Viser innlegg med etiketten Sport. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sport. Vis alle innlegg

laurdag 5. mars 2011

Mastercurl

Ingrid Elisabeth føreslo mastercurl tidleg i haust. Jaja, sa folk. Det hadde no vore moro, det, sa folk. Og so byrja organisatorane å organisera, og plutseleg sto 18 svært vaklevorne masterstudentar på isen i Loddefjord og skulle setja steinar i rett bol - eller kva det no heiter. Og eg låg og eg datt, som det står i songen. Men kjære vene kor moro det var!
Klare til innsats!
Men fyrst må ein ha litt opplæring... Korleis går no denne kostinga føre seg?
Litt nervøs for kor fyrste steinen kjem til å enda opp
Og so skal Persijn i elden - har han stilen, jenter?
Her er det iallefall ei som manglar stilen (men om nokon lurte: det er meir behageleg å landa på baken enn på knea)
Men Inger-Hanne derimot - her snakkar me proff-stil!
Kampane er i gang - og steinane ligg i heilt same avstand. Kven tok poenget?
Dei grøne smiler godt - eller gjer sitt beste i so måte - men etter nøye måling er det det raude laget (her ved Ingrid) som har grunn til å dansa
Og då må Thomas ordna litt opp i poengtavla, for fyrste poeng gjekk til den raude steinen!
Marte er innbitt, her står det om seieren
- og eg lovte å gi dette biletet biletteksten: "Det var dritbra, Marte!" Sjå retninga på den steinen, då
Greitt å få (Evy), og gi (Ingrid Elisabeth), litt råd før ein skal sleppa steinen avgarde
Lena held auge med steinen sin. "Kost!"
Etter harde kampar (som for mi bane enda 4-4, eit perfekt resultat) var det "maftercørl" på Baran for dei som ikkje vart heilt utslitne, eller dei som trengte å døyva smerten. Planen er no nye øvingar i sportar me ikkje kan. Touchfotball? Ultimate? Golf? Time will show.

søndag 11. oktober 2009

Rugby

Fana stadion. Ti på seks. Andre omgang. Bergen scorar (heiter det det i rugby?)
Same tid. Halv time seinare. Andre omgang slutt. Trondheim, og Einar, har tapt.

Jepp, i går var eg på rugbykamp på Fana stadion, serieoppgjer mellom Bergen og Trondheim. Bergen gjekk vidare til finalen, og Trondheim måtte sjå seg slegen ned i støvlane (fotballskoa? rugbyskoa? ting med masse piggar på ein har på beina?). Men sjølv om det var sistnemnte eg var der for å heia på, gjorde ikkje det noko - eg fekk sjå rugbykamp! Masse testosteron, reglar eg aldri forsto, lite framdrift, desto meir klynger med mannfolk i haug, ein del flotte britiske dialektar, og ein god kamerat på bana. Moro!

laurdag 27. desember 2008

På Borgund

For dei mindre lokalkjente kan eg fortelja at Borgund er den bygdi som ligg øverst i kommunen. Dei har eigen butikk, pub, barnehage, skule og ungdomsskule. Dei er engasjerte i 4H og ungdomslaget, og står på ski. Ergo: me har ingenting med dei å gjera før me byrjar på vidaregåande, og sjølv då er det viktig å markera avstanden mellom Borgund og Lærdal (og i "Lærdal" mellom Ljøsne og Øyri). Altså har ikkje "nedanføringar" / "lærdøler" so mange moglegheiter til å treffa borgynder, og omvendt.

So eg kjente meg modig når eg i går planlagde tur til Borgund, på gubbafest (tradisjonell andredagsfest) utan ein einaste nedanføring. Men om borgyndene ikkje er gode til å få so mange frå andre stader i dalen til å komma opp, so tek dei godt i mot den eine stakkaren som kjem. Samtalane eg hadde i det stappfulle ungdomshuset byrja gjerne slik: "Hei, eg heiter (namn)" "Mari her" "God kveld! Kor er du frå då?" "Nei, eg er frå Ljøsne, eg" "Å? Kven er du i lag...?" "Nei, eg er no her med eit par vener, dei der" "Å? Ja, men kva med Laksen då? (det er puben i sentrum)" "Nei, ville no hit eg" "Å? Ja, det er no ikkje so ofte at det er andre her oppe..." Og slik fortset det. Men det er kosleg, dei kan festa og dei kan dansa der oppe.

