måndag 16. mars 2009

Fåi

Ordet denne veka er eit ord eg vaks opp med og brukte heile tid. I løpet av vgs forsvann det litt for meg. Eg har teke det attende i det siste, men merkar at det ikkje vert brukt konsekvent og at det skapar ein del forvirring. Det er lærdalsordet for bak, rompe, røv osb, nemleg fåi. Eg lurer på om det og kan finnast ein dativvariant, fån.

Dette er eit ord eg ikkje har funne andre stader i Indre Sogn - ver velkomne til å retta når som helst - men eg har funne det i andre og fjernare dialektar: Hellbillies syng nemleg "og kyss me midt i fun" (dativ?) i Ikkje grav meg ned frå Sylvspente Boots-plata (ja, eg kan min Hellbillies...), og eg kjenner til ein kar frå Aust-Agder som snakkar om fua. Påverking frå Hallingdal kan lett forklarast, men so fjernt som Aust-Agder er det verre med. Antakleg er det eit ord frå norrønt som har levd vidare i desse dialektane, men kva dette ordet var har eg ikkje klart å ressonera meg fram til (og ordboka har ikkje vore til hjelp, snakk om 600 vekkasta kroner...)

Oppdatering: Mamma har komme med info. Fån er, som eg trudde, dativ. Det er mest brukt oppe hjå oss, lenger nede i dalen nyttar dei mindre dativ. I Årdal brukar dei og ordet fåi, men utan dativ (dei mista det før oss). Når andre i Indre Sogn kjenner til ordet, er det alltid i tilknyting til lærdøler og (alltid?) nedverdigande.

fredag 13. mars 2009

Watchmen

Who´s watching the Watchmen? var spørsmålet.
Svaret: eg og Eiren.

Eg er i Trondheim for helgi, hjå Eiren (og på Dragvoll for å ha eksamen, men det er ei anna soge). Eiren bur ca eit halvt minutt frå Prinsen Kino, so det er derfor berre naturleg at me tok oss ein tur. Og det me tok oss ein tur for, var å sjå ein grueleg valdeleg film som testa alle grenser for kva ein superhelt er eller kan vera.

Watchmen kom ut som teikneserie på åttitalet, og det er 1985 som er året for dramaet i filmen og. Og for eit drama - det skal seiast at hovudhistorien kanskje er noko tynn, skulle den fyllt alle tre timane, men den er støtta opp av ei stor mengd tilbakeblikk, livshistoriar og "real"historiske minner. Men viktigast er diskusjonen om kva som er rett og kva som er galt, kva er det å leva i gråsonene, og kan målet helliga middelet? Ein skjønnar fort - ut frå persongalleriet - at dette vert mørkt, og det er lysare berre eit knapt sekund.

Persongalleriet, ja. Mykje moro der! Ein har då ein gjeng heltar, der berre ein har verkeleg superkrefter (ala Fantastic 4 har han fått dei i ei vitskapeleg ulukke). Dei andre er som Lynvingen "vanlege" folk, berre grueleg godt trente... Men desse heltane har fått sparken, og er alle desillusjonerte og slit med all slags problem. Den som kanskje minner mest om ein klassisk superhelt er Nite Owl II, som ser ut som Clark Kent i dagleglivet, Lynvingen i drakta og har moralen til dei begge. Det er på ein måte opp mot han dei andre vert stilt - men utan at det nødvendigvis er han som har løysinga.

Nei, rett og slett ein anleis superheltfim, og som ikkje er noko for sarte sjelar. Blodsprut, nakne mannfolk (ein blå sådan), meir blodsprut og enno meir blodsprut. Og spørsmål om noko er verkeleg rett og galt, når vert helten skurk - og finst det eigentleg nokon happy ending lenger?

måndag 9. mars 2009

Ord for veka

Eg har tenkt å byrja ein ny serie her på bloggen. Inspirasjonen kom plutseleg til meg på førelesing i dag, det er slikt som kan skje når ein nærmar seg pensumet om dialektar. Den nye serien kjem til å handla om språk (overraskande nok...), og i fyrste omgang om ord (derfor tittelen "Ord for veka"). Men etterkvart kan det nok og dukka opp grammatiske særeigenheitar og andre spanande ting, kven veit?

