet. Ingenting det, på midtaustentid.

 Middagen, smårettar, mixed grill og langbord, var etterfulgt av ein tur til Security Academy, der den offisielle feiringa var. Mykje god musikk, både palestinsk og norsk (Trondheimssolistane), og me vart møtt av militørmusikk. Mamma skvatt godt då ei av uniformene rette fram handa og helste - det var den joggeskokledde dabkha-læraren vår... Og dei ordna stolar, vatn, utsikt. Jøsses, kor godt ivaretekne me vert!

Det er moro å vera i Jeriko når dei feirar 10 000 år. Det er rart å tenkja på at det har vore folk i denne oasen heile denne tida - kanskje litt vekslande kor mange og kor vellukka, men bustader har det funnest her sidan isen dekka Noreg. Rart å tenkja på. Og rart å tenkja på at vår korte sivilisasjon, vår korte historie, har gitt oss ein so stabil kvardag i høve tilhøve her. "The landscape - and the political situation - makes it not boring to live here..."

laurdag 9. oktober 2010

One-two-three-four


Me telte til fire, til seks, til tolv. Om att og om att. Innimellom stoppa det opp i latter - professoren på seksti var gjerne den som fyrst fekk i gang dette. Dei palestinske jentene vinka oss bort til der frisklufta strøyma inn, det trongs. Og litt te gjorde godt innimellom stega. Då dei lærte Per Spelmann kjente me oss ikkje so dumme - men so var det i gang med dabkhaen att. One -two -stomp -stomp -back- kickkick - step - kick- again!

Då var det godt med kaffi på ein gatekafe - eller i eit gatekryss. Arabisk kaffi med ekstra sukker, servert av ein smilande Juma som hadde leita oss opp, tråla byen til han fann nokon å spandera på. Og so var det lunsj/middag på Essawi, utsikt over Town Square og alt livet, luktene frå rista peaneter og nysteikt brød nådde oss, saman med Jerikolukta. Godt me ikkje skal vera lenger enn ei veke, eg kunne blitt god og rund(are) - vel, viss me hadde droppa "making dabkha"...

Ettermiddagen vart brukt ved bassengkanten, og sovidt i dødehavspoolen. Ein får litt av kvart på denne turen - Sydenferien er vel årets tillegg.

Oppsummert: Alt vel!

Jerikolufta

Oasen. Palmebyen. Sjasminbyen. Parfymebyen. City of the Moon. Eg er attende i Jeriko, og livet er godt! Reisa gjekk fint, frå Lærdal til Jeriko utan dei store stoppa. Overraskande fort gjennom Ben Gurion, kanskje var dei leie av å spørja ut store grupper - me ser nok ikkje so skumle ut no som dei eg har reist med før. På veg til Jeriko vart det inga soving, guiden fortalte om byar og biblesoger, for mange var det spesielt å reisa gjennom bibelsk landskap - for meg og, eg gløymer at det er dette området me er i, for meg er Palestina kjensfolk, god mat og, desverre, konflikt. Men framme i Jeriko sto Hotel InterContinental og venta, med store senger og kaldluft. Ute er det Jeriko-luft, varm og tett og full av kjente og eksotiske lukter, akkurat slik eg hugsar den.

Fyrste dag i Jeriko vart nytta til sightseeing. I gruppa på 45 stk er det mange fyrstegongsreisande. Eg må innrømma det var ein typisk "been there done that"-dag for meg, men det er altid moro å oppleva desse tinga gjennom andre. Sjølv i det mest turisttette området av Jeriko, der asiatiske nonner og amerikanske backpackarar står i kø for å komma inn i kabelbana, ser ein spor av okkupasjon - militærinstalasjon over det gresk-ortodokse klosteret og ei kvit busetjing i synsranda. Me deler nok alle oppgjevenheiten. Men so kjem me vandrande inn i Elishas kjelde, ei av dei store samtaleemna i fjor - og so ser me at det enno strøymer klårt kaldt vatn frå grunnen, og me ser at grunnen til at me er her enno finst - kjelda her er nemleg grunnlaget for oasen Jeriko og dei 10000 åra med busetjing her. 