Ein annan ting dei kan, er å finna på ting ingen an i bygdi driv med. So i dag tidleg (ok, midt på dagen) ramla eg ut av sengi når Gro (frå Ljøsne!) ringte og tvang meg med på paintball. Plutseleg fann eg meg sjølv krypande rundt i skogen lengst oppe i dalen, med ein markør stappfull av gule kuler og maske som dogga, ei bukse som spjera medan eg var i fullt firsprang opp ei steinrøys, og kjensla av at eg var mutters åleina i skogen. Det var eg heldigvis ikkje, det var massevis av mannfolk i kamuflasjekle rundt meg, men det var til lita trøyst når eg mista retninga og rava rundt i ei granplanting på ca 150 gonger 100 meter, med innstramming i eine enden. Godt gjort, fekk eg beskjed om...

Men sjølv om livet på Borgund byr på mange opplevingar og mykje latter, er det godt å komma heim til eige hus utpå ettermiddagen, ta ein varm dusj og sitja i ein stol framfor omnen med ullteppe og ein kopp med te (viss eg ikkje blir sjuk a å krypa på kne i snø og 10 minus, so fortener ein eller annan stor takk...) - men om ikkje lenge er eg klar att eg, til nye eventyr!

Oppdatering 28. desember: Var på Borgund for tredje dag på rad i kveld. Byrjar å få kommentarar. Skal snart gi meg, elles vert eg vel kasta ut av det gode selskap (resten av Lærdal...) Neida, so gale er det ikkje, ein fin kveld på puben med Eiren!

søndag 9. november 2008

Om traktor, fotball og dans

Mm, flott blanding! Men det er fordi eg har hatt ei svært variert helg:

Reiste heim fredag, det var grueleg godt! Hadde ein fin og roleg kveld med Olve, Eirik hadde kjøpt pizza til oss og me såg film(ar) til langt på natt. Laurdag var det seint opp, ein lang morgon i heimen og, jepp, traktor. Me har fått ny. John Deer, av alle ting (me har aldri hatt noko so fancy før. Ok, me har Ferrari og, men den er so liten...) So den måtte jo prøvast. Tone tante var litt sjokkert over køyring utan ærend – men det er jo naudsynt på bli kjent med det nye, sant?

So for eg til Sogndal, til nemnte tante og familie. Det vart film på oss om kvelden, me og ca 10 andre såg Mamma Mia i sing along-versjon. Litt sært, men og svært moro. Må innrømma at ”Don’t go wasting your emo-o-tion” har gått litt om att i hovudet på meg i dag.

I tillegg var det jo kamp i Sogndal i går. Kvalik-kamp til Tippeligaen. Det vert nok eit år til i fyrstedivisjon for sogningane, og dessverre må eg sei at det er fortent. Og det er ikkje berre pga sjølvmålet... Men det mest sjokkerande med kampen var ikkje spelet (for det er jo vekslande, det veit ein). Derimot var det Ålesund sin Kjetil Rekdal etter kampen. Ingenting om ”godt jobba, dette fortener me, 1-4 er eit fantastisk resultat” eller noko slikt. Neida: ”Dette er det dårlegaste publikumet i landet!” Fordi han hadde fått eit pappbeger i ryggen. Ok, det er ikkje snilt, men det var faktisk 2500 andre Sogndal-supporterar der og!

Men i dag har eg altså forlete Sogndal, og må komma over dette (og det skal eg klara, han er vel ikkje nett kjend for å vera sympatisk...?) Eg er på Vågå. Jepp, Vågå! Kva eg gjer her? Studerar. Jepp, studerar! (Oi, mange ”jepp” her...) Norsk folkeleg dans, og det skal eg gjera (nesten) ei veke til endes. Spanande – og travelt. Etter berre tre timars økt i kveld måtte dei fyrste legga seg i ni-tida. Kan bli hardt med nitimarsdagar etterkvart (i morgon...) Men me lærer ekstremt mykje, og det er ei oppleving eg ikkje ville vore utan. Og so spørst det om eg seier det same i morgon, på fredag eller ikkje minst måndag, når eg skal attende til det ”verkelege” livet og levera semesteroppgåver på UiB.

