fredag 11. mars 2011

Fordeler med nynorsk


Nynorskmafia eller NU? Trur det er ein viss samanheng...
Men i alle tilfelle er eg no eigentleg fornøgd med å vera eksotisk og å gjera ingenting eg, eller kva - gutar?

onsdag 9. mars 2011

Fiction Island

Kan eg melda flytting hit? Eg hadde nok funne meg vel tilrettes litt på innsida av Bridget Jones Strait eller langs The Metaphoric River, so lenge eg heldt meg vekk frå Human Drama-sida. Here Be Dragons er jo òg ein by ein kan vurdera.
Oppdatering: Eg innsåg her ein kveld at øya Blyton må vera mitt paradis. Der bur jo alle dei Enid Blyton har skrive om gjennom tidene, inkludert mi fyrste forelsking, Julian. Eg veit ikkje om eg skal flytta dit, eller berre slå meg ned i Here Be Dragons eller Superheroes og venta på at han og venene treng hjelp med å løysa eit mysterium.

Ny musikk

På fredag hadde eg ein plan om at eg skulle gratulera meg sjølv med ei fullført veke (eg kan på ingen måte sei "vel fullført," men ferdig var ho) med to plater eg har sett fram til i lang tid. So eg troppa opp på Platekompaniet på Torgallmenningen, sneik meg forbi køen, gjekk strake vegen forbi Kaizers (jepp, dei sto der heile gjengen), og endte opp framfor disken. Nyaste til Real Ones, takk, og so den heilt ferske til Casa Murilo. Men der var det stopp. Joda, Real Ones fekk eg - me er då i Bergen - men Casa Murilo hadde dei ikkje teke inn. Ikkje hadde dei planar om det heller. Eg tenkjer som so at det var ein tabbe, for no ligg Lifting Ships på bestseljarlista til Platekompaniet i kategorien indie, saman med First Night on Earth til Real Ones. Eg har nok gått inn i den statistikken, for i går kom den i posten.

So no har eg to nye plater eg kan nyta og rocka og synga med til. Platehylla mi er gankse lita her i Bergen, men til gjengjeld er det omlag berre norsk musikk (eg telte her hin dagen, og fann ei irsk og to svenske, og elles berre norsk - og finsk-norsk). Og det er god norsk musikk, der desse passar godt inn mellom folkemusikk anna feel good-musikk.

First Night on Earth er liknande førre pop-plate frå Real Ones, All for the Neighbourhood, kanskje hakket meir indisk-inspirert. Fint for mørke vinterkveldar og lyse vårmorgonar, tenkjer eg. Og Lifting Ships er akkurat som forventa - eg hadde jo høyrt, gjennom ulike smakebitar og nedlastingar, nesten alle spora, so få overraskingar der. Men det gjer då ingen ting, det er akkurat slik fin britisk pop - frå Oslo - med fine harmoniar, fine instrumentering, glade melodiar og ikkje minst fine rytmar eg likar. Lett å synga med til, lett å lika. Eg gler meg til ein vår med desse platene på repeat (sjølv om sambuarane kan finna på å gjera opprør om eg får det heilt som eg vil).

Forresten, viss de vil smaka litt på platene før de kjøper dei: Lifting Ships på Spotify her, og First Night on Earth her.

måndag 7. mars 2011

Fastelavnssøndag

Frivillig opp klokka ti ein søndag føremiddag, etter litt for få timar søvn - men det er då ikkje kvar dag det er VM (og det to på ein gong). Dermed har dagen gått i gull, sølv og bronse, taktikkanalysar og matlaging. Ekte søndag, med bittelitt lesing for å letta samvitet, og elles fjernsyn, mat og vener,  handarbeid, Alias og bollar.
Dameklubb? Iallefall spøt og bollar med to typar krem
For meg har fastelavn alltid vore starten på våren, og det var det i år òg, trass i at eg gløymte å plukka ris - og me droppa å pynta stovepalma, slik me gjorde i fjor. Og som start på våren, so var det ein god start - sjølv om den gjekk i vintersport og varme i omnen.