Ja, kva ord kjem med i "ord for veka"? I fyrste omgang ord frå Lærdal (eller andre dialektar som interesserar meg for augneblinken), ord eg brukar, vil bruka, eller berre vil dela med folk. Av og til kan det nok og snika seg inn særeigne nynorskord (og no er eg inspirert av huset sine "ord for veka" frå i fjor), eller til og med ein kombinasjon av fleire ord i same innlegget (less is more er ikkje eit ordspårk eg klarar å leva etter).

Fyrste ord ut er (tada!): agaslaust
Dette er eit adverb eller adjektiv, som betyr noko slikt som "voldsom", "svært mykje". Kan brukast t.d slik: Han e no ein agaslaust kjekk kar, Det regna nåkke so agaslaust, Det e ein agaslaus austavind i dag

Eg kjem etterkvart med kjelder til påstandane mine om dei ulike orda og dialekttrekka, men nett no får det berre tru på meg (sjølv om nokon meinar eg diktar fritt når eg snakkar...)

(bilete: illustrasjonsbilete)

søndag 8. mars 2009

Meieriet og Odd´n

Eg har vore på studenthuset i Sogndal, Meieriet, i kveld med mamma og tantene. Trur nok det er nærare fem år sidan eg var der sist, so det var stor stas - særleg sidan det var Odd Nordstoga og hans flotte band som var grunnen. Det var (ekstra) avslutning av Veka, og ledige billettar sjølv for tilreisande frå Lærdal. Me like!
Litt moro å ha opplevd han i ulike settingar - på akustisk konsert i Logen, folkemuikkinstrumentbasert (oi, for eit ord!) på MålRocken, og no på skikkeleg band-vis på ei flott scene. Og for ein mann! Og for ein musikk! Som Tone tante sa: "Godt sagt!" - for tekstane er til å kjenna seg att i, musikken er fengande, og allsongfaktoren er stor. Eit vellukka arrangement, og ein vellukka kveld. Hurra for tanter som finn ut at konsert er ein fin ting, for meg som overtalar mamma, og mamma som er tøff og blir med - på Meieriet.

torsdag 5. mars 2009

Eit alternativ mindre?

Då veit me enno ein ting eg ikkje skal bli: norsklektor. Eller enno verre, lærar med norsk og engelsk som spesialisering. Berre synd det er det alle blir når dei går språk på HF, og ein av dei openberre moglegheitane mine. Men kanskje eg slepp om eg droppar oppgåva i litteraturhistorie...?

Where do I go, follow the river
Where do I go, follow the gulls
Where is the something
Where is the someone
That tells me why I live and die
Hair

Ja, det vart vist litt litt filosofisk her... Men no er eg heima, og skal ikkje skriva oppgåve på fire dagar! Eg skal berre lesa ein dansk roman, og ein norsk, og litt fonologi, norrøn grammatikk, og so nokre eventyr då.

tysdag 3. mars 2009

Syntaks?

Oppgåve:
1. Finn fram dagens Sogn Avis
2. Slå opp på fyrste sida, debattinnlegga, om "Lærdal, den raskaste kommunen i landet"
3. Fyrste utfordring: les teksten.
4. Andre utfordring: svar på spørsmålet "Kven gjer kva korleis?"

Ok, eg veit, ikkje alle som har so grei tilgang til Sogn Avis. Her kjem derfor eit utdrag av det som kan skapa hovudbry: "... og dersom det ikkje er umogleg gjennomfartstrafikken som står for desse lovbrota kan eg ikkje forstå korleis dei får det til når dei veit at det er kontroll langs vegen annakvar dag. Som eit plaster på såret for dei fartsglade lærdølene..."

Godt å sjå at det ikkje berre er ungdommen som slit med slike detaljar som syntaks, samsvarsbøying, antesedentar og teiknsetjing! (og ein smule realkunnskap)

søndag 1. mars 2009

Søndagskaffi og kortspel

Frida 885 poeng
Ingebjørg 625 poeng
Mari 437 poeng
Det er stoda etter mange timar kortspel i huset ein søndagskveld. Me er einige om at eg får hell i kjærleik, Frida har selt sjela si. Ok, eg er einig med meg sjølv om dette.

Kortspelet er ein del av søndagskaffien i heimen. Etter jul tenkte eg og Frida at det skulle vera søndagskaffi hjå oss fast, men det går ikkje heilt - rett og slett fordi me sjeldan er heima. Men Ingebjørg møter opp når me ein sjeldan gong er heima, og dermed vert det bollar, te og kortspel ut i dei små timar. Eit kortspel eg alltid tapar. Men neste søndagskaffi, då! Då...