fredag 17. september 2010

Midnatt

Midnatt ein torsdag. Då er det mangt slag ein vil dela med verda. Eg prøver å fatta meg i kortheit, det er ikkje mi sterke side. På den andre sida kallar sengi, og den er verkeleg ei svak side hjå meg. So derfor:
- På tysdag ringte det ein seljar på døri og spurte om foreldra mine var heime. Eg sa som sant er at "dei er ikkje her." "Eg får komma att ein an dag då," sa seljaren. Eg lot vera å sei at dei antakeleg ikkje er her då heller.
- Eg sovna på lesesalen i dag. Då eg bråvakna spurte Janne om eg hadde sove. "Nei," svara eg, før eg kom på at eg hadde blitt kjefta på i eit kvarter fordi eg hadde rota vekk nøkkelen til Gimle, lagshuset. Sidan det berre var Janne der, og ho ikkje kjeftar for ting eg ikkje har gjort, må eg trekka attende påstanden. Eg sov.
- Førre veke var eg svært fornøgd med at eg klarte å skriva "encyclopaedic" rett. I dag oppdaga eg to t-ar i "consciousness".
- Har kjøpt plata til Gjermund Larsen Trio, Aurum. Sprang ned ei jente i troppi på Platekompaniet for å få gjort det. Beklagar.
- Har vore på Bergen Mandolinband på Victoria i kveld. Førre gong eg var der, vann Frida fotball. I kveld vann Janne cd. Kva med mi vinnarlukke?
- Eg lir av utbreidd lesesalsvegring for tida. Treng ein kur. Anyone?
- Bente minte meg om at om berre tre veker er me i Jeriko att. Panikk! Og litt lyst å skriva lister over ting eg uansett kjem til å gløyma.
- Eg har funne eit par forsvunne magemusklar denne veka. Angrar litt på tysdagens treningsøkt enno - men med vondt skal vondt fordrivast, eller noko slikt.
- No kom eg nettopp på at ein ny ligrettovaffeldate ventar i morgon, dermed dempa lesesalsvegringa seg, lysta til å sjå ein ny dag i møte auka drastisk, og eg kryp til sengs med "Granitt" på hjernen. G'natt!

søndag 12. september 2010

Janne i Musehagen

I vår tok eg bilete av Musehagen i vårsol, denne veka vart det Musehagen i haustsol. Med nytt fotoapparat og den siste (sikkre) somardagen ute, var det vanskeleg å roa seg inne på lesesalen fredag - faktisk besto mi tid på lesesalen av å ha inn sekken, ha inn nokre bibliotekbøker eg (antakeleg) ikkje treng, og å henta sekken min att. (Dersom mamma eller andre vaksne og fornuftige folk les dette kan eg trøysta med at eg tok det att med nokre timar lesesalstid laurdag). Eit resultat av vandringa i den blømande hagen, vart dette biletet av Janne, og sjølv om det må ein del øving til før eg er proff, er eg nøgd med det. For har ein Janne - som tek seg pause berre fordi eg er skulelei - og sol, då har ein eigentleg det ein treng for å få ein fin føremiddag.

Kulturnatt

Eg har aldri, i løpet av mine fem år i Bergen, vore i byen den helgi det er kulturnatt. Godt truffe med vekkreisehelgene, ikkje sant? Men denne helgi var eg her - og kulturen eg fekk med meg var den eg likar best å driva med, nemleg spel og dans i Gimle. Kanskje hadde eg hatt godt av å prøva noko anna ein kveld i året, men det er ikkje alltid ein har valet. Og når oppmøte er ca dobbelt so godt som i fjor, so må ein vel sei seg nøgd med kvelden - trass i at når klokka var ti på ti og me runda av kvelden, var spelmennene dei einaste dansarane att på golvet.

torsdag 9. september 2010

Nytt!

- No har eg bestemt meg, eg gjer det!
- Angrar du? Eg angrar alltid når eg har drege kortet.
- Nei, eg angrar ikkje, eg vert alltid so letta over at det står "godkjent" at alle tankar om anger forsvinn. Dessutan - eg trur dette vert bra. Skal me prøva det?

Og me prøvde det, mitt flunkande nye og spanande speglreflekskamera. Smilte, hoppa, stilte inn og stilte om. Eirik var, for ein gongs skuld, villig fotomodell. Det må mykje eksperimentering til før det vert gode bilete - men gubbevares kor moro det er!

Studiesol

Enno kjempar ein svak sommar om dominansen med ein snikande haust. Sommaren har vist seg uthaldande, kanskje fordi den har spart på kreftene til no. Men no viser den altså krefter, og ligrettovaffeldaten denne veka måtte dermed flyttast utandørs. Me jentene gjorde det litt for å nyta veret, og litt for å vippa regjerande ligrettokonge av pinnen. Desverre må det hardare skyts til enn sol i Bergen for å klara det - men etter eit par timar i strålande sol på studentsenteret var ikkje tapet so tungt å bera som det nok kjem tl å vera neste veke, når regnet atter dominerar.

måndag 6. september 2010

Solsikkesol



Heima i Lærdal er dei siste soltrålane for hausten ekstra viktige. Der veit eg at dei siste minuttane før klokka halv tre denne septemberdagen, er dei siste minuttane med sol eg får oppleva i Sande i 2010. Neste gong eg kjem heim er det midt i oktober, og soli kryp ikkje fjelltoppane lenger. Derfor nyt eg dei siste strålane av sommarsol med dei siste restane av nyplukka sommarbær, medan resten av familien køyrer traktor og rakar løk rett bortom huset. I åkeren får soli konkurranse, av glinsande ny løk som losnar frå jorda og, til traktoren når bort, ei firehovuda solsikke som snur seg mot lyset for verkeleg å gjera det beste ut av dei siste strålane denne sommaren. Middagen må venta til soli er gått.

fredag 3. september 2010