Viser innlegg med etiketten Ungdomslaget. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ungdomslaget. Vis alle innlegg

onsdag 25. mai 2011

Kontorkonsert

Eg har fått med meg dei fleste kontorkonsertane til P2 i vinter og vår. Det har passa godt å kombinera enten live-sendingar eller opptak med ein halvtimes pause ved pulten. Då var det ekstra moro når eg i går ikkje berre fekk med meg ei live-sending, men var med på den sjølv. Jenny Hval spelte på kontoret til ungdomslaget, og borti ei krå sat både styret og andre som klarte å snika seg inn mellom slagverk, kamera og kablar. Ei flott oppleving!


















Ein kan sjå meir frå konserten og ikkje minst Gro på kontoret i BA, eller lesa på NRK. Der kan ein òg sjå andre kontorkonsertar, mellom andre med Gjermund Larsen Trio og Jarle Bernhoft, som er eit par av mine favorittar i so måte.

onsdag 18. mai 2011

Du skjønne, milde

 
Monica og mori laga 17. mai-frukost til huset, nesten før fuglane hadde byrja å synga (eller var det stille fordi salutten skremte dei til tausheit?)
 
Me for rett frå frukostbordet til byen, der ungdomslaget kjempa om plass i toget med natteramnar og turlag. Det er ikkje alltid lett å organisera to faner og massevis av folk, men me kom oss avgarde, og spelte og dansa oss ut på Bryggen og attende. At vår amerikanske faneberar hekta snorene fast i eit trafikklys får me ta som eit hendeleg uhell. So byrja det å regna, akkurat etter planen, og det passte fint å gå på kafe i Gimle, til rømmegraut og is og marsipankake og oppattrydding etter festlegheitane.
 
 Og i det eg byrja å tenkja på mat og kvile, so passte det å gå til Marte og Inger-Hanne i Skostredet, og få kaffi og pølser, selskap og lattarkrampe i bakgarden.
 
Ungdomslaget dansa og Kor e tonen song på Festplassen, eg tok bilete og dreiv generell oppmuntring. Særleg når regnet kom.
    
So kom haglet, og me måtte søka tilflukt i Musikkpaviljongen. Ein regnboge kviskra om lysare tider, men tulipanane fekk seg nok ein knekk.
 
Me fekk varmen i oss att på Henrik, før fyrverkeriet bergensarane er so gilde i avslutta ein lang og fin nasjonaldag.
Dagen derpå ligg eg på sofaen med føter som enno klagar etter hard behandling i bunadssko i går, og eit hovud som ikkje heilt har skjønt at det ikkje er naudsynt å skunda seg på lesesalen, sjølv på ein onsdag. Men eg klarar no å nyta fridomen likevel.

P.S. Dei tre siste bileta frå hovudprosesjonen (som toget vert kalla i denne byen) er tekne av Torbjørn B. Lauen

søndag 10. april 2011

Framsyning

Det er mange detaljar som skal på plass før ei danseframsyning er ferdig. Flinke Sigrid og resten av folkedanslaget i BulE har teke seg av det aller meste, og so Endre då, som har styrt oss og musikken og alt som ikkje er praktisk (og litt av det òg). I timane før framsyninga, var det fleire detaljar - korleis skal me bukka? Kva merke i golvet skal Silja kjenna etter? Korleis sminkar ein 15 dansarar med ein pudderkost? Og kva gjer me med den skeive lyktestolpen?
Sigrid og lyktestolpen. Det vart orden på den.
Litt oppvarming til Audhilds medan me venta på regissør/instruktør/han med oversikta
Blide Charlotte klar for ein halvtimes pause - brukt på parkeringsplassen bak Nesttun Senter. Dei kule heng nemleg på senteret etter skuletid!
Den er no ikkje so halvgalen, denne sminkinga...
Varm opp medan det sminkar dykk! Audun multitaskar
Trutmunn, fiskefjes, sminketriks. Sjølv dei som skulle sleppa unna rougekosten måtte prøve trikset
Snart klare for førestilling!
 
Og so var me i gang (og det vart naturleg nok ikkje teke meir bilete frå mi side)
Og so, etter overraskande kort tid, var me ferdige. Då hadde me snurra, og svikta og dansa og sunga og blitt belnda av lyskastarar i kring 50 minuttar, men det kjentest som 15. Me fekk applaus og skryt - fortent syntes me. Me rydda salen og vaska vekk sminken og pakka ned danseskoa. Ein etter ein forsvann dansarar og musikarar og publikumarar ut salen. Me var nøgde, trøytte, forundra. Og sette kursen mot byen for vidare samvere.
Utanfor Nesttun Senter plukka Gunn Inger opp eit par stakkars publikumarar. Dei fekk vera med på bybana, dei òg.
(Det var forresten fritt fram for å nytta fotoapparatet mitt i går, so eg anar ikkje kven som har teke kva her - eg hugsar ikkje ein gong kva eg sto for sjølv... So om nokon vil krediterast for bileta som ligg her, hyl ut!)

fredag 8. april 2011

Generalprøve

Om knapt to døgn er me ferdige. Ferdige med nervane, ferdige med nynniga, ferdige med det me har brukt året på å planlegga, koreografera, øva på og øva på nytt på. Ferdige med Danseskostredet. Men før me er ferdige, so skal me ha framsyning, og før framsyning må ein ha generalprøve. Det gjekk føre seg ca slik:
Sminke, venting, prøving, måling, planlegging, øving, lyssetjing, felestemming, meir øving, generalprøve og takk for oss!

