laurdag 27. desember 2008

På Borgund

For dei mindre lokalkjente kan eg fortelja at Borgund er den bygdi som ligg øverst i kommunen. Dei har eigen butikk, pub, barnehage, skule og ungdomsskule. Dei er engasjerte i 4H og ungdomslaget, og står på ski. Ergo: me har ingenting med dei å gjera før me byrjar på vidaregåande, og sjølv då er det viktig å markera avstanden mellom Borgund og Lærdal (og i "Lærdal" mellom Ljøsne og Øyri). Altså har ikkje "nedanføringar" / "lærdøler" so mange moglegheiter til å treffa borgynder, og omvendt.

So eg kjente meg modig når eg i går planlagde tur til Borgund, på gubbafest (tradisjonell andredagsfest) utan ein einaste nedanføring. Men om borgyndene ikkje er gode til å få so mange frå andre stader i dalen til å komma opp, so tek dei godt i mot den eine stakkaren som kjem. Samtalane eg hadde i det stappfulle ungdomshuset byrja gjerne slik: "Hei, eg heiter (namn)" "Mari her" "God kveld! Kor er du frå då?" "Nei, eg er frå Ljøsne, eg" "Å? Kven er du i lag...?" "Nei, eg er no her med eit par vener, dei der" "Å? Ja, men kva med Laksen då? (det er puben i sentrum)" "Nei, ville no hit eg" "Å? Ja, det er no ikkje so ofte at det er andre her oppe..." Og slik fortset det. Men det er kosleg, dei kan festa og dei kan dansa der oppe.

Ein annan ting dei kan, er å finna på ting ingen an i bygdi driv med. So i dag tidleg (ok, midt på dagen) ramla eg ut av sengi når Gro (frå Ljøsne!) ringte og tvang meg med på paintball. Plutseleg fann eg meg sjølv krypande rundt i skogen lengst oppe i dalen, med ein markør stappfull av gule kuler og maske som dogga, ei bukse som spjera medan eg var i fullt firsprang opp ei steinrøys, og kjensla av at eg var mutters åleina i skogen. Det var eg heldigvis ikkje, det var massevis av mannfolk i kamuflasjekle rundt meg, men det var til lita trøyst når eg mista retninga og rava rundt i ei granplanting på ca 150 gonger 100 meter, med innstramming i eine enden. Godt gjort, fekk eg beskjed om...

Men sjølv om livet på Borgund byr på mange opplevingar og mykje latter, er det godt å komma heim til eige hus utpå ettermiddagen, ta ein varm dusj og sitja i ein stol framfor omnen med ullteppe og ein kopp med te (viss eg ikkje blir sjuk a å krypa på kne i snø og 10 minus, so fortener ein eller annan stor takk...) - men om ikkje lenge er eg klar att eg, til nye eventyr!

Oppdatering 28. desember: Var på Borgund for tredje dag på rad i kveld. Byrjar å få kommentarar. Skal snart gi meg, elles vert eg vel kasta ut av det gode selskap (resten av Lærdal...) Neida, so gale er det ikkje, ein fin kveld på puben med Eiren!

onsdag 24. desember 2008

God jul!

Det er 24. desember, klokka er snart fem, og heile huset luktar jul - grønsåpe, gran, lys og pinnekjøt. Frå rommet til Olve kjem det høg musikk, og begge gutane syng med. Det er eit godt teikn. Pappa pakkar inn dei siste gåvene, og mamma kviler beina. Det er snart julehelg!

Men fyrst siste lapp i adventskalendaren min:
Eit barn er fødd i Betlehem,
i Betlehem,
Dei frydar seg Jerusalem

Halleluja, halleluja
("Eit barn er fødd i Betlehem", Sondre Bratland, Rosa frå Betlehem)
Under står det Luk 2, 1-14. Juleevangeliet kan de lesa her.

