fredag 14. august 2009

Nye oppdagingar

Legging av born kan samanliknast med sauajag eller innfanging av geiter - går du mot dei og veivar med armane spring dei ofte motsett veg, men nokre er for late, for sta eller for dumme. Praktisk.

Nesholmen er som ein andre heim for meg - eg vert ikkje lenger overraska når eg vaknar der. Kor på Nesholmen eg vaknar? All over the place.

Det går an å ha "You Can´t Stop The Beat" på hjernen i fire dagar i strekk - og synga bordvers på den melodien fordi du ikkje kjem på noko anna.

After Eight hjelp mot det meste, som sinte nattevakter og våte føter (begge deler meg, altså)

Ungar har ein fantastisk moral: "Det er ikkje lov!" "Joda" "Nei, for det er ikkje snilt, so!" Tenk om det var so enkelt.

måndag 10. august 2009

Blåbærblå lukke

Velkomen til Øystølen!

Lukka er lysegrøn, heiter det. Det er ikkje sant. Den er blåbærblå, mjølkekvit og gyllen som flammen på eit stearinlys. Den høyrest ut som elvebrus, geitemekring, hestehovar, spraking frå bjørkeved og glade ungehyl.

Eg har vore på Øystølen i tre dagar. Der var selet stappfullt, me sov 17 stykkje der laurdagsnatta, med tre til i naboselet. Måtida var aldersdelte for å forenkla logistikken, men leik og arbeid er for alle aldrar. Ungane grasa forresten meir enn dei åt anna mat, såg det ut til - blåbærblå smil frå øyre til øyre sladra om diverse stopp i blåbærtuene.

På veg over fjellet med tre kjekke karar - eit par syskenbarnkjærastar og bror Olve

Det er fleire enn dei mange folki som vil inn i selet

Brimosten skal i former. Gjøri, Sebastian og eg

På veg heim, med blå tunge og trøytte bein, nesten i Skjerdal

søndag 2. august 2009

Vinjerock 2

Det vart Vinjerock i år óg! Sjølv om dei 200 siste festivalpassa vart utseld på eitt minutt (!) måndag, var eg ein av dei få heldige som fekk tak i, og fekk dermed kosa meg i dagasvis med god musikk og flotte folk (og til og med litt godt ver) på hytte på Filefjell og festival på Eidsbugarden.

Høgdepunkt? Eg veit ikkje. Kanskje å krypa i soveposen etter maaange timar på konsert? Eller når alle peika mot den blå flekken på himmelen fredag kveld? Konserten med CC Cowboys? Bo Kaspers Orkester? Skravling i Lærdalscampen? Team Gløstøs som avslutta heile festivalen? (Snakk om rett bruk av folkemusikk forresten!) Uansett, strålande helg:
Bålkos på hytta. Fantastisk når regnet tromma mot ruta (og alle andre låg i telt...)

Vår mann i Jotunheimen, Aasmund Olavson Vinje

Blå himmel! Underet skapte furore under Marit Larsen-konserten, der fleire såg opp enn fram

Stor-Vinje, hovudscena, med CC Cowboys på

Anja, smilande frivillig på Tyin
Ingrid, Frida og den (halv)nakne mannen i elvi

Godt nøgd med livet på Eidsbugarden!

fredag 24. juli 2009

2 x 50 + 25

Om ca 40 minuttar er pappa gamal òg - dvs, i morgon rundar han 50. Då kan han ikkje erta mamma meir. I det høvet, pluss det at mamma vart femti i mai (grunnen til ertinga) og at dei på tysdag hadde vore gifte i 25 år, skal me ha familieselskap i morgon. Dvs ca 50 gjester, matlaging i tre dagar, og sikkert opprydding like lenge etterpå. Me gler oss! No kryssar berre eg og mamma fingrane for opphaldsver, gutane har ikkje trua på det, og pappa ristar på hovudet. Men fjøsen er pynta til fest, kjølelageret er stappfullt av mat og ville blomar, so godt som heile familien kjem (+litt), so no blir det fest uansett!

(bilete: mamma og pappa for 25 år og tre dagar sidan)

søndag 19. juli 2009

Årnær sæ!

