Viser innlegg med etiketten Prosjekt 52. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Prosjekt 52. Vis alle innlegg

søndag 2. januar 2011

Veke 52

Det gjekk nesten, prosjektet mitt. Eg har ca 52 innlegg, dei fleste posta ca på ein søndag. Nokre gonger på ein torsdag, men slik kan det gå. Og eg har faktisk ca 52 bilete og, men det er litt takka vera bonusveka frå i fjor, som eg tok med. Ikkje alle bileta er like interessante. Nokre veker heldt det hardt, nokre veker var det ei overflod. Om eg har lært so mykje, veit eg ikkje. Eg har lært minimalt om det tekniske ved fotografering. Eg har lært at det hjelper ikkje å berre kjøpa nytt fotoapparat. Eg har òg lært å alltid ha med meg fotoapparat - men eg har ikkje lært å bruka det i alle situasjonar. Eg vurderte eit "prosjekt 365". Eg trur me utset det...

Eirik på Nigarden er det siste biletet i prosjekt 52 v. 2010. Kanskje vert det ein versjon 2012? I 2011 skal eg istadenfor læra meg å bruka fotoapparata utan tvang, men med stor lyst.

tysdag 28. desember 2010

Jul i Sande

 Tradisjonell jul i år og. Slik er det vel med tradisjonar. Kom heim med pappa nokre dagar før jul, og stupte ut i førebuingane. 
Eirik og peparkakehjarto
Plutseleg var julafta der, med alt som høyrer til av mat og pakkar og generell kos. 
Julemiddag, full konsentrasjon
Og so kom 1. juledag, med heile storfamilien. Kaffi og Bezzerwizzer, ungar og prat. 
Matpause i Bezzerwizzer - eller Bezzerwizzerpause i etinga
Dagane etterpå er blitt brukt på sofaen, med fyr i to omnar, eit par turar sovidt utanfor døri og filmar, bøker og spel.

tysdag 21. desember 2010

By gosh, by golly

 Oh, by gosh, by golly
It's time for mistletoe and holly
Tasty pheasants, Christmas presents
Countrysides covered with snow

Oh, by gosh, by jingle
It's time for carols and Kris Kringle
Overeating, merry greetings
From relatives you don't know

Then comes that big night,
Giving the tree the trim
You'll hear voices by starlight
Singing a Yuletide hymn

Oh, by gosh, by golly
It's time for mistletoe and holly
Fancy ties an' granny's pies
An' folks stealin' a kiss or two

As they whisper, "Merry Christmas" to you
(Henry Sanicola / Don Stanford / Frank Sinatra)  

Frank Sinatra høyrest forundra ut, synes eg. By gosh, by golly, er det jul allereie? Eg er einig. Kor kom juli frå i år då? Hinta låg der - ganske lite subtile i Spania, for å sei det slik. Og ikkje særleg lågmælt i Noreg heller, med pakking og baking av fem sortar og julesongar på anlegg og i øyretelefonar.

"Pappa, mamma seier det er julafta på fredag. Eg trudde det var på måndag, eg!" Litt panikk i stemma til broderen. Julegåvene var ikkje på plass, knapt for nokon av oss. "Har du sjanse til å ordna til han sjølv?" spurte eg hin. "Nei!" Hurtighandling - men eg trur dei vert nøgde.

Rart dette, korleis jula kjem som - vel - julekvelden på kjerringa. Det er ikkje jul enno, det manglar nokre dagar. Men i natt snur soli, klokka 00.38. So det nærmar seg. Og eg er komen heim til Lærdal - DET NÆRMAR SEG. By gosh, by golly...

søndag 12. desember 2010

Palmesus og englesong

Underligt -
Det er noko som ikkje stemmer:

Det er fullt av brune blad, men dei er turre og knasar når ein trør på dei. Altså er eg ikkje i Bergen. Det er 12. desember, men det er ikkje snø. Ikkje er det kaldt heller, sjølv om slikt er relativt. Altså er eg ikkje i Noreg. Det er palmer utanfor vindauga, men eg har julestemning. Det er oliventre, sitrusfrukt, sandstein og solbrent jord, parfymelukt i lufta og eit ukjent språk. Men ikkje Palestina.

- men ikkje å forakta!
Jeg er visst kommet paa en feil klode!
Her er saa underligt…

Eller so er det Albir, Costa Blanca, Spania. Undarleg nok i seg sjølv. Milde hausttemperaturar, spansk skrift, norsk tale, juleførebuingar.

