måndag 26. oktober 2009

Stressnivå

Gjett kor eg er nett no... Jepp, slutt på ferien, 350 nye meldingar (ok, det er ikkje sant, men iallefal 350 ting som burde vore gjort førre veke). Eg gler meg til å oppdaga at det ikkje var so viktig - at ingen oppdaga eg var vekke - men attende til normalt betyr ikkje at stressnivået flatar heilt ut er eg redd. Ein må berre elska haustsemesteret...

fredag 23. oktober 2009

We will return

Dette står på ein nøkkel mellom hotellet vårt og byen - rett ved flyktningeleiren. For det er det dei ynskjer, å komma attende til landet dei måtte forlata i 1948 eller -67. Og når me no sit i lobbyen på hotellet, høyrer på arabisk musikk og ventar på å skulle forlata venskapsbyen vår, so er det det eg tenkjer og - eg skal attende! Det som er både tristt og godt med denne samanlikninga, er at det kjem nok til å skje før for meg enn for dei - eg kjem nok før attende til "mitt land" Palestina, enn dei til sine heimstader.

I dag var siste dagen vår i Jeriko. Me har rukke å gjera mykje i dag og, som besøk på Kids Club, i rådhuset, i kloster, Daudehavet og Lærdal Garden (jepp, ligg forresten i Lærdal Street). Og so hadde me avslutningsmiddag, ei tilstelling utan nokon plan - og som kunne å ha gått betre - men som likevel vart ein suksess. Det var på grunn av alle venene våre som kom - menneske som har vore i Lærdal, eller som me har møtt her, born og ektemakar. Stor stas! Eg trur ingen av oss gret, men for nokre var det nære på. For sjølv om venskapet er tett og kontaktflata stor, kan mykje skje på kort tid i denne delen av verda, og planar om "neste år" eller "2011" kan fort endrast. Likevel: I will return! Inshallah.

Eit tre

Går det an på same tid å mislika og beundra noko? For eksempel eit tre?

Ja, eit tre, men ikkje eit kva som helst tre. Dette treet er mange hundre år gamalt. Det er eit oliventre. Det står ikkje i nokon åker, men i ei rundkøyring. Det markerar innganen til den israelske busetjinga Ma'ale Adumim - og det burde ha stått på palestinsk jord.

Begge folka er gode på symbolbruk i retorikken sin. Palestinarane ser mot flagget, mot martyrane, undertrykkinga muren representerer og sin lange historie i området. Israel ser mot religion, militærmakt og sin historie. Det gjer akkurat dette symbolet, dette treet som er rive opp av jorda det eigentleg vaks i, plassert på ei trafikkøy som offer for vanskjøtsel eller påkjørsle, så sterkt. Det handlar om å overta ikkje berre land, men og symbol - og det handlar om manglande respekt for desse symbola.

Det gjer at eg både mislikar og beundrar dette treet. Mislikar det fordi det er eit stole symbol, eit symbol på undertrykking og ein stat som tek seg til rette - og beundrar det som det standhaftige treet det er, kanskje kan det gi håp til reisande på palestinsk område inn i framtida.

onsdag 21. oktober 2009

Reisebrev frå Jeriko

I dag vert innlegget frå Jeriko ein del av det eg har skrive i kveld. Ordføraren vår er nemleg god på å delegere, so i tillegg til å måtta halda eit improvisert føredrag om Lærdal, endte eg opp med å skriva reisebrev til Sogn Avis. Om dette skal brukast er usikkert, men me prøver. So får de lata vera å sladra om at eg nyttar ting før det kjem på trykk, og eg får heller oppmoda til å kjøpa laurdagsavisa...

– You're almost welcome, repeterar tolken vår. Me tek det i beste meining, og takkar. – Shukran. Den frasa har me lært, ikkje berre for å vera høflege, men fordi me har so mykje å vera genuint takksame for. DEt viktigaste er gjestfridomen me vert møtt med.