laurdag 5. mars 2011

Mastercurl

Ingrid Elisabeth føreslo mastercurl tidleg i haust. Jaja, sa folk. Det hadde no vore moro, det, sa folk. Og so byrja organisatorane å organisera, og plutseleg sto 18 svært vaklevorne masterstudentar på isen i Loddefjord og skulle setja steinar i rett bol - eller kva det no heiter. Og eg låg og eg datt, som det står i songen. Men kjære vene kor moro det var!
Klare til innsats!
Men fyrst må ein ha litt opplæring... Korleis går no denne kostinga føre seg?
Litt nervøs for kor fyrste steinen kjem til å enda opp
Og so skal Persijn i elden - har han stilen, jenter?
Her er det iallefall ei som manglar stilen (men om nokon lurte: det er meir behageleg å landa på baken enn på knea)
Men Inger-Hanne derimot - her snakkar me proff-stil!
Kampane er i gang - og steinane ligg i heilt same avstand. Kven tok poenget?
Dei grøne smiler godt - eller gjer sitt beste i so måte - men etter nøye måling er det det raude laget (her ved Ingrid) som har grunn til å dansa
Og då må Thomas ordna litt opp i poengtavla, for fyrste poeng gjekk til den raude steinen!
Marte er innbitt, her står det om seieren
- og eg lovte å gi dette biletet biletteksten: "Det var dritbra, Marte!" Sjå retninga på den steinen, då
Greitt å få (Evy), og gi (Ingrid Elisabeth), litt råd før ein skal sleppa steinen avgarde
Lena held auge med steinen sin. "Kost!"
Etter harde kampar (som for mi bane enda 4-4, eit perfekt resultat) var det "maftercørl" på Baran for dei som ikkje vart heilt utslitne, eller dei som trengte å døyva smerten. Planen er no nye øvingar i sportar me ikkje kan. Touchfotball? Ultimate? Golf? Time will show.

onsdag 2. mars 2011

Pottery

Kvifor vert "poetry" so fort til "pot(t)ery"? Er det fordi begge deler er handtverk, byggverk, menneskeskapt og konstruert? Eller er det fordi eg alltid har kaffikoppen i nærleiken av dikta - og masteroppgåva?

Statistikk-takk

Eg likar statistikk! Eg likar at ein kan sjekka SSB og sjå kva som var dei mest populære namna i 2010, og le litt av dei som kalte ungane sine nett det (sjølv om eg bør vera litt forsiktig med nett det, som vart kalt Mari midt på 80-talet). Men særleg likar eg slik statistikk som har med meg å gjera, det er den beste typen. Mellom anna likar eg statistikken som seier at Lærdal sitt folketal auka med 25 stk i løpet av 2010 - og at Porten får dette til å verta 45. Interessant teljing der altså.

Og ikkje minst likar eg statistikk-knappen på bloggen. (Dersom du har blogger-blogg og ikkje veit om denne enno - finn den! Gå til "utforming" og so "statistikk.") Her finst det oversikt over kor mange som er innom bloggen, kven dei er og korleis dei kjem seg dit. Moro!

Eit utdrag frå statistikken den siste månaden (1. februar-2.mars):
Bloggen har hatt 731 besøkande. Av desse var 628 frå Noreg. Elles på topplista over land ligg USA, Spania, Kenya, Belgia, Storbritannia, Nederland, Japan, Israel og Tyskland. Israel (hei Live), Kenya (hei Nina), Spania (hei Lene) - desse kan eg skjønna. Men Nederland? USA? Kven kjenner eg der? Elles kan eg lesa meg fram til at 27% av dei besøkande har skjønt at det er Firefox som er noko, men 27% sit òg fast i Microsoft-bobla og nyttar Explorer. Det er òg godt over halvparten som nyttar Windows, medan berre 33% er Mac-brukarar (men det er jo ikkje so gale berre det, lesarane mine er ikkje nokon kven som helst).

Det mest leste innlegget var Ikkje les på lesesalen. Det skulle ikkje forundra meg om det er ein del lesesalsfolk som står for den biten... Dei fleste lesarane mine kjem innom bloggen via Bloglovin, som er programmet som gjer at lenkjer til innlegga vert lagt direkte ut på fjesboki. Ikkje noko mystisk der altså. Det er òg ein del som kjem frå vener sine bloggar - det er kosleg! Og so er det dei som finn bloggen via Google, og det er jo alltid spanande. Dei vanlegaste søkeorda har, naturleg nok, den siste månaden vore variasjonar over "casa murilo show some restraint", men òg søkeord som "alexander von mehren", "februardikt", "kort møte", "lærdal" og, forundarleg nok, "kva heiter statsministeren i storbritannia" har ført folk til meg. Eg må innrømma at dei fyrste kan eg sei litt om, medan det siste har eg vel aldri nemnt med ei staving (men eg kan fortelja at han heiter David Cameron, om nokon lurte - og nokon lurer jo).

Ser de? Statistikk er moro! (særleg so lenge den handlar om meg og mitt)