Lene jobbar i sjømannskyrkja i Albir, og Wiebke og eg er so heldige at me fekk komma på besøk. Antakeleg har ferien teke oss, for me går rundt og gjespar, men det gjer ingenting. I Albir går livet sakte. Det er stille i byen, i blokka, i hagane. Ein del av dei fastbuande (evt vinterflyktningane) har reist heim til jul, men det forklarar ikkje alt. Ein tek det rett og slett med ro her - mañana mañana? Kanskje har veret (vel, temperaturen) noko av skulda og - sjølv om me turistane insisterer på at me er i Syden, og må sitja ute, har dei fastbuande (vel, meir eller mindre) fatta poenget og trekt innandørs.
To turistar og to fastbuande - og so julenissen då - på hollandsk restaurant, i Spania
Faithful friends who are dear to us...
 Eg påsto livet her er roleg. Det er vel ei sanning med modifikasjonar. Jobbar ein i sjømannskyrkja slik rett før jul er ikkje alt like roleg - då har ein ansvar for å få den norske kolonien i julestemning. Og det funka det, trass i palmesvaiing og solnedgang utanfor Minnekirken i Villajoyosa. Men då me "knytta kjærleikens heilage band" saman med gamlefar med okysgenapparat og gutungen med mamma i koret, so var den på plass, stemninga. Lene sin "Have yourself a merry little Christmas" var heller ikkje å forakta i så måte.

Med julestemninga på plass, for fyrste gong i år (og det i eit Syden-land!) ser eg fram til å nyta meir av ferien - og i morgon ventar feriemål nr. 2 (3? 4?): Valencia.
Kven treng vel sjølvutløysar når ein har ei kyrkje med reflekterande vindaugsflater og ekstra ferietid til disposisjon?

måndag 6. desember 2010

Oppskrift på ei god helg

Aperitif
Ein sosial lesesalsdag
- 1 trekking av pakkekalender
- 1resultat frå gladsongkonkurransen 
-1 trekking i vinlotteriet.

Forrett
Barnevakt i Strangebakken
Thea
- 3 syskenbarn
- taco og marshmallows
- Robin Hood på teiknefilm
- gyngestol
- detektime
- morgonbarnetv og julekalenderar
- ball
Johanne og Vetle

Pauseinnslag
Bylaurdag
Trygg is på Lillelungeren
- 1 god veninne
- 1 stille morgon på Eat My Muffin på Xhibition. Et muffins
- 1 roleg oppvarming til julehandelen 
- 2 draumar om ny symaskin

Hovudrett
Ringenes Herre-maraton
Marte kokkelerar
Eg kokkelerar
(Foto: Marte? Ingrid Elisabeth? Kan den skuldige venligst melda seg?)
- 1 døgn
- 1 leilegheit
- 6-8 studentar
- 11,5 timar Ringenes Herre
- 3 sofaar
- ein haug med dyner
- 6 pizza, 12 muffins, 2 kg sjokolade
Ingvild og Ole Gunnar

Dessert
Julekonsert
Kor e tonen
Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz)
- 1 kor
- 11 songar
- 1 gjestekor
- 3 timar øving
- 50 minuttar julekonsert
- ørten gode vener i publikum
1. sopranar og 1. altar
(Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz)

Nightcap
Søndagskveld
- 1 sofa i eige hus
- 1 time Atter en konge
- 2 sambuarar i same båt
- 2 tente adventslys

søndag 28. november 2010

Isroser

Isroser på innsida. På utsida ein strålande blå dag. Kvite toppar, blå himmel, knøttsmå vattskyer, blå fjellsider. Soli når ikkje dalbotnen lenger, ho er kald og fjern. Blått lys. Ikkje eit grønt blad att ute, men heile skogar på innsida av ruta. Bregner, bjørkeris, reinsroser. Aude og kaldt, ute. På innsida berre vakkert forma blomar, som renn vekk om ein pustar på dei. So då let ein vera det - dei skal få bløma.

torsdag 25. november 2010

Sko

Iris Murdoch
Er det her dei endar opp, dei utgåtte, forbigåtte, gløymte, einsame? Dei som har levd livet i tosomheit, heng dei der no åleine? Nei, 
dei deler veggen med artsfeller, med maken, med forbipasserande. Fotgjengarar. Utslitne, men aldri uelska. Inspirasjon for dansande på veg heim ein laurdag kveld. Oppmuntring for vandrande gjennom byen ein søndag morgon.

søndag 14. november 2010

Tradisjon

Noko ein gjer om att og om att (Repetisjon?) Nei, det er noko kosleg, noko ein gjer år etter år (?) Som det ein gjer på julafta, det er ein--- (Tradisjon!) Ja!

Haustfest brukte å vera tradisjon i ungdomslag rundt om. I år var det ikkje nok tradisjonsberarar i Bergen, og haustfesten vart forenkla - til tradisjonell dansefest. Det er no ikkje gale berre det, og når ein har eit teater som stiller opp med deler av eit stykke og flinke dugnadsfolk som bakar kaker til den store gullmedalje. So kunne gamle og unge stilla opp på skinande (glatt) golv, under glitrande lysekroner, og dansa reinlender til natta kom snikande.

