fredag 30. mai 2008

Opplevingar i det vesle utland, dag 3-4

Jepp, me har nye opplevingar...

Frida har brukt over ein time heim fra sentrum i Tartu til hotellet, kjopt berre lilla kle og klart a pakka ned nesten alle tinga sine.

Anja har blitt ven med gitarspelande estlendarar i parken, spelt krig pa busstasjonen i to estiske byar og provd eit utal bukser.

Monica har nynna Mellom bakkar og berg bade i parken i Tartu og i gamlebyen i Tallinn, vore sjuk stakkar og brukt tofler pa restaurant.

Eg har kjopt solbriller, blitt flau over selskapet, nesten blitt lei av murstein og sett storkereir - med stork!

Me har alle vore pa battur pa elvi i Tartu, teke bilete av dei kysande studentane i same by, huska i hagegynge, fatt myggstikk, ete god mat, teke buss til Tallinn i 40 grader eller so - og er glade me ikkje har laert a banna pa estisk-, gatt i gamlebyen utan a vera innom ei einaste souvenirsjappe - det kjem vel i morgon -, hoyrt pa estiske gutar som song pa gata, og brukt litt meir peng enn det kontoen talar.

Og i morgon ventar ein ny dag i Tallinn! Me gler oss til det

Oppdatering 1. juni: Har komme bilete her og gitt... Frida utanfor universitetet sitt i Tartu, Anja og Monica som spelar Krig på busstasjonen og dei kyssande studentane i fontena på rådhusplassen

onsdag 28. mai 2008

Estland dag 1-2

Jepp, då var flokken i Estland! Her skin soli, og Frida lever enno. Begge er gode ting.
Me kom seint i går kveld, gjekk ned saman med soli over Tallinn og fann hotellet vårt. då me gjekk ut av drosjen greip panikken oss, men heldigvis var brakka me såg nabohuset. Rommet vårt låg derimot over ein strippebar, men det gjorde ikkje noko.

I dag tidleg sto me opp, åt kebab til frukost og hoppa på ein trikk til busstasjonen. Bussen tok oss frå Tallinn til Tartu, der me skulle treffa Frida. Eg fekk det for meg at me måtte skunda oss av bussen, noko som gav oss ein ekstra gåtur med sekk og trillekoffert, for me var ikkje i nærleiken av busstoppet ein gong. Og ja, dette kjem eg til å få høyra ei stund.
Men Frida fann oss, og etter å ha sjekka inn på Hotel Aleksandri har me handla mat og ete i ein park, og er no på rommet til Frida, har helst på kinesaren hennar og inspisert badet. Planane for kvelden og morgondagen er enno ikkje heilt klare - rykta går om fest på studentheimen, båttur i morgon ettermiddag, spabesøk, shopping osv. Fredag fer me attende til Tallinn.
Det beste her er eigentleg ikkje at det er sol eller at maten er billeg eller noko slikt, men at me er samla att, og får sjansen til å nyta fine vår/sommardagar saman i eit land me ikkje kjenner. Eg gledar meg!

(bilete kjem, men kanskje ikkje før eg kjem heim att...)
Oppdatering 1.juni: Bileta er komne - Anja og Monica på det ekstremt nakne hotellrommet i Tallinn, Anja og Monica som tek pause medan eg prøver å finna vegen i Tartu...

søndag 25. mai 2008

Alta

I Alta er det ikkje mørkt om natta. Men det er overskya, so me fekk ikkje sjå midnattssol denne gongen heller. Og so er det kaldt der. Ikkje kjempekaldt, men som heime ein gong i mars. Gåsungane på selja er alt frå forsiktige dun til strålande gule fjon, og nokre få hestehovar sto i grøftekantane. Men det ligg snø i skuggesidene, fjorden blinkar kald, og det er brunt i alle hagar.

I Alta bur óg Ask med familien, og han vart konfirmert laurdag. Det var ei kosleg helg, særleg trur eg ungdommane koste seg mykje, det er ikkje ofte dei treff kvarandre - og det vart seint stille i gamma i hagen der dei seks eldste av dei yngste låg.

Rart å stiga av flyet etter vel halvanna time, og reisa frå midt i mars til slutten av mai, og plutseleg kjenna ein har sommarferie, at ein ikkje berre har forvilla seg attende i tid til ein framand stad der dei snakkar rart og der det aldri vert mørkt. På veg heim frå Gardermoen fekk mamma og eg vår opplevingsferie óg, me var to og ein halv time på Hadeland Glassverk, og mamma kom ut att utan å ha kjøpt ein einaste nisse eller engel. Derimot vart det ein del grøne og blå skåler...