Det skjer tin i Jeriko og. Overalt ser me spor av rydding og fiksing fram mot jubileet den 10.10.2010 kl 10. Nokre stader tvilar me på dei vert ferdige, som rundt Sakkeus sitt morbærtre. Men ved Elishas kjelde har byggeplassen frå i fjor endra seg til ein roleg hage etter eit travelt turistmas. Nokre av oss sakna sofaen i pauserommet, men det er no vakkert med brustein og drypvatning og. Når me so fekk te med sukker og mynte, so kjentest det heimakjent og -kjært.

Det same gjorde hotellet utpå ettermiddagen, dusj, middag og ein lang kveld ved bassengkanten gjorde godt for trøytte bein og hovud fulle av inntrykk.

fredag 23. oktober 2009

We will return

Dette står på ein nøkkel mellom hotellet vårt og byen - rett ved flyktningeleiren. For det er det dei ynskjer, å komma attende til landet dei måtte forlata i 1948 eller -67. Og når me no sit i lobbyen på hotellet, høyrer på arabisk musikk og ventar på å skulle forlata venskapsbyen vår, so er det det eg tenkjer og - eg skal attende! Det som er både tristt og godt med denne samanlikninga, er at det kjem nok til å skje før for meg enn for dei - eg kjem nok før attende til "mitt land" Palestina, enn dei til sine heimstader.

I dag var siste dagen vår i Jeriko. Me har rukke å gjera mykje i dag og, som besøk på Kids Club, i rådhuset, i kloster, Daudehavet og Lærdal Garden (jepp, ligg forresten i Lærdal Street). Og so hadde me avslutningsmiddag, ei tilstelling utan nokon plan - og som kunne å ha gått betre - men som likevel vart ein suksess. Det var på grunn av alle venene våre som kom - menneske som har vore i Lærdal, eller som me har møtt her, born og ektemakar. Stor stas! Eg trur ingen av oss gret, men for nokre var det nære på. For sjølv om venskapet er tett og kontaktflata stor, kan mykje skje på kort tid i denne delen av verda, og planar om "neste år" eller "2011" kan fort endrast. Likevel: I will return! Inshallah.

Eit tre

Går det an på same tid å mislika og beundra noko? For eksempel eit tre?

Ja, eit tre, men ikkje eit kva som helst tre. Dette treet er mange hundre år gamalt. Det er eit oliventre. Det står ikkje i nokon åker, men i ei rundkøyring. Det markerar innganen til den israelske busetjinga Ma'ale Adumim - og det burde ha stått på palestinsk jord.

Begge folka er gode på symbolbruk i retorikken sin. Palestinarane ser mot flagget, mot martyrane, undertrykkinga muren representerer og sin lange historie i området. Israel ser mot religion, militærmakt og sin historie. Det gjer akkurat dette symbolet, dette treet som er rive opp av jorda det eigentleg vaks i, plassert på ei trafikkøy som offer for vanskjøtsel eller påkjørsle, så sterkt. Det handlar om å overta ikkje berre land, men og symbol - og det handlar om manglande respekt for desse symbola.

Det gjer at eg både mislikar og beundrar dette treet. Mislikar det fordi det er eit stole symbol, eit symbol på undertrykking og ein stat som tek seg til rette - og beundrar det som det standhaftige treet det er, kanskje kan det gi håp til reisande på palestinsk område inn i framtida.

onsdag 21. oktober 2009

Reisebrev frå Jeriko

I dag vert innlegget frå Jeriko ein del av det eg har skrive i kveld. Ordføraren vår er nemleg god på å delegere, so i tillegg til å måtta halda eit improvisert føredrag om Lærdal, endte eg opp med å skriva reisebrev til Sogn Avis. Om dette skal brukast er usikkert, men me prøver. So får de lata vera å sladra om at eg nyttar ting før det kjem på trykk, og eg får heller oppmoda til å kjøpa laurdagsavisa...

– You're almost welcome, repeterar tolken vår. Me tek det i beste meining, og takkar. – Shukran. Den frasa har me lært, ikkje berre for å vera høflege, men fordi me har so mykje å vera genuint takksame for. DEt viktigaste er gjestfridomen me vert møtt med.

