Viser innlegg med etiketten Konkurranse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Konkurranse. Vis alle innlegg

fredag 3. desember 2010

Happy

So var det avgjort, karen som er ferdig med masteren er lesesalen sin gladaste, Bjarte stakk av med seieren med denne lista:
1. Float On (Modest Mouse)
2. Good Vibrations (The Beach Boys)
3. Hey Ya! (OutKast)
4. Happy When It Rains (The Jesus and Mary Chain)
5. Here Comes The Sun (The Beatles)


Dei gladaste songane vart òg kåra. Meir slåande enn sist kom songar som finst på vinnarlista godt ut:
1. Hey Ya! (OutKast)
2. Here Comes The Sun (The Beatles)
3. Good Vibrations (The Beach Boys)
4. Kom igen Lena! (Håkan Hellström)
5. The 59th Street Bridge Song (Feelin' Groovy) (Simon and Garfunkel)

Lytt og bli glad!

tysdag 30. november 2010

Livet, døden og kjærleiken - hurra!

Etter ei noko deprimerande, men akk so inspirerande, veke når me fann fram til dei tristaste songane i verda, er me i gang med det som skulle verta ei lett og oppmuntrande veke – verdas gladaste songar. Om trist er subjektivt, er i alle fall glad det! Og ikkje klarar eg å ta denne konkurransen like seriøst – er det eit teikn eg bør ta alvorleg?

Eg har i alle fall enda med ei liste som seier noko om dei store spørsmåla i livet, denne gong og. Eg trur kanskje eg kunne teke alle songane frå Nordstoga-brørne, men har klart å halda meg unna. I staden enda eg med desse:

1. Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør (trad., Aasmund Nordstoga)
Døden. Om livet er ein fest, kvifor skal døden vera noko anna? Aasmund Nordstoga er den kjekkaste mjølkebonden på over førti frå Vinje me veit om, og so kan han attpåtil synga. Og det godt. Hans ”Kalle Petterson och Josefina” var ein sterk utfordrar til songen under – ingen bråkar när jag kommer, ingen grälar när jag går. Jag er ogift, vara lovat, här jag står!, men det måtte bli denne skal ein berre ha ein frå karen. Drikking, venskap, kvinnfolk, humor og ein som har sett spor etter seg – å bli vel motteken både hjå St. Peter og hinmannen kan vel ikkje vera det verste?

2. Giftasvisan (trad., her med Lyy)
Kjærleiken. Romantikaren i meg er kanskje, av og til/ofte, ueinig, men jammen meg er det godt å sleppa kynikaren til:
Tar man riker, blir man gärig, tar man fattig, felar mat
Tar man gammal, blir man knarrig, och tar man ung, så får man barn.  

3. Ta livet som det faller seg (Jungelboken)
Livet. Den skal vera på norsk. Det skal helst vera med film, eller i det minste rørsler. Den er optimisme og barndom. Finst det gladare bjørn enn Baloo?

4. Tiedemanns kafe (Postgirobygget)
Og so kjem romantikaren i meg farande inn frå sidelinja. Kjærleik på slutten av livet, litt melankolsk, men akk so fint. Og slikt vert ein glad av.

5. Yes (Merry Clayton)
Kjærleik. Punktum. Eller kanskje ikkje. Kanskje berre byrjinga - sjølv om det er rulletekstmelodien til Dirty Dancing. Romantikaren i meg kan ikkje stilnast...

fredag 19. november 2010

Saddest songs

Og so var det avgjort, kva som er verdas tristaste song - i følgje lesesalen på IF - og kven som er lesesalens tristaste. Den tittelen var det Ingvild som stakk av med, med denne lista:
1. Hope There's Someone - Antony & The Johnsons
2. And No More Shall We Part - Nick Cave & The Bad Seeds
3. Tonight - Lykke Li
4. Still My Body Aches - Thomas Dybdahl
5. Iris - Goo Goo Dolls

I tillegg skulle me kåra dei fem tristaste songane, også dette ved direktestemmer. Det vart sju (og i tillegg har eg ført på dei tre neste, slik at me får eit fint rundt ti-tal, i synkande rekkefølgje):
10. Why Does My Heart Feel So Bad? - Moby
9. Tears In Heaven - Eric Clapton
8. På nära håll - Kent
7. Jag hatar att jag älskar dig och jag älskar dig så mycket att jag hatar mig - Håkan Hellström
6. River - Joni Mitchell
5. Hope There's Someone - Antony & The Johnsons
4. The Funeral - Band of Horses
3. Don't It Look Like Rain - Jason Molina
2. Love Will Tear Us Apart - Joy Division
1. Strange Fruit - Billie Holiday

Noko av det kan, og vert, diksutert. Noko manglar heilt klart. Men det er jammen mykje vakker, sørgeleg musikk der ute, og å leita den fram må vera ein av dei finaste novemberaktivitetane som finst. Eg brukte i kvelden i går på golvet framfor omnen, med eit par akademiske tekstar og fire timar trist musikk. Det er ikkje den verste måten å nytta ein kald haustkveld. Du kan høyra (nesten) alle songane her. Du treng ikkje nødvendigvis høyra alle på ein gong...

tysdag 16. november 2010

Sad songs

As the quality of our lives decrease proportionally with the daily hours of sunlight, it is time, once and for all, to find out what is the saddest song of all time.

Ein diskusjon kring triste songar utarta seg, og slik vart "The Saddest Contest Ever" til. Ei veke, fem songar og litt avstemming seinare, skal den tristaste Spotify-lista i konkurransen, den tristaste songen i verda og den tristaste personen på lesesalen kårast. Ein morosam, absurd nok, konkurranse på mange måtar, sidan ein oppdagar musikk ein ikkje har høyrt på lenge, og må tenkja over kva som verkeleg rører ein.