Me opplever mykje her i Jeriko, og ei i reisefølgjet kom med eit hjartesukk: - Det hjelper ikkje kva ein seier, me har jo ikkje ord som kan forklara dette likevel! Då tenkjer me på både det vonde me ser og høyrer, og alt det flotte me opplever. Eg vil likevel prøva å fortelja om ein ”vanleg” dag på tur i Jeriko.

Når eg kjem ned i lobbyen på hotellet står det ein bussjåfør og ein student og ventar på oss. Sjåføren tek stordelen av gruppa med til sentrum, dei skal besøka ein barnehage, medan nokre føl Nada til heimen hennar. Familien bur i ein av to flyktningeleirar i Jeriko, Aqabet Jaber. Far hennar kom hit i 1948, forvist frå det nyoppretta Israel. Sidan då har husveret endra seg frå telt til leirhus til eit nytt murhus, og tomta frå ein liten flekk til eit stort område med hage og hønsehus, men situasjonen som flyktning i eige land har ikkje endra seg på 61 år. Og flyktningestatusen er overført til borna. Her inne er alt lagt til rette av FN, men flyktingane har inga permanent adresse og dermed heller ingen demokratiske rettar. Nada prøver å roa oss frå kommune og politisk aktive liv: dei bryr seg ikkje så mykje om det her. Det er andre ting som er viktigare: utdanning, jobb, familie, overleving – og for ein del av dei kampen for retten til ein gong å returnera til fødestaden. Dei fleste her ser likevel ikkje det som sannsynleg, men dei drøymer om i det minste ein fri palestinsk stat.

Rett frå flyktningeleiren går turen til guvernøren for Jordan-dalen. Nokre offisielle besøk må ein innom, og ordføraren gjer heldigvis ikkje skam på oss. Det har han berre gjort ein gong på turen, då han sat sund dei nye utemøblane til verten vår – men me skuldar på dei fire dessertane han fekk den kvelden. Her viser dei nemleg gjestfridom gjennom mat, og då blir det mykje av den slags.

Frå guvernøren køyrer me ut av Jeriko og inn i israelskstyrt område. Me er litt nervøse når me passerar sjekkpunktet, men som nordmenn har me ingenting å frykta. For palestinarane kan sjekkpunkta derimot skapa forseinkingar på fleire timar, eller heilt hindra reise innan det palestinske området. Venene våre får heldigvis ingen problem i dag, og me kjem fram til ein landsby i ørkenen. Her besøker me en skule betalt av norske myndigheiter, og me ser at pengane frå norsk bistand kjem til nytte. I desse beduinlandsbyane har mykje undervising gått føre seg under open himmel, og gjer det til tider enno.

Mr. Abu Sultan tek i mot oss i sin landsby, ei samling hus og jordstykke som høyrer til storfamilien. Mannfolka møter oss og viser oss rundt, medan kvinnene held seg unna. Men etterkvart som ettermiddagen skrid fram, tiner òg dei opp, og dei unge jentene møter nokre av oss i maisåkeren. Det vert mykje latter og teiknspråk når ein skal kommunisera på to-tre språk ein eigentleg ikkje har felles, men me skjønnar kvarandre.

Kvelden vert nytta utandørs, med mykje god mat og god prat. Her er det den litt haltande tolkinga kjem inn, men med godvilje og mykje latter flyt samtalen likevel godt. Og når ein annan av gjestene i selskapet insisterar på at kvelden skal avsluttast med ein tekopp i hans hage, er me ikkje vanskelege å be. Trass i at eit hardt program ventar dagen etter, i dette høvet dagstur til Jerusalem og Betlehem, er det ikkje så freistande å avslutta. For medan dagane i Jeriko kan vera drepande varme, er kveldane nydeleg milde, med ei lukt av sjasmin og sitrusfrukt som er både spanande eksotisk og etterkvart svært velkjend og heimleg. For me kjenner oss svært velkomne her, og ikkje berre nesten. Og me kjenner oss takksame, både som får leva i eit land utan problema dei møter her, og som får lov å besøka denne verda med desse problema, og på same tid denne gjestfridomen.