Det er forresten attende til internatlivet og. Me bur på Klones, ein jordbruksskule. Her er det dobbelrom, høgt under taket og fellesrom utan so mykje bestikk o.l. Høyrest det kjent ut for ein del? Eg trivst i alle fall so langt. Ein av medstudentane mine sa det og so fint: ”Eg ser litt på dette som ein retreat eg! Me har jo ikkje noko anna å ta oss til...” Og det har ho jo rett i. Me tek det som ein ferie. Ein hard ferie, men likevel. So kan kvardagen komma om ei vekes tid.

(bilete: i mangel på bilete av meg i ny traktor --> meg i gamal traktor. Mamma Mia!)

laurdag 1. november 2008

Fotball (?!)

Eg bryr meg jo ikkje all verdens om fotball, men nokre ting (også i årets sesong) er verdt å feira med eit blogginnlegg. Eit godt døme er dette. Uansett korleis kvalik-kampane går: godt jobba!

måndag 25. august 2008

Byhelg

Det var helger som denne eg såg fram til då eg i sommar lengta attende til byen. Helger fulle av hendingar, minimalt med studiar og massevis av gode vener.

Etter førelesing på fredag venta kafe-livet, for andre/tredje gong på omlag like mange dagar. Då ettermiddagen kom for eg heim til lesing og ein roleg ettermiddag, før Wiebke (mi veninne frå Tyskland), Bertram (hennar kjære) og eg heiv oss i ein diger bil og køyrde til Fana kyrkje, der me var vitne til ordinasjonen av Monika, ein av leiarane på TSN. Kyrkjekaffi vart det og på oss, før me suste heim til Bergen by og pizza, krim og skravling.

Laurdag skulle vera lesedag, men den gang ei. Ein kjapp bytur vart til tre timar i godt lag - og med diverse utgifter - og ettermiddagen vart brukt til skravling og bittelitt lesing før tacoen kom på bordet og film vart sett ut i dei små timar.

Søndagen byrja brått. Opp for å vera i Domkirken til ti, der eg var kyrkjevert på semesterstartgudsteneste. Kyrkjekaffi utanfor kyrkja gjekk over i føremiddagsmat og kaffi i huset med Magnhild og Einar, Wiebke og Bertram og sjølvsagt husets eigne. So vart det søndagsmiddag, før me hasta avgarda til Brann stadion. Der fekk me sjå at berre flaks (og vekktumla skot) redda Brann frå totalt nederlag mot Rosenborg. Til trøyst vart det stopp på Dolly's på veg heim, og pizza som nattmat.

No er kvardagen atter her, med forelesing, bokkjøp, lesepress og modernisme kring alle hjørne. Og eg vil helst berre kvila ut etter helgi...

(bilete: Wiebke og Monica på stadion. Frå ein kamp som gjekk bra (Brann-Viking i fjor haust))

onsdag 6. august 2008

Kajakkentusiast

Fyren framfor meg snur seg og smiler. So sperrar han augo opp. "Næh!" utbryt han. "Sjå!" Eg snur meg, og ser tre ryggfinnar stikka opp frå sjøen ti meter bak kajakken min. Me ligg og duppar midt i Sognefjorden, og ti meter bak meg snøftar tre niser vatn ut av pusteholet før dei rullar grastiøst ned i vatnet att. Eg får lyst til å le av fryd, men bryt ikkje stilla. I staden for famlar eg etter fotoapparatet innanfor redningsvesten - akkurat litt for seint.
Sidan onkelen min sette meg opp i kajakken sin og dytta meg litt ut frå brygga i Skjerdal har eg vore kajakkentusiast. Men familien min har kano. Og dermed har det alltid blitt meir kano enn kajakk for min del (sjølv om det ikkje har blitt all verdens av det heller.) Eg trur eg kan telja på ein hand (i alle fall nesten) alle kajakkturane mine. Likevel, eg er entusiast. Ein lite erfaren entusiast, men altså: likevel.

