søndag 30. august 2009

Tomt hus

"Yes, Mum," var vel noko av det siste Bashir sa før me sa hade i dag tidleg. Eg hadde sett fram mat og maste om at dei skulle eta. Gale når ein vert mor til gutar tidleg i tjueåra når ein sjølv knapt er eldre...

I dag reiste altså palestinarane heim att, etter ti dagar i Noreg. Huset er rart tomt, og sjølv om det på mange måtar er godt å få råderett over stova si att, er det vemodig. Ein flott avskjedsfest i går avslutta opphaldet deira her, og utvekslinga vår for i år. Det er rart å tenkja på at det ikkje er sikkert me ser kvarandre att - men so kjem eg på songen Agnete og eg song i går, og so tenkjer eg at me gjer jo det: "Vi står i forbund over jorden all, så sikkert en gang og vi møtes skal", eller kva no teksten eigentleg er.

(Bilete: avskjedsmiddag hjå Magnhild)

P.S. Dette var blogginnlegg nr 300. Congrats til meg!

fredag 28. august 2009

Teikneseriar

Eg skriv oppgåve. Det vil sei, eg sit på lesesalen, skriblar ned nokre setningar, og ser meg elles rundt. Og i ettermiddag er eg so åleine her (surprise? Fredag kl kvart på sju? I don´t think so...) at eg fekk tid til å lesa teikneseriar. Og ikkje kva som helst slags teikneseriar, men frå livet mitt - livet på lesesal, fram mot masteroppgåve (ok, desse handlar om PhD, men det funkar det og). Ein tur til www.phdcomics.com anbefalast!

torsdag 27. august 2009

Personlege historiar

Å ha besøk frå Palestina er ikkje noko ein eigentleg har tid til veka semesteret byrjar att. Men det er svært kosleg då, å skravla kring frukostbordet, sitja oppe om kveldane, høyra kva dei synest om møtet med Noreg og Bergen. Ein tenkjer at det er ungdommar som oss, og det er dei. Men so høyrer ein dei fortelja om kvardagen sin.

Eg har vore i Palestina. Eg har møtt mange derifrå. Eg er over snittet interessert, og føl godt med. Men det er alltid like vondt å høyra om kva høve dei lever under. I kveld hadde me Palestina-kveld på Ynglingen, ein vellukka kveld med ein del besøkande, god mat og sterke historiar. Det var særleg to ting som traff meg svært: Mariam si sju år gamle syster som ber for maten. Ho ber om det som fell ho inn, men ho avsluttar med at ho ynskjer dei israelske soldatane døde. Ein sjuåring ynskjer nokon død - fordi dei rundt ho gjer det, det er det ho høyrer, det ho opplever, det ho veks opp med. Og Bashir, Bashir som alltid smiler og ler, som er litt frekk i kjeften og som seier det han meinar. Han fortel at han kunne drept, hadde han hatt våpen, når han vert audmjuka på checkpoints. Då skjønnar ein kor gale det er, kor audmjukande og håplaust det kjennest å ikkje vera fri i sitt eige land.

Me er heldige, som kan lea oss fritt. Me er heldige som kan ta det for gitt. Det er det svært mange som ikkje kan. Issa avslutta med å sei at dei ikkje vil at nordmenn skal vera i mot israelarar. Men palestinarane vil og vera frie, frie til å leva som andre i verda - og me som har den fridomen har eit ansvar om å jobba for å komma dit, både for dei og for andre i verda som ikkje er der enno.

måndag 24. august 2009

Palestinabesøk

Huset har dobla innbyggartalet sitt denne veka. Dei tre ekstra er ikkje nokon kven som helst heller, men vaskeekte palestinarar rett frå Beit Sahour, Betlehem. Dei er på utveksling hjå oss i Bergen ICY i ti dagar, og har fullpakka program - både for dei og oss.

Det er spanande å ha nokon frå ein annan kultur i huset - og som har eit anna stå-opp-mønster enn meg til dømes (mitt går jo ut på noko slikt som "søren søre, søren, kam gjennom håret og skive i handa medan eg spring til bussen", so eit anna enn dette er heilt normalt - og eigentleg lurt).

ICY har planlagt mykje program denne veka, og det vert nok moglegheiter for folk til å treffa dei besøkande både her og der. Mellom anna er studentmessa i Johanneskirken onsdag ein moglegheit, Torgallmenningen laurdag (?) og ikkje minst Palestina-kvelden på Ynglingen torsdag kveld. Og elles er bloggen til Bergen ICY eit heitt tips - der kan ein lesa om utveklsingsprogrammet og kva me finn på (dersom me rekk å oppdatera...)

fredag 21. august 2009

Ting ein kan gjera på lesesal

- surfa på nettet
- bruka nettverktøy for å læra gamalengelsk
- planlegga LiV-kurs
- skriva brev
- sjekka e-post
- læra avtaleboki utanåt
- sjekka facebook
- lesa dikt (ikkje pensum)
- skriva handleliste
- tenkja på middag
- drikka te
- ta pause
- strekka seg leeeenge
- sjå ut glaset
- dagdrøyma
- sjekka e-post på nytt
- øva dansesteg i hovudet
- laga planar over ting som skal lesast
- laga planar over ting som skal skrivast
- få panikk
- ta ny pause
- lesa?

onsdag 19. august 2009

Gjest

Det gamalengelske ordet for "framand" giest, latin "fiende" hostis og gamalslavisk "gjest" gosti har same indo-europeiske utgangspunkt. Grunnen til at det har utvikla seg slik, er at aspirerte stemte stoppelydar har blitt endra, i hytt og pine meinar eg, men altså i system i følgje læreboki mi i Old English.
Eg likar best den oldengelske versjonen trur eg - at ein framand kan verta gjest etter litt tid (samanlikn med moderne guest eller norsk gjest, tok berre nokre hundre år før den utviklinga var på plass). Kanskje ein fiende kan bli venn og, om berre nokon vekker latinen til live?

tysdag 18. august 2009

Master...

...er skummelt:

I gangen på Institutt for framandspråk er det ei dame som kjeftar. Skummel.

Døra til lesesalen for masterstudentar har plakat om statistikkemne. Skummel.

Work in Progress-seminara handlar om oppgåver. Skumle.

Masterstudentane (utanom eg og Janne) ser ut til å vita kva dei vil. Skummelt.

Studia har ikkje bøkene våre, og derfor må ein gå berserk på Amazon.co.uk. Skummelt.

Eg går i mot alle råd og tek både litteratur- og lingvistikkemne. Skummelt.

Eg har innlevering av fyrste oppgåve om to veker. Skummelt.

Ingen bryr seg om Wergeland eller den kontinentale u-en i Hallingdal lenger. Skummelt.