Ingrid Elisabeth føreslo mastercurl tidleg i haust. Jaja, sa folk. Det hadde no vore moro, det, sa folk. Og so byrja organisatorane å organisera, og plutseleg sto 18 svært vaklevorne masterstudentar på isen i Loddefjord og skulle setja steinar i rett bol - eller kva det no heiter. Og eg låg og eg datt, som det står i songen. Men kjære vene kor moro det var!
|
Klare til innsats! |
|
Men fyrst må ein ha litt opplæring... Korleis går no denne kostinga føre seg? |
|
Litt nervøs for kor fyrste steinen kjem til å enda opp |
|
Og so skal Persijn i elden - har han stilen, jenter? |
|
Her er det iallefall ei som manglar stilen (men om nokon lurte: det er meir behageleg å landa på baken enn på knea) |
|
Men Inger-Hanne derimot - her snakkar me proff-stil! |
|
Kampane er i gang - og steinane ligg i heilt same avstand. Kven tok poenget? |
|
Dei grøne smiler godt - eller gjer sitt beste i so måte - men etter nøye måling er det det raude laget (her ved Ingrid) som har grunn til å dansa |
|
Og då må Thomas ordna litt opp i poengtavla, for fyrste poeng gjekk til den raude steinen! |
|
Marte er innbitt, her står det om seieren |
|
- og eg lovte å gi dette biletet biletteksten: "Det var dritbra, Marte!" Sjå retninga på den steinen, då |
|
Greitt å få (Evy), og gi (Ingrid Elisabeth), litt råd før ein skal sleppa steinen avgarde |
|
Lena held auge med steinen sin. "Kost!" |
Etter harde kampar (som for mi bane enda 4-4, eit perfekt resultat) var det "maftercørl" på Baran for dei som ikkje vart heilt utslitne, eller dei som trengte å døyva smerten. Planen er no nye øvingar i sportar me ikkje kan. Touchfotball? Ultimate? Golf? Time will show.
Rett og slett ein herleg kveld! :) Litt knall og fall, nokre sportsskadar, men alt i alt heilt fantastisk artig :D
SvarSlettÅ, slik har eg alltid hatt lyst til å prøve! Verkeleg. Kanskje eg må prøve å få det til, fordi det såg like gøy ut som eg hadde førestilt meg :)
SvarSlettWhat Ole Gunnar said:)
SvarSlettKjempeflotte bilete, Mari!Kjekt at nokon foreviga masterlesesalens curling-debut Ü