Det ordnar seg i Lærdal. Det har vore omkvedet denne helgi, og det er faktisk sant. Det ordnar seg alltids med skyss heim frå fest, med bil til byen, med middag for tøffingar som deltek på snøggsjekking, med strålande stemning trass straumbrot på hotellet, med nye kjennskap for besøkande, og elles alt anna som høyrer Kom heimatt-helgi til.
Det ordnar seg i Lærdal - og det er derfor ingen grunn til å stressa. Eg må overføra dette til byen trur eg.

laurdag 18. juli 2009

Harry Potter

For eit par veker sidan les eg ut Harry Potter-serien (for andre eller tredje gong, litt usikker). Eg sat på jobb, og når eg nærma meg slutten spruta tårene slik at eg måtte gøyma meg på do. I det eg la den frå meg, fekk eg e-post om at eg kunne få kjøpa bilettar til premiera på sjette filmen. Eg overtalte Olve (fort gjort), og heiv meg rundt. Dermed fann me oss sjølv i Bergen, i KP1 eitt minutt på tolv torsdag kveld, klare for film.

Eg hadde gledd meg i eit par veker allereie, men forventningane var kanskje ikkje so høge. Eg såg fram til opplevinga, men dei tidlegare filmane er jo ikkje nett klassikarar i seg sjøle (sjølv om dei er det som H.P-filmar, automatisk). Og denne filmen her vert nok aldri nokon klassikar på eiga hand heller - men eg vart positivt overraska. Ja, ein måtte kjennar historien, for fokuset låg heller meir på karakterane og deira forhold (både romantiske og andre) enn forteljinga, og nokre endringar var det i høve boka, men eg lo og eg gispa og eg skvatt og hadde det i det store og heile flott. Ikkje var eg på veg til å sovna når klokka nærma seg halv tre heller, og det er jo eit prov i seg sjølv.

Elles i Bergen var Olve og eg på Ikea, me utførde oppdrag for mamma, Olve var medgjerleg og vart med på eit par korte kleskjøp, og han møtte fleire av mine vener og kjente, både avtalt og tilfeldig. Det var godt med eit døgn i Bergen, men ok å komma heim og - særleg sidan Inger Marie kom flygande frå Stavanger og vart med heim, Silje syskenbarn venta på oss i Lærdal, og det er Kom heimatt-helg so dalen er full av folk og festar. Stor stas!

onsdag 15. juli 2009

Turistinfodag

- 8.02 Eg opnar. Mannen på troppi vil ikkje komma inn.
- 9.09 Eg går for å henta posten. Åja, søren, opna utstillinga i gamle Kiwi-lokalet. Beskjeden med "Hugs å opna galleriet, for helsike! skrive av min kjære kollega funkar ikkje so godt lenger...
- 10.00 Fire besøkande, knallstart på dagen du...
- 11.59 Mannen som vil senda e-posten han har på minnepinne kjem inn att. Kosleg mann, fantastisk dialekt.
- 12.02 Dialekta er frå Sveits. I tillegg snakkar han spansk med fruen, og litt italiensk innimellom.
- 13.05 Mannen og kona går. Eg har på denne timen hatt lange samtalar om språket i Vietnam, stoda før internett, innvandring i Sveits, og fått meg ein invitasjon til familien hennar i Colombia.
-13.16 Og der kom dagens rush. Det er ikkje plass til meir enn tre familiar her inne!
- 13.31 Oi, eg har nett invitert eit par karar på noko og førti på snøggsjekking på laurdagen... Det var ikkje med vilje!
-13.39 Eg meinar at Norsk Telekompetanse i Kristiansand kan ta eit hint og slutta å ringa. Gubbevares, har dei ikkje betre ting å ta seg til enn å bli avvist av meg tre gonger på rad?
- 14.22 Toppers, billettmaskina er nede for teljing. Teknikk altså - me don't like (ok, no laug eg, men you'll catch my drift)
-15.02 Burgar frå Potter's! Noko so vilt har eg ikkje gjort i heile sommar - eg meinar, burgar! På ein onsdag!
- 15.42 Men var det verdt det? Trur ikkje det. Etter godt over ein halv time har eg fått teke knapt to bitar. Jaja, attende til tørre rundstykke og grøne eple frå no av
- 16.24 Ok, no er eg lei. Hald ut, Mari, hald ut. Du klarar dette. Du klarar alle spørsmåla etter do, stavkyrkje og fjellvegar. Hald ut!
- 17.57 Wie lagt man die @? Nei, sei det du... Eg undrar meg litt over kvifor datamaskintastatur er so ulike rundt om i verda
- 18.39 Kor tid Læytnantsbrygga vart bygd? Nei, sei det. Uff, at ein skal få andre spørsmål enn do, stavkyrkje og fjellet! Eg diktar litt (50-100 år til eller frå gjer vel ikkje noko). Det verste er at eg les det, søren heller, skreiv det, for ei lita stund sidan! Hallo, korttidshukommelse! Nope, ikkje svar...
- 20.49 Eg står i dusjen heime og kjem på at eg gløymte å posta blogginnlegget. Jaja, betre seint enn aldri