Me opplever mykje her i Jeriko, og ei i reisefølgjet kom med eit hjartesukk: - Det hjelper ikkje kva ein seier, me har jo ikkje ord som kan forklara dette likevel! Då tenkjer me på både det vonde me ser og høyrer, og alt det flotte me opplever. Eg vil likevel prøva å fortelja om ein ”vanleg” dag på tur i Jeriko.

Når eg kjem ned i lobbyen på hotellet står det ein bussjåfør og ein student og ventar på oss. Sjåføren tek stordelen av gruppa med til sentrum, dei skal besøka ein barnehage, medan nokre føl Nada til heimen hennar. Familien bur i ein av to flyktningeleirar i Jeriko, Aqabet Jaber. Far hennar kom hit i 1948, forvist frå det nyoppretta Israel. Sidan då har husveret endra seg frå telt til leirhus til eit nytt murhus, og tomta frå ein liten flekk til eit stort område med hage og hønsehus, men situasjonen som flyktning i eige land har ikkje endra seg på 61 år. Og flyktningestatusen er overført til borna. Her inne er alt lagt til rette av FN, men flyktingane har inga permanent adresse og dermed heller ingen demokratiske rettar. Nada prøver å roa oss frå kommune og politisk aktive liv: dei bryr seg ikkje så mykje om det her. Det er andre ting som er viktigare: utdanning, jobb, familie, overleving – og for ein del av dei kampen for retten til ein gong å returnera til fødestaden. Dei fleste her ser likevel ikkje det som sannsynleg, men dei drøymer om i det minste ein fri palestinsk stat.

Rett frå flyktningeleiren går turen til guvernøren for Jordan-dalen. Nokre offisielle besøk må ein innom, og ordføraren gjer heldigvis ikkje skam på oss. Det har han berre gjort ein gong på turen, då han sat sund dei nye utemøblane til verten vår – men me skuldar på dei fire dessertane han fekk den kvelden. Her viser dei nemleg gjestfridom gjennom mat, og då blir det mykje av den slags.

Frå guvernøren køyrer me ut av Jeriko og inn i israelskstyrt område. Me er litt nervøse når me passerar sjekkpunktet, men som nordmenn har me ingenting å frykta. For palestinarane kan sjekkpunkta derimot skapa forseinkingar på fleire timar, eller heilt hindra reise innan det palestinske området. Venene våre får heldigvis ingen problem i dag, og me kjem fram til ein landsby i ørkenen. Her besøker me en skule betalt av norske myndigheiter, og me ser at pengane frå norsk bistand kjem til nytte. I desse beduinlandsbyane har mykje undervising gått føre seg under open himmel, og gjer det til tider enno.

Mr. Abu Sultan tek i mot oss i sin landsby, ei samling hus og jordstykke som høyrer til storfamilien. Mannfolka møter oss og viser oss rundt, medan kvinnene held seg unna. Men etterkvart som ettermiddagen skrid fram, tiner òg dei opp, og dei unge jentene møter nokre av oss i maisåkeren. Det vert mykje latter og teiknspråk når ein skal kommunisera på to-tre språk ein eigentleg ikkje har felles, men me skjønnar kvarandre.

Kvelden vert nytta utandørs, med mykje god mat og god prat. Her er det den litt haltande tolkinga kjem inn, men med godvilje og mykje latter flyt samtalen likevel godt. Og når ein annan av gjestene i selskapet insisterar på at kvelden skal avsluttast med ein tekopp i hans hage, er me ikkje vanskelege å be. Trass i at eit hardt program ventar dagen etter, i dette høvet dagstur til Jerusalem og Betlehem, er det ikkje så freistande å avslutta. For medan dagane i Jeriko kan vera drepande varme, er kveldane nydeleg milde, med ei lukt av sjasmin og sitrusfrukt som er både spanande eksotisk og etterkvart svært velkjend og heimleg. For me kjenner oss svært velkomne her, og ikkje berre nesten. Og me kjenner oss takksame, både som får leva i eit land utan problema dei møter her, og som får lov å besøka denne verda med desse problema, og på same tid denne gjestfridomen.

