Viser innlegg med etiketten Haust. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Haust. Vis alle innlegg

søndag 28. november 2010

Isroser

Isroser på innsida. På utsida ein strålande blå dag. Kvite toppar, blå himmel, knøttsmå vattskyer, blå fjellsider. Soli når ikkje dalbotnen lenger, ho er kald og fjern. Blått lys. Ikkje eit grønt blad att ute, men heile skogar på innsida av ruta. Bregner, bjørkeris, reinsroser. Aude og kaldt, ute. På innsida berre vakkert forma blomar, som renn vekk om ein pustar på dei. So då let ein vera det - dei skal få bløma.

fredag 19. november 2010

Saddest songs

Og so var det avgjort, kva som er verdas tristaste song - i følgje lesesalen på IF - og kven som er lesesalens tristaste. Den tittelen var det Ingvild som stakk av med, med denne lista:
1. Hope There's Someone - Antony & The Johnsons
2. And No More Shall We Part - Nick Cave & The Bad Seeds
3. Tonight - Lykke Li
4. Still My Body Aches - Thomas Dybdahl
5. Iris - Goo Goo Dolls

I tillegg skulle me kåra dei fem tristaste songane, også dette ved direktestemmer. Det vart sju (og i tillegg har eg ført på dei tre neste, slik at me får eit fint rundt ti-tal, i synkande rekkefølgje):
10. Why Does My Heart Feel So Bad? - Moby
9. Tears In Heaven - Eric Clapton
8. På nära håll - Kent
7. Jag hatar att jag älskar dig och jag älskar dig så mycket att jag hatar mig - Håkan Hellström
6. River - Joni Mitchell
5. Hope There's Someone - Antony & The Johnsons
4. The Funeral - Band of Horses
3. Don't It Look Like Rain - Jason Molina
2. Love Will Tear Us Apart - Joy Division
1. Strange Fruit - Billie Holiday

Noko av det kan, og vert, diksutert. Noko manglar heilt klart. Men det er jammen mykje vakker, sørgeleg musikk der ute, og å leita den fram må vera ein av dei finaste novemberaktivitetane som finst. Eg brukte i kvelden i går på golvet framfor omnen, med eit par akademiske tekstar og fire timar trist musikk. Det er ikkje den verste måten å nytta ein kald haustkveld. Du kan høyra (nesten) alle songane her. Du treng ikkje nødvendigvis høyra alle på ein gong...

søndag 7. november 2010

søndag 31. oktober 2010

Regntung dag

Som eit anna Soria Moria ligg det der i regnkavet. Soli leikar gøymespel - meir gøyming enn spel, spør du meg. Me vandra med freidig mot, vurderte skamma i å snu, men fortsette. Haustfargane på Gamlehaugen lokka oss til seg, denne siste oktoberdagen. Trick or treat, sa soli - trick, svara regnskyene, på veg heimover.

Ein ekte SØNDAG-søndag. Vakna utkvilt, takka vera bonus-timen, lang frukost, tur i "finveret", baka kaka, nyyydeleg konsert med Trondheimsolistene og Larsen-brørne på Troldhaugen, og vandra heim i nytt "finver". Konklusjon: lukkeleg og regnvåt jente.

måndag 25. oktober 2010

Overrasking!

Det var meldt i dagasvis - faktisk so lenge at verdama på TV2 kom med fingen og kjefta på bergensarane. Men det hjalp ikkje - vinteren kom overraskande for det. I Musèhagen sto trea og gløda med sine fine blad, og syntes lite om at snøen skulle legga ein dempar på deira finaste tid.

søndag 17. oktober 2010

Stølsfest i oktober

"Ta på stilongs. Og elles har vatnet frose. Men me tek festen der framme likevel."

I Skjerdal er dei nemleg ikkje av dei som gir seg - min onkel Harald skulle feira sine 50 år, og mi tante Anne Karin skulle innvia ysteriet. 40 gjester stilte villig opp, i stilongs og gode sko. Frå altanen på nyebygget på heimestølen Leim var det nydeleg utsikt mot Skjerdal i haustfargar - fram til mørkret kom og viska ut fargane. På den nye grua sto grilla fisk, på den gamle killingkjøt. På den nye kjøkenbenken var det heimebrygga øl og heimepressa eplesaft, og me åt til me var sprekkeferdige. Når gradene vart for kalde og kvelden mørk, gjekk me heimover til Skjerdal att, til kaffi, kaker og ein liten ein å varma seg på. Utpå kvelden måtte ein sleppa ut noko av varmen til og med.