Dagen derpå vart det kaffi i Huset, og Alias med "tradisjon" som eit av dei mystiske orda.

søndag 7. november 2010

søndag 31. oktober 2010

Regntung dag

Som eit anna Soria Moria ligg det der i regnkavet. Soli leikar gøymespel - meir gøyming enn spel, spør du meg. Me vandra med freidig mot, vurderte skamma i å snu, men fortsette. Haustfargane på Gamlehaugen lokka oss til seg, denne siste oktoberdagen. Trick or treat, sa soli - trick, svara regnskyene, på veg heimover.

Ein ekte SØNDAG-søndag. Vakna utkvilt, takka vera bonus-timen, lang frukost, tur i "finveret", baka kaka, nyyydeleg konsert med Trondheimsolistene og Larsen-brørne på Troldhaugen, og vandra heim i nytt "finver". Konklusjon: lukkeleg og regnvåt jente.

måndag 25. oktober 2010

Overrasking!

Det var meldt i dagasvis - faktisk so lenge at verdama på TV2 kom med fingen og kjefta på bergensarane. Men det hjalp ikkje - vinteren kom overraskande for det. I Musèhagen sto trea og gløda med sine fine blad, og syntes lite om at snøen skulle legga ein dempar på deira finaste tid.

søndag 17. oktober 2010

I Belong There


I belong there. I have many memories. I was born as everyone is born.
I have a mother, a house with many windows, brothers, friends, and a prison cell
with a chilly window! I have a wave snatched by seagulls, a panorama of my own.
I have a saturated meadow. In the deep horizon of my word, I have a moon,
a bird's sustenance, and an immortal olive tree.
I have lived on the land long before swords turned man into prey.
I belong there. When heaven mourns for her mother, I return heaven to
her mother.
And I cry so that a returning cloud might carry my tears.
To break the rules, I have learned all the words needed for a trial by blood.
I have learned and dismantled all the words in order to draw from them a
single word: Home.

Mahmoud Darwish

søndag 10. oktober 2010

Jubileumsbyen

Eg sit i lobbyen på hotellet, attmed NRK-journalisten vår. Me har nok litt av kvart å rapportera om heim begge to - men begge er i stuss om kor me skal byrja. Han diskuterar klypping med Guro - det var ikkje alt som var like vellukka. Og han leitar etter spaninga - eg tek det kronologisk:

I går tok Issa oss med på vasspiperøyking! Me er no ein del ikkje-røykarar, men det tek me ikkje so høgtidleg her nedi låndi. Mamma likte best lukta, eg er forsåvidt einig, men ein må jo prøva smaken litt og. No er det planar om Borhund HubbleBubble Bar - trur de det sler an?

I dag var me turistar på føremiddagen - litt i hurten og sturten, for Guro skulle på lydprøve før den store festen. Men me fekk no sett Hishams palass, høyrt historia og snakka litt om fred og filosofi og litteratur og slikt med han som sat i museet og limte saman potter frå 700-talet. Han var svært begeistra for mor mi, ho er ei sterk dame - og det har han jo rett i. Hishams palass er like imponerande som før, kanskje enno meir, sidan dei hadde kosta golvet slik at me fekk sett mosaikken i badet.

Det bar til byen for mamma og meg etterpå, me stakk innom svensken vår, sylvsmeden i sentrum. Fares veit kva norske damer likar, og hadde rydda fram både dei enkle smykka, Jeriko-smykka og dei med orientalsk bakgrunn. Og dei norske damene handla, både sølv og opalar. Medan smeden ordna nye lengder, stakk me på kafe og drakk "fresh lemon and mint" - mmmm...

Og so kom kvelden, og 10 000årsjubileet. Etter ettermiddagens lydprøve, var krisesteminga ikkje berre i emning lenger - synthen, som kosta 4000 år frakta - funka ikkje. Ny var på veg frå Ramallah, men me visste ikkje kor den var. Far til pianisten sprang rundt på Kids Club og leitte etter ledningar. Musikarane sto i gata og reiv seg i håret. På scena sto eit palestinsk rockeband, som steppa inn på kort varsel. So løfta felespelaren armane, og opp gata kjem Issa - med Ramallah-synthen. Kvelden redda. Og so song og spelte dei, berre halvanna time etter programmet. Ingenting det, på midtaustentid.

 Middagen, smårettar, mixed grill og langbord, var etterfulgt av ein tur til Security Academy, der den offisielle feiringa var. Mykje god musikk, både palestinsk og norsk (Trondheimssolistane), og me vart møtt av militørmusikk. Mamma skvatt godt då ei av uniformene rette fram handa og helste - det var den joggeskokledde dabkha-læraren vår... Og dei ordna stolar, vatn, utsikt. Jøsses, kor godt ivaretekne me vert!