(Biletet er frå feltet med helleristingar i Alta. Det såg me sist me var der, august 2002. Heller ikkje då var det midnattssol...)

torsdag 22. mai 2008

Avslutningsfest

I går kveld var det avslutningsfest for 2005-kullet på Språk og informasjon. Dei åtte i gruppa møtte, i tillegg til fire koordinatorar og medlemmer i programstyret - og tapas på Lille Escalon vart ein suksess. Den fyrste av dei eldste trekte seg attende i ellevetida, medan dei siste seks ramla ut av dørene på ein stengt bar nærare halv tre.

Det kan vel seiast stemninga var høg allereie tidleg på kvelden. Forsøket på å drikka førelesaren under bordet slik at han røpa eksamensresultata var ikkje vellukka, men skumle professorarar og fyrsteamanuensisar vart plutseleg meir tilnærmelege. Det vart mykje latter frå studentgruppa og, sjølv om eg trur omlag alle hadde eit eller anna utbrot av det meir sentimentale slaget i løpet av kvelden. For det er jo ein epoke som er slutt, nemleg den perioden då eg ikkje anar kva eg skal svara når folk spør kva eg studerar.

(bilete: Anda viser fram gifteringen)

tysdag 20. mai 2008

Flystreik

Flystreiken gjer det tungvint å røra på seg i Noreg, og ut over grensene. Ei veninne måtte reisa frå Bergen nesten eit døgn før tida i helgi, ei an kom med nattbuss om Oslo heim frå bryllaupet sitt. Konfirmasjon i Alta er blitt eit bal, og planane framover er usikre. Toga er fulle, busselskapa har gode tider, og folk klagar.
Eg klagar og. Eg likar ikkje at eg ikkje får lagt planar. Men ein samtale i dag minte meg på eit anna aspekt ved streiken - at det er godt at den finst. Det er godt at me bur i eit land der ein har ytringsfridom og lov til å streika. At me bur i eit land der det er so kort veg til makta at det er vits for bakkemannskap eller sjukepleiarar å streika, der det er vits for ein ungdomsorganisasjon å driva underskriftskampanje, der det er vits å prøva å endra på det ein meinar er urettvist, innanlands eller utanlands. At me bur i eit land som er so bra at, sjølv om ikkje alt er perfekt, me kan bry oss om andre, i tillegg til oss sjølv. At det er bra at ein ikkje får sparken eller vert fengsla om ein hevar stemma mot maktpersonane. Det er ikkje alle land der makta er so nær folket, og midt i klaging, frustrasjonar og stranda planar, kan det vera lurt å hugsa det.

måndag 19. mai 2008

Ferdig!

No har eg skrive ut mappa mi i to eksemplar, stifta og butte saman, skrive sidetal på og sett over ei ekstra gong. So no er eg ferdig med dette semesteret, og denne graden!
I morgon skal eg feira med å levera mappa, eit kafebesøk, slå plenen og rydda i kjellaren. Og onsdag vert det middag og fest med kullet. Æ glæde mæ!
Men det beste med å vera ferdig er at andre ikkje er det - eg likar å ha fri medan andre jobbar... Eg trur eg er litt ond. Muhahahaha

laurdag 17. mai 2008

17. mai

Tidleg opp. Skiftande ver. Skognag.
God frukost. Latter i toget. Dans.

17. mai var kosleg i år og. Berre ein is er i minste laget merkar eg (lurer på å henta meg ein på kjøkenet før klokka passerar tolv), men dagen har blitt brukt i "gode venners lag", med frukost klokka åtte, tog med BUL Ervingen klokka halv elleve, roleg ettermiddag i Gimle, på Ynglingen og Peppes, folkedans på Festplassen, og Cafe Opera som avslutning.

Nei vent, senga er avslutninga - og til tross for flott dag i byen: eg gledar meg til å krypa under dyna og sova til eg vaknar. 16 timar i bunad tek på.

(bilete: dansarar og spelemann i hovudprosesjonen - me er spreke folk!
Eivind, Monica og Wiebke, so pene atte
Dansing på festplassen - eg er med der ein stad eg og altså)