No burde eg ha skrive eit eller anna om kor bra det er at folk tek so godt i mot bøssebærarane frå Kirkens Nødhjelp i kveld, for det gjer dei. Eller om kor kosleg det er å snakka med framande folk i ei opa dør. Eller kanskje om at til tross for at det regnar, so kjennest det litt vårleg ut i Bergen - men eg er for sint...
Eg les nemleg om "
nynorskens forfall" på Dagbladet i dag. Forfell målet vårt altså? Fint at nokon fortel oss det... Kronikkforfattaren skuldar på valfridom og internett, og eg ser til dels poenget hans. Det er lite stoff på internett som er skrive på nynorsk - men det hadde vore enno mindre om nynorsk ikkje fanst... Og mykje av skulda ligg vel og på dei store nettsidene og nettavisene, som verken i papir- eller nettutgåve gir rom til nynorsk. i tillegg er det svært mykje verktøy som ligg føre berre i bokmålsutgåve. Og når ei side som
ordbok.no har lenkjer til "norsk" og "nynorsk" er det ikkje rart statusen ikkje er høgre... Desverre er det og få som veit at det finst nynorske alternativ, som
startsida.no. Men eg har og opplevd mange som viser identiteten sin på internett gjennom å skriva nynorsk eller noko nærare dialekt. Min eigen kjære bror har kjefta på meg fordi eg skirv for normert i rask nettkommunikasjon, og eg trur rask (det som på faget mitt heitte real-time) kommunikasjon er ein måte å gjera ungdom medviten på eige språk. Men det vert ikkje akkurat normert...
Og dette er ein av tinga kronikkforfattaren reagerar på. Stor valfridom gjer at sjølv dei som har vore nynorskbrukarar heile livet er usikre på rettskrivinga - det oppdaga eg sjølv i dag då eg lærte at eit refleksivt pronomen med feminin antesedent er henne på nynorsk, ikkje den. Ein lærer so lenge ein lever...
Forfattaren meinar derfor ei nynorskreform er lurt, for å bli kvitt all tvil kring t.d. bruk av anbehetelse-ord - og eg ser poenget hans (desse orda burde forsåvidt vore fjerna, det gir eit meir aktivt språk, men det er so steike vanskeleg utan dei...) Men eg har enno litt problem med ei nynorskreform - eg likar klammeformene våre, valfridomen og det at det er lett å ha eit skriftspråk nær si eiga dialekt. Men me skal no alltids takla ei normering... (Ikkje sei til Frida at eg nokon gong har sagt dette, eg kjem til å bli kvelt i medan eg søv)
Det eg ikkje taklar lenger, er at etter kronikken om normering (som forfattaren sjølv meinar kan vera ein reiskap for å styrka nynorsken) kjem alle kommentarane. Og dei handlar ikkje om å styrka nynorsken, men derimot nesten utan unntak om å fjerna den. Alt vaksne folk kan få seg til å skriva! "grautmål", "fjøslatin", "nynorsk er et dødt språk" (takk fro at du fortalte meg det - eg må innrømma eg føler meg sprell levande, og det same med språket mitt, men no som du seier det - ja eg er litt slapp...) og det beste: "Jeg har selv hatt barn som har blitt pressa til nynorsk og DET HATER jeg dere for!" Er det rart eg har lyst å smella med dørene, kasta ting i veggene og hyla høgt? I staden for nyttar eg sinnet fornuftig, og bygger opp mitt forråd av ting eg aldri skal sei til nokon. Hata ei heil gruppe menneske for at borna har måtta læra litt av ei anna målform? Den er drøy (forresten, "eg hatar vikingane fordi bror min må læra norrønt")
Det som derimot er moro med desse kommentarane er at han som skreiv, på bokmål, at folk som mislikar nynorsk gjerne er folk med dårleg språk sjølv, desverre ser ut til å ha rett... Mykje rare orddelingar, engelske uttrykk, skrivefeil og særs usaklege argument ute og går altså! Og so nyttar dei som argument at ein bør kutta ut sidemål for å få betre plass til engelsk - rekk opp handa den som har reine a'ar og b'ar frå universitetet i nettopp, ja, engelsk. Oi, det var nynorskbrukaren det ja! (ikkje ofte eg dreg fram karakterane mine, so no skjønnar de vel at eg er sint...) Eg kan ikkje skjønna at det å læra fleire språksystem kan hindra språklæringa. Det viser all forsking at det ikkje gjer. Argumentet med at osloskulane som har hatt valfri sidemål har fått betre norskkarakterar
held heller ikkje mål - det er ikkje svært rart at ein får uttelling når ein spyttar inn midlar, er det vel. I tillegg fekk og osloskulane med obligatorisk sidemål og betre karakterar (noko som minner meg om muren i Palestina - ingen sjølvmordsbombarar? Hurra, muren funkar! Og nei, me tenkjer ikkje på at det kan vera andre årsaker...)
Ja, no skal eg gje meg, før dataen eksploderar av mitt sinne. Og eg beklagar so mykje, for eg veit jo at dei fleste av dykk som skal lesa dette er mine vener og kjente, og deler eller kjenner til mitt syn på saken. Til dykk kan eg avslutta med å sei: Les kronikken, les kommentarane - og vel sjølv om de vil le eller gråta. Eg er ikkje sikker sjølv enno...
P.S. Frimerket er frå
Noregs Mållag sitt hundreårsjubileum.