Mi liste er som fylgjer (men kunne ha vore mykje lenger, og kan nok sjå heilt anleis ut i morgon):

5. Orda du gav meg - Odd Nordstoga
Orda er alt eg kan halda kring no. Og slik vert ein av dei flottaste kjærleikssongane i norsk språkdrakt til ein av dei tristaste. Ei linje er alt som skal til.

4. Empty Chairs at Empty Tables - Les Miserables
Skal ein høyra Les Miserables, skal det vera med Michael Ball som Marius. Og med Michael Ball som Marius finst det ingen musikalsongar med same rivande fortviling og vemodige avskjed. Og slikt må vera med på tristaste-lista. Kanskje vert denne pompøs i høve dei andre songane på lista, men av og til er sorga valdsam: Empty chairs at empty tables, where my friends will meet no more.

3. Heartache - A Girl Called Eddy
You can call him heartache frå Tears all over Town, det seier vel kanskje det meste? Elles er nok A Girl Called Eddy den ultimate haustmusikk, hjartesorgmusikk og synast-synd-på-seg-sjølv-fordi-oppgåva-ikkje-skriv-seg-sjølv-musikk.

2. Blåmann, Blåmann, bukken min (Aasmund Olavson Vinje)
Eg visste alltid kva som kom når bestemor strauk meg over hovudet og meinte eg burde sova. Det var oftast på stølen det skjedde, heima i Skjerdal gjekk det i Fager kveldssol smiler. Men på stølen, der song bestemor og bestefar Eg gjette Tulla og Blåmann, og eg turka stille tårer i halvmørket i køyesenga, eller krulla saman i fotenden av benken på Leim. I minnestunda til bestefar song me den - ikkje enno, Blåmann min. Mange år etter turkar eg enno tårer når Kirsten Bråten Berg syng Blåmann for eit fullsett Columbi Egg, eller eg kjem over den i ein ubevakta augneblink.

1. River - Joni Mitchell
Treng denne meir introduksjon? Verdas tristaste julesong, sungen av verdas såraste stemme. Tenk om ein hadde ei elv ein kunne sigla avgarde på...
 
Kva er dine sørgelegaste songar?

laurdag 25. september 2010

Litteraturkviss - eller bokhylla til Mari

I går var det lesesalsfest for IF. Me sat 35-40 stk på Livingstone i seks timar, skravla, lo og løyste kviss. Den hadde nokre av oss engelsk-folka stått for i fellesskap, med lesesalsansvarleg Kim som overhovud, og her er min del. Klarar du full pott? (Fasit ved forespørsel, evt ved eit seinare høve)

1. Kven skreiv El amor en los tiempos del cólera (Kjærlighet i koleraens tid)?

2. Kva heiter dei tre musketerane?

3. Kva er professor Dumbledore sitt fulle namn?

4. Nemn eitt år Gibran Khalil Gibran levde.

5. Kva forfattar skreiv desse kjente detektivane?
a. Sherlock Holmes:
b. Maigret:
c. Varg Veum:
d. Philip Marlowe:
e. Cordelia Gray:

6. Litterære par:
a. Marius &
b. Orlando &
c. Peer Gynt &
d. Edward Rochester &
e. Torbjørn Granlien &

7. Kjente opningar: (finn tittel og forfattar)
a. Det var i den tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania.
b. It is a truth universally acknowledged, that a single man in possession of a good fortune, must be in want of a wife.
c. En un lugar de la Mancha, de cuyo nombre no quiero acordarme, no ha mucho tiempo que vivía un hidalgo de los de lanza en astillero, adarga antigua, rocín flaco y galgo corredor.
d. Personen du elsker er 72,8% vann og det har ikke regnet på flere uker.
e. Le 24 février 1815, la vigie de Notre-Dame de la Garde signala le trois-mâts le Pharaon, venant de Smyrne, Trieste et Naples.

8. Fullfør titlane, og bestem forfattar:
a. The Fall of the House of ………
b. The ………….. Goodbye
c. La …………… del Viento
d. Soga om Gunnlaug …………
e. Il …..…. della rosa

9. Karakterar (finn tittel og forfattar):
a. Mattis
b. Camille Fauque
c. Werther
d. Rincewind
e. Isak Sellanrå

10. Kva er den vanlege tittelen på desse verka?
a. oder Wie Gewalt entstehen und wohin sie führen kann
b. There and Back Again
c. Memoirs of a Woman of Pleasure

laurdag 28. august 2010

Svart/kvitt

Anbjørg er ikkje ein svært aktiv bloggar, men ho er ein aktiv fotograf. Som dei fleste flinke fotografar, likar ho å visa fram bileta sine, og gjer det mellom anna på bloggen og ved å delta i fotokonkurransar. Ein av desse er svart/kvitt-konkurransen til Fotoverden, ein blogg med mange slike konkurransar. Eg har kost meg med å sjå bileta til både Anbjørg og andre der, men denne gong tenkte eg eg skulle bidra sjølv. Grunnen er eigentleg biletet som eg tok på Øystølen av Anne Karin og vetleprinsen, men eg slenger med eit par andre frå nokre av mine yndlingsplassar, nemleg Skjerdal i juli og London i februar.Som vanleg irriterar eg meg over kvaliteten, og drøymer om den gong eg får nok peng til å kjøpa noko anna enn eit kompaktkamera kvar gong det forrige ryk...