tysdag 28. september 2010

Rust

Lauvsblokka rustnar i livde Lund
og ryk av sinom Kviste
Arne Garborg

søndag 12. september 2010

Janne i Musehagen

I vår tok eg bilete av Musehagen i vårsol, denne veka vart det Musehagen i haustsol. Med nytt fotoapparat og den siste (sikkre) somardagen ute, var det vanskeleg å roa seg inne på lesesalen fredag - faktisk besto mi tid på lesesalen av å ha inn sekken, ha inn nokre bibliotekbøker eg (antakeleg) ikkje treng, og å henta sekken min att. (Dersom mamma eller andre vaksne og fornuftige folk les dette kan eg trøysta med at eg tok det att med nokre timar lesesalstid laurdag). Eit resultat av vandringa i den blømande hagen, vart dette biletet av Janne, og sjølv om det må ein del øving til før eg er proff, er eg nøgd med det. For har ein Janne - som tek seg pause berre fordi eg er skulelei - og sol, då har ein eigentleg det ein treng for å få ein fin føremiddag.

torsdag 9. september 2010

Studiesol

Enno kjempar ein svak sommar om dominansen med ein snikande haust. Sommaren har vist seg uthaldande, kanskje fordi den har spart på kreftene til no. Men no viser den altså krefter, og ligrettovaffeldaten denne veka måtte dermed flyttast utandørs. Me jentene gjorde det litt for å nyta veret, og litt for å vippa regjerande ligrettokonge av pinnen. Desverre må det hardare skyts til enn sol i Bergen for å klara det - men etter eit par timar i strålande sol på studentsenteret var ikkje tapet so tungt å bera som det nok kjem tl å vera neste veke, når regnet atter dominerar.

måndag 6. september 2010

Solsikkesol



Heima i Lærdal er dei siste soltrålane for hausten ekstra viktige. Der veit eg at dei siste minuttane før klokka halv tre denne septemberdagen, er dei siste minuttane med sol eg får oppleva i Sande i 2010. Neste gong eg kjem heim er det midt i oktober, og soli kryp ikkje fjelltoppane lenger. Derfor nyt eg dei siste strålane av sommarsol med dei siste restane av nyplukka sommarbær, medan resten av familien køyrer traktor og rakar løk rett bortom huset. I åkeren får soli konkurranse, av glinsande ny løk som losnar frå jorda og, til traktoren når bort, ei firehovuda solsikke som snur seg mot lyset for verkeleg å gjera det beste ut av dei siste strålane denne sommaren. Middagen må venta til soli er gått.

søndag 8. november 2009

Haustfest

Bør me gjera dette? Må me gjera dette? Har me tid til dette? Nei. Skal me gjera det likevel? Ja. Og dermed vart det haustfest i Bergen ungdomslag Ervingen i år og.

So i går var eg i Gimle i vel åtte timar, med ein dugnadsgjeng som var der like lenge, og som var grueleg effektive, positive og flinke. Middagsgjestene var nok og nøgde, og dansegjestene var ikkje klare til å gå når eg var klar til å ta kvelden... (Men det måtte dei, for eg var sjef).

Det var moro. Me fekk skryt. Kvelden gjekk fort. Og no er me heldigvis ferdige med middag, snakking, kaffi og dans - for denne gong...(Bilete: dans til Fjellbekken - stole frå Anbjørg)

tysdag 13. oktober 2009

Hue på

Hausten har innteke byen. Vår mann på sokkel har lånt seg hue, og går kaldare tider i møte vel førebudd.

tysdag 8. september 2009

I dag såg eg


I dag såg eg
tvo månar
,
ein ny
og ein gamal

Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle
Olav H. Hauge

Eg har kjøpt den nyaste plata til Valkyrien Allstars. Heilt anleis enn den førre, meir melankolsk, til tider meir sinna. Men med vakre tekstar, frå trad. til Halldis Moren Vesaas, Ibsen og Olav H. Eg skal nok nyta den utover hausten.

fredag 21. november 2008

Avskyeleg snømann?

Til vanleg har Edvard Grieg selskap. Ein måse brukar hovudet hans som utkikkspost, og eg er sikker på at han fortel sladder frå heile byen til komponisten som takk for hjelpa. Men i dag sat måsane og gøymte seg langs Lille Lungeren, medan Grieg hadde teke snøkåpa på. Han såg einsam og tankefull ut der han sto i stoisk ro/ stivfrosen på sokkelen og stirra mot den tomme Blomsterpaviljongen.

Det har snøa i heile dag i Bergen, og det vekslande veret (snø, sol, vind, og alt på ein gong) har gjort at det ikkje er svært freistande å gå ut. Desverre er det ikkje svært freistande å sitja inne heller, for her er det studiar det går i, for heile huset. Heimeeksamen for Frida, eksamenslesing for meg og oppgåveskriving for Monica. Heldigvis kan me av og til møtast i stova og klaga til kvarandre, før me går attende til historie-omgrep, pragmatikk og Gandalf.