(bilete: i Aqabet Jaber - far Damra, Anna, bror Damra, Nada Damra og Lasse.
Ørken.
På garden til Abu Sultan.
Eg og nokre av hans hundrevis av døttre...)

"Intizar, it means victory"

Intizar er ei av dei flottaste damene eg nokon gong har møtt. Ho var arbeidande mor til fem - fire døtre og ein son. Ho har to døtre og fem borneborn delvis i USA, delvis i Jeriko, eit par ungar i nabohusa og yngstejenta heime. Ho var naturfaglærar og rektor, kommunestyremedlem i ei tid då kvinner enno ikkje hadde allmenn stemmerett, og snakkar engelsk med gjestene sine utan eigentleg å kunna det. Ho reiser åleine til framande land (Noreg), men saknar og vert sakna av mannen sin når dei er frå kvarandre. Ho viser stolt fram utemøblane ho nett har kjøpt, men ler når ordføraren vår knekk den eine benken. Ho deler av humør, visdom og vemod - og for meg er ho sjølve Palestina.

Ei slik dame vil eg bli!

City of Palms

Palmebyen. Dadlar i klasevis, grøne appelsiner rett frå hagen og min fyrste smak av den velkjende pompelmus (hæ, berre eg som har eit forhold til denne sin innverknad på skjørbuk...?). Alt dette byr Jeriko på, som den jordbruksbyen den er. Her seier søner av entrepenørar med stoltheit i stemma at faren har kyllingfarm, og vidaregåandelærarane vert begeistra når ein fortel om jordbruksbygda Lærdal. Jorbruket er ein viktig og stolt del av Jeriko, takka vera kjeldene - og med dei palmetrea.

I dag har me hatt noko same program som i går, men likevel so anleis. Me byrja dagen på ein ny guteskule. Her hadde dei bibliotek og naturfagsrom, data og stor leikeplass. Men 570 gutar, 23 lærar og 15 klasserom - det kan bli i meste laget etter lærdalske standardar det...

Etter skulen var det på tide å vera turistar att. Trass i nokre nervøse blikk og klamme hender her og der, frakta kabelbana oss trygt opp på Mount of Temtation, der me vart tekne i mot av ivrige smykkeseljarar (ei freisting ikkje alle greidde å stå i mot), og ein noko sur prest. Stakkaren bur der året rundt, er aldri nede i byen - og ser ikkje heilt blidt på alle desse turistane som kjem tuflande innom hans einemerke. Men klosteret her er flott, hengane over Jeriko som det er, med utsikt mot Dødehavet og Jordan, og palmene som eit teppe nedanfor sandsteinveggene.

Ettermiddagen vart nytta hjå eit par kvinneorganisasjonar for min del. Her er det kvinnene som verkar som dei driftige - sjølv om det sikkert finst bra mannfolk og - og både Jericho's Women's Benevolent Assosciation og sjølvsagt "min eigen" YWCA driv arbeid ein berre må sjå opp til. Særleg kosleg var det å treffa att nokre av damene i matlagingsprogrammet til YWCA, som enno, halvanna år seinare, sat og trilla pasta med kjøtfyll.

Anna, min barneskulelærar og "reiseleiar", har øyredobbar med palmer i. Dei kjøpte ho av ein svensk palestinar her i Jeriko, og ho har drege med oss alle innom hans sylvsmie. Og endeleg var det min tur til å enda opp der, bortimot eit par timar vart nytta der. Og eg har no type ingen pengar, ettersom minibank enno ein gong kom i andre rekke (og dei visstnok må besøkast før halv to for å virka).

Etter at ein av oss kom seg ut av arresten (no kidding, slikt kan skje her...), var me invitert heim til ein gamal kommunist - far til Wiam, vår kontakt i kommunen. Der fekk me smaka grøde frå hagen, før turen gjekk vidare til ulike familiar på middag. Me åt heime hjå Intizar og familien. Og hjelpes til middag: Her snakkar me suppe, hovudrett (som jo ikkje er berre ein rett, men ti eller so), og fire dessertar! Og ikkje minst ein fantastisk kosleg og imøtekommane familie, gode samtalar og stor grad av utveksling av takk. So ser me vekk frå at ordføraren vår sat sund ein benk - me skuldar på for mykje dessert...

