måndag 21. juli 2008

Bryllaupsfestival

Dei svarte rett og sa "ja", både min morbror Jon og tante An-Magritt då dei vart stilte det store spørsmålet i Skjerjehamn på laurdag. Då hadde festen allereie vart nokre dagar.


Skjerjehamn er ein gamal handelsstad med stor gjennomfart og betydning frå 1600-talet og framover. Villaen er nyoppussa, det gamle pakkhuset er restaurant og landhandelen er open heile sommaren. I tillegg er det i Skjerjehamn kong Olav bur no.

For min del byrja festen onsdag med reisa til Ytre Sogn. Eg har aldri vore der ute, og å finna vegane var til tider spanande nok berre det. Men fram kom me, akkurat tidsnok til dei siste tonane på den fyrste konserten denne veka (kjømeistaren sa det so godt: "Hm, gifta meg, det har eg aldri gjort. Lat oss laga jazzfestival!")

Torsdag var det fjelltur som sto på programmet, og opp til heile 194 meter gjekk me. Høgaste fjellet på Byrknesøy. Eg lurer på om det er noko dei skryt av? Geologen Stein meinte iallefall at bergartane var noko dei kunne skryta av, med store render av kvarts som skar opp frå berget under.
Every dog has its day vart dedikert til brudeparet under konserten den kvelden. Real Ones viste seg å vera eit flott liveband, og måtte innatt med tre ekstranummer. Eg er litt vel begeistra kanskje, og nytta sjansen til å ta både konsertbilete og snikbilete av bandmedlemmar på bordet bak min kjære bror...

Fredag smilte vergudane som berre det, og ungane vart med meg på Gi eit lite vink. Eg er ikkje sikker på kven som koste seg mest, dei eller eg, men den som hadde dei beste gøymestadane var i alle fall Jon. Og dei som vart mest forundra over manglande reaksjon, var politimennene som kom i båt og stilte ungane det enkle spørsmålet "kva driv de med då?" "Gøymsel -ein -to- tre..." var svaret dei fekk, og vekk var ungane - og eg. Når eg endeleg fann att ungane, sto båttur på planen. Det vart fisking mellom skjæra, men dei yngste treivst og godt med fisking frå bryggekanten ved landhandelen. Der finst det nemleg både krabbar og brennmanetar, som kan vera lika spanande som torsk og makrell.
Haavaldsen, Hatling og eit ukjent tal Skjerdal hadde dikta song til brudeparet. Det vart framført med stor suksess. Sjølv om ngen i koret på 24 stk gret under framføringane, var øvingane noko anna, der rann det tårer på siste verset gong etter gong. I tillegg song me Brudemarsj, også den utan tårer, men med Øyvind på saksofon.

Og so var den store dagen der! An-Magritt og Jon ga kvarandre sitt ja og utveksla ringane etter bestemor og bestefar. Dei "små" var brudejenter og -sveinar. Eg og tantene gret. Og so var det fest!

Utpå kvelden var det ordning på sminken og byting av kle - bunaden er litt i varmaste laget å svinga seg til so mykje som me gjorde. Derimot såg det ut til at kvite sko var det store denne kvelden.

Bruda var sjølvsagt i godt humør, sjølv om ho nett på dette biletet ser skeptisk ut. Og Hanna var og blid, ho fekk dansa vals med storebror Håvard.


Musikken var variert, alt frå jazz via storband til rock og folkemusikk. Både brudgommen, brødrene og onkelungane hans sytte for musikk, og festen varte ut i dei små timar.

No er eg attende i kvardagen, eg jobbar heildag på turistinformasjonen Snakk om kræsjlanding - etter å ha vore høg på sjøluft, sukker, musikk og familiekos i fleire dagar er turistane skremmande kjedelege og vanlege. Heldigvis har eg tonnevis av bilete og sjå gjennom, og ein blogg eg kan dela nokre av dei på.

onsdag 16. juli 2008

Bloggverda utvidar seg

Eg tek litt av skulda for at Anja no har oppretta blogg. So får me sjå om den vert kortliva eller langlevd (har ikkje peiling på om desse orda finst eller korleis ein skriv dei, so derfor tek eg med alle moglegheiter). Gratulerar Anja!