Etter at eg har mast og han har lovd, begge i tre somrar på rad, fann me tid til ein kajakktur, min ven Kim og eg. Han har havkajakk med ror til gode vener, medan han sjølv likar å visa fram sin sjølvbydge, blanke trekajakk. Den delinga var me godt nøgde med begge to. Me var og godt nøgde med turen me fekk - familien min meinte det ikkje var lange biten me padla, men for min del var det langt nok. For kjensfolk kan eg røpa at turen gjekk litt langs land, men mest midt i fjorden, ut i Vindedal. Der venta me til ferja hadde gått inn og ut att, før me kryssa over mot Fodnes. Innover mot Lærdal att padla me langs land innunder berget, før me la oss til i Hedler. Der laga me middag, etter at Kim hadde henta den i bilen der me hadde gløymt den att. Og so kom fjøra. Og so sat me no der, i Hedler, med turt land og sandbankar rundt oss på alle kantar. For dei som lurer kan eg røpa at det er langgrunt inst i Lærdalsfjorden... Dermed vart det til og med litt vassing for den skeptiske oppaføringen Mari, som verkeleg kom nær det våte elementet.

Eg kan og røpa at korsryggen, fingrane og handledda er stive i dag, men elles er eg klar for ny kajakktur kor tid som helst! Eg har ikkje tenkt å masa i tre somrar til før eg får den neste. Eg er jo entusiast - no med litt meir erfaring.

(bilete: Kim innunder fjellet i Lærdalsfjorden, eg på veg i land i Vindedal, langgrunt i Hedler)

måndag 29. oktober 2007

"Tjokk og feit og full av seriegull"

So har eg fått med meg den store festen i Bergen i år - kampen der Brann køyrte over Viking (Frida høyrde jubelen heilt heim, og det har me ikkje gjort før) og den etterfølgjande feiringa på Festplassen, med songar me ikkje kunne og store mengder glade bergensarar. Sært å gå ned til byen, midt i gatene saman med store mengder raudkledde folk og bilar som bæljar ut supportarsongane (som me altså ikkje kunne, til tross for nokre timar på stadion i forkant).


Det vart rett og slett ein emosjonell kveld - eg og Monica fann ut at eit fullpakka fotballstadion under ein slik kamp er litt som å vera manisk depresiv - og eg som berre er Brann-supportar fordi eg bur i denne regnfulle byen vart reint rørt. Uansett kva ein meinar om Bergen, bergensarar og Brann kan ein ikkje lata ein slik kveld gå upåakta hen!

Sjå stemning frå fotballpuben og Festplassen: http://fotball.bt.no/tv/article93299.ece (men tenk hujing og brøling, det er tross alt feststemte bergensarar (og wannabe bergensarar) det er snakk om)

Og her er ein av supportersongane som eg ikkje kan, men som eg likevel har hatt på hjernen - med eit syngande fotballag og ein gal (eks-)ordførar: http://fotball.bt.no/tv/article93287.ece (desverre dårleg kvalitet.)
Og so kan ein sei at det kanskje er litt vilt å lokka tusenvis ut i gatene ein sein søndagskveld, at det er vilt å bruka so mykje pengar på ei slik markering, at det er vilt at til og med tre sogningar går ned til byen for å blanda seg med dei raudkledde, og at vaksne folk ikkje burde oppføra seg slik. Men det er Bergen, det er Brann, og det skjer ikkje nett kvart år... (enno)

tysdag 23. oktober 2007

Gullet kom hem

Dette møtte alle studentar som logga på studenteposten i dag. "Dette hadde ikkje skjedd på austlandet," sa Frida (litt indignert?), og det har ho vel forsåvidt rett i. Men då er eg litt glad eg ikkje bur på austlandet - for alle bergensarar blir so glade! Ok, resten blir jo litt oppøste, men no er det ein gong slik at bergensarar kan overdøyva dei fleste, so det gjer ikkje so mykje.
Ok, eg er jo ikkje bergensar. Ikkje er eg spesielt inne i fotballverda heller, eller nokon stor supportar (anna enn kvar sesongstart, medan det enno er håp at Sogndal kan gjera det bra. Den vona forsvinn no tidleg...) og ikkje bryr eg meg so all verdens om Brann (ikkje slå, Lene! (Lene bryr seg nemleg all verdens om Brann: http://leneiversen.blogspot.no/) Men det er no moro at gullet kom heim etter 44 år!
Og so gledar me oss over at sexlivet vert betre, skilsmissetala går ned, og bergensarane kjem til å vera glade det neste halvåret (ifølgje BA)