(bilete: palme.
Kabelbana opp mot Mount of Temptation.
Taket på staden der Jesus sa djevelen midt i mot. I denne delen av verda er det lurt å sjå opp om ein er i heilage hus.
Utsikt over Jeriko frå fjellet.
Damene på YWCA.)

måndag 19. oktober 2009

Sjasmin

Kva namnet Jeriko kjem av er omdiskutert. Nokon meinar det kjem av det arabiske ordet al-Riha, som betyr parfyme. Byen luktar nemleg av sjasmin, frukt, mynte, krydder og mat. Vinden luktar litt salt, og ber med seg litt sand. Blandinga er herleg eksotisk, men er blitt overraskande kjent. Perfekt for seine kveldar, litt heftig for varme middagstimar.

I dag har me sett skule. Jenteskule. Takka meg til blandaskule, der kan kjønna jekka kvarandre litt ned. Ordføraren med frue og underskrivne vart nemleg nesten sjokkert av lydnivået på ti-tolvåringane - og to tredeler av oss har vore jentungar sjølv. Men dei snakka engelsk, skjønte litt, skravla desto meir, og var opptekne av bilete og namn og alder. Jenter... I morgon ventar forresten gutane, so me er spente.

Og so besøkte me mosaikkverkstaden i Jeriko! Eg er fascinert. Hadde eg vore ein netthendt, tolmodig person med rom- og fargesans skulle eg blitt mosaikkarbeidar. Eller glasblåsar. Det såg me ikkje live, for glas vert laga i Hebron, men vakkert er det.

Kvelden kom med fløyelsmørkret og sjasminlukta. Den naut me utandørs. Fyrst på gardsplassen til verdas minste gamle dame, som serverte te til skremmande mange ut av eit hus utan golv. Men når golvet innandørs manglar, sit ein ute, og sjølv om rikdommen ikkje er til stades, er gjestfridomen der. Kosleg.

Eg er forresten ikkje særleg rik eg heller. Ok, det er løgn i denne delen av verda, men det hjelper ikkje med all verdas pengar (studielånet for oktober) når det ikkje finst stad å få den ut. Ein halvtime i sentrum vart brukt til å leita etter minibank, fyrst ein som ikkje gav oss noko anna enn jordanske dinarar, sidan ein som ikkje virka i det heile. Gikk ikk. Med på turen fekk me ein afrikansk/amerikansk Obama-tilhengar, som følte seg mykje tryggare i følgje med tre norske damer enn åleine Jeriko i kveldsmørket. Og eg skjønnar han trengte litt støtte, for me var fleire som fekk ein støkk i oss når minibanken til CairoAmman byrja å svara attende: "No shekel here! Go down the street!"

Kvelden vart avslutta på eit tak, enno ute i mørkret, men med lysa frå Jeriko nedanfor oss, og den søte lukta frå byen og den fantastiske upside-down (makluba) kring oss. Og kaffien. Eg elskar arabisk kaffi, det er søtt, godt, med masse smak - og etter fire-fem koppar (trass i dokkestorleiken) om dagen (og omlag det same i te) er ein ikkje nett klar til å legga seg når kvelden kjem. Helst vil ein nyta fløyelsmørkret, sjasminparfymen og det gode selskapet døgnet rundt.

(bilete: Fruktfat
Thomas omringa av skravlande jenter (ein vanleg situasjon for han kanskje..?)
Detalj av mosaikk. Kopi av golv i Hishams palass.
Makluba, kaffi og frukt på taket til Ghazi.)

søndag 18. oktober 2009

Oasen

"Paradise is peace, and hell is... spicy food"
Me sat under druerankane med ei vifte i tverrbjelkane og te med sukker og mynte i glas framom oss. Samtaleemne var framtida til Palestina - og mat. Poenget var at himmel og helvete ikkje er slutten, men ei meining, eit konsept, eit her og no. Og himmelen her er enkel, og uendeleg vanskeleg: fred.