Eg har eksamen om knapt ei veke, og panikken byrjar å nærma seg. Desverre er det den handlingslammande typen, noko som ikkje hjelper særleg på bokbunken som skal minka i løpet av dei neste dagane. Det meste er dramatisk mykje meir interessant enn det ein MÅ gjera...

måndag 17. november 2008

Novemberdikt

Som nemnt har eg eit dikt for kvar månad dette skuleåret. Augustdiktet var Adle somrar ta slutt, medan september var Til Dig av Olaf Bull (som var alt for klissete for mitt september-humør i år, og dermed aldri vart publisert). Oktober var Kort møte av Ernst Orvil, som pryda Dikthjørna i vår/sommar og som har gitt namn til heile denne sulamitten (bloggen altså). Men no kjem novemberdiktet,
Kveld i november av Olav H. Hauge:

Han sperrar loftet. Natti kjem med frost.
Eg fer med augo yver hagen, veit

det heng att eple i ein topp. Eg leit
på mildver enno; veden skal i kost,

og kålen takast upp og kulast, tre
skal plantast; det burde vorte tid
til nybrot òg. No ser eg hausten lid
og marki frys og snøen kastar ned

midtlides, og eg veit eg ikkje rekk mitt.
Den epleslumpen fær eg berga, kor
som er, so er i minsto ei sut kvitt.

I vest er månesigden ute, stor

og haustkvass, gjerug med å berga sitt,
ei saknads solbunde åt ei myrk jord.

Det passar so fint med dette diktet i kveld. Ikkje det at snøen kastar ned midtlides (Bergen=regn) eller at eg har berga nokon epleslump (dei siste epla fekk fuglane), men det har vore ein kosleg haustkveld med regn på vindauga, susing i hekken, eld i omnen og te og film i stova. Då er november fin, om enn litt tidlegare enn ein venta. Desember nærmar seg med stormskritt...

søndag 2. november 2008

"Håpets hage"

Det er allehelgensdag, ein dag som i kyrkjeåret er litt mutt. Men tittelen på gudstenesta som var i Korskirken i dag var "Håpets hage", og både Deilig er jorden og Deg være ære vart sungne. Og det synes eg passar, for kva er vel meir håp i enn: "lyset fyller haven, se en engel kom" osv?

Gudstenesta var overført på NRK, og eg er skremmande mykje i biletet. Det var ikkje planen, men Inger Marie vart plassert - og tok meg med seg i "fallet", som ho sa. Det moroaste er likevel ikkje med på sendinga, det var nemleg dei to små som diskuterte rosiner i midtgangen under det dramatiske postludiet, og sukket av lettelse som gjekk gjennom kyrkja då produksjonsleiaren vinka at sendinga var over.

Gudstenesta kan forresten sjåast her, og er ei fin oppleving ein kald og hustren haustdag.

tysdag 28. oktober 2008

Haustsus

I dag låg det eit melisdryss over byfjella, og nokre små fjon dalte over byen i korte augneblinkar utover dagen. Hausten er definitivt komen til byen - og er kanskje på veg til å gli over i ein forsmak på vinteren? Eller ikkje, for i kveld bles og regnar det att, eit sus går gjennom rododendronhekken i hagen, og eg har tent lys for å halda det kalde mørkret ute. Med lys i glaskarmen vert mørket varmare, og det er kosleg å sitja inne i haustkvelden.
Fergemann Tid
Gå inn i din høstlige haves port,
og lytt i den stille kveld.
Det er som du hører en båt ro bort,
og båten er jorden selv.

Den legger ut fra en sommerstrand,
med sommerens liv ombord.
Og tiden, tiden er fergemann
som puster og ror og ror.

Det er som et ekko rundt omkring
av svimlende åretak.
Og tiden ror i sin vante ring
og legger en sommer bak.

Blomster og vekster og busker og trær
står som de ikke tør
å spørre hvor kursen i kvelden bær
men luften omkring dem spør:

Hvor ror du hen, du jordens båt?
Fergemann Tid, hvorhen?
Og haven suser forgrått og våt:
Kommer du snart igjen?


(bilete: lyspunkta mine. Og ja, diktet er Fergemann Tid av Herman Wildenwey, "udødeleggjort" av bandet på TSN 04/05)

tysdag 30. september 2008

Haustferie på austlandet

Døgnrytmen min er grueleg skeiv. Den er so skeiv at eg sov frå Hønefoss til Fagernes utan å lea meg, til tross for full buss. Den er so skeiv at eg reknar middag i femtida som lunsj og frukost i nitida som nattmat. Og dette kan eg gi skulda/æra til to jenter for: Marianne og Kristine.