Det er moro å vera i Jeriko når dei feirar 10 000 år. Det er rart å tenkja på at det har vore folk i denne oasen heile denne tida - kanskje litt vekslande kor mange og kor vellukka, men bustader har det funnest her sidan isen dekka Noreg. Rart å tenkja på. Og rart å tenkja på at vår korte sivilisasjon, vår korte historie, har gitt oss ein so stabil kvardag i høve tilhøve her. "The landscape - and the political situation - makes it not boring to live here..."

måndag 4. oktober 2010

Hyttetur

Frida sin 25årsdag vart feira med 13 gjester på Flattland på Massnes. Tre byjenter og ein bygdelærar var mellom gjestene, godt nøgde med endeleg å få besøka den mykje omtalte hytta, og å nyta ei roleg helg mellom marker, skog og fjord på sørsida av Sognefjorden.
Ut mot havet! Eller inn Sognefjorden. For ein landkrabbe frå Lærdal er det mykje det same.
Wiebke i norsk jakke, med norske sauer i norsk landskap. Godt nøgd tyskar der altså.
Det verkar som dei var ganske einige om kor dei skulle. Desverre var svaret Iran, ikkje Afganistan. Det er no berre detaljar når ein er i Gulen. Eller i Høyanger.
Hurra for Frida!
"Dei såg ut på det bårute havet, det var ruskut å leggja utpå". Men dei kunne likevel drøyma seg vekk i bølgjene, skrika mot vinden og komma attende til hytta klare for ein ny omgang mat. 


tysdag 28. september 2010

Rust

Lauvsblokka rustnar i livde Lund
og ryk av sinom Kviste
Arne Garborg

torsdag 23. september 2010

Polska

Ellika og dansarane.
Polska til du dør? 
Ei flott helg, med sofakrokar og dansande skulderblad, spelmenn i albogane. 
Dansarar med spelande føter, og spelmenn med dansande fingrar.
Kanskje skulle ein emigrert? Sverige er ikkje det verste man har.

søndag 12. september 2010

Janne i Musehagen

I vår tok eg bilete av Musehagen i vårsol, denne veka vart det Musehagen i haustsol. Med nytt fotoapparat og den siste (sikkre) somardagen ute, var det vanskeleg å roa seg inne på lesesalen fredag - faktisk besto mi tid på lesesalen av å ha inn sekken, ha inn nokre bibliotekbøker eg (antakeleg) ikkje treng, og å henta sekken min att. (Dersom mamma eller andre vaksne og fornuftige folk les dette kan eg trøysta med at eg tok det att med nokre timar lesesalstid laurdag). Eit resultat av vandringa i den blømande hagen, vart dette biletet av Janne, og sjølv om det må ein del øving til før eg er proff, er eg nøgd med det. For har ein Janne - som tek seg pause berre fordi eg er skulelei - og sol, då har ein eigentleg det ein treng for å få ein fin føremiddag.

måndag 6. september 2010

Solsikkesol



Heima i Lærdal er dei siste soltrålane for hausten ekstra viktige. Der veit eg at dei siste minuttane før klokka halv tre denne septemberdagen, er dei siste minuttane med sol eg får oppleva i Sande i 2010. Neste gong eg kjem heim er det midt i oktober, og soli kryp ikkje fjelltoppane lenger. Derfor nyt eg dei siste strålane av sommarsol med dei siste restane av nyplukka sommarbær, medan resten av familien køyrer traktor og rakar løk rett bortom huset. I åkeren får soli konkurranse, av glinsande ny løk som losnar frå jorda og, til traktoren når bort, ei firehovuda solsikke som snur seg mot lyset for verkeleg å gjera det beste ut av dei siste strålane denne sommaren. Middagen må venta til soli er gått.

måndag 30. august 2010

Fail 1

Der rauk det, den fyrste veka i Bergen - prosjekt 52 er no prosjekt 51. Fotoapparatet var med heile veka, låg i sekken heile veka, og vart ikkje brukt heile veka. Eg lovar bot og betring, sjølv om eg kjenner at dette var eit nederlag. Desverre er og den kjensla litt undertrykt av min tette nase og vonde hals, so det kjem nok til å vera eit større nederag når førkjlinga går over og eg likevel ikkje har noko bilete frå veke 34.

måndag 23. august 2010

Alias

"Jo, det er sånn der... Dersom du... Du vet, en sånn..." Men vann gjorde dei, med god margin.

Ni unge frå ungdomslaget reiste til palasset vårt i Fana for å starta hausten i Bergen i godt lag, med god mat og mykje latter. Og slik gjekk det. Me åt i timesvis, spelte Alias enno lenger, spelte litt fele innimellom, og lo oss skakke av feilkoplingar og fantastiske forklaringar. Og no skal me verta flinkare på å bruka hytta meir!