Elles fer eg til Skjerjehamn i bryllaup i dag, og etter litt att og fram med meg sjølv har eg bestemt meg for å lata dataen, den kjære, vera att heima. Derfor vert det kanskje, kanskje ikkje oppdateringar fyrst over helgi (på den andre sida har eg både bror og onklar som har med data, kjenner eg dei rett). Det vert dermed spanande å sjå om det har skjedd noko nytt på dei mange bloggane som har dukka opp i løpet av sommaren til dess :-) (hint?) Men alle bloggarar, nyt sommaren og! Til tross for at den ser ut til å by på regn og ruskever, er den vel verdt å få med seg.

tysdag 15. juli 2008

Journey for Justice

Eg har bestemt meg. Eg skal attende til Palestina ein eller annan gong. Eg har snakka med mange her heima om det - det er jo ei bygd med ein del menneske som er engasjerte i Jeriko, og dermed Palestina - men det vert ikkje med det fyrste. Ei som derimot får reisa til Palestina med det fyrste, er Magnhild. Ho fer saman med ei (sikkert flott) gruppe på Journey for Justice no på måndag. Med seg får dei vår reiseleiar frå olivenplanteturen, Maria. Heldiggrisane.
Dei har blogg, so der kan me alle følgja med på korleis det går med dei. Eg håpar det går bra og at dei får eit trygt opphald. At dei får eit spanande, opprørande, lærerikt og engasjerande opphald veit eg. God tur!

søndag 13. juli 2008

Sunday morning

- rain is falling... Og der forsvann likeheiten med Maroon 5. Eg sit atter ein gong på turistinformasjonen, og då veit de kva som kjem: oppdatering etterkvart som det skjer noko her. Hurra!
-11.01: eg er bittelitt forseinka på jobb. "Sjå alle som ventar på deg!" sa mamma. "Neida, det er ein buss," sa eg. Og tok feil...
-11.10: det er 11 personar inne på kontoret! Det er ikkje plass til so mange! Ut ut, alle saman, tenkjer eg. Men svarar på spørsmåla to av dei kjem med. 11 stk - 2 spm...
-11.30: dei siste tre gjekk. På vegen ut gav dei meg eit par sjokoladar. "The favourite chokolate in Latvia!" Kva er det med meg og sjokolade for tida? Eg prøver å kutta ned, viser det på meg? Og må dei dermed motarbeida meg? I går fekk eg nemleg òg sjokolade, Daim av ein tyskar som ikkje likte karamellen. Eg merka eg vart litt fornærma på Daim'en sine vegne, karamell er jo poenget med den!
-11.43: ei norsk dame vert sint når eg seier at det ikkje går an å bestilla plass til person, berre bilar, på ferja. Ho vert ikkje blidare når eg forklarar at det er fordi ein alltid kjem med. Det er slike folk som ikkje har godt av ferie, det øydelegg sikkert rutinene deira...
-12.03: det skjer ingenting, so eg må fortelja noko moro eg nett kom på! Det byrjar med noko som ikkje er so moro, nemleg det fæle uveret som var forrige søndag. Då vart vegen til Skjerdal teken av ras (onkelen min på Vestlandsrevyen, spol til ca 2.55), og var stengt fram til onsdag kveld (noko som sjølvsagt ikkje var noko hindring for skjerdølene, tøffingar som dei er). Men so kjem me til det morosame: som det ser på biletet her, er vegen til Skjerdal smal og utan vidare sikring. På biletet ser ein og at det manglar 25 meter av den. Skiltet som står ved den førebels vegen no, er "rekkverk manglar". Og dette var det fyrste som kom opp etter raset. Ikkje "veg manglar" eller noko slikt, men "rekkverk". Jaja, det er jo eit eller anna som manglar, tenkte vel vegvesenet. Det mest hysteriske er at det manglar ikkje rekkverk. Rekkverk er det på grusfyllinga dei har lagt i holet. Det har aldri vore so fint rekkverk ut til Skjerdal. Man tager hva man haver, var det ikkje so?
-12.36: mine fyrste islendingar! Moro. Dei skulle "aover fedlet".
-13.00: eg har oppdaga Real Ones. Me like! Eg har jo høyrt litt på radio, men fann ut at eg må finna ut meir sidan desse skal spela i Skjerjehamn (dit eg skal i bryllaup til helgi) denne veka.
-13.52: Yes, everything is closed on Sunday. It mostly is. Why? It's just... Well, because it is! (Utlegningar om å halda kviledagen heilag, eller behovet for ein fridag? Trur ikkje det nei...)
- 15.20: i Bergen nærmar krigen seg, iallefall i Staalesen sin 1900tals-triologi.
- 15.42: one day, one day, it's gonna go my way, it's gonna go my way - Real Ones
- 16.36: lovely, beautiful, darling, sooo nice. Joda, dei er begeistra, dei to pratsomme britane.
- 17.07: ei indisk dame på 68 år og med vonde bein kjem inn. Pratar og pratar. Eg skjønnar ca halvparten
-17.23: min kollega frå Gjesmegalleriet står og skravlar. Ho har nok kjent seg einsam i dag. Musikalar og bøker er temaet, det er me gode på begge to
- 18.57: eg har teke oppgjeret, som vanleg mangla det noko. Denne gongen var det 22 kroner. Tenk at usle 22 kroner skal vera so vanskeleg å ha med å gjera
- 19.12: Oh, you're actually closed, aren't you? Well, my mother picks me up in 20 minutes, so then I'm closed
- 19.23: no må du gå mi gode dame. Er det ikkje eit ganske klårt hint når eg sløkker lyset og let att døri?
- 19.27: after the long, long sentence, a full stop - Real Ones