Det er rart å tenkja på at for eit år sidan gledde eg meg stort til den veka eg skulle ha i Palestina, og for berre 10 månadar sidan gjekk eg sjølv i gatene i Betlehem. Byen er for det meste fredeleg, men rett utanfor (og snirkla inni) går den store muren. Det er ei svært klår påminning om at det ikkje er alle som er så heldige å få feira sine store høgtider i fred og fridom, omkrinsa av familie.

Men i Sande er familien samla. Hunden har skjønt at noko går føre seg, og klarar ikkje å bestemma seg for om ho skale vera inne eller ute. Hønene til naboen er stelte (for det er viktig at alle dyra har det godt julenatta), og no er me alle inne i varmen. Pappa har akkurat oppdaga at me har gløymt å laga krullekaker, so nokon må i gang med det i ein fart før Sølvgutane set i gang. Det kan halda hardt...

Eg ynskjer dykk alle ei god og fredeleg jul! Og håpar de og sender dykkar tankar til dei som manglar det.

(bilete: JAI om muren i Betlehem. Olve kosar seg i førjulstida)

tysdag 23. desember 2008

23. desember

Fred over jorden
Menneske fryde deg
Oss er en evig frelser født
("Deilig er jorden," Åsne Valland Nordli, Julekvad)

Apropos julesalmar/ -songar: kåseriet på Norgesglasset frå i går er verdt å få med seg.

måndag 22. desember 2008

22. desember

Me syng i englelag
No er det fødd ein frelsar,
og natti vart til dag
("Det hev ei rosa sprunge", Sondre Bratland, Rosa frå Betlehem)

søndag 21. desember 2008

Solsnu

"So det kan altså bli verre," sukka pappa i går. Det var lyset (evt. mørkret) me snakka om, som kom snikande midt i laurdagsgrauten. Ja, det kunne bli verre, men berre med eit knapt døgn. Om 19 minuttar og 37 - 36 - 35 - osv sekund snur soli! Ok, so er det ikkje soli som snur, det er jordi som fortset i same bane og rettar seg litt opp i same slengen, men verknaden er det samme. Om 18 minuttar og 45 - 44 - 43 sekund vert det berre lysare!

Men det er eigentleg heilt ok at det er no det er på det mørkaste. Tenk om det hadde vore i januar eller februar, skrekk og gru. Helgi før jul er vel ikkje nett den helgi ein vert mest nedåt, iallefall ikkje om ein er heima med familien, vaskar og bakar og ser film og gler seg. Frustrasjonar finst jo, mellom anna er ei peparkakevindmølle ikkje berre-berre å setja saman, kanskje særleg sidan mamma viste seg å ha noko manglande ingeniørkunnskapar, slik at me endte opp med to små tak i staden for eitt stort. Men mamma er god på å ta ting på sparket og, so tak vart det til slutt. Men eg lurer på om me neste år går attende til å bygga utedo...

Men dette er jo ikkje verdas største frustrasjonar. I tillegg ungår me nokre med å venta med takkebakst til i morgon (for det bør ikkje gjerast på solsnu), og dessutan går me mot lysare tider om 12 minuttar og 26- 25- 24 sekundar!

(bilete: peparkakevindmølla vår)

21. desember

Guds fred over fjellet og åsen,
la det gro der vi bygge og bor.
Guds fred over dyran på båsen,
og ei frossen og karrig jord.
("Nordnorsk julesalme," Halvdan Sivertsen)

laurdag 20. desember 2008

20. desember

For eit barn er oss født,
ein son er oss gjeven.
Herreveldet kviler på hans aksler,
og han skal kallast:
Underfull Rådgjevar, Veldig Gud,
Evig Far, Fredsfyrste.
Så skal herredømet verta stort
og freden utan ende
over Davids kongsstol
og over riket hans.
Han skal grunnfesta det og halda det oppe
med rett og rettferd
frå no og til evig tid.
I sin brennhug
skal Herren, Allhærs Gud, gjera dette.
(Jesaja 9, 6-7)