Moro!
Det er ei stund sidan HT08, men dikta går ikkje av moten av den skuld. So får ein berre tru at nynorskkunnskapane ikkje er so haltande som denne teiknaren har frykta.
Run mad as often as you choose, but do not faint

Filmen er forresten vakker i seg sjølv, med fine bilete, god bruk av både skodespelarar og arkivmateriale og flott musikk. All narrasjon, som ikkje er formidla gjennom intervju av folk som kjende han, er utdrag frå dagboka. Dikta til Hauge er sjølvsagt med, og det er ei blanding av humør og alvor i filmen. Eg hadde av og til kjensle av at den fullsette salen kjende mannen på ein eller anna måte. Ei gjenkjennande humring gjekk ofte gjennom salen, medan det på dei mest opprivande tidspunkta i livet hans var ei nikking som gjekk att, og medkjensle som prega stemninga. Nokre dikt fekk smilet fram, andre sukk. Uansett trur eg Olav H. kunne kjent seg mellom vener i den kinosalen, sjølv om han til å byrja med var skeptisk til fjernsynet, og ikkje likte å bli filma.
Biletet er teke heima i Lærdal for akkurat eit år sidan. Mamma sender meldingar til mobilen min med vårbilete heimanfrå, antakleg for å minna meg om kva eg går glipp av som er i Bergen heile våren. Kjære mamma, eg veit det. Bergen er flott, men ikkje ein gong rhododendron og kristorn sler Lærdal, og kirsebærtreet i hagen der.
I huset har me fått ei ny sysselsetjing, nemleg diktskriving. Det er noko so enkelt som at eg kjøpte magnetpoesi på Norli, og so var me i gang. Ord frå min kjære Olav og Geirr Tveitt prydar no kjøleskåpet vårt (saman med eit bilete av Trond Espen Seim, uunngåeleg i desse Varg Veum-tider...) Og kreativiteten blomstrar altså, både frukost, middag og legging tek litt ekstra tid når ein må lesa det som er komme sidan sist eller setja nokre gullkorn på kjøleskåpet sjølv.
Einsleg, forvist