laurdag 12. juli 2008

Ode til bæret

Ein tur på leit etter mamma (som var i ein potetåker av alle ting) førte meg, og magen min, gjennom morellehagen, tvers over jordbæråkeren, forbi solbærbuska til naboen, vidare inn i bringebærfeltet og heimatt til ripsrekkene.

Og ja, dette skriv eg berre for å gjera alle som ikkje er so heldige å bu her misunnelege!

(biletet må vel seiast å vera ei motsetjing til det positive innlegget. Viser mi mor i kamp med (og kanskje overvunnen av?) ei av baksidene med bæra - ugraset.)

onsdag 9. juli 2008

Sumar i Sogn

Det er lenge sidan sist innlegg, men eg har god unnskyldning! Det er ikkje det at det har skjedd lite å skriva om (det klarar eg alltids å omgå på eit eller anna vis), men det har rett og slett skjedd for mykje. Eg har ikkje hatt tid til å skriva noko som helst. Men det skal det bli ei råd med no! Eg satsar på bilete som (nesten) kan tala for seg sjølv.
Frida og Anja på sykkeltur. Dette var den ettermiddagen me hang på Øyri heile dagen, spelte indiaca, åt is og avslutta med middag på Laksen. Ein flott onsdags ettermiddag!
12åringane ved Ljøsne skule var små, søte og hadde god plass i heimkunnskapen våren 1997. Sommaren 2008 er 12åringane blitt 23åringar, og til tross for at me er lika søte har me ikkje lika god plass å boltra oss på i førebuingane til 10årstreff etter barneskulen.


Det offisielle treffet vart avslutta med kaker - noko Ingrid verka glad for. Eg var godt nøgd med å få kosa meg med Johannes.

Karoline og Kristine, mine tidlegare sambuarar, har vore på besøk! På måndagen for me til nordsida av fjorden, med ferja til Sogndal og sidan tur til Nigardsbreen.

I går, tysdag, bar det sørover. Over fjellet til Aurland med stopp både på toppen og på utsiktspunktet på Stegastein. Enno ein gong fekk Kristine sjå grønt vatn, noko ho undarleg nok er svært begeistra for.
I dag vart det jordbærplukking og eting, før dei to jentene for til Bergen og Hønefoss for vidare ferie og/eller jobb. For min del er det slutt på ferien enn so lenge, og eg sit no på turistinformasjonen att, enno ein gong åleine, enno ein gong med strålande ver utanfor, enno ein gong med oppdatert blogg.

tysdag 1. juli 2008

Irritasjonsmoment

Ein turist kjem inn og spør kva det er å finna på i Lærdal. Eg ramsar opp: fottur på sti eller veg, sykling i to retningar, fiske på fjell eller i fjord, stavkyrkja, villakssenteret, Gjesmegalleriet, Borlo Bygdetun. Dagstur og utflukter på fjorden, over fjellet, til Flåm, til Jostedalsbreen, til Jotunheimen. Og so får eg attende "Ikkje meir?" Det er vel då for søren ikkje eg som har tvinga deg til å reisa hit?!