måndag 31. januar 2011

Sovesal

Storbyferie. Ein er ung og eventyrlysten - iallefall i planleggingsfasen. Sentralt, billeg, ungt og frisk. Gjerne med bar i kjellaren, eller i toppetasjen. Då kan ein ta ei øl, eller eit glas ananasjus, med folk på sin eigen alder, til dømes dei ein bur på rom med. God ide.

Og det er jo ein god ide. Det er ein god ide heilt til klokka er nesten midnatt, ein nesten har sovna - Argentina har slutta å snorka - og sjettemann kjem inn. Sjettemann legg på sengetøy. Sjettemann sparkar ein stol tvers over golvet. Sjettemann er ein mann i femtiåra. Sjettemann har ingen skruplar mot å bråka sjølv om dei fem andre ligg tyste i sengene sine.

Kvelden etter er det ein god ide att. Sjettemann er vekk, attende er norsk 1 og 2, argentinsk 1 og 2 og kinesisk (1). Skravling og latter i baren i toppetasjen, og ein tidleg kveld. Dei andre skal reisa dagen etter, Argentina sluttar å snorka. Norsk 1 (eg) mumlar i søvne, men det merkar jo ikkje eg.

Argentina 1 og 2 og Kina er vekk siste kveld. I deira stad er Australia 1 og 2 komne - og det er Australia Day. "Babe, you're so drunk. Babe, you're snoring!" Babe, tig stilt... Norsk 1 og 2 diskuterer: Kva skal me sei for å få slutt på sagbruket? Ho er australsk, kva trur me ho heiter? Kathy, seier norsk 2, eller Lisa. "Babe, stop snoring! Kath (!), I've never heard sounds like that from a girl!" Sjølv sovnar han med på golvet med hovudet på telefonen, og halve kroppen oppi kofferten til Kath babe.

"Hadde dei ikkje vore so unge, hadde eg nok vore irritert," seier norsk 2 overberande dagen etter. Plutseleg kjenner ein seg mykje eldre i gjennomføringa enn ein var då ein i planleggingsfasen fann ut at sovesal på hostel var ein god ide.

Berlin

Kva gjorde de i Berlin? Hadde de det fint? Ja... Me såg store delar av undergrunnen. So vart me litt våte på beina. Eg hadde ikkje noko særleg med pust. Me handla mykje i eit tidsperspektiv, lite i ting heim i kofferten. Og so såg me oss no litt omkring.
Eg i holocaust-minnesmerket. Ganske dramatisk med eit slikt massivt minnesmerke midt i byen, mellom Riksdagen og Potsdamer Platz.
På Grüne Woche hadde dei det meste, til og med ei kyr ein kunne prøva å mjølka. Frida gjorde det ikkje so aller verst - eg turde ikkje, sidan det kunne gå ut over min stoltheit som mjølkar (av geiter, men likevel)
Grüne Woche handla òg mykje om øl. Ein stad hadde dei samla alle tyske ølmerke. Det vart ein heil del...
Ein eigen hall med krydder og te. At eg ikkje kom ut att med meir var eit under. Og det eg kom ut att med forsvann jo undervegs...

Ein kan ikkje vera i Berlin utan å sjå muren. Sjølv om det sludda, gjekk me langs heile East Side Gallery, og fekk med oss murkunsten der.
Me var nok i alle bydelane innanfor sone A på eit eller anna tidspunkt. Me åt god mat opp til fleire stader. Det beste var nok fyrste kvelden, då me rota oss opp i Prenzlauer Berg på bakgrunn av Frida sine notatar med ei adresse og eit U Bahn-stopp. Etter ein del tolking og trasking endte me på Prater Garten, der me fekk både store kjøtstykkje og heilsteikt fisk. Suksess, altså.

tysdag 25. januar 2011

Grüne Woche

Mil etter mil etter mil - gjerne kab eit gamalt ektepar i sneglefart.
Arabisk kaffi midt mellom India og Aserbadsjan.
Ost, vin, øl og pølse.
Studering av kart, fargekoda. Me fulgte maten.
Vonde bein og hoste.
Tyrkisk te for 100 kr - attgløymt på do.
Sjokolade og smakprøvar, krydder - og meir øl, vin, ost og pølser.

torsdag 20. januar 2011

Lysare

"Jaja, no vert det berre lysare og lysare for kvar dag," sa Kim, og såg tankefullt ut av vindauga. Han høyrdest ut som sin eigen bestefar, antakeleg, og det var nok difor me lo. For då me kasta forsiktige blikk ut på den grå morgonen måtte me gje gamlefar rett. Skuggane er ikkje lenger so lange, det grå er lysare grått.

måndag 17. januar 2011

Ynskjebrønn

Natt til søndag skreiv eg skjønnlitteratur. Det har eg ikkje gjort på ei stund, og so vanskeleg det var so fann eg vel fort ut at det vert lenge til neste gong òg. Sidan resultatet vart ei novelle på ca ei halv side, trur eg eg erklærer det eit dødfødt forsøk, og skal skåna dykk alle, og meg, frå ei skremmande leseerfaring. Men problemet her er ikkje at min innebygde forfattar er daud, men derimot at eg likar å skriva. Og eg likar særleg godt å skriva ting som ikkje er mi eiga masteroppgåve - og ikkje skjønnlitterært heller, viser det seg. Og som den alt for korte novella (finst det noko kortare? Scene?) med alt for mykje regn òg illustrerer, so byrjar fantasien min å gå litt tom. Derfor har eg tenkt å overlata nett det til deg, kjære lesar.

Ideen om ein ynskjebrønn har eg teke frå Magnhild, som gjorde nett dette for nokre år sidan. Den går altså ut på at oppfinnsame og/eller nysgjerrige blogglesarar kan ynskja seg kva eg skal skriva om (gjerne i kommentarfeltet), stilla spørsmål, komma med påstandar eller tema, og so skal eg prøva so godt eg kan. Resultatet er heller usikkert, det er klårt - men det er de som må komma med starten. Kun fantasien, og min eigen sømelegheit, set grenser. Tør du?
http://www.tdcomics.com
 P.S. Til bekymra foreldre, studiekameratar osb: Dette skal på ingen måte gå ut over masteroppgåveskrivinga. Den går so haltande på eiga hand...

laurdag 15. januar 2011

Laurdag ettermiddag

"People who don't want to live, people who would sooner hibernate than feel intensely, will be wise to eschew literature" (A. Bennett) 

- or: "People who would rather have a life, people who would sooner be on the town than high on coffee and green leaf tea at the reading room, would be wise to eschew literary studies..." (Ms Lysne). 

 Men kven vil no vera eit slikt menneske?

tysdag 11. januar 2011