Ja, no er eg endeleg attende i Palestina. Reisa var lang (fire-fem timar på flyplassen i Wien med eit noko strengt budsjett er ikkje å anbefala), men me slapp fram utan dei store forseinkingane. Me var absolutt sist ut av Ben Gurion i Tel Aviv, men slikt må ein rekna med når ein er so suspekte som oss: Vestbreidden som reisemål, brev frå den norske ambassaden, fleire som hadde vore her før, ein kar med dreads osb. Men so kom me fram til Hotel Intercontinental, og då forsvann på ein måte den verkelege, vanskelege verda att...

Dagen i dag byrja med møte med ordføraren i Jeriko, ein mann med mykje prat i (særleg dersom det er ein mobiltelefon involvert), og flinke medarbeidarar. Deira ordførar heldt tale, vår ordførar heldt tale, gåver vart utveksla, og so slapp me ut. Etter å ha skapt allmenn uro på gata utanfor rådhuset - fordi bilen vår ikkje starta - kom me oss endeleg avgarde til Hishams palass, dei gamle murane og Elishas kjelde.

Elishas kjelde (ain al-Sultan) tilfører vatn til store deler av Jeriko by. Men vassnivået i kjelda søkk, fordi dei israleske busetjingane lenger opp i fjella leier vatnet vekk før det når hit. Marwan var alvorleg då han snakka om vatn til oss som klagar over regn i kalde Noreg - innan 2013 kan Jeriko vera tom for vatn, etter å ha vore by i 10 000 år, som den grøne oasen midt i ørkenen den eigentleg er. Jordanelva er knapt ein bekk for tida, staden der Jesus vart døypt eit gjørmehol. Ein av bøndene mellom oss sukka: "Eg skal ikkje klaga over vatning meir..." Og so går me der, langs ein varm og turr veg og ser ut over ein by som enno er grøn, og undrar over kva som kan gjerast for at den kan få lov å vera grøn og i framtida. Og ein kjenner seg makteslaus.

Vatn ja. Vatn skapar liv, og held liv i. Jeriko veks som aldri før, det er ein roleg del av Vestbreidden. Men det trengs vatn til alle desse menneska, til jordbruket Jeriko ein gong var kjent for, til turistane dei håpar skal gje nytt liv til byen, og til tolv stakkars nordmenn som drikk enorme mengder. For her er varmt! Eller forresten, dei forsikrar oss om at dette ikkje er so gale, "you should have been here in August" og "but it's only about 33-34 degrees." But but, it's not only only, for å sitera ein annan nordmann...

Ettermiddagen vart dermed nytta inne i kulden, i lobbyen på luksushotellet med Nada på besøk. Og so var det vår tur å reisa på besøk, til tre forskjellige heimar. Eg fekk komma heim til Marwan og hans Fufu, eit nygift par med kjønnsrollar som verkar sære på oss og so nyforelska at ein veit knapt om ein skal le eller gråte. Fine folk iallefall, god (og masse) mat, og både kake, te og kaffi - er det rart eg lurer litt på korleis det skal gå med sovinga i kveld? For det må sovast, i morgon ventar ein nytt langt program, med minst like mange sterke inntrykk som i dag.

(bilete: Utsikta frå rommet mitt - rett ut i audemarka.
Karen med dreads - Jostein - i sentrum.
Hishams palass.
Elishas kjelde.
Hotellfrosk.)

torsdag 15. oktober 2009

Vermelding

I dag byrja det å regna att i Bergen, etter ei veke med strålande ver og hasutfargar. Nesten litt bra, eg byrja lura på om eg var i rett by. Og nesten litt bra, so gløymer eg ikkje korleis regn ser ut. For i morgon legg eg ut på ei reise til ein stad der vermedlingane er ca slik neste veke:
Til dette symbolet høyrer orda: max 38, min 25. Staden er Jeriko, Palestina, og eg kjem til å daua av hete... Men det gjer ikkje noko, for eg gler meg som ein unge til å komma attende til Palestina. Eg skal reisa med Venskap Jeriko-Lærdal, og me skal snakka om kultur - eg om dans sjølvsagt. Moro! Eg håpar det vert oppdateringar her, men om eg har tilgang til nett er jo ikkje sikkert. Og so håpar eg eg kjem so langt, for fyrst skal det pakkast. Og er det ein ting som er klart om meg og pakking, so er det at me går dårleg saman...