(bilete: i Aqabet Jaber - far Damra, Anna, bror Damra, Nada Damra og Lasse.
Ørken.
På garden til Abu Sultan.
Eg og nokre av hans hundrevis av døttre...)

"Intizar, it means victory"

Intizar er ei av dei flottaste damene eg nokon gong har møtt. Ho var arbeidande mor til fem - fire døtre og ein son. Ho har to døtre og fem borneborn delvis i USA, delvis i Jeriko, eit par ungar i nabohusa og yngstejenta heime. Ho var naturfaglærar og rektor, kommunestyremedlem i ei tid då kvinner enno ikkje hadde allmenn stemmerett, og snakkar engelsk med gjestene sine utan eigentleg å kunna det. Ho reiser åleine til framande land (Noreg), men saknar og vert sakna av mannen sin når dei er frå kvarandre. Ho viser stolt fram utemøblane ho nett har kjøpt, men ler når ordføraren vår knekk den eine benken. Ho deler av humør, visdom og vemod - og for meg er ho sjølve Palestina.

Ei slik dame vil eg bli!

City of Palms

Palmebyen. Dadlar i klasevis, grøne appelsiner rett frå hagen og min fyrste smak av den velkjende pompelmus (hæ, berre eg som har eit forhold til denne sin innverknad på skjørbuk...?). Alt dette byr Jeriko på, som den jordbruksbyen den er. Her seier søner av entrepenørar med stoltheit i stemma at faren har kyllingfarm, og vidaregåandelærarane vert begeistra når ein fortel om jordbruksbygda Lærdal. Jorbruket er ein viktig og stolt del av Jeriko, takka vera kjeldene - og med dei palmetrea.

I dag har me hatt noko same program som i går, men likevel so anleis. Me byrja dagen på ein ny guteskule. Her hadde dei bibliotek og naturfagsrom, data og stor leikeplass. Men 570 gutar, 23 lærar og 15 klasserom - det kan bli i meste laget etter lærdalske standardar det...

Etter skulen var det på tide å vera turistar att. Trass i nokre nervøse blikk og klamme hender her og der, frakta kabelbana oss trygt opp på Mount of Temtation, der me vart tekne i mot av ivrige smykkeseljarar (ei freisting ikkje alle greidde å stå i mot), og ein noko sur prest. Stakkaren bur der året rundt, er aldri nede i byen - og ser ikkje heilt blidt på alle desse turistane som kjem tuflande innom hans einemerke. Men klosteret her er flott, hengane over Jeriko som det er, med utsikt mot Dødehavet og Jordan, og palmene som eit teppe nedanfor sandsteinveggene.

Ettermiddagen vart nytta hjå eit par kvinneorganisasjonar for min del. Her er det kvinnene som verkar som dei driftige - sjølv om det sikkert finst bra mannfolk og - og både Jericho's Women's Benevolent Assosciation og sjølvsagt "min eigen" YWCA driv arbeid ein berre må sjå opp til. Særleg kosleg var det å treffa att nokre av damene i matlagingsprogrammet til YWCA, som enno, halvanna år seinare, sat og trilla pasta med kjøtfyll.

Anna, min barneskulelærar og "reiseleiar", har øyredobbar med palmer i. Dei kjøpte ho av ein svensk palestinar her i Jeriko, og ho har drege med oss alle innom hans sylvsmie. Og endeleg var det min tur til å enda opp der, bortimot eit par timar vart nytta der. Og eg har no type ingen pengar, ettersom minibank enno ein gong kom i andre rekke (og dei visstnok må besøkast før halv to for å virka).