Men "takk for oss" er jo ikkje før om knappe to døgn, innan dess skal me rekka meir av det same - og hjelpes, kor moro det er å stå på ei scene att, og det med so finke folk! Eg er alltid glad når eg kan snurra litt i bakgrunnen - når ein deler scena med ein haug folk som er meir enn flinke nok til å snurra i framgrunnen. Og med so flinke musikarar! Her var diverre ingen bilete av våre eminente spelmenn - Audhilds og folkjazztrioen Kefir Kulturformidling. Dei får ein sjå om ein kjem til Fana Kulturhus laurdag klokka 19.00 - og slik fekk eg snike inn litt reklame òg...

Apropos reklame: Radioinnslag her, spol til ca 10.45. Og so seier rykta at me kjem i Fanaposten i morgon (fredag altså).

(Dei to siste bileta i dette innlegget er teke av Anbjørg M. Bergwitz)

måndag 21. mars 2011

Tonehelg

Det var ikkje mange som snurra rundt golvet når Jon og Sindre spelte til dans på laurdag, men me som var der hadde det fint. Når eg kunne lena hovudet bakover og lytta til den "vakre, sjelfulle salmetonen" Audun bestilte som avslutning, so tenkte eg på at eg jammen er heldig som kjenner so flinke folk.
 Når Jon spelte til dans, hadde eg allereie vore i Gimle nokre timar. Og eg var der nokre timar dagen etter òg, for Kor e tonen hadde øvingshelg og konsert saman med Konsonans. Mang slags kjærleik, kalte me den - og mangt slags vart det. Med konsert tidleg i semesteret og ikkje minst ein sjuk dirigent og to stakkars vikarar på ei helg er det mykje som kan gå galt. Og mykje gjekk galt, mellom anna song eg gamalfransk etter logikken "det rimar, då er det sikkert greitt." Men for det meste fann me tonen når me skulle, og kom oss gjennom til aplaus frå vener og kjente.

(Foto frå konserten: Nina Blågestad)

tysdag 15. mars 2011

Danseskostredet

Det vert førestilling! Me har øvd i helgi, og det vert jo bra jo - kven skulle trudd? No håpar me berre det kjem folk, for det vert so dumt om me har øvd i eit år utan at nokon får sett det... Ja, det var eit hint! For me treng verkeleg publikumet, både økonomisk (for me får ikkje nett peng kasta etter oss, vaksne amatørar som me er...) og ikkje minst fordi det er då det er moro. Informasjon finst i den <--------------- margen
Og dette er nokre av folka som gjer at det vert bra - og som gjer at det er moro å dansa koreografiar og improvisasjonar til folkjazzen tyt ut av øyro på ein og ein helst har lyst å pensjonera dei stive låra for alltid. Fin gjeng!

fredag 11. mars 2011

Fordeler med nynorsk


Nynorskmafia eller NU? Trur det er ein viss samanheng...
Men i alle tilfelle er eg no eigentleg fornøgd med å vera eksotisk og å gjera ingenting eg, eller kva - gutar?

søndag 27. februar 2011

Fagseminar

I natt var eg meint å berre lenkje til dette to år gamle innlegget. For i det eg gjekk ut av Gimle når klokka var ein plass mellom midnatt og ein ny dag, so kjentest det omlag slik. Høg på musikk, mindre sukker, og rett og slett godt nøgd med både min eigen og andre sin innsats, og kvelden i det store og heile. Men på frontruta til Sylvin låg ein gul og svært uvelkomen lapp og venta, og eg fann ut at kjensla kanskje ikkje var heilt lik likevel...

To år etter førre gong. Eg står enno på kjøkenet ei travel lunsjvakt. Forskjelen er vel at eg eigentleg ikkje har vakt. Men eg kan ikkje halda meg heima, det er jo her det skjer - og det er jo eg som skal ordna det i stand. Dersom ikkje alt hadde gått av seg sjølv då, med gode dugnadsfolk og engasjerte sjeler.
Alt det fine som finst i Gimle! Håvard og eg brukte torsdag på å rydda det gamle lagskontoret, og fram dukka det skattar. Ikkje mange, men dei finst - som denne reklameplakaten for gamle Ervingen. Og det passa jo godt når lagshusa skulle fyllast for helgi.
Innimellom teljing av stolar, handling av brød (nei, eg skal ikkje eta alle sjølv) og kjeks (joda, eg likar kjeks, men ikkje to bæreposar), fekk me tid til å henga NU-flagget ut i Bergensveret
Borghild var kjøkensjef laurdag kveld. Full kontroll over festmiddagen og masser av dugnadsfolk
Og so var middagen ferdig og salen vart rydda til dans. I hjørnet gjorde spelmennene seg klare, medan Kristin godkjente golvet
Maria, Birgit og Silja gjer klar til kafè
Turdans med Vegar og Einar Olav. Songdans med Torbjørn. Dans mot midnatt til Audhilds. Fin musikk. Fin kveld.
Guro og siste rest av oppvasken
Søndag føremiddag og tremila på storskjerm. Kaffi og sjokolade
Takkegåve frå NU. Konfekt og 20 kroner på flax-lodd. Stor moro - og stor lette når me endeleg kunne klemma og gratulera kvarandre med eit vel gjennomført fagseminar (vel, den praktiske delen av det, iallefall)
Klokka kvart over åtte søndag morgon. Byen er stille, berre mellom dei to husa i Kong Oscarsgate spring eg med ein fløytemugge til landsrådet. Snart er det kaffi, kjeks og VM, lunsj, prat og so opprydding. Etter fire dagar i Gimle skal det ikkje bli so aller verst med ein ettermiddag på sofaen. Men kva skal ein no ta seg til, når ein er ferdig med fagseminar? Masteroppgåve, liksom...?

Oppsummering: trass parkeringsbot (men hei, erfaring det òg!), var det ei fin helg. Ynskjer meg fleire slike.