| Dameklubb? Iallefall spøt og bollar med to typar krem |
Rebusløp 2026
for 2 måneder siden
Run mad as often as you choose, but do not faint
| Dameklubb? Iallefall spøt og bollar med to typar krem |

Då eg la på tenkte eg to ting: gudskjelov at det ikkje var Monica ho ringte til, då hadde det blitt panikk i leiren, og: kven treng superheltar når ein har flygande vener?
Utanom kjøp av data, har dagen blitt brukt til juleverkstad i huset. Magnhild og Ingebjørg kom, og saman har me produsert enorme mengder julegåver, julepynt og julekort. No avsluttar jentene i huset med It´s a Wonderful Life - ein engel av andre klasse har nettopp dutte på elvi. Hurra for juleferie!
Men andre adventskalendarar har eg og. Me har fått ein av snille Magnhild, som prydar kjøleskåpet og som kjem til å bli svært spanande å opna. Eg gler meg! Og so har eg rota fram att den me hadde i Vognstølen det fyrste året i Bergen, og den skal etterkvart flytta seg ut av korga og opp på døri. I den står det songtekstar og bibelvers, og den har eg tenkt å dela med dykk.
Til vanleg har Edvard Grieg selskap. Ein måse brukar hovudet hans som utkikkspost, og eg er sikker på at han fortel sladder frå heile byen til komponisten som takk for hjelpa. Men i dag sat måsane og gøymte seg langs Lille Lungeren, medan Grieg hadde teke snøkåpa på. Han såg einsam og tankefull ut der han sto i stoisk ro/ stivfrosen på sokkelen og stirra mot den tomme Blomsterpaviljongen.
(bilete: meg, Karoline og Kristine på Stegastein, Aurland i juli. Karoline og Kristine ved Lille Lungeren, oktober.)
Om kvelden for Monica og eg på kino, og eg fann ut at om ein skal finna seg ein kjekkas må ein reisa til Irland, for det var det jenta i P.S. I Love You (trailer) gjorde. Det var ein film eg visste eg kom til å gråta av - og det slo til. Men det var god gråting, tårer som rann roleg og kledeleg (eller ikkje) nedover kjakane, og som fort forsvann i latter. Og når nokon seier "What do you want? I know what I want, cause I'm holding it in my hands", so må du berre gi etter og leva med...
pizzaen sjølv, for då veit eg at eg vert nøgd, eller kan skulda på meg sjølv. Kvelden vart avslutta heime i vår eiga stove, med det store bileta-må-hengast-opp-på-veggen-prosjektet. Resultatet er me godt nøgde med, og på ein vegg i stova har me no bilete av "familien" (nesten, Anja manglar enno).
I huset har me fått ei ny sysselsetjing, nemleg diktskriving. Det er noko so enkelt som at eg kjøpte magnetpoesi på Norli, og so var me i gang. Ord frå min kjære Olav og Geirr Tveitt prydar no kjøleskåpet vårt (saman med eit bilete av Trond Espen Seim, uunngåeleg i desse Varg Veum-tider...) Og kreativiteten blomstrar altså, både frukost, middag og legging tek litt ekstra tid når ein må lesa det som er komme sidan sist eller setja nokre gullkorn på kjøleskåpet sjølv.

Sidan eg kom heim frå Holland har det vore rolege dagar i Bergen. Fredag hengde Frida, Solrunn og eg oss på Ingebjørg som skulle handla julegåver til familien. Nydlege timar på Bryggen! I tillegg fann og og Solrunn oss kvart vårt dyr - reisndyret Dagros Hjulius, og elgen Elmer.