Etter at ein av oss kom seg ut av arresten (no kidding, slikt kan skje her...), var me invitert heim til ein gamal kommunist - far til Wiam, vår kontakt i kommunen. Der fekk me smaka grøde frå hagen, før turen gjekk vidare til ulike familiar på middag. Me åt heime hjå Intizar og familien. Og hjelpes til middag: Her snakkar me suppe, hovudrett (som jo ikkje er berre ein rett, men ti eller so), og fire dessertar! Og ikkje minst ein fantastisk kosleg og imøtekommane familie, gode samtalar og stor grad av utveksling av takk. So ser me vekk frå at ordføraren vår sat sund ein benk - me skuldar på for mykje dessert...

(bilete: palme.
Kabelbana opp mot Mount of Temptation.
Taket på staden der Jesus sa djevelen midt i mot. I denne delen av verda er det lurt å sjå opp om ein er i heilage hus.
Utsikt over Jeriko frå fjellet.
Damene på YWCA.)

måndag 19. oktober 2009

Sjasmin

Kva namnet Jeriko kjem av er omdiskutert. Nokon meinar det kjem av det arabiske ordet al-Riha, som betyr parfyme. Byen luktar nemleg av sjasmin, frukt, mynte, krydder og mat. Vinden luktar litt salt, og ber med seg litt sand. Blandinga er herleg eksotisk, men er blitt overraskande kjent. Perfekt for seine kveldar, litt heftig for varme middagstimar.

I dag har me sett skule. Jenteskule. Takka meg til blandaskule, der kan kjønna jekka kvarandre litt ned. Ordføraren med frue og underskrivne vart nemleg nesten sjokkert av lydnivået på ti-tolvåringane - og to tredeler av oss har vore jentungar sjølv. Men dei snakka engelsk, skjønte litt, skravla desto meir, og var opptekne av bilete og namn og alder. Jenter... I morgon ventar forresten gutane, so me er spente.

Og so besøkte me mosaikkverkstaden i Jeriko! Eg er fascinert. Hadde eg vore ein netthendt, tolmodig person med rom- og fargesans skulle eg blitt mosaikkarbeidar. Eller glasblåsar. Det såg me ikkje live, for glas vert laga i Hebron, men vakkert er det.

Kvelden kom med fløyelsmørkret og sjasminlukta. Den naut me utandørs. Fyrst på gardsplassen til verdas minste gamle dame, som serverte te til skremmande mange ut av eit hus utan golv. Men når golvet innandørs manglar, sit ein ute, og sjølv om rikdommen ikkje er til stades, er gjestfridomen der. Kosleg.

Eg er forresten ikkje særleg rik eg heller. Ok, det er løgn i denne delen av verda, men det hjelper ikkje med all verdas pengar (studielånet for oktober) når det ikkje finst stad å få den ut. Ein halvtime i sentrum vart brukt til å leita etter minibank, fyrst ein som ikkje gav oss noko anna enn jordanske dinarar, sidan ein som ikkje virka i det heile. Gikk ikk. Med på turen fekk me ein afrikansk/amerikansk Obama-tilhengar, som følte seg mykje tryggare i følgje med tre norske damer enn åleine Jeriko i kveldsmørket. Og eg skjønnar han trengte litt støtte, for me var fleire som fekk ein støkk i oss når minibanken til CairoAmman byrja å svara attende: "No shekel here! Go down the street!"

Kvelden vart avslutta på eit tak, enno ute i mørkret, men med lysa frå Jeriko nedanfor oss, og den søte lukta frå byen og den fantastiske upside-down (makluba) kring oss. Og kaffien. Eg elskar arabisk kaffi, det er søtt, godt, med masse smak - og etter fire-fem koppar (trass i dokkestorleiken) om dagen (og omlag det same i te) er ein ikkje nett klar til å legga seg når kvelden kjem. Helst vil ein nyta fløyelsmørkret, sjasminparfymen og det gode selskapet døgnet rundt.

(bilete: Fruktfat
Thomas omringa av skravlande jenter (ein vanleg situasjon for han kanskje..?)
Detalj av mosaikk. Kopi av golv i Hishams palass.
Makluba, kaffi og frukt på taket til Ghazi.)