Eg var på PUKT-møte i Oslo fredag kveld, og slapp derifrå litt over ti. Dei neste seks-sju timane sat eg i ein sokkelleilegheit på Oslo Vest og skravla med Marianne, som eg gjekk på UiB med for tre år sidan. Me har heldt kontakten til og frå sidan, og hadde ei svært kosleg natt med enormt mange samtaleemne. Det fortsette forsåvidt laurdag føremiddag/ettermiddag (her byrja nemleg døgnrytmen min å leika seg), før eg for til City for å bruka peng eg ikkje har (noko eg klarte svært fint) og vidare til Norderhov, Hønefoss.

På Norderhov har eg sett film, ete mykje, vore på eksursjon til potethaustinga, køyrt firhjuling, gått tur, vore på shopping, vore på hageselskap, spelt piano og lese litt (anna enn pensum). Alt dette på knappe tre dagar. Ja, det går, og nei, det har ikkje vore travelt - ikkje berre har me utnytta kveldane godt, eg har og gjort alt i godt selskap. Min tidlegare sambuar Kristine var reiseleiar, og saman gjorde me Norderhov (utrygt? Kanskje særleg på firhjuling.)

Etter ein busstur med soving (svært ok det altså), er eg no heima i Lærdal. Her er oppdraget å få døgnrytmen på styr att, for her skal skrivast oppgåve! Eg har ein framdriftsplan som tilseier at denne fyrste oppgåva skal vera ferdg rett over helgi, slik at eg har halvanna veke på neste. Planen skal holdast. Planen må holdast. Eg har disiplinproblem. Og ein vill døgnrytme. Men og flotte minner frå haustferie på Austlandet!

(bilete: Norderhov kirke i haustskrud. Kristine og eg på veg på eventyr - me valte det minste køyretøyet me...)

måndag 25. august 2008

Alle somrar tek slutt

Me snakka om det i går: Når er sommaren over? Magnhild oppdaga det medan ho sto og venta på bussen i berre t-skjorte, sa ho. Eg oppdaga det når eg gjekk gjennom hagen med doggvåte sko og skarp luft i lungene. I dag bles og regnar det, ein lummer vind og eit forsiktig regn, men me ventar likevel på dei fyrste torebygene for hausten.

Men er sommaren slutt? Det er enno nokre dagar att av august, og sommarvarmen kan enno blussa opp att og gi oss ny giv: indian summer subst ubøy (utt in>djen søm>mer; eng. 'indiansk sommar') varmt sommarvêr om hausten; overf: ny oppblussande livskraft hos eldre folk.

Til æra for seinsommaren gir eg dykk mitt augustdikt (eg har eitt dikt kvar månad dette skuleåret), eit dikt som kan vera både til æra for sommaren, ungdommen, hausten, alderdommen, indian summer og neste vår.

Adle somra ta slutt
I kvæld vell e gao dær att.
Trø øve vådl å kjænna mjukgrase mot nake, so dao.

Gao te møtes, so dao. Veta
om hånno so vænte. Veta om seta vaor å lega
ein sommar te ændes.

Dæ'æ dågga å stilt, å live
dæmme før bringen so dao. Hær. Pao dænna stai.
Blao kvæld,
mæ bærre åss to i væren ein sommar te ændes.
Kari Bakke

søndag 14. oktober 2007

Hausttur til Stolmen


Hehe, mange av innlegga mine heiter noko med "haust" for tida, men det er det vel ein grunn til...

I helgi var Bergen ICY på hausttur til hytta til Endre på Stolmen i Austevoll. Der fekk me leika oss i bølgjene i båt, fiska mykje, ete mykje og spelt mykje. Seks ICY-arar kom til øya fredag kveld, dei to siste kom laurdag. Fredag kveld vart brukt til å reisa ut på sjøen og leika i bølgjene, og spela Bang. Mykje av laurdagen gjekk med til det same - ein sein morgon fulgt av fisking, Uno-speling og avslapping, litt ICY-aktivitetar og meir Uno-speling (eg leda fire rundar!) Søndag var litt tidlegare frukost, ICY-planlegging og enno meir fisking. I dag var det varmare, og me brukte litt tid nede hjå sjøen - fantastisk moro, til tross for sjøsjuke.

Det er godt å ha ei slik helg med mykje leik og sosialt liv, det er godt å bli kjent med gruppa på denne måten. Me er ikkje mange, men me er gode :-) Takk for ei fin helg folkens!